Trufaste forvaltarar
13.sundag i treeiningstida - Lukas 12,42-48

Trufaste forvaltarar

Dei hadde stelt fint med kyrkja si. Både i Lårdal og i Eidsborg med stavkyrkja og museet. Og det gamle, tomme hotellet på brygga ved Bandak hadde fått nytt liv.  Ein hushaldar.  Ho heldt hus med sjel og varme, Jesusbegeistring og gjestfrihet. Trufast forvaltar.

Mange har vore på reise i sommar. Det har eg også. I år likna det på Telemark rundt. I bil og kanalbåt, på sykkel og til fots i fjellet. Ei reise i natur og kultur.

Kulturforvaltarar
Å reisa gjennom norske bygder er ei reise gjennom den store betydninga som landbruket har for busetting, kulturlandskap og kulturtradisjonar i kunst, mat og håndtverk. For over alt står skogen og grådig vil breia seg meir.  Men like mykje står teikna på vilje til å forvalta garden, slå hardt tilkjempa dyrka jord, og gjera det vennleg for reisande å koma. Spor av stolte eigarar og ydmyke forvaltarar. Gode beskjedar: «Reis frå hytta i same stand som du fann ho».  Både bufaste og reisande er forvaltarar, hushaldarar, som tek vare på og held i stand.

Kanalvassdraget
Det var imponerande å følgja Telemarkvassdraget nedover på sykkel og ta kanalbåten gjennom sluser oppover igjen.  For ein kulturskatt kanalanlegget er! Bygd dristig, restaurert og forvalta på beste vis! Mens vatnet fyller slusebassenga spring ungdommar som ein vind opp og nedover i anlegget og sørgjer for å stenga og opna så båten kjem fram. 

Eg innrømmer det glatt:  Beundringa er forutinntatt.  Me hadde dei første åra som prestefolk i Telemark, i enden av kanalvassdraget, i Lårdal i Vest-Telemark.  I sommar følgde auga godt med kva åra har gjort med landskap og folk sidan dei gyldne åra då me var + - 30. Og sikkert dei tilsvarande med oss grå- og tynnhåra også! Prestegarden i Lårdal, og ikkje minst hagen var i mykje betre stand då me var der!  Men dei hadde stelt fint med kyrkja si. Både i Lårdal og i Eidsborg med stavkyrkja og museet. Og det gamle, tomme hotellet på brygga ved Bandak hadde fått nytt liv.  Ein hushaldar.  Ei av mine første konfirmantar. Ho heldt hus med sjel og varme, Jesusbegeistring og gjestfrihet så det var ein fryd! Trufast i tru og vennleghet.

Alt er fått
Sundagen i dag er forvaltarsundag.  Ein dag som fortel meg og deg kva me har fått.  Og det er svimlande mykje!  Sånn er det å vera skapt.  Alt er fått.  Alt er gitt.  Alt er gave. Eit under av eit foster som veks og utviklast fullkomment.  Det er som me kan grina av glede og ansvar for den gaven og det lånet eit barn er. 

Me sit med barnet i fanget og livet i tankane og undrar oss over alt me har fått:  Evner og krefter. Sansar og følelsar.  Tankar og intellekt.  Kreativitet og oppfinnsomhet.  Natur og levevilkår.  Ein næringskjede i ufatteleg, men skjør balanse.  Naturlover som ikkje lurer deg, sjølv om dei av og til kjem i konflikt.  Samvittighet og ansvar. Krefter til å gå vidare etter tap og kriser.  Bøkenes bok som teiknar Skaparen og frelsaren sitt ansikt.  Ei kyrkje som tross feilsteg er eit berande fundament i vårt samfunn, ei tru å leva på, eit håp å leva for, og kjærlighet til medmenneske som høgaste verdi. 

Me har fått så mykje!  Me har fått det med eit spesielt kall og ansvar direkte frå Gud, til å forvalta det på vegne av skaparen og frelsaren me har fått det av, i truskap mot den treeinige Gud.

Ei likning å bryna seg på
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren», spør Jesus.  Han fortel ei likning der han teiknar opp den trufaste og advarer mot den trulause.  Det er ikkje heilt enkelt å høyra kva han seier, for kulturforskjellane er så store at likninga godt kan provosera oss, viss me ikkje tek bryet med å finna poenget først.   Så sjå nå forbi den tids herre- og slaveordningar.  Ikkje la deg sjokkera av manglande arbeidsmiljø og harde straffe-ordningar.  Ikkje tolk likninga som eit gudsbilde, men som ord til oss menneske. Ta det viktigaste poenget om å vera trufast og klok, om å vera forvaltar . Forskjellen mellom den trufaste og den trulause går på å sjå seg som del av noko større, eller handla kortsiktig i eigeninteresse.

