Ut i båten og inn til bålet
2.sundag i påsketida 2023 - Johannes 21, 1-14

Ut i båten og inn til bålet

Kor er høgre side av båten?  Kor skal det satsast i dag?  Det er i alle fall ikkje same plassen som for 20 år sidan.  Verken båten eller fisken eller me er på same plassen som då.  Både Bibel og erfaring fortel at det er ferskvare, det som kjem frå Gud.

Tome garnmaskar.  Lett og tomt fiskegarn or sjøen.  Når det går skeis med det du trur du kan, då er du ikkje mykje høg i hatten. Ei råd å stryka til eksamen viss du veit du har teke ein råsjans på at dette skal gå – uten særleg innsats og peiling. Eller å tilkalla håndtverkarar viss du ser at det du starta på absolutt treng fagfolk nå. Då kan du sei:  Pytt, pytt.  Det gjekk vel som det måtte! 

Men når du kan faget, har oversikt over stoffet, har all verda si erfaring, og det likevel går skeis, då har du det ikkje spesielt godt!

Fagfolk på heimebane
Dei var yrkesfiskarar, mange av dei.  Dei var på heimebane, på sine eigne strender.  Kjende fiskeplassane og brukte den gode tida – på natta.  Likevel – skåltomme fiskegarn. Resultatlaust arbeid.  Og det var ikkje bare ein fritidskos som gjekk i vasken.  Me må vel tru det var slit for dagleg brød.  Dei måtte ha noko å leva av – også etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde.  Dei kunne ikkje bare leva på gode minner og sterke erfaringar.  Sjølv om dei var gode å ha – alle minnene om dei tre siste åra. Då dei forlot garna sine, fulgde kallet om å verta menneskefiskarar, vandra rundt i Jesus sitt fylgje, såg det fantastiske han gjorde med folk han møtte, høyrde dei vidunderlege orda om Gud og hans rike, merka at Gud var på ferde i sin eigen Son. 

Det var 3 år som hadde forvandla livet deira totalt, år dei ikkje ville ha bytta med noko.  Heller ikkje etter det fæle dramaet den siste påska. For nå hadde dei alt møtt den oppstandne Jesus. Dei ante at korset ikkje var slutten, men ein start på noko nytt.

Men kva var det starten på?  Kor går vegen når Jesus er den oppstandne? Ikkje lenger Mesteren som gjekk og åt og sov med dei alltid.  Dei gleda seg over at grava var tom, men ikkje at dei sjølv også kjente seg tome og forvirra.  Dei var sendt av Jesus for å fullføra det oppdraget Gud hadde sendt han til. Men venta ennå på krafta til å gjera det. Og det dei tok seg til for å ta vare på seg sjølv og livet, ende med skåltomme fiskegarn.

Symbolikk
Me kjem ikkje unna at det er mykje symbolikk i det som Johannes fortel om i dag. Garna er eit sterkt symbol for kyrkja sitt misjons-oppdrag med å fanga menneske.  Fangsten minner om den første gongen disiplar vart kalt, frå stranda og båtane sine.  Skittfiske med eigne krefter. Storfangst på Jesus ord.  Antall fisk gjer det lett å tenkja på mange og ulike folk og folkeslag som skal samlast i evangeliet sitt fiskegarn og dras inn på stranda i Guds rike.

Og der på stranda er det bål og koleld som minner om ein annan koleld, der Peter hadde varma seg og banna på at han ikkje kjende Jesus.  Måltid gjort i stand med brød og fisk minner om Jesus som hadde metta 5000 i ørkenen med fisk og brød.

Me snakka om dette i gudstenestegruppa.  Om detaljerte, levande skildringar av noko som hender ein kvardag etter påske. Men at forteljinga er full av lag som ligg under.  Ho skal ikkje lesast bare som ei ytre forteljing.  Me kan forstå at Johannes fortel om det oppdraget kyrkja har fått i verda – og korleis kyrkja skal løysa det. Viss dei altså kjenner igjen Jesus i kvardagen og merkar den store forskjellen det utgjer. Nå har det gamle kjente vorte nytt!

Johannesevangeliet har visst tatt oss også på kornet når det skildrar kor nølande, kor forsiktige, kor sjenerte og usikre disiplar kan vera når me anar at Jesus er mykje nærare enn me heilt får til å tru. Ingen våga spørja, men dei ante, og Peter tok på seg kappa i respekt før han heiv seg i vatnet.

Når garna er tomme
Kvifor dreg me av og til opp svarte garn?  Kvifor vert strev og innsats nokre gonger tilsynelatande utan resultat? Me kunne jo godt ha venta at resultatet var betre. Me dreiv kyrkjarbeid med stor innsats. Me bar våre og andre til Gud i bønn.  Me lærte dei om Jesus. Me var med og bygde fellesskap og hadde gilde ting å invitera og senda til i kyrkja. Me prøvde å læra frå oss om rett og galt, og gje mykje kjærleik og gode grenser. Og ikkje at me trur det var verdilaust, men det er vondt å merka når trua ikkje riktig slår rot likevel – eller ho vert passiv og lite formande for livet.

Me vil jo gjerne så mykje gode ting.  Rikare liv for oss sjølv.  Betre liv for våre eller andre. Kyrkjeliv som veks meir oppover, innover og utover enn det me ser akkurat nå.

