Det er eg, ver ikkje redde!
Forfulgtes sundag, 25. i treeiningstida 2024 - Matt.14,22-34

Det er eg, ver ikkje redde!

Hæ, Jesus! Går du opp i fjellet for å be? Nå? Mens folk strøymer til deg! Nå, når me treng deg i båten!  Mens folka dine kjempar og slit, anten dei er forfulgde i østen eller frista over evne i vesten, eller får høge bølger og motvind å stå i.

Ufatteleg mange kristne søsken lever i fare eller er diskriminerte på grunn av trua si.  Dei strir hardt i bølgjene og vinden ber imot, slik Jesus sine disiplar opplevde ei natt på Genesaretsjøen.  Dei møter situasjonar som gjer dei så redde at dei skrik og ikkje forstår det dei ser. Til tider er det storm. Opprørt hav. Følelse av å vera åleine og ikkje ha kontroll. Vil båten bera? Vert det nokon gong betre? Når dei fram der håp og draumar har blikket?

Det kosta for Paulus
«Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera», seier Paulus.  Det kosta å leva ope med evangeliet, å dela det, å gå inn i nye kulturar med det, å la det vera den universelt gode nyheten det faktisk er. «Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet».  Han skriv til kristne sysken i Korint, i Europa.  For dei skal ikkje vera uvitande om alt det vonde apostlane måte lida i Asia. 

I Asia, ja.  Den vanskelegaste verdensdelen til å leva ope med kristen tru i dag også. Nå gjeld det ikkje bare frimodige misjonærar og apostlar som bryt ny veg.  Det gjeld vanlege truande. Stadig kjem vonde meldingar om drap og terror sikta inn mot kristne.  Eller fengsel, dødsdom og grove eller vanskelege diskrimineringar.

Me ser ein filmsnutt som seier meir enn mange ord. Frå Pakistan.: https://www.stefanus.no/for-menigheten/sondag-for-de-forfulgte/filmer/

Stefanusalliansen arbeidar for trusfridom.  Organisasjonen er til støtte for forfulgde kristne. På nettsida fins mange slike filmar og historiar. Her i kyrkja og på Bryne følgjer mange godt med på det som skjer med søsken i trua.

Følgjer Jesus med?
Gjorde han det med dei som strevde hardt i båt og bølgjer og motvind ei svart natt på Genesaretsjøen?

Noko kan tyda på at han ikkje gjorde det. Det var han som hadde sendt dei ifrå seg. Det var han som hadde bedd dei gå i båten og ta over til den andre sida. Han visste nok at det var hardt ver. At turen kunne verta stri. Han skjermer dei ikkje for motvind og strev.

Eg lurer på kva de konfirmantar tenkjer om det? Skal ikkje Jesus og livet med han gjera det lettare å leva?  Både unge og vaksne har gjerne ganske lyst til å skli gjennom livet med minst muleg motstand, lite smerte og strev. Me syns gjerne det er nok uro i tida vår og vel mykje å bekymra oss for.  Skal ikkje trua og Jesus gjera livet lettare?

Lite halleluja og ro
Tenk litt på det ønskjet mens du prøver å sjå føre deg livet i ein liten båt på ein stor sjø med motvind og høge bølger.  Båten som stampar i bølgene, er jo ikkje spesielt prega av at Gud er nær.  Det er lite halleluja med løfta hender ombord. Det er lite bakoverlent ro og trygghet.  Det er å ro og be så knokane er kvite. Til og med ute på ei reise som Meisteren sjølv har sendt dei ut på. 

Viss me ønskjer pastellfargar over livet vårt, viss me trur at Jesus er garantist for idyll og fred, så stemmer dette ekstremt dårleg. Både med det verkeleg livet, og med Gudsbildet som Bibelen teiknar. Sider med Gud vil alltid vera skjulte. Det vanskelege og krevjande er me ikkje beskytta imot. 

Tilbaketrekt Jesus
Det var faktisk Jesus som sende dei ut i tung sjø ei mørk natt. I tillegg trekte han seg tilbake. Hæ, Jesus! Går du opp i fjellet for å be? Nå? Mens folk strøymer til deg! Nå, når me treng deg i båten!  Er det slik me skal sjå deg?  Ein tilbaketrekt Gud, mens folka hans kjempar og slit, anten dei er forfulgde i østen eller frista over evne i vesten, eller får høge bølger og motvind både her og der, i sjukdom og ulukker og kav med å leva?

Kvifor er Jesus åleine for seg sjølv på eit fjell, mens slikt skjer?
Snu på flisa og prøv å tenkja så høgt om det som du bare kan!  Frå fjellet ser han og ber han.  Jesus er åleine med sin himmelske Far.  Han søkjer den djupaste identiteten sin, der han elles vassar i nød og lidingar og forventningar dagen lang. Kva ser han?  Kva kjenner han? Kva merkar han?  Jau, han speglar livet sitt i Guds ansikt. Han søkjer ein fred med stille ro midt i stormen sitt auge. Han prøver å finna seg sjølv, truleg i sorga over ein venn som nettopp var halshogd, og eit travelt liv der mange hadde behov for han.  Mens han er avsides i bønn,  møter han sin himmelske Far. Han får det han treng for å vera og gjera det han skal når han går ned i dalen, ut på sjøen til dei kjempande, og ikkje minst fram til korset, der han sjølv skal kjempa sin store kamp for oss alle.  Han får det som me treng at han fekk.

