Liturgi a la Lukas
Kveldsgudsteneste okt.2013 - Lukas 10,25-37 saman med tekstar som berre fins i Lukasevangeliet

Liturgi a la Lukas

Gir gudstenesta meining i dag?
Eg fann, eg fann! Fekk det for meg at eg skulle leggja særstoffet i Lukasevangeliet og liturgien i gudsteneste 2012 ved sida av kvarandre. Lesa dei synkront. Eg fann meir enn eg hadde drøymt om...

Eg gjorde ei veldig fascinerande oppdaging ein laurdag med gudstenesteseminar og ein sundag om Lukasevangeliet. Det blei ein elektrisk måndag på heimekontoret!

Eg vart ganske overraska då eg fann ut at Lukasevangeliet sitt særstoff har mykje som eg kan kjenna igjen frå vanleg gudstenestefeiring i kristne kyrkjer.  At gudstenesteliv og evangeliet dirrar med same nerve.

Eg hadde ikkje tenkt det.  Eg hadde tenkt at Lukas var karismatikaren som var ganske enkel på liturgi og fortalde om dei første kristne som braut brødet, delte ordet og ba fritt så hus rista.  Eg hadde tenkt at Lukas helst fortalde om diakoni og hjelp til utstøtte i kvardagen og mindre om innhald i gudsteneste.

Og så er det faktisk slik at den gudstenesta den kristne kyrkja held seg med, er Lukasinspirert.  Det kan jo bety at Lukas har tenkt at det i stor grad er gudstenestefeiring som står for evangeliet si kraft idag! Og plutseleg er gapet mellom helg og kvardag, gudsteneste og diakoni lite.  Gudsteneste er ikkje bare ein liturgi, men ein måte å leva på kvar dag. 

Det er visst slik at både gudstenesta og Lukasevangeliet si meining kjem klarare i dagen ved å lesa dei synkront! 

Vil du lesa meir om dette, finn du heile preika vidare nedover:

PREIKE:

Meininga med å leva må vera å elska Gud med heile seg og å elska nesten sin som seg sjølv!
Nå fekk me det frå Lukas som er evangelisten som viser oss vegen ut i kvardagen, til diakonien, til å verkeleggjera Guds kjærlighet mot nesten, mot den som er hjelpelaus.

Lukas er kvardagen sin evangelist.  Er han også gudstenesten sin evangelist?  Held han i hop det å elska nesten i kvardagen med det å elska Gud i gudstenesten?
Han kritiserer i alle fall presten og levitten som driv med liturgi utan liv i kvardagen, og han løftar opp samaritanen som tener Gud og medmennesket sitt i kvardagen.

Tittellysbilde (1):  Inspirerer Lukas til gudstenesteliv…

Eg gjorde ein veldig fascinerande oppdagelse om det for to år sidan, mens me heldt på med gudstenestereformen og ein kveldsgudstenesteserie om dei 4 evangelia.  Eg fekk det for meg at eg skulle leggja særstoffet i Lukasevangeliet og liturgien i gudsteneste 2012 ved sida av kvarandre.  Lesa dei synkront.  Det vart mest ein elektriske måndag på heimekontoret.  Eg var hekta på ein idè og tanke som bare vaks seg større og vart til ei oppdaging:  Særstoffet i Lukasevangeliet, det Lukas er heilt åleine om å fortelja, handlar i overraskande stor grad om gudsteneste og om gudsmøtet som me drøymer om i gudstenestefeiringa og skal leva ut i kvardagen.   Litt av resultatet delte eg på ein sundagsgudsteneste og bearbeidde seinare til ein fagleg artikkel som eit tidsskrift ville ha.  Då fekk det tittelen Liv og liturgi a la Lukas.

Nå skal det vera mi vinkling på tema:  Gir gudstenesta meining i dag?

Kva er det med Lukas? (2)

Lukas var lege som fulgde Paulus på deler av misjonsreisene.  Han framstår som granskar og historieinteressert forteljar (kap.1,1ff). Som forfattar av evangeliet og apostelgjerningane har han gjeve eit samla og omfattande bilde av Jesus og av den kristne kyrkja si første tid, og har skrive meir enn nokon i Det Nye testamentet.

