Gaven å kunna be og gje
Bibeltekstane i dag fekk ein times samtale i gudstenestegruppa i sist veke. De skulle ha vore med på den! Kanskje nokon har lyst til å vera med, også? Sei frå! Me har plass!
I gruppa spelar me ball mellom bibeltekstane og livet. Me spør og grev, leitar og bankar visst på, ein tekst eller tre. Eit liv eller 7. Me får og gjev til kvarandre, noko som er til hjelp med å tru og leva.
Å få det me bed om
Førsteresponsen sist veke var noko slik som: «Provoserande bibeltekst. Be, så skal du få. Det er jo ikkje slik det skjer! Du får jo ikkje bare! Det skjer allikevel fullt av ting som er så gale at! Også om me bed. Jesus må jo stå for dette i praksis, ikkje bare i ord!»
Er me fleire som har kjent på den? Ikkje alle får det dei bed om. Ikkje alle finn, same kor mykje dei leitar. Ikkje alle får opne dører når dei bankar på. Sjukdommen vart faktisk kronisk eller forkorta livet. Studieplassar og døra til meiningsfullt arbeid ville seg ikkje. Ein av dei næraste fekk bare ikkje til å fiksa livet. Angsten var ei klo som kunne hogga uventa til, eller gli inn i mørke tankar.
Det kom ein pasning frå ein av dei andre i gruppa. «Det er noko fint med ordlyden i det Jesus seier. Det hjelper meg og gjev frimodighet til å be og banka på. Jesus seier jo ikkje: Be, så skal de få det de bed om. Han seier: Be så skal de få. Og det kan jo vera betre enn det som me bed om. Det kan vera det gode, det me treng mest, ikkje det me har mest lyst på.»
Det er nok ein haug av gode bønnehistoriar om sånt me har mest lyst på. Her er ein frå ein teologistudent: «Kjære Gud, du som lot halve Europa si befolkning gå tapt i svartedauden. Kan du hjelpa meg å stå til eksamen i morgon?»
Det kom ein pasning til frå gruppa: «Det kan ta tid før svaret kjem. Det kan verta nei fordi det ikkje er godt for oss. Det kan vera at me faktisk allereie har fått før me leita. At me får mens med bed.
Bøn - trua sin pust
Det siste kan me godt tenkja litt på, og då vil eg be dykk gjera noko konkret. Legg handa på brystet og kjenn etter kva som skjer. Kjenn stillheten. Kjenn brystet som hevar og senker seg utan at du tenkjer vidare over det. Du pustar ut og du pustar inn. Avfalls-stoff ut. Frisk luft inn. Du pustar, difor lever du. Blodet vert reinsa. Cellene i kroppen får kvile og næring. Kjenn for eit under du er!
Kjenn så på eit ennå større under: Du er meir enn eit pustevesen. Du er ikkje skapt i dyra sitt bilete. Du er skapt i Guds bilete. Til å pusta i hans luft. Til å leva i fellesskap med han som har skapt deg slik du er. Skal du leva, må du pusta. Og det er bøna som er trua sin pust som held gudslivet levande. Å be, å leita, å banka på, å søkja inn mot eit mysterium større enn deg.
Det er ein gave å kunna be. Å banka på himmelen si dør, der det gode fars- og morshjarta kjenner og veit alt og vil deg det beste. Å be er å pusta ut ditt og pusta inn hans. Gje frå deg bekymringar, dra inn håpet om at framtida kviler i Guds hand. Det du angrar på går ut. Trua kjem inn. Setja ord på mange av spørsmåla. Få ord på nokre av svara. Livsgåtene vert ikkje løyste, men du får styrke til å leva med dei. Bøna er trua sin pust.
Det er ein stor gave å kunna be. Det er draumen me ber på, at dører skal opna seg, seier Olav H. Hauge. Og Jesus sine ord i dag er ein varm invitasjon til å leva bedande og leitande, i ei god tru på ein himmelsk far som vil sine det aller beste.
Så me bed. Me bed for dei små og livet som ligg framføre. Nokre bed når ting skrur seg heilt til. Nokre bed mest alltid og overalt. I kyrkja er store deler av gudstenesteliturgien å be. Alle salmene i dag er det. Bønn, om bønn og bønnesvar, i eit språk og eit gudsbilde som gjer det naturleg og meiningsfullt å be.
Som de kan forstå, gjekk det nokre pasningar over bordet i gruppa på bønn og bønnesvar. Sånn ein plass midt mellom det me ikkje kan begripa og det som bare er godt å gripa og takka for.
