Me går for opprykk!
Temagudsteneste om entusiasme - nov.2014

Me går for opprykk!

Ord for dagen etter panelsamtale med entusiastar i Bryne FK
Dei vert overraska. Dei høyrer noko dei ikkje hadde sett sjølv, ikkje ante rekkevidden av. Dei visste ikkje kor viktig det var. Men i seierens lys kjem det fram. Kva då? Eg seier det med ordet som Bryne FK har på drakta og satsar på: Global Dignity.

Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’  Matt.25,34-40

Kampen er over.  Dommaren har blese av.  Glede og jubel vil ingen ende ta. Det vart seier.  Det vart opprykk.  I den første jubelrusen bare feirer du og tek gleda heilt ut.  I den neste må du bare ta den første analysen på magefølelse.  Kva var det som gjorde at det gjekk godt? Kva var den avgjerande verdien?  Kva var det som førde til opprykket?  Kva bikka det heile til seier?

Kva vil det vera neste gong Bryne rykker opp i Tippeligaen?

Kva var det som førte til opprykk sist gong?  Mykje! Men i alle fall ein ting: Gje alt! Alle mann i angrep i sluttminutta.  Nok folk i boksen, så Geir Atle Undheim får sendt til Thomas Dahl og der kom nettsuset.  1-0 over Lyn.  Opprykk. I sluttminutta. Eg gløymer det aldri, for lyden av det var i prestegarden på Evje i lange tider. Den yngste sonen min lasta ned ekstasen på Jærradioen og hadde han til ringetone på mobilen. Entusiasme.  Sats alt mot slutten!  Ikkje gløym det.  Det vart opprykk.

Eller kva var det då Liverpool i Champions Leage finalen mot AC Milan i 2005 snudde 0-3 ved pause til 3-3, ekstraomgangar og seier på straffespark.  Kva var den avgjerande verdien?  Kva bikka det til seier?  Eg trur eg veit det, for den eldste sonen min var galen nok til å reisa til Istanbul for å få det med seg.  Spelarar på veg ut til pause og på veg inn etter pausen og i heile pausen høyrde bruset av tusenvis av supportarar som sende den gode meldinga gjennom song.  Det fraus på ryggen til skuffa og innbitte spelarar.  You`ll never walk alone.  Aldri åleine!

I opprykket sitt lys
Når seieren og opprykket er eit faktum, då får du auge på kva som gjeld.  Du ser kva verdiar som er berande.  Du ser dei best i seieren sitt lys, når opprykket er eit faktum.

Paulus såg livet i eit opprykksperspektiv.  Det gjeld å gløyma det som ligg bak og strekkja seg etter det som er framanfor.  Der er seiersprisen.  Den som Jesus har vunne for oss.  Å sjå det som ligg der framme er så stort, at verdiane vert å gløyma det som ligg bak og forsaka slikt som tek blikket frå målet.  Slik gjer idrettsutøveren.  Så mykje betyr målet, seier Paulus, og ser livet i opprykksperspektiv.

Denne sundagen er det Jesus som tek oss med fram til situasjonen då alle kampar er over, og dommaren har blese av.  Han malar eit bilde av opprykket og kva som førte fram til det, kva som gjorde forskjellen for dei som når målet.

Overraska!
Dei vert overraska.  Dei høyrer noko dei ikkje hadde sett sjølv, ikkje heilt var klar over, ikkje ante rekkevidden av. Dei visste ikkje kor viktig det var.  Men i seierens lys kjem det fram.

Kva då? Eg skal seia det med det ordet som Bryne FK har på drakta, og klubben satsar på:  Global Dignity.  Verdensvid verdighet.  Grunnleggjande behov vert dekka, verdige liv er resultatet.  Svoltne får mat, tørste får drikke, framande vert inkludert, nakne får klede, sjuke får omsorg og fengsla får besøk.

