Jesus og borna
Markus 10,13-16 - 3.sundag i treeiningstida 09.06.2013

Jesus og borna

Det er muleg at vegen til denne gode tenesta går om det viktigaste i teksten for i dag: At barn er rollemodellar for vaksne. At vaksne blir som barn.

Bibeltekst:  Markus 10,13-16
Dag:  3.s i treeiningstida
Kyrkje:  Bryne
Dato:  09.06.2013

Me skal lesa evangeliet for i dag.  Det ordet som lyder kvar gong det er dåp i kyrkja.  Du har høyrt det frå du var barn.  Du har høyrt det forkynt, sikkert mange gonger.  Oftast adressert til barn.  I dag er det til deg som vaksen.  Du får sikkert lyst til å vera ein trygg og klok vaksen som ikkje hindrar barn i å koma til Jesus.  Du får kanskje lyst til å vera som eit barn, til å ta imot som eit barn, til å finna ro i det fanget som tek imot og velsignar.  Me trur jo at vegen til Jesus er så kort, at Jesus er her og nær.  Når me søkjer han.  Er det me som skal verta rørt ved og velsigna nå?

Jesus og borna 
13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. 14 Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» 16 Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei. 

Dei ba om at Jesus skulle røra ved dei små.  Det var den gode berøringa som var etterspurt.  Dei kom ikkje for å få høyra kloke ord og visdomstale og spådommar om kva dei små skulle bli.  Om Jesus bare kunne røra ved dei!  Ta på dei. Berøra dei.

Kva er dette for eit ønskje?  Kva er det med berøring, når hud møter hud?

Er det ikkje rett og slett slik at menneskelivet på sitt mest intense handlar om berøring.  Og at evangeliet handlar om det same, om å verta berørt, rørt ved. At guddommeleg kjærlighet stryk huda di, så du veit du er barn.  Elska av Gud.  Teken i fang.

Når eit barn vert fødd, vert det lagt nake på mor sitt bryst.  Huda, munnen og fingrane si berøring er det emosjonelle språket som fortel om kjærlighet, avhengighet, nærhet, håp og framtid.

Når eit menneske ligg for døden og språket tagnar, er det fysiske berøringar som held fast dei siste bånda.  Håndflate mot kinn. Fingrar tvinna i kvarandre.  Siste puls i hånda.  Berøringsspråk som rommar i seg takken for tida me fekk i hop.

Når to menneske elskar, må dei få uttrykkja seg med berøring, hud mot hud, hjarta mot hjarta.  Alt er nå og oss og kjærteikn.

Menneskelivet på sitt mest intense handlar om berøring. 

Det gjer også det kristne evangeliet.  På ein så grensesprengande og overraskande måte at disiplane oversåg det og i uforstand tenkte dei skulle spara Jesus for slikt – og kanskje også for kvinner og barn som hadde lågare status.

Men dei tok feil.  Dei vart sett på plass. 

Kristen tru handlar om å verta rørt ved, berøring frå himmelen til jorda.  Gud kom til oss som kropp.  Hud og hjarta mot hud og hjarta. Jesus kom som sann Gud og sant menneske i ei tid og ein kultur der berøring var tabu.  Berøring var forbunde med frykt. Berøring handla om sjukdom og kultisk ureinhet på ein måte som stengte vegen til andre menneske og til Gud.  Du vart urein av all slags berøring, av kjøp og sal på gater og torg, av matvarer, dyr og alt som hadde med blod og sekret å gjera. Du vart urein av død, pengar og av ureine folk som spedalske, besette og utstøtte, offentlege syndarar og framande som ikkje tilhøyrde folket.

Kva gjorde Jesus?  Han berørte!  Han rører ved ein spedalsk, er det rart at han vert berørt og smurt med salve i ein spedalsk sitt hus?  Han legg hånda på ei febersjuk kvinne og tek ein gut med krampar og døvstum ånd i hånda. Han berører blinde sine auge, stikk fingrar i øyre og rører tunger med spytt, så folk kan høyra og snakka og sjå.  Alle som hadde plagar, trengde seg fram for å røra ved han, står det.  Ei kvinne med blødningar berører seg til helbredande kraft. Mødre med småbarn vil at Jesus skal røra ved dei og får eit fang og ein velsignelse. Dei vert forbilder på tru.  At folk var i sjokk når tvilsomme kvinner berørte han med salve, var nettopp evangeliet sitt poeng:  Gud hadde rørt ved dei som lengta etter å verta berørt.  Nå ville dei berøra kroppen med kjærteikn som hadde truffe sjela.