Det viktige gitt til Gud
For dette er viktig! Det er noko som brenn i bibeltekstane i dag. Å leita fordi det er noko viktig å finna. Ei dør som står lukka, og eg treng ho open. Ei bønn som ber livet til Gud. Barn som bed foreldre om mat for å leva. Ja, Daniel i gammal tid som fastar og ligg i sekk og oske og ropar ei bønn på vegne av eit heilt folk. Eit bønnerop. Sjå, Gud. Lytt, Gud. Grip inn, Gud. Tilgje Gud. For katastrofen har ramma. Bygg har vorte ruinar. Det hellige er ramponert. Framtida truga.
Slike bønner stig frå alle kantar av jorda. Til alle tider. Altfor nærgåande i vår del av verda med nye kriser som rullar oppå kvarandre.
Kyrkjene bed. Mange bed og tenner lys. Om fred i uro. Håp i angst. Bønnene forstår seg ikkje på Gud, men bed likevel. Me er skapt slik at me kan ikkje slutta å be og leita og banka på. Me vert varme i hjarta når me anar at Gud grip inn, og ditto skuffa når Gud ikkje ser ut til å ordna opp. Trassige i tru på at Gud kjempar saman med dei kjempande, og undrande over at Gud ikkje utryddar lidelsen. Ja, det stig herlege lovsangar over Jesus sin seier over døden, men tårene dryp når døden brutalt slår inn. Livet er ei gåte av uendeleg godt å takka for, og ei like stor gåte me aldri kan forstå. Er det rart me bed?
Det vonde si gåte
Det kom opp ein motstand til i gruppa. Orda «når de som er vonde veit å gje»… Me likar ikkje å høyra det, men veit at det stemmer. At det vonde si gåte har våre eigne ansikt, vår tunge, våre voldelege hender, vår mistru og maktlyst. På nyhetene får me det intravenøst kvar dag. Ein dagleg realitetssjekk på at skiljet mellom godt og vondt ikkje går mellom dei vonde og dei gode, men at kvar manns hjarta har nok stoff i seg til å bikka over i det vonde i gitte omstendigheter.
Så me treng å be, å leita og banka på hos han som er god og vil oss godt. Det vart også ein av pasningane i gudstenestegruppa. Gaven å kunna be til ein Far som meir enn gjerne gjev, som er full av det gode.
Gud let seg finna. Kan henda ein uventa plass? Uansett ein plass der me er, for Gud har allereie funne oss. Gud er jo Jesus. Det han seier. Det han gjorde på korset. Det han gjer i dag. Den levande som aldri er langt vekke.
Å be om det gode og vera god
Kanskje det er derfor me får den gyldne regelen i hop med den gullgode invitasjonen til å be, leita og banka på. Noko høyrer i hop her. Å be til Gud og å vera til for kvarandre. Den bønna som skal få, er ikkje ei egobønn for noko privat og nærsynt. Å be om det gode og å vera god sjølv er to sider av same sak. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei.»
Kan det rett og slett bety at det å leva i dette, er ein viktig del av bønnesvar frå Gud. Gud svarer ikkje med skrift på veggen, men gjennom dei han har skapt, som bryr seg. Besøk frå ein venn. Eit oppmuntrande ord. Ein lege og sjukepleiar som har utdanna seg i å gjera folk friske. Ein pedagog som opnar gode veger for dei som veks opp. Nokre som produserer mat. Mens me ventar på å få og finna, er det me som gjev eit svar i andre sine behov. Mens me bankar på, lukkar me opp våre eigne liv og hus. Me eig gaven å kunna be – og å gje.
Gaven å be og gje
Kva er det me vil at andre skal gjera mot oss? Me tok ein runde i gruppa. Svara var interessante. Ikkje overraskande er dei kjemisk frie for slikt som ikkje er viktig, slik som pengar og eigedom og karriere og materielle goder og egoistiske ønskjer. Det er ikkje slikt me bed til Gud om og får, heller ikkje slikt me ønskjer at andre skal gjera mot oss.
Her er lista om kva me vil at andre skal gjera mot oss:
- At dei skal vera rause, slik at dei tåler meg.
- Å bli sett og anerkjent, ikkje bare for det me gjer, men for den ein er.
- Å få oppmuntringar, slik som: Godt å sjå deg!
- At eg er elska mest når eg fortener det minst.
Nå fekk de pasningane frå gudstenestegruppa og frå bibeltekstane. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei.»
Alt dette og meir til kan me koma til Jesus med. Be, leita, banka på. Det er ein gave å be – og å gje. Gylden regel og gylden bønn!
Kjære Jesus. Takk for at du oppfordrar oss til å gjera det gode som me sjølv lengtar etter. Takk for at du oppmuntrar oss til å be, leita og banka på hos deg. Gje oss tru på at svaret er underveis, om det kjem frå Gud eller menneske.