Sanning med stor og liten s
Det finst sanningar med liten s og ei sanning med stor S.
Den store først. Ho veltar fram or desse bibelversa. Sanninga har vorte karakterisert som Bibelen i ein sum. Den lille Bibel. Sanninga som bringer fram lyset, og gjer at nokre ser det, tru det, kjem til lyset, det som vinn over mørket.
At Gud elskar
Kva er sanninga med stor S?
Jau, at Gud elska verda. Og fortset å elska. Den verda som er skapt av Gud, har aldri falt ut or Guds kjærleik. Gud elskar. Ikkje berre sitt eige folk. Ikkje berre alle som trur. Ikkje berre menneska som befolkar verda. Heile kosmos – som er det greske ordet Johannesevangeliet brukar. Alt det skapte er omfatta av Guds kjærleik. Den kjærleiken som gav. Som gav seg sjølv. Som gjev seg sjølv. For så elska Gud verda at han gav. Son sin.
Sanninga med stor S. Det låg aldri nokon annan hensikt bak det at Jesus kom til verda. Berre dette at Gud elska. Gud sin ustoppelege kjærleik til sin skapning.
Kjærleiken som forsonar
Me er ikkje i pastell og idyll her. Det var og er rød alarm. Men han er ikkje utløyst av sinne og vreide. Berre av ein elskande Gud.
Det var ikkje ein dommar verda trengde, men ein frelsar. For dommar og opprør er me meir enn gode på sjølv, me skapningar. Berre Gud kunne frelsa oss frå det å vikla oss meir og meir inn i mørket og utrydda oss sjølv, gå tapt, gå fortapt.
Sanninga med stor S er eit mysterium. Eit takkeemne. Gud elskar og gjev og gjer alt for å berga sine skapningar inn i forsoning. Han tek oppgjeret for urett i seg sjølv. Forsoning med Gud. Forsoning med andre. For sanninga med stor S er kjærleiken som forsonar.
Sanningar i vegvalga
Sanninga med liten s, er ikkje ei, men mange. Ho er ein mulighet kvar gong eit menneske står i valg. Fristelsen er stor til å vrenga på sanningar, vri oss unna sanningar, framstilla lyst som mørkt og omvendt. Men det vert ikkje forsoning av det. Det ligg for langt unna det mønsteret Gud har vist og gjort. Det må alltid sanning til for å skapa forsoning. Det vil alltid vera urettar eg må ta på meg sjølv å gjera opp.
Ein liten setning i evangeliet, treff ekstra inn på temaet i kveld:
«Den som følgjer sanninga, kjem til lyset».
Eit godt ord om sanninga både med stor og liten s. Det vil alltid vera slik at om me følgjer sanninga med stor S, at Gud elskar, så kjem me til lyset, så trur me, så takkar me for Jesus, så formast me langsomt av lyset. Slik driv sanninga til eit ønskje om å leva i forsoning og skapa forsoning der me er sette.
Tenkjer me sanninga med liten s, så ligg det eit løfte her. Kvar gong eg oppriktig søkjer ei sanning, lyttar til andre sine sanningar og tek inn over meg ei sanning, dess nærare er eg lyset, dess lettare er det å gå mot lyset, ikkje mot mørket.
Sanning og forsoning
Å følgja den store og dei vesle sanningane er å koma til lyset. For sanning og forsoning høyrer i hop. Den store forteljinga i Bibelen er ein rød tråd av menneske og situasjonar som vert fria ut og løfta opp og forsonte, gjennom Gud sine handlingar og folk som ærleg bed til Gud og søkjer betre veger for seg og for andre.
Denne våren har me prøvd her i kyrkja å løfta opp samanhengen mellom sanning og forsoning. Å sjå etter kva me trur Gud gjer og kva han kallar oss til å gjera. Slik er det å følgja sanninga og våga å tru at me då kjem til lyset, til Jesus, til meir lys.
Eitt lys frå dagens tema og ein av dei andre bibeltekstane har eg lyst til å ta fram. I sluttvisjonen i openbaringsboka, i visjonen om ny himmel og ny jord, nytt Jerusalem, den nye byen, finst denne setningen: «Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen.»
Kulturskattar i det evige
Tenk om det skulle verta fattigare på tradisjonar og kulturskattar i det evige gudsriket, fordi me her i tida hadde gjort urfolk sine folkeskattar usynlege, nedvurderte og skambelagde?!
Me søkte ikkje sanningar med liten s godt nok. Me kom ikkje til lyset, men til mørket og ville ikkje ha gjerningane våre opp i dagen.
Denne våren har noko betre og viktigare kome opp i dagen. Også sanningar med liten s kan vera svært viktige, opna for oppgjer og forsoning. Søkjer me sanninga, så opnar me kranen til ei forsonande kraft.
For sanninga med stor S er at det er dette me lever av, og dette me får takka for og tru på. Gud elskar alle sine skapningar. Gud har gitt seg sjølv for alle sine skapningar. Å tru på Jesus er å koma til lyset. La sanning og forsoning bu i oss og pipla ut av oss.