Av særleg interesse i vår samanheng er det at Lukas etter alt å dømma var den einaste ikkje-jøden av evangelistane og dei andre forfattarane i Nytestamentet.  Han har sannsynlegvis ikkje møtt Jesus sjølv.  Han ser hendingane med det utanfråblikket som ofte kan sjå meir enn andre ser, og han har eit særleg fokus og hjarta på dei som har falle utanfor.  (Jfr. dagens tekst) Og så har han sans for karismatikk!

Truverdig liv er ein fellesnemnar både for hans eige granskarblikk og slik han teiknar opp at Jesus utfordrar til å leva. 

Hovudbolkar i Lukas sitt særstoff (3):

Det er fire bolkar i Lukas si Jesusforteljing der han pregar evangeliet med særstoff. De ser dei på skjermen…  Eg vart ganske overraska når eg fant ut at dette særstoffet har mykje som eg kan kjenna igjen frå vanleg gudstenestefeiring i kristne kyrkjer.

Eg hadde ikkje tenkt det.  Eg hadde tenkt at Lukas var karismatikaren som var ganske enkel på liturgi og fortalde om dei første kristne som braut brødet, delte ordet og ba fritt så hus rista.  Eg hadde tenkt at Lukas helst fortalde om diakoni og hjelp til utstøtte i kvardagen og mindre om innhald i gudsteneste.

Og så er det faktisk slik at den gudstenesten den kristne kyrkja held seg med, er Lukasinspirert.  Det kan jo bety at Lukas har tenkt at det i stor grad er gudsteneste som står for evangeliet si kraft idag! Og plutseleg er gapet mellom helg og kvardag, gudsteneste og diakoni lite.  Gudsteneste er ikkje bare ein liturgi, men ein måte å leva på kvar dag.

Eg begynnar med SAMLING(4)

Kvifor gudsteneste?  Lukas fortel det med å fortelja om ungdommen Jesus.  Den tidleg modne gutten på 12 år som driv foreldre til fortviling og set undring både i dei og alle skriftlærde som må svara og lytta til modne spørsmål og svar.  Etter 3 dagars leiting på heimvegen frå Jerusalem går foreldra tilbake og finn Jesus i templet:  «Visste de ikkje at eg måtte vera i huset åt Far min», seier han. (2,49)

Dette står som eit program i inngangen til Jesus si offentlege gjerning. Det signaliserer ei haldning og prioritering som motiverer til liv i Guds hus for alle.  Det er klart at disiplar skal læra av sin Mester og kjenna det djupe behovet for å vera i Fars hus!  Bruka tid med Far.  Han som har gitt dette utrulege livet, og sendt oss også inn i verda med meining, oppgåver, fylgje og kraft på vegen. Jesus visste å prioritera Fars hus hardt og tydeleg. Kven vil ikkje det? Samlast! Saman for Guds ansikt!

Nådehelsing(5)

Lukas 1 og 2 beskriv korleis personar møter Gud og det forvandlar livet!  Himmelen bryt inn i tida. Englar helsar frå Gud. Budskapet er å ikkje vera redd i det sterke møtet med det heilage (for Sakarja, far til Johannes, Maria som skal verta mor og gjetarar på Betlehemsmarka). Maria sitt livsforvandlande gudsmøte starta slik:

1,26: «Ver helsa, du som har fått nåde hos Gud!»  Slik vart Maria sitt liv opna for det nye og store som nå skulle henda henne.  Slik vert me helsa i starten av kvar gudsteneste.  «Nåde vere med dykk og fred…»  Nå kan alt det gode skje! Ver helsa!

Så: Syndsvedkjenning (6)

I Lukas sitt særstoff har syndsvedkjenninga ein tydeleg plass. Lukas fortel ein historie om den rette holdninga når du kjem i templet for å be.  Då er det ikkje tida for å bræsa og skrøyta og lista opp alt det gode du er og gjer, slik som ein viss farisear.  Då skal du bøya deg for Gud, slik tollaren gjorde (18,9ff).  «Gud, ver meg syndar nådig.» 