Å be og kunna be
For det er muleg å følgja Jesus sitt eksempel.  Det har folk gjort til alle tider.  Det gjer de som bed for ungen de har døypt. Når de lærer han og ho å be, så er både dei og de kobla på vår gode Far i himmelen. Då får me også noko heilt avgjerande å møta livet med. Trua sin trygghet.

Å be og kunna be er noko av det beste med kristen tru.  Jesus bed. Peter bed når han er i svartaste nauda og vil søkkja i trugande bølgjer. Forfulgde kristne bed, og vil verta bedd for. Det er mange slike historiar både frå flyktningar som har delt historiar rundt bord her i kyrkja, og frå misjonsprosjekt me har hatt del i.  Me snakka i gudstenestegruppa om at fleire av oss har fått hakeslepp når me høyrer vitnesbyrda frå kristne som ikkje bed om slutt på forfølgjing, men at dei vert støtta, sett og bedd for i kampen dei står.

Hvis det var meg...
Eit dikt av Gisle Skeie seier mykje om dette: «Hvis det var meg
Hvis det var meg, å Herre, som bare våget be
til Deg bak låste dører så ingen skulle se –

hvis det var meg som kjente en uro i mitt sinn
da vi, Ditt folk, brøt brødet og voldsmenn stormet inn –

hvis det var meg de truet og kanskje overfalt –
da vet jeg hva jeg ville ha ønsket mest av alt:

At noen kunne se meg, den urett som jeg led,
og lånte meg en stemme og talte i mitt sted –

at noen foldet hender og ba om nattero,
om styrke til å leve og frihet til å tro –

at noen talte voldsmenn imot med sannhetsord:
«I Kristus står vi sammen, vi er Hans kropp på jord!»

Dét ville jeg ha ønsket! Hvis jeg var en av dem
som bar Ditt kors med smerte her i min by, mitt hjem.

Magasinet STREK reflekterer også om dette i siste nummer. Det fortel den sterke historien om 21 koptiske munkar som vart avretta av IS på ei strand i Libya.  Det bestialske er filma av dei som gjorde det.  Sterke inntrykk!  Men like sterke er inntrykka av reaksjonen heime i Egypt.  Familiane ser desse 21 som martyrar. I sorga si feirar dei at dei 21 var ekte i trua si, dei er forbilder på tru.  Og slik byggjer dei ikkje opp ein spiral av hevn, men ein motivasjon for å møta livet med tru og håp og andre medmenneske med kjærleik.

Først bønn, så ope blikk
Det er sterkt å høyra dette!  Rart og viktig!  Mange forfulgde kristne er sterke eksempel for oss.  Dei som meir enn andre kjempar i motvind og tung sjø, sit ikkje og deppar i båten og lurer på kor Gud er, slik me meir blaserte fort gjer.  Dei veit det same som Jesus visste.  Dei praktiserer det same.  Å spørja kor Gud er, er å søkja han i bønn, ikkje å tumla med allslags teoriar som skal få trua sitt reknestykke til å gå lett opp og stemma med ein fasit. 

Først bønn.  Og så ope blikk for å merka meir av kva Jesus faktisk kjem og gjer i livet.

For etter bønna gjekk Jesus i svartaste natta til dei som strevde i ein båt i ringe bølger. Det er slik han er og gjer.  Det er slik det skal vera.  Har me vore heilt inne i bønna sitt blikk av Gud, så er vegen så mykje kortare til kjærleiken og omsorga sitt blikk på dei som kjempar i båten sin.  Jesus går frå bønna til båten.  Frå Gud til folka hans.

Det er eg, ver ikkje redde!
Han gjer noko me veldig godt forstår, alle me som har kjent og kjenner motvind og grov sjø i livet.  Han seier det som bare han kan sei, til redde disiplar, til forfulgte søsken i trua, til folk som er så plaga av vonde erfaringar at dei lettare ser skrømt enn Jesus.  Han seier dei orda som kjem frå han – og heilt frå himmelen som han nettopp har hatt kontakt med:
«Ver ved godt mot!  Det er eg, ver ikkje redde!

Høyrer du det?  Det fins alltid ei svart natt eller ein tung sjø eller ein for liten båt å høyra det inn i.  Noko som er ditt.  Det er der Jesus kjem gåande, på eit vatn du ikkje trudde det gjekk an å gå på.  Og med ei helsing som bare glødar av den himmelen han kjem frå og nettopp har fått ferske ord ifrå: «Ver ved godt mot!  Det er eg, ver ikkje redde!

Om trua er liten, er ho nok.  Jesus er der. Peter og me andre som har plumpa uti noko me ikkje har kontroll på, kan be om hjelp, om å verta berga.  Den bønna høyrer Jesus.  Han er nær i uvær. Det vil me syngja om nå.  I ei bønn. I eit håp. Til Jesus.
Norsk Salmebok 739.

Powered by Cornerstone