Uriaspost og Getsemanekamp
1.sundag i faste 2016. Matteus 26,36-45

Uriaspost og Getsemanekamp

Sjølv den beste kan falla. Sjølv den verste ugjerninga kan verta tilgitt. Så realistisk er bibelen. Så stor er nåden!

Sjølv den beste kan falla! Sjølv dei beste kan sovna av.
Men den aller beste falt ikkje.  Han sovna ikkje.  Han gjekk med vake blikk og støe steg inn i det som var meininga med livet hans.  Og det Jesus gjorde, gjev ei djup meining til det å leva.

Me må prøva å få tak i litt av dette.  Med å sjå på han som ikkje falt, og på dei som viser at slikt er fort gjort.  For eksempel å sovna når det passar dårleg. Slike er det vel helst nokre av her i kyrkja også.  Me kan jo sovna utan å duppa av i benkene.  Me kan falla utan at sidemannen kjem på at me treng å haldast oppe.

Til og med kong David! Den store kongen. Ein mann etter Gud og folket sitt hjarta. Rettferdig og god. Helten i Israel si kongerekke!

Ei forteljing for kong David
Men ein dag kjem profeten Natan til kong David med ei forteljing.  Ein fattig familie hadde eitt einaste lam. Lammet var kjøpt med det einaste dei hadde å kjøpa med.  Det var det einaste dei åtte, dei hadde ikkje noko anna.  Og dei var skikkeleg glade i lammet, det vaks opp i hop med ungane i huset, det var som ein i familien, det åt av same matfatet som dei sjølv hadde, det låg i fanget, dei var enormt glade i det, alle i huset.  Ikkje vanskeleg å forstå for alle som har hatt eit kjæledyr.  Og dette var ikkje eitt av mange hos nokre som hadde det meste.  Det var alt dei hadde.

Og så var det altså denne naboen som var ustyrteleg rik og hadde store og små husdyr i flokkevis.  Han hadde alt!  Og likevel var han så grådig og kald at når han fekk gjester, så kom han med sverdet til den fattige naboen sin,  slakta det einaste naboen hadde og stelte til måltid for seg og gjestene sine.  Litt av ein type!  For ein urettferdighet!

Kong David sat og høyrde på profeten Natan som fortalde om dette.  Han vart varm!  Harm! Ein så grov urett skulle ikkje få leva i fred!  Så sant David var konge i Israel og Juda, så skulle dette rettast opp!

Kva David hadde gjort
David hadde bare gløymt ein ting.  Fortrengt kanskje.   I huset hans budde det ei som heitte Batseba. Ho hadde vore gift med ein av David sine krigarar som heitte Uria.  Ein dag for ei god stund sidan – mens Uria var ute i kongen sin krig – hadde David vorte forelska i Batseba.  Han hadde kalt ho opp til slottet sitt.  Og der braut David inn i Batseba og Uria sitt ekteskap.  Han låg med Batseba slik at ho vart gravid.  David visste det var galt, ja svik!  Fort fant han ut at han måtte skjula det han hadde gjort.  Han prøvde å få Uria til å reisa frå krigen heim til Batseba, slik at ingen skulle tru at det var David som var far til barnet.  Men Uria lot seg ikkje lokka.  Han var ein flink og lojal soldat som ikkje ville avbryta tenesten sin.  Og då var det at David trødde over endå ei grense. Det største brotet: Han ga beskjed til hærføraran sin at dei skulle plassera Uria lengst fram i fronten der kampane var hardast, og så skulle dei trekkja seg tilbake frå kampen slik at han miste livet. På Uriaspost.

Og akkurat sånn gjekk det.  David brukte makta si til å rydda Uria av vegen.  Uria døde i kamp og David gifta seg med Batseba.  Ein historie fullt på høgde med moderne såpefilmar og krimseriar!

Og dette ser det ut for at David har gløymt der han sit og lyttar til Natan si forteljing, dirrande sint over den rike mannen som plyndrar naboen for det einaste og kjæraste han har.

Profeten
Men då er det at Natan rettar peikefingen mot Israel sin konge, han som vil rå over liv og død slik bare Gud kan og skal, han som har sett seg opp mot Guds bud og begjært sin nestes ektefelle, brote ekteskapet, prøvd seg med diverse dekkoperasjonar og lygner og til slutt har slått ihel.  ”Kong David.  Du er mannen!  Historien min handlar om deg.  Du er ikkje eit hår betre enn den hardhjarta rikingen eg har fortalt om.  Du har misbrukt makta du har fått av Gud på det grovaste…

Kva skjer?  Jau, David vert rysta inni seg.  Ikkje fordi han vart avslørt.  Men fordi Gud sende ein mann som fekk han til å forstå kor galt han hadde handla.  Ei forteljing overraska, rysta og tok David slik at det førde til radikal forandring.  Han angra og bekjente si synd for Gud.  Den store kongen måtte på kne og be! Og det ende med tilgjeving og ny start. Ein ny vilje hos David til å leva etter Guds vilje. Ei frukt er mange salmer dikta av David, om kor viktig det er å bekjenna synda vår og kor stort det er når Gud stryk ut den tyngste skulda vår.