Me vil at alle som døyper ungane sine, skal få støtte til å gje dei del i ei aktiv tru og få godt fotfeste i livet.  Me vil at barn og unge skal ha eit miljø og eit fellesskap der trua veks og me lærer å ta ansvar for oss sjølv og andre.  Me vil at kristen diakoni og nestekjærlighet når ut og fram slik at folk ikkje sit ensomme eller fast i rus og destruktiv livsstil.  Me vil at det skal vera eit varemerke at Brynekyrkja er aktiv i å gje evangeliet vidare. Me vil jo så sterkt at sundagen i kyrkja skal vera ei stor og inspirerande kraftkjelde for dette og meir til. 

Og mykje godt skjer.  Gledeleg mykje godt.  Inspirerande mykje å takka for.  Men nokre gonger og i nokre situasjonar står garna så tome.  Det blei så uforståeleg lite av det me prøvde på. Jesus virka så langt vekke.  Eller augene våre var så blinda og tankane så mørke at me ikkje såg og oppdaga kva som alt var berga opp av sjøen.

Helsing frå Jesus
Til folk med tome garn i hender eller tankar, kjem det ei helsing i dag.  Ho kjem frå den oppstandne.  Ho kjem frå Jesus som lever og vil vera i saman med oss.  Som bare står der i kvardagen vår utan at me lett oppdagar at han er der.  Han har ei helsing.  Ikkje at me skal pakka i hop garna og finna på noko anna.  Ikkje at me skal la vera å utsetja oss for risikoen med at fangsten uteblir.  Nei:  ”Kast garnet på høgre sida av båten, så  får de fisk.”  Prøv på nytt.  På mitt ord.”

Det vart kjempefangst! Langt ut over det som erfarne fiskarar kunne ha fått til med optimale metodar og tider og plassar å fiska på. Jesus såg kor fisken sto. Ved å følgja hans ord, blei det kjemperesultat.

Slik er kyrkja sin historie.  Ho er eit under av det som Jesus kan utretta gjennom feilande og svake menneske, som vågar å stola meir på han enn seg sjølv.  I dag lærer me at misjon og evangelisering og dåpsopplæring og ungdomsarbeid og diakoni og gudstenesteliv er ein umulighet utan Jesus.  At det kan skje heilt andre ting med å fylgja Jesus sine ord enn våre eigne innfallsmetodar.  At mismot står fremst i køen når me strevar på eigenhånd. At begeistring, glede og uante resultat boblar når det er Jesus som får utføra sitt verk gjennom oss.

Ferskvare
Kor er høgre side av båten?  Kor skal det satsast i dag?  Det er i alle fall ikkje same plassen som for 20 år sidan.  Verken båten eller fisken eller me er på same plassen som då.  Og Bibelen er ein meister i å visa at det som kjem frå Gud, er ferskvare.  Slik var det med mannaen som Israelsfolket fekk til å leva av i ørkenen.  Ferskvare.  For ein dag om gongen. 

Slik vart apostlane førte etter oppstandelsen.  Steg for steg.  Gud måtte visa veg til nye menneske slik at dei våga seg ut av Jerusalem og Galilea. Til Samaria, til hedningen Kornelius, til den etiopiske hoffmannen, til andre folkeslag, ja, like til Rom og Norge.  Høgre side av båten er ferskvare. 

Me skal ikkje tenkja at me alltid har svaret, men me kan stola på at me får det.  Spør me Jesus og lyttar, får me det.  For han er ikkje bare i gårsdagen, eller i ei gammal bok, han står der på stranda i dag, han har lova å vera hos oss i sin Hellige Ånd som veileder oss fram til heile sanninga.

Denne morgonen havnar Simon Peter opp i ein ny storfangst på sjøen og får eit nytt bål å varma seg ved.  Nå lærer han på den sterke måten, å forstå at Jesus lever.  At det betyr uante muligheter i kvardagsstrevet og misjonsoppdraget vårt.  At det mest av alt betyr at me vert møtt med nåde, tilgjeving og kjærleik, same kor djupt me fell og sviktar.  Slik er Jesus.

Ut i båten og inn til bålet
Viss det er me som ber på det gode spørsmålet om å kjenna igjen Jesus i kvardagen vår, så har bibelordet ei klar helsing:  Kom deg ut i båten!  Kom inn til bålet!  Ta Jesus på ordet der han sender deg. Og kom når han vil samla deg rundt bålet. Har me augene opne og er villige til å ta Jesus på ordet, både når han sender oss ut på oppdrag og når han inviterer til bords med nåde, så kan det vera at me får sjå mange gode glimt av hans verk i Brynekyrkja!

Før me går:  Eit måltid er gjort klart til oss nå. Bålet. Det er gjort i stand av Jesus sjølv.  For å fortelja at han lever og vil vera i saman med oss.  For å minna om at hans kjærleik er uendeleg mykje større enn våre svik og tafatte resultat. 

«Kom og få mat»!
Eit styrkemåltid til kvar gong me skal kasta garn og ta ut på nye oppdrag. Eit måltid fullt av håp. På himmelriket si strand skal garnet dras inn.  Utan revner. Folk av alle slag. Og festmåltidet på stranda skal aldri ta slutt! 

Powered by Cornerstone