Det nye kyrkjerommet
Markus 6,30-44 - april 2013

Det nye kyrkjerommet

Midthelga i april 2013 vart det nye kyrkjerommet feira. Kva skal nye Bryne kyrkje vera for oss?

Midthelga i april 2013 vart det nye kyrkjerommet feira.  Frivillige fekk laussluppen medarbeidarfest på fredag.  Byen fekk kulturfest på laurdag.  Kveldsgudsteneste på sundag vinkla bibeltekstane for dagen til ord om det nye kyrkjerommet i Bryne kyrkje. Kva skal det nye kyrkjerommet vera for oss?

Lesetekst: Salme 23.
Evangelietekst:  Markus 6,30-44

Jesus mettar fem tusen
30 Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.31 Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
32 Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve.33 Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.34 Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
35 Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid.36 Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.»37 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»38 «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.40 Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.41 Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.42 Og alle åt og vart mette.43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.44 Det var fem tusen menn som hadde fått mat.

Kva skal dette kyrkjeromet vera framover?  For meg? For Brynekyrkja? Kva vil me få nå? Leva i?  I det gamle lyset som kjem til oss på nye måtar i det nye rommet.  I lyset frå dei to tekstane me har høyrt nå. 

Salme 23 har programmet klart:  «Herren skal vera min hyrding!  Eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider»

Markus 6 fortel at det gode rommet er der Jesus gjev oss det me treng mest. 
 

Eit rom betyr så mykje.  Ein nyskapande arkitekt i Wien som heiter Hundertwasser seier at rommet er vår tredje hud.  Den første huda er den som held alt som er meg på plass, så eg ikkje tyt ut, men har form som kan halda på det indre, ta imot det ytre, gjer meg beskytta og mottakeleg på same tid.  Den andre huda er kleda mine, som legg eit beskyttande og fargerikt lag om meg og fortel kven eg ønskjer å vera.  Den tredje huda er rommet eg oppheld meg i, huset eg bur i.  Skal me våga å tenkja at kyrkjerommet i Bryne er ein vesentleg del av vår tredje hud?

Kva seier Jesus om det me treng mest då?  Viss me flytter heile brødunderet og hendingane i området rundt Genesaretsjøen inn her i det nye kyrkjerommet, viss alt skjer nå, kva får me av Jesus i dette romet, vår tredje hud?  5 ting, tenkjer eg:

1.Eit rom å kvila i.

Ikkje plent sovna, men kvila. Jesus overraska nemleg disiplar som hadde vore ute på oppdrag og turnè.  Dei var sendt ut av han, to og to, dei tolv.  Dei hadde fått Jesus sine fullmakter.  Dei skulle gjera Guds rike synleg.  Dei opplevde store ting og kom begeistra og oppglødde tilbake.  Det hadde gått bra!  Folk tok imot. Sjuke vart friske. Det som skjedde rundt Jesus, skjedde rundt dei.

Dei måtte bare fortelja det til Jesus!  Kva venta dei å få?  Ros?  Medarbeiderfest? Peptalk for å ta ein omgang til slik trenarar gjer i garderoben i pausen?  Ord som gjorde dei motiverte og klare til å verta sendt ut ein gong til? Ord om å ta seg av dei som nå strøymde til ganske av seg sjølv?

Dei fekk noko anna. «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!»  Verken dei eller me kan alltid vera sendte, alltid på oppdrag, alltid på veg til andre som treng oss. 

Jesus tok dei med på retreat.  Lot dei vera åleine med han.  Ga dei kvile og påfyll.  Fellesskap med han.

Me treng eit rom å kvila i.  Nå skal dette rommet vera eit rom å kvila i.  Før glasmaleriet kom, sto det og ropte så sterkt til oss om livet der ute, om det som venta, om skyer og sol og bjørker og by og pulserande liv.  Nå ser me også dette, men dusare, i glimt, fargelagt av ein vegg og eit rom som seier:  Sett deg ned.  Du har kome avsides, funne eit annleis rom i livet.  Eit rom med høgtid.  Eit rom med hellighet.  Eit rom til å kvila i.  Eit rom der du skal få ta imot før du skal gje.  Eit rom der du får vera åleine med Jesus, før du skal tena han i ein av hans minste.