Heile tida benka og menga Jesus seg med dei som var rekna som ureine, utstøtte og utenfor.  Han åt med dei, kropp mot kropp, og dei gjekk vidare med ny verdighet, litt meir oppreiste.  Dei var ikkje lenger definert vekk frå Gud.  Når Jesus rekte ut hånda og tok imot såra kroppar og tørka sorga sine tårer, då var det Guds eigen finger som ga liv.  Det var Gud som kjærteikna sine slitne skapningar.  Det var ein forsmak på det som skal skje på ny himmel og jord: «Han skal turka kvar tåre frå augo deira.»

Mødre kjem med barna sine og vil at Jesus skal røra ved dei.  Dei kjem med undring og takk for livet.  Å få vera mor.  Å få ha eit barn til låns ei tid, elska og forma, glad i og halvredd for.  Dei kjem til Jesus med den finaste gaven og den største gleda i livet.  Kan du røra ved dei Jesus? La dei vera berørt av deg?

I tekstane i dag forstår me denne gleda fordi me høyrer om Hanna si sorg.  Om nøden med å vera barnlaus.  Om skammen med å vera ufruktbar.  Om lepper som dirrar av ordlause bønner så presten i templet trur ho er full.  Å, om Gud kunne røra ved morslivet og gje eit barn!  Den dagen Gud svarer, får han både gutten og lovsangen.  Ho er rørt med og berørt.

Det er ikkje tilfeldig at det er den største gleda og den djupaste sorga som bed Gud berøra meg.  Tenk på deg sjølv.  Kjenner du ikkje igjen ønskjet om å koma til Gud med den største gleda og det ringaste du ber på?  Det gladaste og det vondaste.  Takken og sukka.

Me høyrer om kloke vaksne som kjem med det viktigaste i livet til Jesus.  Me høyrer om uforstandige vaksne som misforstår og vil hindra det gode møtet med Gud.

Då me forberedte denne gudstenesten snakka me i gruppa om korleis me kan vera gode vaksne og rollemodellar, og om barna som rollemodellar for oss, så me kan ta imot Guds rike slik eit barn gjer og koma inn i det.

Kloke vaksne er me når me stiller opp som reserveheim for barn som har opplevd omsorgssvikt og fått sår og skadar i tillit og sjølbilde.  Kloke vaksne såg nokre i barnekoret på Jærdagsgudstenesta.  Dei gjorde seg små og gøymde seg i koret så barna både vart lyfta og heia fram.  Kloke vaksne investerer av tida si som ledarar for barn og unge.  Kyrkja må jo vera ein plass der vegen til Jesus er fri for dei som veks opp.  Trusopplæring er å følgja barn på vegen så dei kan verta berørt av Jesus.  Akkurat nå har me mange barn og unge i kvardagskyrkja, men færre i sundagskyrkja.  Me ber og håpar at fleire vil dela på ansvar for sundagsskulen her i kyrkja slik at barnefamiliane fyller kyrkja.  Det ser ut for at generasjonen over må støtta familiane i dette.  Me vil jo så gjerne at barn og unge skal verta berørt av Jesus i dette huset og dette fellesskapet.

Det er muleg at vegen til denne gode tenesta går om det viktigaste i teksten for i dag:  At barn er rollemodellar for vaksne. At vaksne blir som barn. 

Då vil eg låna enkelte ord og formuleringar frå danske Leif Andersen som er reiseprest i Indre Mission og lærar på Menighetsfakultetet i Danmark.  Dei er frå ein tale til eit vennepar som feirer sølvbryllup, og som bl.a. har ein 18 år gammal son med djup autisme og alvorlege handicap.  Litt skarptformulert og sett på spissen for å vekkja oss, så det søkk inn i oss kor radialt Jesus utfordrar til å ta imot Guds rike slik som eit lite barn.

”Det er en meget populær misforståelse, at Gud særligt skulle være børnenes Gud – mange siger noget i retning af, at Gud holder spesielt meget af små børn, og han vil spesielt være Gud for de små børn.

