Frå kraft til kraft
Allehelgensdag 2015. Tekstar: Salme 84, Hebr.12,1-3 og Matteus 5,13-16

Frå kraft til kraft

Gjer me gudstenestefellesskap til ei sporadisk greie me oppsøkjer når ingenting anna står på kalenderen, vert resultatet deretter. Kraftløyse. Eit folk utan lengsel og glede. Påfyll og tilkobling er livsnødvendig for eit folk som vil gå frå kraft til kraft.

«Dei går frå kraft til kraft…»

Litt av eit utrykk. Poetiske ord frå Salme 84. Om dei som er på pilgrimsveg og har vorte pilgrimsfolket.  Dei som lengtar etter å koma til templet.  Koma der sporven finn heim, der svala ligg på reir, og  hjarte og kropp får jubla mot den levande Gud.  På vegen fram ber dei på lengselen, finn styrken i Gud, ausar av kjelda.  Dei går frå kraft til kraft, seier Salme 84.

Høyrest det ikkje herleg ut? Tenner det ein lengsel? I alle oss som er på vandring?  Mot gudshuset, mot rasteplassen på vegen, mot målet for livet.  Tenk om me kunne få gå frå kraft til kraft!

Mange slags vandringar
F
or me opplever fort andre slags vandringar.  Frå krav til krav, for eksempel.  Så uendeleg slitsomt det kan vera å rekka over alle utfordringane, nå opp i alle konkurransane, strekkja til i alle krava.  Ei endelaus vandring frå krav til vanmakt.

Eller den andre vandringa som går frå tap til tap, frå sorg til sorg.  Eg har mista noko eller nokon eg ikkje får igjen.  På Allehelgen går mange over mose som vinn over graset, over rotna lauv, frå grav til grav på kyrkjegarden. Dei sørgjer over tap og  takkar for gode minner. Sinnet er delt.  Sorg over nokon som aldri verkeleg var der.  Djup takk for dei som viste veg og godhet.

Me går så mange slags vandringar, me må innom så mange ulike følgje og tog.  Men eitt må me bare ikkje vera utan!  Pilgrimstoget som går frå kraft til kraft.  Det som løftar blikket framover. Held håpet levande, trua berande, kjærleiken varm.  I alt det som eit liv kan streva og plagast med, er det ein faktor som løftar livet opp og fram.  Dei får noko, dei har noko som utgjer forskjellen.  Dei går frå kraft til kraft!

Det er litt av eit tog. Stillferdig. Annleis.  Spreidd over alle kontinent.  Til stede i ulike kulturar.  På veg gjennom alle tider. Små og store går.  Krøplingar og atletar. Kvinner og menn.  Mange har gått føre og har nådd målet.  Nye sluttar seg til.  Det er like mykje sorger og plager og prestasjonskrav og nederlag i dette toget som i andre, men det har dette momentet som reiser opp, som får nederlag snudd til seier, sorg til håp, maktesløyse til mot, krav til kraft.  Dei er gjort til saltet på jorda.  Dei er i fylgje med han som er lyset i verda og vert faktisk lysreflekterande.  Dei går frå kraft til kraft.

Eg håpar de tenkjer og føler varmt inkluderande nå.  At dette er oss!  At dette er vårt tog.  At me er pilgrimsfolket på vandring.  I hop med dei som gjekk før oss.  I hop med dei som går med oss og er rundt oss i den verdensvide kyrkja.

Viss me verkeleg skal kjenna at me faktisk er ute og går frå kraft til kraft, så skal me sjølvsagt ikkje leita etter den krafta inni oss sjølv.  Blikket skal fokusera på noko anna.  Kor er blikket festa når me vandrar frå kraft til kraft? 4 forslag frå tekstane i dag:

1. Fest blikket på målet. 
På dei som har gått føre, på det som ventar oss, på han som ventar oss.  I dag får musikken gje oss det glimtet.  Bruce Springsteen og the Seeger Session band syng Oh when the saints go marchin in.  Det er framført med ein inderleghet og lengsel som gjer det stort og viktig å vera med…
https://www.youtube.com/watch?v=aff_zv76sCY

2. Fest blikket på rasteplassen.
Dei som Salme 84 syng om, har ikkje blikket mot det endelege målet.  Dei lengtar etter ein dag i templet, ein dag på rasteplassen og trur at den er ein forsmak på det som skal koma.  Og når ei stor folkemengde vert med Jesus opp i bergskråningen der Bergpreikeorda fell, så er det rasteplassen og ikkje målet som samlar dei. 