Salme 23:  Han let meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Eit rom å kvila i?  Kjenner du det? At Jesus kallar:  «Kom med meg og kvil dykk litt.»  Anten me er unge eller gamle treng me stillhet i støyen, ro i jaget, fred i kampen.  Eit rom med kvile.
 

2. Eit rom å bli sett i.

Retreaten for Jesus og læresveinane varte ikkje så lenge.  Det var så mange som skulle få Jesus sitt gode blikk på seg.  «Han fekk sjå ei stor folkemengd.  Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar…»»Herren er min hyrding!»

Jesus såg mange på ein gong, med gjetaren si glede og omsorg.

Dei fleste av oss kan lett henta fram gode minner om det å bli sett.  Når det varme blikket kviler på oss.  Når me merkar at den andre er glad for å sjå meg.  Smilet kjem ikkje frå ein ansiktsgrimase, men frå hjarta.  Det er nydeleg å koma inn i eit rom der du vert sett, ikkje bombardert med blikket og invadert, men du merkar bare at her er det godt å vera meg. Her er eg sett.

I Bryne kyrkje seier me at me ønskjer å vera den opne famns kyrkje.  Ein plass å verta teken varmt imot.  Ein plass der kvar enkelt av oss skal vera den opne famnen og det gode blikket, som bryr seg positivt om dei andre i gudstenestefellesskapet og dei andre som er sjeldnare kyrkjegjengarar.

Det er ikkje alltid me klarer å leva opp til det.  Det er ikkje alltid me klarer å skapa eit trygt rom å bli sett i.  Me må be om at Jesus skaper det trygge rommet, er vår gode hyrde med det varme blikket på oss.  Heilt framme i kyrkja møter i alle fall alle som kjem her, noko som omfamnar oss som vår tredje hud.  Guds auge i glaskunsten, med gult lys som lyser opp alt og finn vegen heilt ned i det mørkaste, og med varmrødt lys som minner om hjarteblodet, Guds kjærleik. I den lysna kyrkja ser me skulpturen i midten på ny: at det røde startar heilt i takmønet, det finn vegen heilt ned gjennom treet og armen, korsarmen som held/støttar steinen som vart funnen vekkgøymd på jærstranda, gnurt og herja av livet, gløymt av alle til han blei funnen, reist opp, vist fram i rommet som er vår tredje hus, der me alle skal bli sett av Jesus:

Steinen frå stranda er komen til ro,
kviler i handa ved korstreet no.
La meg bli funnen og nådig bli sett.
Kristus, din kjærleiks blod let meg koma til rett
.
 

3. Eit rom å bli leda i

Salme 23: «Han gjev meg nytt liv.  Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld

For noko held på å skje.  Noko nytt veks fram.  Unge og vaksne modnast.  Me vil vera i rommet for det gode me skal bli.  Me vil vera i rommet for håpet. Me vil vera i rommet der lyset kjem til oss med himmel over livet.  Me vil vera i rommet der Jesus ledar og former oss som disiplar. «De skal gje folket mat. De skal dela det de har. Eg skal velsigna, men de skal dela ut. Kor mykje har de?»

Så ledar Jesus dei inn i eit nytt rom.  Eit rom for å sjå muligheter og dela det dei har.  Kven ser potensialet i ein nistepakke på 5 småbrød og 2 fisk til 5000?  Jesus gjer.  Kven ser mulighetane når Ungkyrkja samlast ein torsdag?  Når alle døypte får invitasjon til trusopplæring?  Når barnebibelen vert opna?  Når torsdagstreffet har kaffi og andakt?  Når hender vert knepte og me ber for arbeidet og kvarandre. Jesus ser potensialet.  Han ledar oss på rettferds stigar slik at me ønskjer å vera gode ledarar som hentar inspirasjon frå han.

