Så det gode såkornet
Såmannssundag 2023 - Lukas 8,4-15

Så det gode såkornet

Må det jordvern til?  Ikkje bare for dyrebar jærjord, men for eit hjarta som lett kan verta nedbygd, og eit sinn som tidstjuvar gjerne vil ta. Jordvern.  Hjartevern. Tidsvern. For å verna om det beste som kan landa i livet mitt.   

«Den som har øyre å høyra med, høyr!» Seier Jesus.  Dette er viktig! Frå han som fortalde mykje om Guds rike, og helst i likningar. Denne likninga står først i evangelia. Ho er ei av dei få med eigen forklaring. Og ho er den einaste der Jesus seier noko prinsipielt om det han gjer når han forkynner i likningar.
Så dette er viktig bodskap.  «Den som har øyre å høyra med, høyr!»

Visualisering
Kanskje me må sjå også då?  Visualisera? Slik dei gjer, dei som skal ut på noko viktig.  Bruka fleire sansar.  Lytta, sjå føre oss, meditera og reflektera….

Sjå føre deg den store mengda folk som strøymde til rundt Jesus.  Dei sugde til seg forteljinga, dei undra seg, slik me også kan ta oss tid til å sjå det bildet Jesus teiknar.  Sjå såmannen som går der og sår, strør korna ut.  På hans åkrar var det visst slik det ofte var i Israel, det var forskjellig slags jord, men alt skulle få ein sjanse.  I gudstenestegruppa snakka me om kor raust han sår.  Han er mest «sjossen» med det dyrebare kornet. Det må visst få koma til overalt.  Ser du såmannen?  Kornet hengt opp i ein sekk eller bag på brystet. Hånda finn det. Kornet forlet fingrane og kastarmen, tek ein bue gjennom lufta og finn vegen til jorda. 

Langs vegen
Noko går raskt tapt. Trødd ned av folk som hastar vidare på vegen. Fuglane er der på eit blunk og har funne seg eit matfat.  Djevelen, seier Jesus, når me er «sveinar» som vil læra, og får sett oss ned og lyttar for å forstå.  Guds motstandar.  Han er der like raskt som fuglen til matfatet.  Kven er nøye med å jaga han vekk før han får gjort stor skade?  Kven forstår at det er ein motstand mot Guds ord, noko meir enn vanleg treghet, eller lyst til å prioritera noko anna enn å sleppa gudsordet til. Kanskje det må jordvern til?  Ikkje bare for dyrebar jærjord, men for eit hjarta som lett kan verta nedbygd, og eit sinn som tidstjuvar gjerne vil ta. Jordvern.  Hjartevern. Tidsvern. Det fins ein motstandar og ei motstand som vil ta vekk det beste som kan landa i livet mitt.    

På steingrunn
Noko såkorn får litt betre tid på seg. Det får spira, seier Jesus.  Men det får ikkje plass til å slå djupe røter. Sjå det føre deg. Kornet landar i tynt jordlag. Det spirer fort, begeistra over steinane sin varme. Men sola vert så sterk, det spirer fort og visnar fort.  Kornet besto ikkje prøven si tid. Eller rettare sagt: Jorda ga det ikkje sjans.

Gjer mitt liv?  Eg skulle jo ønskja at eg hadde begeistringa sin gave.  Vart tent.  Ord frå Gud sådd i eit miljø med god varme. 

Det har vel hendt her i huset?  Ja, eg trur det er mange i Bryne kyrkjelyd som har gode forteljingar og minner om sånt.  Kyrkjebygging.  Ungdomsarbeid.  Kor. Reiser. Leirar. Stevner. Trusopplæring. Såkorn frå Gud. Bibelformidling.

Høg temperatur
Det havna ikkje i skrinnaste jord i denne kyrkjelyden.  Men nokre her også fekk svi seg.  Og andre miljø hadde høg temperatur med lite rom for å slå djupe røter. Det er for mange som har vorte utbrente i teneste, og svidde i tru og løfter som ikkje var jorda.   

For prøven kjem jo.  Han gjorde det for Jesus sine disiplar. Då teikna og undera var på det høgaste, var disippelflokken stor og frimodig. Då Jesus vart arrestert, svikta både motet og trua hos dei få som var igjen. Det var aldri endring i krafta i Jesus sine ord.  Men jorda er lett skrinn.  Hjarta er fort utålmodig.  Kor mykje press tåler det? 

