Ingenting vert som før!
Påskedag 2024 - Matteus 28,1-10

Ingenting vert som før!

Å leva med etterretningsmelding frå påskedag:  Me ser at død og mørke og vondskap får herja. Me forstår ikkje at slikt skal få så tak i verda anno 2024. Men me er gitt ein kunnskap om at seieren alt er vunnen.  Virkningane er synlege nok i verda. Alltid vil ingenting vera som før! 

Ingenting vert visst som før!” 
Det har grodd fram ein uro i tida. Bryne kyrkje og mange andre har opna dørene for å møta ein uro som breier seg og trugar håp og tru.  Framtida ser ikkje så lys ut som før. Ja, kanskje vert ingenting som før, og det er godt vit å ta det på alvor. Men ennå betre å gå til Guds hus og søkja ro og be om fred i ei uroleg og polarisert tid, med krig og kriser som rullar over i kvarandre.

Graver og livet
Ingenting vert visst som før!” 

Sånn sukkar me også når ein av våre døyr.  Også dette året har nokre mista ein dei var glad i og knytt til. Då står me tafatte og fattige igjen og veit at ingen ting kan verta som før.  Me kan sjølvsagt halda minnet ved like.  Gå til ei grav.  La minnet om dei gode tidene rulla som ein filmsnutt inni oss. Føra vidare god arv og forbilde me har sett.

Men om me skulle prøva å la ting vera som før, så vert det likevel ikkje som før.  Tida går berre ein veg.  Aldri kan ho stoppast eller repeterast. Bilder, film og minner kan nok lagrast. Men det er ikkje nokon stopp og spole- og repeatknapp på livet. Livet er ikkje digitalt, det er analogt.  Me lever i sanntid, og er pukka nødt til å forlata det som eingong var.

På veg til Jesu grav
Så det er ikkje så vanskeleg å kjenna seg igjen i kvinnene på veg til grava der Jesus var lagt.  Ennå var det natt, men grålysninga varslar at sola snart skal senda dei første strålene over Jerusalem.  Dei er på veg mot Jesus si grav, og dei veit det så godt som nokon:  Det vert aldri som før.  Men dei kan i alle fall dyrka eit godt minne.  Heidra han dei var glad i.  Og gjera som så mange før og etter dei: Bruka grava til å grina, la sorga og forbitrelsen få tid og rom og tårer.  Dei veit så inderleg godt kva dei har mista og at ingenting vert som før!

Og så med eitt:  Noko dei ikkje hadde drøymt om.  Noko ingen andre i tilsvarande situasjon har opplevd:  Jordskjelv!  Eit syn og eit lyn av ein engel.  Ei open grav med romerske soldatar liggjande som døde!

Han er i framtida
Men ikkje bare syn.  Også ord.  Visjon for auga og audisjon for øyre. Om det dei ikkje kunne forstå.  Dei såg og høyrde. Meir enn dei kunne fatta.  Jesus var oppstanden! Han var reist opp!  Han dei sjølv hadde sett døy langdrygt på korset for eit par dagar sidan.  Han som dei hadde sett lagt i Josef av Arimatea si grav i bergveggen.  Han var oppstanden.  Han gjekk i forvegen.  Dei skulle få sjå han sjølv.

Det var ikkje ønsketenkning. Det kom ikkje opp i dei sjølv.  Dei får sjå ei ytre side av underet.  Ein engel rullar vekk steinen.  Grava er tom. Uro og redsel som dei må ha kjent på, og som me alle kan bera altfor mykje på, får eit ord.  Ei helsing. Ver ikkje redde.  Det er ikkje her de skal leita etter Jesus.  Han er ikkje fortida lenger.  Han er i framtida.  Han går føre.

Nå vert visst ingenting som før! Og som om ikkje dette var nok:  Det var desse to kvinnene, Maria og Maria som skulle fortelja det til dei andre!  Dei var dei første vitna og dei første evangelistane! 

Kvinner i påska
Nå stoppar me litt der og tenkjer litt….
For det er verkeleg verd å tenkja på den rolla som kvinner har i påsken sitt drama.  Bare tenk litt:

I inngangen til påske er det ei kvinne som bryt inn i eit gjestebud og salvar Jesus til gravferda, til store protestar frå menn og disiplar. 
Det er kvinner som vert verande ved korset og er dei uthaldande vitnene til tragedien, smerten, dødskampen og konstatert død.
Dei er dei to Maria som følger gravleggingsprosessen og ser når steinen vert rulla for grava.
Det er kvinner som vert dei første vitna til tom grav og engleord om oppstandelse.
Det er kvinner som vert dei første som møter Jesus sjølv.
Det er kvinner som vert dei første vitna om oppstandelsen.
Kort sagt: Det er kvinner som er bindeleddet mellom eit grusomt kors og ein utruleg oppstandelse. Dei første forkynnarane og vitna om nytt liv og ny framtid.

