Tru og tvil
2.sundag i påsketida 2022 - Johannes 20,24-31

Tru og tvil

Det ville vera ei ulukke for det kristne felleskapet om det var lukka og hermetisk for skepsis og tvil. Det ærlege i oss er ei av dei åpne dørene Jesus får koma inn gjennom.

Tomas gjekk glipp av noko.  Han fekk ikkje med seg det utrulege dei andre fekk oppleva.  Han høyrde bare ryktene, men hadde ikkje sett sjølv.  Andre hadde vore til den tome grava og møtt englar, men ikkje han.  Andre hadde hatt den kjempeopplevelsen då Jesus plutseleg dukka opp bak stengde dører og sto der med naglemerka hender og ga dei sin fred og pusta sin hellige Ånd på dei.  Andre, men ikkje han.

På sidelinja?
Har du kjent den?  Har du følt deg litt på sidelinja?  Har du ønskt at det var du som fekk erfara dei bønnesvara andre snakkar om, den overbevisninga andre snakkar med, den opplevelsen som gjorde det lettare å tru, den erfaringa som gjorde trua fast som fjell.

Tomas gjekk glipp av det sterkaste nokon kan oppleva.
Kva gjorde han?

Gjorde han narr?  ”For noko tull og oppspinn!”  Nei!
Vart han deppa og misunt?  ”Kvifor bare dei andre og ikkje meg!”  Nei!
Ga han opp, og nekta å vera med desse oppstemde folka som trudde på oppstandelse frå dei døde?  Nei, han heldt seg i flokken.

Ærleg
Kva gjorde han?  Han var ærleg:  "Det trur eg ikkje før eg får sjå,"
Litt skeptisk?  Kanskje! 
Lett for å tvila?  Muleg! 
Men aller best til å vera ærleg!  Ein sånn tvil som Tomas hadde, var ikkje noko anna enn ærlighet.  Tomas var sann om skepsisen sin.  Han var ekte i forhold til seg sjølv.  Og han fekk lov å vera i fellesskapet med dei andre slik han var.  Og valde det sjølv.

Det ville vera ei ulukke for det kristne felleskapet her om det var lukka og hermetisk for skepsis og tvil. Det er ikkje bare Tomas som ber på tvisyn, som er underveis med ting i livet og trua som ikkje går heilt opp. Som er ærleg om at ting er både og.  «Eg vil tru og forstå og finna veg.»  Og: «Det går ikkje heilt opp for meg akkurat nå, eller med dei erfaringane eg har».  Å vera undervegs med tankar om at mykje er både og, kan ha meir berekraft enn ferdig låste enten eller.  Ærlegheten vår er ei av dei åpne dørene Jesus får koma inn gjennom.  Mykje betre enn å visa fram ein fasade som gjev inntrykk av at alt er greitt, men på innsida er dei tinga som eg ikkje orkar å snakka om. Ei låst og vanskeleg dør å opna både frå utsida og innsida.

Idealet å vera sann
Men Tomas var ærleg.  Så ærleg at han la fram tvil og tvisyn der andre trudde.  Det er ikkje eit ideal å tvila.  Det er heller ikkje noko nederlag.  Men det er eit ideal å vera sann.  Og det var Tomas.  Med tvilen sin.

"Det trur eg ikkje før eg får sjå."  Tomas har gitt oss eit sterkt uttrykk om å vera ærleg, og at Jesus møter den som er ærleg der han faktisk er og ikkje der han burde ha vore. «Kom her, Tomas, og sjå»!

Tomas var ærleg på ein forbilledleg måte:  Han sa det som det var.  Han sa det ikkje for å sleppa å tru og finna ein måte å melda seg ut av fellesskapet på.  Han sa det for å koma vidare i trua si.  For å venta på at noko kunne skje som var til hjelp for akkurat han.  Kanskje var det vondt å tvila slik.  Kanskje var det sårt å ikkje få til å tru.  Kanskje var det forferdeleg rart at andre hadde fått oppleva noko han ikkje hadde sett og opplevd.  Kanskje bare deprimerande vondt at Jesus som hadde snudd om på livet hans, vennen han hadde fått vandra i hop med i 3 år, nå bare var offer for eit justismord, død og gravlagt, forsvunne frå dei levande sitt land, og så skulle Tomas bare glatt godta at det umulege var muleg, at det gjekk an å stå opp frå dei døde, og at han bare skulle tru det utrulege fordi dei andre sa det.