Det er ikke riktigt.  Gud er ikke spesielt børnenes Gud.  Gud er kun børnenes Gud.  Det er kun børn, der kan have Gud til Gud.  Voksne kan ikke.  Hvis en voksen vil have Gud til Gud, så har han værsgo` at blive som et barn.

Jørgen og Annette har stillet mig spørsmålet:  ”Er det et handicap at være voksen?  - Nej.  At være voksen er ikke et handicap.  At være voksen er simpelt hen fortabelse!  Der er intet håp for den, der vil være voksen og selvstendig og selvhjulpen over for Gud.  Stående overfor Gud er voksenhed noget man må vokse fra – vokse væk fra, til man er et barn over for Gud.”

Skulle nokre av oss tenkja at det er litt brutalt å stadig verta som eit barn, så kan me jo tenkja på at det var det Gud gjorde.  Han blei ikkje bare som eit barn.  Han blei eit barn.  Så kan det aldri verta ei degradering at eg skal verta eit.  Det er eit adelsmerke, det høgaste eg kan slås til ridder til.

Ikkje til å vera uskuldig.  Då var det ute med oss alle, viss det var det som var å vera som barn.  Heller ikkje til å vera naiv eller kjærleg.  Då var det ute med i alle fall nokre av oss.

Men kunne eg vera tillitsfull – som eit barn!  Kunne eg ta imot fordi eg var ganske avhengig – som eit barn!  Kunne eg lena meg trygt til ein som var større – slik barn gjer til far og mor!  Då trur eg at eg var i nærheten av å ta imot Guds rike slik eit lite barn gjer.

I gruppa delta me og opna erfaringar om dette.  Det handlar i stor grad om å våga å vera svak og liten.  Om smerten når me krøker oss i fosterstilling og føler at livet er mange nummer for stort.  Om å føla seg som ein dunlaus fugleunge.  Om å vera så avhengig at det einaste som nyttar, er å ta imot.  I svakheten veks det fram rom for andre og for Gud.  Det er når me er svake at me verkeleg kan ta imot oss sjølv og andre.  I eit samfunn der ein helst skal vera såkalla vaksen og jaga på i det nådelause kjøret, helst visa fram og prestera det perfekte, der er kyrkja ei frihamn.  Ein plass å verta motteken.  Der det er små og store barn som får eit fang å høyra til i.

Og så skjer det!  Dei som ønskjer å verta rørt ved, får gode hender lagt på seg.  Og ennå meir:  Dei vert velsigna!  Dei får alt det beste Gud kan og vil gje. 

For Jesus set barn på fang.  Lukkar oss inn i si omsorg og kjærlighet.  Auser over oss sin velsignelse med ord som varmer og fingrar som stryk gjennom håret.  Og barnet veit at dette treng eg ikkje gjera noko for å fortena. Ikkje kan eg heller. Slik er det å vera eit elska barn.  Og dette er evangeliet.  Dette er den store nåden.  Dette lukkast me inni i dåpshandlinga, og det passar suverent om me er små fysisk sett.  Dette forkynnes og lyftast fram og inn i oss når Gudsordet får rom i hjarta vårt.  Dette inviterast me inn til i nattverden.  Nådens bord.  I dag kan me godt tenkja nattverden som fanget me får krypa opp i.  Ikkje kan me fortena det.  Men me kan ta imot det.  Som eit barn.  Som høyrer og ser og smaker og kjenner at det er elska. Rørt ved.   

I dag fann me i gudstenestegruppa ut at me skulle innby til å få ei ekstra berøring frå himmelen for dei som vil.  Heilt konkret:  Viss du legg hendene over brystet (slik) når du kneler, så vil den som deler ut brødet leggja hånda på aksla di og be ei kort bønn for deg.  Du treng ikkje sei noko.  Bare ta imot.  Kjenna at Jesus rører ved deg.  Så du er velsigna.

Bønna liknar gjerne på den me bed nå:

Gode Gud, du ser og kjenner oss.  Du veit kva me ber tungt på og kva me lengtar etter.  La oss få vera eit barn på ditt fang.  Rør ved oss og velsigna oss, så me kan leva i tru, i håp, i kjærleik.

Powered by Cornerstone