God jord - eller?
Lukas 8,4-15. Såmannssundag 2017

God jord - eller?

Du kan få ein frisk diskusjon, men klippa sjølv er ikkje til å rokka. Tankesystemet er lukka. Du får ikkje ein kile inn i steinblokka.

Tante Petra er ei hard nøtt!  Kom med eit bibelord til tante Petra, så får du i alle fall ikkje eit tilbake.  Prøv deg på å sei kor mykje Bibelen og kyrkjene har betydd for kulturen og utviklinga av samfunnet, så får du bare skrekkhistoriar tilbake om overgrep begått i Guds navn, eller eit passande eksempel på at kyrkjer og kristne har det med å stritta imot framskrittet.  Tante Petra er knallhard.  Steingrunn.  Ho er navnet sitt, hard som fjell.  Negativ til Bibelen.  Avvisande til Jesus.  Skeptisk til kristne budskap.  Kritisk til krav og levereglar som kjem frå noko anna enn mennesket sin fornuft.  For tante Petra er ikkje bibelen mat, han er opplegg til ein diskusjon. Ho protesterer viss moral vert begrunna med tru og Guds vilje.  Av fanatisme reknar ho den religiøse som den verste.  Og meinar visst at det er helst sveklingar og hyklarar som finn vegen til kyrkjene.

Det er lite triveleg å besøkja tante Petra.  Det vil sei:  Du kan få ein frisk diskusjon, men klippa sjølv er ikkje til å rokka.  Tankesystemet er lukka.  Du får ikkje ein kile inn i steinblokka.  Det er mest som det er vondt å tru det som fuglane syng om at ho ein gong i sin ungdom hadde vore på leir og sunge i kristeleg ungdomskor, men nå bare strittar mot det ho eingong avviste.

Lenge tenkte eg at det var mange av tante Petra i gamle Sovjet-Unionen.  At ho treivs ekstra godt i partikontora der ateismen vart sett i system og trua vart hindra og forbudt.  Men etter at jernteppet mellom aust og vest falt i 1989, var det visst ikkje så mange av ho likevel.  Det var ikkje ateismen som ga sterkast motstand mot bibelen og gudsordet, det var noko anna.  Og mange var sveltefora og ropte etter mat.  Gje oss i dag vår daglege bibel!  Sterke og gode vitnemål om det kjem frå Sentral-Asia og bibeldagsprosjektet dette året.

I alle land og kulturar er det så mange slags steingrunn som det gode gudsordet kan verta sådd i.  Underleg hardt og stengt - som tante Petra sitt hjarte.

Då er det ganske annleis med tante Rose.  Ho er ikkje ei hard nøtt det er vanskeleg å nå inn til.  Hos tante Rose gror det frodig.  Ho er som ein hage der det blomstrar og duftar.  Å veksa opp med tante Rose er festleg.  Det skjer så mykje.  God mat på bordet.  Ho har alltid noko å fortelja, noko å leika med, eit spel, ein film å sjå.  Du får aldri tid til å kjeda deg. 
Ikkje før du har vore i hop med tante Rose ganske lenge.  Då merkar du at ho får deg til å le, men ikkje til å vera glad inni deg.  Ho tek så stor plass.  Ho tek i grunnen det meste av plassen.  Ho veks og strålar i sola si.  Men eigentleg ser ho deg ikkje.  Du er ikkje sett og må faktisk bleikna og visna litt i skuggen av ho.  I all sin glans og fest er ho dominerande.  Det vert lite deg igjen.  Du merkar at det du trudde var roser, faktisk fungerer som torner.  Det som var svalt å veksa i, vert faktisk mørkt og klamt og tomt.

Tante Rose er overalt, særleg her i vest.  Den som vil praktisera trua, veit at han må finna plasser og tider der tante Rose er fråverande, elles tek ho dei også.  Den som vil la gudsordet prega livet og fortelja at eg er sett og elska av Gud, må rydda eit rom der tante Rose ikkje får dominera.  Elles morer ho oss til døde. Elles kjøper ho oss med hud og hår.  Elles er ho den store tidstjuven og lokkar med alt det me bare mååå få med oss.  Elles vert livet eit stort ytre skal og ein krympa indre kjerne.

Vil eg byggja kristent fellesskap i heim og kyrkje, må eg forsaka tante Rose.  Eg må hogga og rydda i villnisset og skuva frå meg fangarmane ho vil leggja om meg.  For mykje av tante Rose er for lite meg, for lite Gud i livet, for lite vekst i kyrkja, for lite av det som gjer mennesket til menneske, til ein elska Guds skapning, til ein tilgitt og oppreist syndar, til eit medmenneske med tid og omsorg for andre.

Så då vil eg heller fortelja om tante Agathe.  Ho som har det navnet som betyr god og vakker.  Om Petra er steingrunn, er Agathe den gode jord og det fine og gode hjarta som ber grøde.

Tante Agathe tek imot og gøymer Guds Ord i hjarta sitt.  Ho grundar på Guds ord.  Det er mat, ikkje diskusjonstema.  Ho set seg ned og lyttar. Ho vel den gode del.  Ho er den gode jorda som lar det spira og gro, veksa og bera frukt.  Du kan sjå fruktene av det som tante Agathe fyller livet med.  Det er ikkje som med tante Rose at du trur ei stund at du er i hop med verdens mest interessante menneske. Med tante Agathe får du føla at det er du sjølv som er verdens mest interessante og betydningsfulle.  Fruktene er godhet, kjærlighet, vennleghet, overbærenhet og omsorg.  Tante Agathe lyttar med hjarta der ordet vert forkynt og lært.  Ho er ivrig etter kunnskapar i Guds ord fordi det gjev betre kjennskap til Gud og hans gode vilje.  Ho er opptatt av å la sin hjarteåker, sin heim, sitt liv vera steinfritt og reinsa for tornekratt.  Ho er inspirerande å vera i hop med, for ho deler trua truverdig.

Bibeldagsaksjonen viser oss kva me kan gjera i dag, og eg har fortalt om 3 tanter.  2 av navna, Petra og Agathe, er henta direkte frå Jesus sine ord om 4 slag jord som kornet vert sådd i. 

Tante Agathe er den gode jorda som såkornet ber stor frukt i, det fine og gode hjarta som opnar seg og trur. Tenk om me nå kjenner på den store lysten til å vera den gode jorda, det gode hjartet, det som det får henda så mykje gode ting i når gudsordet vert sådd der.

Tante Agathe er overalt. Her også. Ho vert fødd i dåpsvatn. Ho poppar fram der jernteppet falt, ho er den gode surdeigen i land dominert av islam, ho overlever i vest der tante Petra og tante Rose stikk seg fram der dei kan.  Tante Agathe har ein stor familie over heile jorda.  Dei som kjem i hop om gudsordet og nattverdbordet.  Der får dei nåden dei treng for å kunna tru, elska og håpa.  Der vert dei sendt med den store oppgava å spreia Ordet like raust som dei sjølv har fått det.  Dei er tenarar for den store såmannen og for det sårbare, gode hjarta som det kan gro så mykje gode frukter i. For alt begynnar hos Gud, ikkje i oss. Så stor kraft er det i såkornet.  I Guds ord. 

Powered by Cornerstone