I Brynekyrkja sine gudstenestar vekslar det om syndsvedkjenninga skal koma heilt i starten eller etter preika.  Det valget har også med Lukas å gjera.  For Lukas viser at syndserkjenninga må få koma først, før bekjennelsen.  Han fortel om Simon Peter sin fiskefangst, (5,1ff) der Peter ender opp med å kasta seg ned for Jesus sine føter og sei: «Gå frå meg, Herre!  Eg er ein syndig mann.»  Denne erkjenninga kom ikkje før Peter først hadde høyrt kva Jesus brukte båten hans til å undervisa om, og etterpå ta dei med på tidenes fiskefangst.  fyrst kunne Peter erkjenna og bøya seg, med ord han ærleg meinte og forsto.

Det same skjer i likninga om den bortkomne sonen – neste sundags tekst.  Etter at det tome livet har talt og ribba han for alt og minnene om Far der heime dukkar opp, så går han i seg sjølv, startar på heimveg og øver seg i å bekjenna den erkjennelsen som har vorte til: «Far, eg har synda mot himmelen og mot deg.» (15,18)

Kristen gudsteneste og livet som kristen i kvardagen kan ikkje vera utan det å erkjenna og bekjenna si synd.  Det er ikkje feil om me i gudstenesten får tid til å gå inn i ein erkjenningsprosess først?  

Kyrie og Gloria.(7)
Tekst: Lukas 17,11-19: 

Kyrie er ropet frå livet sitt vonde trykk.  «Eleison, miskunna deg», ropar 10 spedalske på avstand, ein flokk av utestengde med felles skjebne.  Den næraste kontakten dei får med andre, er når dei set frå seg tiggarskålene og stiller seg opp eit stykke unna med bedande blikk for å få til maten.  Ja, sjølv når dei ropar om hjelp, står dei langt borte:  «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»  Eleison!  Kristen gudsteneste har halde fast på dette bønneropet, i solidaritet med alle som lever under vondt trykk. Det er eit uttrykk for at livet ikkje er beint A4 for nokon og at Gud tåler og er adresse for ropet i smerte.

Kyrie og Gloria kjem tett på kvarandre.  Slik vart det for den eine, han som mest overraskande kom tilbake.  Samaritanen.  Den ekstra utestengde.  Kvifor var det bare den eine som kom.  Er det slik i dag også?  At forholdet mellom dei som kjem til Jesus med bønn i nød og dei som kjem til Jesus med takk er i forholdet 10 til 1?  Kva kan kyrkja gjera for å opna dørene for dei mange sukka og la dei verta eit tydeleg bønnerop med adresse?  Eller motstå freistinga til så overdådig lovsang at det er vondt å koma med ærleg liv og uttalt bønnerop. Kristen gudstenesten vil inspirerast av Lukas til å la kyrie og gloria gli over i kvarandre og stå i forhold til kvarandre, 1 til 1 eller 10 til 10. 

Det er Lukas som har gitt oss Gloria (8).  Englekoret på Betlehemsmarkene i jorda og himmelen sin sterkaste song når Gud grip inn og gjer alt nytt – her i den verda der me ropar om hjelp og Gud gjerne er ennå mindre venta nå enn då: «Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda…» (2,14)

Lukas lar også evangeliet sitt tona ut med eit Gloria:  Lukas 24,52: Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede.53 Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud

Lukas vil me skal lovsyngja og gje Gud æra for all sin godleik.  Det er Lukas som har gitt oss lovsangane som har fulgt kyrkja sin tidebønnstradisjon.  Sakarjas lovsang i Morgonsang, Marias lovsang i Aftensang og Simeon sin lovsang i Kveldsbønn.

Lukas har ei forteljing der han lar lovsangen stiga fram frå djupet, retta mot Jesus, mot den inkluderande kjærleiken og krafta som reiser opp og gjer livet nytt, slik Lukas i kap.7,36ff fortel om kvinna som forarga eit selskap med å kjærteikna Jesus sine føter med tårer, salve og utslått hår.  Ho var tilgitt mykje, difor elska ho høgt og uttrykte Gloria i handling.  For gudsteneste kan skje kor som helst og kva tid som helst.

BARNET i gudstenesten. (9)
Når Lukas gjev oss barndomsforteljingane om Jesus, er det neppe bare for å fylla eit hol dei andre evangelia manglar eller i historisk interesse.  Han lyftar også fram barnet. Den åtte dagar gamle Jesus får verta til velsigning og får sin første seremoni i Guds hus, og 12 åringen Jesus vert eit eksempel på det som skal skje i Guds hus, når vaksne og lærde har så mykje å læra av barnet.  Og kven i Brynekyrkja syns ikkje at Løva har mykje godt å visa og læra og får oss til å humra og kjenna oss igjen. Det er klart at barna må få vera i Guds hus og vera synlege og høyrbare.