Sjølv den beste kan falla.  Sjølv den verste ugjerninga kan verta tilgitt.  Så realistisk er bibelen.  Så stor er nåden!

Kvifor kan me tru at det er slik?

Jesus i Getsemane
Jau, ein dag går Jesus inn i Getsemanehagen. Han går i hop med nokre som nettopp har vore smålege og krangla om kven som er størst, som snart skal sovna når dei skulle vore vakne. Pluss mange fall og skrøpelegheter når Jesus vert arrestert og alt ser ut til å gå i grus.

Mange av oss her har vore i Getsemanehagen. Me huskar kanskje sterk stund med sang, bibeltekstar og nattverd før føtene trødde inn i Alle nasjonars kyrkja ved sida av.  Total stillhet inne.  Mektige maleri av Jesus sin Getsemanekamp.  Den store kongen måtte på kne.  Han hadde ridd inn i Jerusalem og vorte hylla som konge.  Davids son.  Nå hadde han innstifta nattverden, fortalt om kroppen som skulle brytast like sund som brødet, og blodet som skulle renna ut som vinen av kalken.  Så går dei ut til Getsemanehagen.  Måltidet er over.  Vaskinga av disiplane sine føter er historie.  Avskjedstalane er over. Nå står den store bønnekampen igjen. "Han vart gripen av sorg og gru." Såg ut som han var sjuk. Skalv av kuldegysningar. Dødsangsten tok tak: "Mi sjel er sorgtyngd til døden."  Slik hadde dei aldri sett han før. Dei hadde sett han full av tru og fri for frykt då båten gjekk full i storm på Genesaretssjøen, då folkemassen ville tvinga han utfor fjellskrenten i Nasaret, då motstandarane kom for å setja han fast. Men nå reiv dødsangsten han ned i kne.

"Eg sko ha kjempa saman med deg!"
Aldri ser me Jesus så nær oss og så lik oss, så menneskeleg som i Getsemane. "Ver her og vak med meg," seier han til dei næraste vennene. Han visste kva kamp bare han måtte kjempa, men dei kunne hjelpa han med kjærleik og empati, og dei kunne støtta han med å vaka ihop med han.

Så reiv han seg laus frå dei, forlot dei siste vennene for å nå inn til Gud i bønna. Dei 3 kunne sjå han på avstand. Ikkje bare at han gjekk ned på kne, men at han heiv seg ned med ansiktet mot jorda og ropte i angst og gru: «Far, er det råd, så la dette begeret gå meg forbi!  Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» (v39b)

Så vart det stilt der borte. Og disiplane sovna. Menneskenaturen var veikare enn ånda var villig.  Disiplar som oppriktig ville, var like veike som David var, når han ikkje ville, når lysta var størst og ånda uvillig.  Naturen er veik åkkesom.  Kven kjenner seg ikkje igjen? Det gode eg vil, det gjer eg ikkje.  Det vonde eg ikkje vil, det gjer eg.  For å seia det med apostelen Paulus.

Kampen
Og mens dei sov, kjempa Jesus ganske åleine. Ikkje ein einaste kjempande venn støtta han. Og Gud gjorde som det står i Jes.53: "Skulda vi alle hadde, let Herren ramma han". Her i Getsemane vart korset usynleg lagt på akslene hans.  Det store, tunge berget av synd og skuld, heilt frå Adam og Eva si tid, alle tider og alle menneske si synd, også mi, det blei lagt på han alt. Det knuga han ned, først på kne, så med ansiktet ned i jorda. Guds Son i støvet for vår frelse, for dine og mine synder. Alt sto på spel der ute i hagen denne natta. Så er det ikkje for lite forlangt at me kan øva oss i å be den vanskelegaste bønna av alle når kampane rasar inni oss, når lyst vil vinna over vilje, når natur vil herska over ånd, når kampen for å gjera det rette er vår kamp. "Ikkje som eg vil, berre som du vil, Gud og Far."

I Hebr.5,7-9 står det at Jesus "lærte lydnad ved å lida".  Det var hans lekse i Getsemane. Å bøya seg inn under Guds vilje når det skrudde seg heilt til.

Også eg og du har tøffe kampar i livet.  Då er det meining i å gjera dei til bønnekampar. Det er hjelp i å sjå til Getsemane. Også Jesus måtte læra lydigheten si vanskelege lekse. Ingen forstår oss slik som han. Ingen ber for oss slik som han. Stor hjelp når me er i tunge kampar!

Faste med fokus
40 dagar varer fasten fram til påske.  Skal det verta faste med fokus på Jesus i år?  Me treng det.  Me som sovnar der me skulle ha vore vakne.  Me som glatt lar ånd vika for natur.  Me som kan la oss blinda av makt og muligheter like fort som kong David.

Den store kongen måtte på kne og bekjenna for å få nytt liv.
Den største kongen knelte for oss i Getsemane.
Me får knela ved nattverdbordet og drikka tilgjeving i vårt beger fordi Jesus drakk lydighet i sitt.

Den beste fall ikkje.  Så kan sjølv den skrøpelegaste av oss reisast opp frå fall til nytt liv! Og gå styrka ut til vår bønn og teneste. «Far, ikkje som eg vil, berre som du vil!

Powered by Cornerstone