Vitne om Jesus
Adventsmessa Fest i Guds hus, 3.adventssundag 2024 - Joh.5,31-36

Vitne om Jesus

Når fargane blått for håp og rødt for kjærleik og svart for sorg blandar seg til lilla advent.  Når lilla adventsfarge vert ein nydeleg sang som barnekoret framfører og ein vakker dans som gjer at auga har tårer og hjarta er rørt.  Det er fest i Guds hus!

Kvar einaste dag får me noko me må ta stilling til, noko me må velja.  Potet eller pasta. Juice eller melk. Brød eller grøt. Tur eller TV. Sport eller sofa. Eller kanskje begge deler?  Hoppa i sofaen over sport som får hjarta til å dunka.

Mange ting å ta stilling til.  Nokon av dei er store. Kjempeviktige. Dei stel ikkje håp, dei gjev håp.  Dei store kjem med den største gleda ein kan ha, som er å gjera andre glad.  Dei viktige tappar ikkje livet for krefter, dei fyller livet.  Med tru, håp og kjærleik.

Ta stilling til Jesus
I dag i kyrkja er Jesus den store saka.  Det er han me skal ta stilling til. Ingenting er viktigare enn han!
«Han kom til verden for å gi oss håp
og møtte oss med lyset i vår dåp.»

Så: Får me teke ordentleg stilling til Jesus? Her i Bryne og Time i advent 2024? Er han godt pakka inn i mykje anna i advent, eller vert han meir synleg i livet vårt enn elles?

Viss me tenkjer veldig mykje på mat og gavekjøp og full fart til neste ting me må ordna eller få med oss, då slit me!  For fokus på ting og pengar og tidstjuvar er ikkje ein spesielt god hjelpar i å få auga på han som vart fødd fattig og døde ribba for alt.

Advent som vitnar
Men noko vitnar meir enn elles i året.  Noko er god advent og kan gjera Jesus meir synleg og lettare å snakka om.  Adventslys i heimane. Julekrybber dukkar fram. Dei minste snakkar ivrig om det som hende då Jesus vart fødd. Dei gjentek forteljinga minst like begeistra som foreldra gjer heime, eller som stab og frivillige gjer i kyrkja på julevandring.  

Juletonar fyller stover og øyre. Musikk og sangar med forventning om han som kjem. Gryta til Frelsesarmeen.  Julemesse med fellesskap og forkynning.  Stort nærvær av kristne tekstar i populærkulturen. Gamle salmer fram i lyset denne førjulstida også.  Dei fleste kor og artistar ønskjer å ha julekonsertar.  Fleire enn me anar legg lista høgt på at konserten ikkje bare skal vera ei samling av sangar, men ha eit budskap og eit formål som vert eit vitnesbyrd om Jesus – breitt ut, for folk flest.  Nokre er bevisste vitne om Jesus. Mange andre skaper ein god oppmerksomhet på Jesus sin person og det han sa og gjorde.  Det er enklare enn elles å ha Jesus som snakkis.

Adventsmessa!
Og nå er me her!  Denne adventsmessa vitnar veldig tydeleg og sterkt om Jesus. Ho ryddar veg for han i hjarta og lengsel. Me får det for alle sansar.  Når fargane blått for håp og rødt for kjærlighet og svart for sorg blandar seg til lilla advent.  Når lilla adventsfarge vert ein nydeleg sang som barnekoret framfører og ein vakker dans som gjer at auga har tårer og hjarta er rørt.  Det er fest i Guds hus frå første sekund. 

Alt vitnar og opnar for Jesus! I ord om å lukka opp hjerter i bot og bønn for himlens kongesønn. Når hendene vår ber inn naturen i den grøne adventskransen.  Når strupen vår syng ein takk:  Pris Herren, han er stor, og kor og trompetar smeller i med Gloria.  Når me tenner lys for frelsaren i stallen som bringer himmelen til jord, og for alle som er på vandring for å sjå og finna han. Når me lyttar til Maria og Elisabeth som syng med smellvakre tonar og ord som dirrar av forventning om eit barn, om ein frelsar. Og Maria slutta aldri å vera eit vitne om han ho bar fram og bar i hjarta.

Eyvind Skeie som har skrive tekstane til Fest i Guds hus, seier i forordet at adventsmessa handlar om å gje den kristne tradisjonen og dei kristne symbola form og stemme i vår tid.  Viss ein generasjon forsømmer dette, eller viss andre former og stemmer har sterkare uttrykk, vil det kristne innslaget i kulturen vår til sist forstumma.  Og han seier at advent og jul i Norge fremdeles har kraft til å påvirka og forma folket vårt.