ORDET i gudstenesten.(10)
Det er Jesus sitt ord som sender spedalske ut på helbredelsen sin veg, og det er Jesus sitt ord som sender ein takkande samaritan heim på frelsa sin veg.

På Jesu Ord kastar Simon Peter garnet og ender opp som menneskefiskar og kyrkja sin første ledar. (5,1ff)

I Marta og Maria sitt hus er det Maria som set seg ned ved Jesus sine føter og vil lytta til Ordet. Ho har vald den gode del. (10,38ff)

Lukas har sagt noko spesielt viktig om Ordet med å fortelja om Jesus sin programtale i Nasaret (4,16ff).  I synagogegudstenesten i Nasaret siterer Jesus ein mektig profeti om Messias som skal setja undertrykte fri.  Den store reaksjonen skjer når han ser ut over forsamlinga og seier: «I dag vart dette ordet oppfylt medan de høyrde på!»

Slik er det i Lukasevangeliet og i gudstenesten: Ordet handlar om Jesus.  Ordet er Jesus sin tale til oss.  Og fordi Jesus er levande tilstades, vert Ordet oppfylt stadig vekk, heile tida.  Det Ordet seier, vil skje i den som opnar seg for det.  For Jesus lar det verta oppfylt mens me høyrer på.  Kva oppfyller han i deg i dag?

FORBØNA (11)

Lukas har gitt oss disiplane sitt spørsmål: «Lær oss å be» (11,1ff) Og fortalt om Jesus som lærte dei å be til Gud med å seia Far (slik også Matteus gjer)
Den nye gudstenestereformen oppfordrar heile kyrkjelyden til å stilla spørsmålet: Lær oss å be.  På ein ny måte skal forbøna vera alle si sak, ikkje bare liturgen.  Så me skal ha eit enkelt lite kurs om det tysdag 5.november.  Hjelpa kvarandre til å be i fellesskapet med ord som alle kan leggja sitt liv i.  Lukas har jo ei forteljing i kapittel 18 om at «dei alltid skulle be og ikkje missa motet, for Gud er ikkje sein til å hjelpa

Forbønna går til Gud og har ein link til kvardagen og livet i verda.  Det me bed for, skal me leva i i kvardagen.  Lukas har mykje å seia om det, det kjem eg tilbake til til slutt.

NATTVERD.(12)

Det er Lukas som fortel at Jesus har lengta inderleg etter måltidet der han innstiftar nattverden (22,14ff).  Gjennom gjerninga si har Jesus tydeleg demonstrert denne lengselen.  Lukas fortel om Jesus som heldt seg nær til tollarar og syndarar og hadde måltidsfellesskap med dei, til mange si forarging (15,1ff).  Han fortel om gleda og festmåltidet når bortkomne sauer vert funne og bortkomne søner finn heim.  Festmåltida vert eit hint om det fullkomne som skal koma.  Han fortel om det store gjestebudet (14,15-24) der alle må koma.  I nattverdliturgien held me fram Lukas si opne og inkluderande innbyding - som ikkje handlar om å vera verdig. Orda er Lukas og Herren sine: «Kom for alt er gjort ferdig.»

I oppsummeringskapitlet sitt i kap.24 fortel Lukas om to disiplar på veg frå Jerusalem til Emmaus.  Dei får fylgje av Jesus utan å kjenna han igjen.  Ikkje før kveldsmåltidet der Jesus bryt brødet.  vert augene opna, dei ser, dei forstår, dei har fått ein ny retning og ein ny bodskap å gå med.  Det er opplagt at Lukas slik gjev ei ekstra forteljing om nattverden som til alle tider betyr så mykje for å oppleva eit Jesusmøte.  Lukas har til og med gitt oss gudstenesten sin gang og rekkefølge i denne historien.