Viss såmannen sår heile tida, så sår han nå også. Med eit kall om å vera rotfesta, tålmodig, la Guds ord ta meg gjennom alle slags fasar og erfaringar i livet, utan å la meg kortbegeistra til utbrenthet eller sløva til å gøyma trua vekk når press og ubehag kjem.

Tornekratt og skugge
Noko såkorn havnar i ein annan situasjon, det får betre tid på seg. I kjølig, fuktig jord spirer det litt seinare og veks lenger.  Men skuggen vil aldri gje seg, sola slepp aldri skikkeleg til, tornekrattet stel både sol og vatn, spiren etter kornet vert bleik og tynn, han sluttar å veksa, han sjuknar hen.

Ser du Jesus med medlidenhet i augene når han fortel om dette, når han ser ein ung mann han var glad i, gå vekk, fordi rikdommen var viktigare.  Kjenner me at det er veldig mykje oss, dette?  Noko anna får større plass. Tinga våre tek så mykje tid og oppmerksomhet.  Bekymringar og lyster veks fram og presser Ordet inn i skyggen.  Det som Gud vil så i livet vårt, får ikkje modnast, det sjuknar sakte hen. Gudslivet som Ordet vil skapa, vert langsomt kvelt.  Det er ikkje vanskeleg å sjå smerten i Jesus sine auge når han fortel dette, han som ga avkall på alt for vår skuld.

God jord
Men sjå nå føre deg korleis ansiktet til Jesus lyser opp, når såkornet finn god jord. Då viser det seg kor ufatteleg stor spire- og vekstkraft det er i Guds Ord. Det skaper, frelser, formar! Det er ikkje kvaliteten på såkornet det er noko i vegen med. Der det vert dårleg resultat, er det ikkje fordi såkornet er dårleg, men fordi jorda ikkje utnyttar kreftene i såkornet. Og når resultatet vert så utruleg som 100 gonger det som er sådd, så er det ikkje mest fordi jorda er god, men fordi såkornet er godt.

Slik er likningane om Guds rike.  Dei er trøst. Dei er håp.  Guds Ord er Gud sitt Ord. Han vaker over det, så det fullfører det han sender det til. Han lar det ikkje venda tomt tilbake. Det er ikkje puslete middel Gud har overlatt til å bringa sitt rike. Guds Ord har spirekraft overalt!

Ordet om den krossfeste Kristus som jødar støyter seg på og grekarar og forståsegpåarar ler av, det er Guds kraft. Det gjev grøde. Det gjev fred med Gud. Det gjev framtid og håp.
Her skal de få eit godt eksempel på krafta i det:

Ordet opp i røyk
Generalsekretæren i eit afrikansk bibelselskap var ein gong ute og delte ut biblar.  Han viste eit lommetestamente til ein ung mann som ikkje var det minste interessert.  Og då sekretæren insisterte på at han skulle ta imot, sa mannen at då ville han bruka papiret til å rulla røyk med. Han hadde god tilgang på ein lokal tobakksgard, men lite godt eigna papir. Sekretæren tenkte seg om før han sa at det var greitt, på ein betingelse:  Han måtte lova å lesa sida før han brukte ho til røyk.

Den unge mannen gjekk med på dette, tok imot og røykte seg  gjennom Matteus, Markus og Lukas etter å ha lese kvart einaste ark før det gjekk opp i røyk. Før han var komen til Joh3,16 hadde han teke imot Jesus.  Mange år seinare oppdaga generalsekretæren den same mannen på ein presteskule og fekk greie på korleis det hadde gått.

Det er ingen gode grunnar til mismot og trøtte tankar om folk rundt oss ser lite interesserte ut.  Bare fortset å så.  Bare gje deg tid og omsorg.  Gud har lovt at ordet ikkje vender tomt tilbake. I dag får me dela gudsordet i Bibeldagen sitt prosjekt til Egypt.   

Det beste såkornet
Guds Ord har stor spirekraft!

For det beste såkornet av alle la Gud sjølv i jorda.  Jesus var og er kornet som vart lagd i jorda for å gje stor grøde.  Grøde som heiter evig liv. "Dei som høyrer dette ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.»

Powered by Cornerstone