Individ og fellesskap
Den ærlege Tomas!  

Tenk litt på dette.  Me er enkeltpersonar her i dag.  Ingen er heilt like.  Ingen opplever og tenkjer heilt likt.  Tru og tvil er forma av slik me er og slik me har møtt livet og Jesus.  Kunnskapar pregar det me tenkjer og trur. Erfaringar legg fargar på tilliten vår, både til andre og oss sjølv og Gud. Ingen av oss skal gjera oss til og gjera oss til noko anna enn den me er, akkurat der me har kome i livet. For: Det er nettopp der evangeliet møter oss i dag.  Jesus kjenner, ser og møter Tomas og tvisynet.  Der han og me er i livet, ikkje der me burde ha vore.

På same tid er me eit fellesskap.  Me er fleire.  Mange.  Høyrer til eit fellesskap som hjelper kvarandre til å sjå Jesus og erfara kva han gjer og seier i dag. Det er lov å lena seg lunt til det store kyrkjefellesskapet si tru så lenge me treng.

Tomas fekk noko i fellesskapet. Eit både og av godt og vanskeleg.  Det var godt at ryktet gjekk at Jesus levde, og det som Tomas hadde levd for, kanskje ikkje låg i grus likevel.  Men det var vondt at han ikkje opplevde det same som dei andre.

Jesus kjem
Men han blei i fellesskapet. Han lot vera å søkja eit miljø som kunne støtta han i tvilen, han heldt seg i det fellesskapet som kunne støtta han i trua.  Eit forbilde der også.  Ærleg der også.  Og der skjer underet.  Jesus kjem.  Tvilen slepp taket når han møter ein djupare verkeleghet enn den som kan sjås med augene, tas på med hendene, vegast og målast.  Jesus lever.  Tomas får spesialtilbud, og han hjelper oss inn i det som er normalt for alle.  Å tru utan å sjå.

Tomas har gitt oss det ærlegaste uttrykket om tru og tvil i Bibelen.  Og han har gitt eit sterkt uttrykk til:
"Min Herre og min Gud", sa Tomas og trudde.  Ei tru som var tilbeding på eit blunk.  Ei tru som vart eit sterkt vitnesbyrd i same øyeblikk.  Han gjorde som Paulus seier i Rom.10.9:  Han sanna med munnen sin at Jesus var Herre og trudde i hjarta sitt at Gud reiste han opp frå dei døde, så han vart frelst.

Det vart til den sterkaste truvedkjenninga me har i Nytestamentet.
Han som var skeptisk og tvilande har gitt oss det sterkaste uttrykket for tru.

Korleis kunne det skje?
Det hadde opplagt ei menneskeleg side.  Tomas var ærleg om tvilen og det han streva med.  Og han heldt seg i fellesskapet med dei som hadde fått trua.  Det gode kan gro når me er ærlege og når me ikkje putlar rundt bare med oss sjølv.

Men den største hemmeligheten var at Jesus greip inn i livet hans, kom inn bak stengde dører, fekk vera åleine med han slik at trua vart den einaste naturlege reaksjonen.  Trua vart ein gave.

Tomashjelpa i dag
Kan det skje idag?
Å, ja.  Ikkje minst når vårt ærlege eg oppsøkjer det fellesskapet der Jesus si naglemerka hånd vert vist oss i dag.  Hans kropp og hans blod synleg rekt fram og gitt for å ta imot.  Tomashjelpa i dag er nattverden.  Det er det næraste me kan koma til å leggja hånda vår i Jesus sine naglemerke.  Der kan me koma med lengselen vår, det me ikkje forstår, det som me stadig må bekjenna for Gud, tvisynet og alt som er både og.  Så møter Jesus oss!  Med det sterkaste han kan vera og det beste han kan gje oss.  Seg sjølv, livet han ga for oss, blodet som rann.

Kanskje me kan våga å gjera Tomas sine ord til våre på ein ny måte denne sundagen? ”Min Herre og min Gud!”  Ein bekjennelse og ein tilbedelse.

Sei det du vil sei til Jesus nå.  I sangen. I bønnene. I nattverdfeiringa.   Gaven frå Jesus ganske konkret.  Tru gjennom noko du ser og høyrer.  Jesus til deg. Så elska er du!

Powered by Cornerstone