Julemarked
Sist helg var eg i Tyskland, i Dresden og sørover mot Tsjekkia.  Adventstradisjonane var heilt enorme.  Fulle gater rundt julemarkedet i Dresden. Heilt spesiell atmosfære. Ingen ropte og snakka høgt.  Det bare summa roleg av stemmar som hadde fred og forventning i seg.  I fjellbygdene sørover mot Tsjekka har dei spesialisert seg på fint håndtverk i tre og lys med julemotiv.  Det pregar heile folkelivet og lagar lys i mørke overalt.  Skular og rådhus har ikkje eitt vindu utan lys og flotte julemotiv.  Den hellige familien, englar og vismenn og gjetarar er overalt.

Dette skjer i eit område der slikt var undertrykt i 44 år.  Frå 1945 – 1989 var det kommunistisk ateisme som styrte i DDR.  Kva heldt tru levande i folket? Ikkje minst dei kristne adventstradisjonane! Som nå altså dominerer gatene med glede!

Det er fint når gode tradisjonar held den sterkaste av alle forteljingar levande.  Det kan me gjera i heimane våre.  Det gjer me i kyrkja til jul. Barnehagane får koma og vera midt i dramaet.  Skulane får teikna og syngja det. Og dei av oss som har ordet, fortel om Jesus. Om Gud som er komen heilt inn i alt det som er livet vårt. Ikkje bare ein gong, men alltid. Om barnet som vart vaksen og kom med fred, håp og tilgivelse frå Gud.  I advent og jul er det muleg å gjera Jesus til snakkis.  Å vitna om kven han er, på ein forståeleg måte for folk flest.

Kjendis som vitnar
Det var dette døyparen Johannes gjorde.
Han var eit skikkeleg trekkplaster, berømt, ein som folk fòr langvegs for å lytta til.  Ein lampe som lyste der det var mørkt.  Men det viktigaste han gjorde, var å rydda veg og peika på Jesus.  Det var Jesus som var det sanne lyset. Det var Jesus som kom frå Gud og med frelse.  Det var han alle lengsler skulle rettast mot:  «Sjå, der er Guds lam som ber verda si synd

Klart det gjorde inntrykk på Jesus sine motstandarar at døyparen var for Jesus.  Akkurat slik det gjer i dag når forbilde og populære folk vitnar om Jesus.  Står ein kjendis fram og fortel om trua si, gjer det inntrykk.  Kjem toppidrettsfolk på besøk på samlingar for barn og unge, treng du ikkje hysja og passa på.  Spør me, nokon kvar, om me har ein arena der me vert lytta til og lagt merke til viss me seier eller gjer noko som vitnar om Jesus, så har me jo sånne muligheter.  Det som er ærleg og autentisk, er det full opning for.  Og viss nokon har synlege riper og sår, vert dei gjerne lytta ekstra til.

Advent er å ta stilling til Jesus.  Det er han som kjem med håp for framtida og med fred over det som ligg bak.  Fest i Guds hus er å vera kyrkje som veit at me vitnar om Jesus.  Det er jo kallet og identiteten vår.  Å vera Jesus sin kropp i verda.

Gjerningar som vitnar
Men det største vitnesbyrdet kjem frå Jesus sjølv.  Han seier at det som vitnar sterkast, er «dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra».  Me tenkjer særleg på ei gjerning, den siste og store:  Han ga livet sitt og sto opp av grava. For oss.  Han var ikkje bare ei lampe som det skein av ei tid.  Han var lyset.  Han er lyset. Han lyser tvers gjennom skulda og døden.

Det er dette lyset me tenner i kveld.  Med Eyvind Skeie sine sterke ord:
«Nå stråler flammen i sin egen fred
mens lyset gir seg selv og brenner ned.
Den minner oss om ham som ble vår bror
og gav seg selv for alle på vår jord.

”Du lys som alltid brenner og forblir:
Lær oss å leve ved den kraft du gir.
La kjærlighet og fred blant alle bo.
Så deler vi vår flamme og vår tro

Ennå er det advent
Jesus kjem.  Ta imot han.

For ”ennå er det advent,” skal me syngja når me går ut. 
Ennå kan me halda fast på levande tradisjon og tru. 
Ennå kan me ha fest i Guds hus og leva som engasjerte kristne i kvardagen.
Ennå kan me vitna om Jesus.
Ennå kan me sei og syngja: ”Vi lengter etter deg”. 
Og ennå kan me slutta oss til den truvedkjenninga som me har fått overlevert frå dei første kristne.  Nå...

Powered by Cornerstone