Først SAMLING: Aus ut uro, fortviling, sorg og det du ikkje forstår i eit ærleg kyrie først. Så ORDET: Når du har fått uttrykkja det du ber på, er du open for å lytta til medvandraren som legg ut skriftene. Så BØNA: Når hjarta begynnar å brenna av det Ordet fortel deg, så kan du be Mesteren inn i livet og inn i ditt hus.  Så NATTVERD.  Når brødet vert brote og nattverdmåltidet skjer, får du sjå og erfara kven han er. Ei av dei nye nattverdbønene (Alt.D) i hovudgudstenesta er prega av denne forteljinga og gudstenesteforståinga!  Me brukar den i dag og ofte.

Lukas har ikkje slik som Johannes gitt oss sangen om Guds lam som ber verda si synd, før me går fram.  Men han har fortalt oss det med forteljinga om røvaren på korset ved sida av Jesus. (23,40ff). Han som visste at det var han og ikkje Jesus som hadde synda.  Han ba Jesus tenkja på seg i sitt rike.  Denne forbrytaren fekk det løftet om Paradis som nattverden gjev oss løfte om, fordi Jesus ber våre synder.

Altså: Lukas har gitt oss hint om nattverden som kjernepunkt i Jesus sin lengsel etter oss, som høgdepunktet i den vegen og prosessen me kan måtta gå, anten det er å oppleva å kjenna at Jesus lever og er nær som for dei to mot Emmaus, eller å få festmåltidet i enden av ein lang og vanskeleg veg for ein bortkomen son.

SENDING OG KVARDAG (13)

Emmausvandrarar som møtte Jesus, spring med beskjeden som forandra alt. Og alle disiplar er sendt med Lukas sine ord:

«Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,47 og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem.48 De er vitne om dette.

Når gudstenesten og Lukas sender oss, er det med lyst velsigning over ein kvardag der gudsteneste fortset å skje, der Lukas har peika ut skarpe og sterke utfordringar i særstoffet sitt:

Me har ein kamp å kjempa for ikkje å verta oss sjølv nok,

  • som den rike bonden som bare såg seg sjølv og den nye låven sin (12,13ff),
  • som den rike som gløymde den fattige Lasarus ved døra (16,19ff),
  • som dei som gjekk forbi han som var falt blant røvarar, og slik hadde innsnevra kven me kan vera ein neste for (10,25ff).

I staden skal gudsmøtet styrkja viljen vår til ny praksis i kvardagen, til rett forvaltning av pengar og ein ny levemåte som inneber vennskap utan isolasjon (Jfr. Sakkeus i 19,1ff).
Lukas sender oss frå gudsteneste i kyrkja til gudsteneste i kvardagen!

Oppsummering: Liturgi a la Lukas! (14)

Lukas held saman det som skal haldast saman: Liturgi og diakoni.
Med fokus på dei som har falle utanfor, inviterer han til nye møter med Gud.  Gudsmøta får lov å skje i ærleg og respektfull prosess.  Bak alle nye val står ærlege liv som får vera i prosess.  Slik at Maria kan seia sitt ja til å vera Herrens tenestekvinne og ha Guds nåde over seg.  Slik at Simon Peter får erkjenna og bekjenna kven han er.  Slik at samaritanar får ropa sitt bønerop og få ein adresse for sin nye lovsang. Slik at syndarinna i Simons hus får utføra sin takk i handling.  Slik at Ordet får fylla Maria sin kvardag.  Slik at Sakkeus får ein ny trusbekjennelse og eit nytt takkoffer.  Slik at ein bortkomen får finna heim til opne armar og det store gjestebudet. Slik at ein røvar på korset finn håp i siste sekund.  Slik at forvirra disiplar får eit møte med den oppstadne i brødsbrytinga og blir sendt med det store budskapet.

Er det ikkje kjekt at Lukasevangeliet  og gudstenesten dirrar med same nerve?

At kristen gudsteneste  er inspirert av det som betydde mykje då Lukas skreiv sitt evangelium. 
Ein gudsteneste

  • som rett og slett utfaldar evangeliet si kraft i dag.
  • som har dramaet sin nerve når ærlege liv og Jesus sitt kall får møtast.
  • som opnar prosessar fram mot tru og nytt liv som Jesu etterfylgjar
  • som byggjer bru til diakoni og misjon i kvardagen.
    Liturgi a la Lukas = Liv a la Lukas.

Det er som om Lukas seier:  Evangeliet fortset i gudstenesten.  Gudstenesten fortset i kvardagsdiakonien.

Powered by Cornerstone