Profetien har fått si djupaste meining: Så vakre dei er, føtene til dei som ber bod, forkynner fred, kjem med god bodskap, forkynner frelse…

Desse føtene som står standhaftig ved eit kors, subbar til ei grav, sveittar i redsel, stoppar opp ved ei tom grav og eit levande møte, og spring og spring og spring for å fortelja.  Disiplar som møter dei, ser:  Desse føtene står og kviler i evangeliet.

Dei skunda seg frå grava, redde og glade på same tida.  Glade, for dei forsto at Jesus likevel ikkje var tapt for alltid.  Redde, for kven makta å gripa kva dette betydde og bar med seg.  Kvifor var Jesus stått opp?  Vart det utrygt nå for bødler og svikarar og veike venner?  Var han ute etter å ta igjen for den uretten som hadde ramma han?

Er ikkje alt som før?
Og kanskje var dei redde for ein ting til:  ”Er ikkje alt som før, lenger?  Er livet og naturen sine lover i ferd med å rokkast?  Er det augene og øyrene våre som speler oss eit puss?  Kva vil folk tru med kvinner i ny rolle som sannhetsvitne om det største Gud har gjort?  Er ikkje døden lenger den makta som pinnheld på offera sine for alltid?  Kan me vera sikre på at alt er så nokolunde som før – i alle fall?  Ikkje altfor radikalt nytt?”

Nei, kjære venner i kyrkja. Ingenting er som før lenger. Sånn er det! I 2000 år har truande menneske feira påskedag som dagen då Jesus sto opp frå dei døde og sigra over døden. Ingen dag har vorte feira så mykje og så lenge som denne dagen.  Ingen har skapt så mykje glede.  Ingen har brakt fram så mykje vakker og sterk sang og musikk.  ”Døden oppslukt er til seier,  evig skal døden være Kristus underlagt, bøtt er brøden, død er døden,  påskemorgen slukker sorgen…”

I 2000 år er det feira at ingenting er som før og ingenting vert som før.  For lyset som flerra mørket påskedag, det sender ennå strålane sine inn i ei dødsmerka verd.  Ingenting vert som før!

Etterretningsmelding frå påskedag
Det er som det er fortalt frå slutten av 2.verdenskrig. Enkelte fangar i fangeleirar fekk nyss frå etterretningskjelder at Tyskland var i ferd med å underskriva kapitulasjonen.  I leiren var alt som før, ytre sett.  Vaktene hadde kontrollen, rutinane var dei same.  Likevel var alt forandra.  Ingenting kom til å verta som det var.

Er ikkje det eit godt bilde på det å leva med etterretningsmelding frå påskedag.  Me ser at død og mørke og vondskap får herja. Me forstår ikkje at det skal få så tak i verda anno 2024. Me kjenner kreftene av dette så altfor godt inni oss. Uroen. Men me sit inne med ein kunnskap om at seieren tross alt er vunnen.  Virkningane er synlege nok i verda, for dei som vil sjå. I alle fall for dei som kjem i kyrkja og lar alle slags tider ha eit sentrum og eit håp i  Jesu oppstandelse. Alltid vil ingenting vera som før!  For Jesus kjem oss i møte frå framtida.

Ingenting vert som før!
Inn i all slags uro er påskedag fantastisk nyhet:  Ingenting vert som før. ”Troens øye ser det!”  At ingen av oss er oppgitt av Jesus.  Ingen av oss står uten mulighet for tilgivelse når me veit korleis me har svikta.  Ingen av oss er uten Jesus når me bekymrar oss for det som kjem.  Ingen av oss er uten det at framtida kviler i Gud si hånd, og evigheten på Jesus si fullbrakte frelse.

Og vegen me går, får me gå i hop med den oppstandne.  I betre følgje kan me ikkje vera, for han har gått den vegen for oss og før oss.  Han går alltid vegen om dei som treng mest håp og trøst, dei som helst trur at alt kjem til å verta med det gamle og fastlåste.  Han vil me skal helsa på vegen frå den korsfesta og oppstandne.  Frå den viktigaste grunnen for tru og håp.  Så ingenting vert heilt som før!  Påske som ein måte å leva på, rett og slett!

Og alt dette er nå!  Her!  For oss!  I 2024 sin uro også!  Bare slepp det inn og hald det fast!

I dag er det påskedag. I dag er trua sin grunn at Gud i Kristus har forsont verda med seg sjølv.  I dag er framtida vidopen, for Jesus lever. I dag bruser orgelet og blodet av lovsangstonar. I dag får me reisa oss og bekjenna vår heilage tru, med ord frå oldkyrkja og i hop med den verdensvide kyrkja, i dag.  Me gjer det nå, og lar det gli over i «Deg være ære, Herre over dødens makt

Powered by Cornerstone