Me snakka mykje om dette i gudstenestegruppa son planla gudstenesta.  Kor mykje rasteplassen betyr.  At kyrkja og gudstenesten er nødvendig stopp og påfyll underveis.  Me er ikkje maskinar som går og går.  Sjølv dei må i depot og skifta ut deler og få drivstoff.  Me treng Pitstop.  Påfyll.  Peptalk i garderoben før den viktige kampen på banen. Jamt og trutt må pilgrimsfolket kobla til, drikka av kjelda, få næring, hjelpa og støtta kvarandre.  Det er den einaste måten eit folk kan gå frå kraft til kraft.  Gjer me gudstenestefellesskap til ei sporadisk greie me oppsøkjer når ingenting anna står på kalenderen, vert resultatet deretter.  Kraftlaushet.  Slappe vitnesbyrd.  Eit folk utan lengsel og glede.  Fråkobla kjelda. 

Nei: Fest blikket på rasteplassen, gled deg til påfyll og erfar at her er noko som gjer at me i større grad får vandra frå kraft til kraft.

3. Fest blikket på dei gode vitna.
Nokre inspirerer deg underveis.  Nokre har vist vegen.  Nokre er helgenar som mange kristne lar seg inspirera av.  Dei fleste er kvardagsheltar som aldri kom i avisene, men betydde desto meir fordi dei var dei avgjerande personane i din historie.  Dei viste veg og tok deg inn i dette merkelege toget som går gjennom verda, frå kraft til kraft.  Tenk på dei som inspirerer deg.  Takk dei!

4. Til slutt: Fest blikket på Jesus,
seier Hebr.12, etter å ha minna om alle gode vitna om tru og håp i gammal tid.  Sjå på Jesus. Han som er trua sin opphavsmann og er grunnen til at me sit her.  Han som er trua sin fullendar og er grunnen til at me ein dag skal samlast hos han, alle i dette underlege toget som går gjennom verda og tida.

Du kan sjå han på korset, slik Hebrearbrevet sin forfattar gjer, og sjå at det beste i livet kostar. God motivasjon til å halda ut når livet er tungt.

Du kan sjå han i bergskråninga ovanom Genesaretsjøen, slik Matteus gjer.  Folk har begynt å fylgja han.  Dei første etterfylgjarane.  Med ulike og brokete liv.  I dei byggjer Jesus ein ny identitet. Han gjev dei peptalk for livet og vandringa.

De er saltet på jorda!  De er lyset i verda!” Slått fast!  Dette er ikkje noko de kan bli med litt skjerping.  De er!

Jesus løftar opp disiplane sine til noko som rett og slett betyr avgjerande innflytelse på omverda.  Sånn er det med salt og lys.  Umiddelbart forstår me at salt er godt for det som skal serverast og smakast.  Det krydrer og konserverer og held friskt.  Utan disiplar set forfall inn.  Utan disiplar vert det mørkare og vanskelegare å finna veg og sjå livet sine vakre fargar.

Dei som vandrar frå kraft til kraft
fordi dei ser på Jesus og lar seg prega av han, har enorm betydning for livet i verda.  Dei er ikkje overjordiske lys, vanskelege å forhalda seg til.  Dei er bare det som dei har fått.  Av han som er lyset i verda. 

I dag kan me.  Med blikket på Jesus får me søkja rasteplassen ved nattverdbordet.  Effekten er ikkje mindre enn å gå frå kraft til kraft på veg mot målet, mot vitnene som har gått føre!

Powered by Cornerstone