Resultatet er kolossalt når Jesus får leda og velsigna, når brød og fisk vert delt ut og underet skjer og fortset å skje heile tida etter to tusen år.  Fulle korger med tru og håp frå generasjon til neste.

Dette skal vera eit rom å bli leda i.  Eit rom for det som kan bli.  Me snur oss ikkje tilbake og prøver retur til fortida.  Liv og tru skal ikkje gå i revers. Nå får du bu i eit rom, kle på deg ei tredje hud der du skimtar det som var før, men i det nye lyset som trua og livet skal levast i.  Her ber me nye, ferske bønner, her syng me nye tonar og tekstar.  Her vert tradisjon fornya slik vegger og tak har vorte.  Her spør me: Kva nå?  Kor vil Jesus leda?  Kor er neste rettferds stig Jesus vil føra meg på?  Er det noko av mitt han kan få i hendene og velsigna, så det rekk så mykje lenger?  Er eg ikkje heilt sikker kva det er, og skjemmest for noko han fekk eller ikkje fekk, så er eg jo for det fjerde i
 

4. Eit rom å få mat i.

Salme 23:  «Du dukar bord for meg framfor mine fiendar»

Det er ikkje bare du som skal dela og gje og redda verda og vera hyrde og ledar.  Du skal få mat.  Du skal få setja deg til bords. Du skal få knela og ta imot.  For fyrste gong på nytt skinn, men gjerne ikkje første og siste.  Å koma inn i kyrkjerommet i Bryne er å merka at her er det servering ovanfrå.  På eine side av altarveggen står kornakset og vaier og kalken på plassen for naglemerka i hånd og arm som strekkjer seg ned frå det høge.  På andre sida er det Ordet, bibelboka, som skin og lyser i lys og varme ovanfrå.

Her skal du få mat.  Verta metta av Jesus.  Av eit under du forstå like lite av som dei 5000 gjorde. Her også skjer det som Jesus gjorde då.  Takkebøna blir bedd, brødet brote, gitt og delt ut til eit under med overflod.  Nå skjer mysteriet her. Her får du det bare Gud kan gje.  Nåde for synd.  Oppreisning for skam.  Tilgivelse for bekjent skuld. Næring og styrke på vegen.  Det held om me så går i dødsskuggens dal.  For ei stund i dette romet fortel:  Du er med meg, din kjepp og din stav dei trøstar meg.

Eit rom å få mat i!

Og så er me tilbake til utgangspunktet.  Me er for det femte fremdeles i
 

5. Eit rom å bli sendt frå.

Byen skimtast der ute.  Veggene som vidar seg ut og seier: Kom inn i den opne famns kyrkje, vidar seg ut og seier: Sjå byen, sjå folket.  Du er sendt!

Forskjellen frå å stupa rett ut i alle oppgaver og utfordingar, er at du er sendt med det du har fått.  Du har fått vera i rommet som gjer at du ser andre med Jesusblikket som har sett deg. Du ber om å bli leda slik han ledar deg.  Du veit at det er mat du skal gje. Nåde for sjela og brød til svoltne.  «Gå og sjå etter kva de har», seier Jesus.  Det er heilt sikkert nok.  Når du har sett det i det gode rommet, når du kjenner di tredje hud.  Når alt handlar om at Jesus får velsigna.  Både deg og det du er sendt med.

Får det nye rommet i Bryne kyrkje vera di tredje hud?

Har du fulgt veldig godt med, så anar du kanskje at dei 5 delene frå Salme 23 og Markus 6 liknar voldsomt på dei 5 delene i ein gudsteneste:

  • Eit rom å kvila i.  Samling for Guds ansikt
  • Eit rom å bli sett i.  Gudsordet i bibel og kunst
  • Eit rom å bli leda i.  Så du lyttar og ber og er i forbønn
  • Eit rom å få mat i.  Jesus sjølv og alt hans i nattverden
  • Eit rom å bli sendt frå.  Velsigna og sendt til å vera Jesus sitt blikk og Jesus sine hender i kvardagen.
Powered by Cornerstone