Verdige liv
Global Dignity.  Verdige liv oppstår fordi medmenneske bryr seg.  Ser. Handlar. Deler med seg.  Resultatet er betre liv med klede på seg, mat i seg, omsorg rundt seg og ny verdighet inni seg.

Snart skal klubben fortelja kva Global Dignity betyr i Bryne FK.  Men før det skal me få neste overrasking frå Jesus:  Han seier at det som er gjort for å skapa meir verdige liv for andre, det er gjort mot han!  Det som er gjort mot ein av hans minste søsken, er gjort mot Jesus. 

Det er skrive tjukke bøker om kva det kan bety, og nå føyer me til eit lite kapittel her i kyrkja.  Kan det bety at det gode me gjer, er større enn me trur?  Å gje andre verdighet, å støtta dei til gode liv, å visa respekt, å byggja samspel og glede, er det handlingar som ikkje bare er gode i seg sjølv? Dei har ein overraskande, svimlande rekkevidde:  Gjort mot Jesus?

Eg har sjølv trent fotballag ein del år.  Det eg nok er mest fornøgd med i ettertid, er det som vart gjort for dei som sleit på andre arena enn fotballbanen.  Å gje ekstra tillit slik at banen og laget vart ein plass å mestra og oppleva å lukkast.  Meir verdig liv.

Ikkje eingong presten gjekk rundt og tenkte at dette var gjort mot Jesus også.  Men kanskje var det nettopp det også?
Me må visst sjå slikt i opprykksperspektiv for å ana det?

Å heia på Bryne FK
I alle fall:  Bryne FK betyr enormt mykje for Bryne.  Ikkje bare med eit imponerande resultat på elitenivå, men aller mest med eit breiddearbeid som gjer at veldig mange som veks opp på Bryne lærer seg fysisk aktivitet, lagspel, treningskultur, samarbeid og respekt for andre.  Me heiar på entusiasmen dykkar! 

Takk for at de tok entusiasmen heilt ut når de vart inviterte i kyrkja.  Det var ikkje eit halvt ja.  Det var eit heilt.  Eit ja som samsvarte med temaet de var inviterte til å belysa.  Entusiasme. Sjølvsagt viskar me ikkje ut at klubben er klubb og kyrkja er kyrkje.  Me heiar på dykk og vil at de skal vera inkluderande klubb for alle uavhengig av livssyn.  Og me opnar dørene våre for å læra og heia på det som de byggjer Bryne med.  Me syng «Nå ser eg rødt…» og «Oh, when the saints» på same tone, i respekt for kvarandre sin eigenart, i samarbeid om det gode, i entusiasme!

Entusiasme
I haust i kyrkja har me snakka om kva ordet entusiasme betyr.  Det betyr «det som har Gud i seg».  Det er mykje i livet som kan ha Gud i seg! Han har jo skapt oss og gitt oss oppdraget å ta vare på og utvikla skaparverket. 

I dag høyrer me at verdige liv og Global Dignity har Gud i seg.  At rekkevidden er svimlande.  Meir enn me anar er gjort mot Jesus. Når me ser det i opprykket sitt lys.

Opprykk?
Går det mot opprykk?  Klart det gjer! 

Opprykket for klubben kjem til å kreva mykje god innsats av spelarar, trenarar, klubbkulturen, støtteapparat og oss supportarar.  Entusiasme!

Det store opprykket som den kristne kyrkja ventar på, kva med det?  Heng det på tung eigeninnsats?

Nei. Der er det håp for oss med mange feilpasningar og nederlag i sekken.  Det store opprykket byggjer på Jesus som allerede har vunne den avgjerande seieren. Entusiasme for han!  Det store opprykket er rein nåde.  Amazing grace. Slik me snart skal syngja det. Det einaste eg skal gjera, er å stola på Jesus og fylgja han.  Den vegen går med nødvendighet om hans minste små, om Global Dignity.
Det får me sjå i opprykket sitt lys.

Me går for opprykk!

Powered by Cornerstone