Trufastheten består i to ting.  Det eine er handling.  Å gje folk mat i rett tid.  Å vera i arbeid og teneste.  Så fundamentalt.  Trufast i teneste. Dag etter dag.

Det andre er holdning.  Å vita at eg er forvaltar og står til ansvar og rekneskap.  Eg held ikkje på med mitt.  Eg har fått det og skal svara for det.  Trufast på post og så klok at eg veit det.

Ikkje på mi vakt
De har sikkert høyrt uttrykket:  «Ikkje på mi vakt!»  Det vert brukt i politikk og på arbeidsplass. Noko er så destruktivt at det ikkje skal skje på mi vakt.  Eg investerer mot det.  Eg vil kvalitetssikra det gode og viktige.  Ha HMS på det.  Sørgja for nok ressursar.  Vera ein ressurs sjølv. Eg vil vera i arbeid med det som folka mine og folk rundt meg treng nå, på mi vakt.

Eg likar den trufastheten som ligg i uttrykket.  Han liknar litt på Salomo som bad om visdom og klokskap før noko.  Og då skal vakta mi helst ikkje vera kortvarig.  Gjerne lenger enn neste valgperiode.  Helst vera noko eg er og står for alltid.  Det er ikkje bare feriehytta som skal forlatast i same stand som eg fann ho. Eg skal vera med og snu ei utvikling der kvar generasjon forlet Guds skaparverk i skralare forfatning utan å rydda opp.  Me er forvaltarar, ikkje på åremål, men alltid.

40 år i teneste
I sommar opplevde eg noko anna viktig også. Eg vart 67 og det var 40 år sidan eg vart ordinert til prest.  Det var sterkt å oppleva denne sommaren.  Å nå eit langsiktig mål og håp om å oppnå 40 år i full presteteneste.  Eg har mange gonger styrt lyster og dempa ned kav med å sei at dette skal eg kunna halda på med i 40 år. Eg har aldri angra, for det har vore ei god forvaltarrolle å stå i ein teneste, å vera i arbeid med å sørgja for at andre får det ein prest kan vera.  Eigentleg har det vore nåde over nåde, og eg sa på kontoret denne veka at nå er resten vidare i alle fall bare nåde.

Innlemma på Kristi kropp
Slik det er å døypa 4 små i dag.  I hop med foreldre får eg vera med på det store å innlemma dei på Jesu kropp i verda. 4 nye lemmer på mysteriet som kyrkja er i verda.  Jesus sin kropp her.   For det var dette me fekk høyra frå apostelen Paulus i dag. Han kallar til å vera trufast.  Å sjå seg sjølv som del av noko mykje større.  Å leva i det, modnast av det og tena i det.  Høyr nå: 

Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.

Vårt kyrkjefellesskap skal sjå seg som Kristi kropp.  Kvar av oss er like viktige for at ikkje den kroppen har funksjonshemmingar.  Kvar av oss er støttande bånd som held menigheten i hop. Ingen er uviktig.  Me får funksjonar som til og med er rett tilmålt.  Til dei kreftene me har.  Den livssituasjonen me er i.  Dei nådegavene Gud utrustar oss og kyrkjelyden med.  Dei tenestane me har sagt ja til og vert utrusta og velsigna i.  Dei talentane me deler me andre.

I dag var det ekstra nydeleg at ein dåpssamtale gjorde at ein forelder vil dela musikken sin med oss alle, høyna denne stunda til noko me vil huska og takka for.

Kyrkja er full av slike muligheter.  Grip dei når du kan.  Trufast!

Trufaste forvaltarar
Så: Nå i starten av dette haustsemesteret kan me tenkja den gode tanken: At me i hop får vera kropp og støttande band som lyttar til han som er hovudet.  Han kjenner kroppen sin.  Han vil handla gjennom oss. Me er ein del av noko større.  Himmelen er opna.  Dagen er open.  Han har gitt oss alt.  Livet.  Evner og talentar. Muligheter og dagar. Nåde og kall. Nokon som treng deg for å takla og takka for livet. 

Jesus seier: Ver trufast og klok.  Du som har fått så mykje, del det med andre.  Ver eit vitne, om korset sin nåde, om himmelen sin godhet, om oppstandelsen si kraft og dagen eg kjem i herlegdom.  Du skal spreia håp og glede i verda og i forsamlinga di, gjennom den du er og det du gjer.  Og sjå, eg er med deg alle dagar så lenge verda står.  Du trufaste og kloke som veit du er ein del av det største. 

Powered by Cornerstone