Meir himmel og meir jord
Juledag 2021 - Joh.1, 1-14

Meir himmel og meir jord

Kanskje treng me å høyra akkurat dette i jula.  Gud er ikkje heva over alt det me slit med. Han vert ein av oss.  Så nær det går an å koma.  Jesus vart menneske for å gjera det lettare for oss å vera menneske.

Om julafta og juledag kan me sei som Ole Brumm: Ja, takk, begge deler!
Julaften og juledag. Folkeleg og høgtideleg.   
Juleevangeliet slik Lukas fortel det, og slik Johannes ser det. 
Ja, takk, begge deler.

Lukas fortel og Johannes ser
Lukas ser det nedanfrå og fortel om Betlehem og stallen og alle detaljane så hjarta smelter.
Johannes ser det ovanfrå og viser den store oversikten, om skapelsen og Gud, evigheten og tida, fallet og frelsa, mørket og lyset - så tanken svimlar. 
Ja, takk begge deler.  Den nære familiehistorien og den lange frelseshistorien.
Ein liten landsby og det store universet. 

Evangeliet som det luktar jord av og smaker himmel av.  Ja, takk, begge deler. 
For det vert jo ikkje mindre himmel av mykje jord.
Gud vert ikkje mindre om du ser han i krubba sitt høy. 
Menneskelivet vert meir verd, når Gud gjer det store valget å bli ein av oss.

Eg seier: Ja, takk, begge deler.  Meir Gud i livet og meir ekte menneskeliv.  Meir himmel og meir jord. 

Johannes samlar dette i ein utruleg setning om det evige Ordet som var hos Gud og var Gud:  ”Ordet vart menneske.  Og tok bustad mellom oss!”

Inkarnasjonen
Jula sitt evangelium.  Med eit fint ord: Inkarnasjonsunderet. Gud vart menneske av kjøt og blod.  Gud seier ja til det menneskelege – så grundig det går an å seia det.  Han stig inn i tida, grip inn i historien, vert kropp og vil bu i hjarta.

Ja, rett og slett dette: Jesus vart menneske for gjera det lettare for oss å vera menneske

Kanskje treng me å høyra akkurat dette i jula.  Gud er ikkje heva over alt det me slit med. Gud lar ikkje jorda seila sin eigen sjø.  Han bur hos oss og vert ein av oss.  Så nær det går an å koma.  Jesus vart menneske for å gjera det lettare for oss å vera menneske.

God med meg sjølv?
Det er ikkje alltid det er så greitt å vera meg. Same kva som skjer i det ytre, om det er pandemi eller gode tider. Same om eg er ein stayer på global dugnad i smittevern, eller er grundig lei. Det er ikkje sjølsagt at eg får til å vera god med meg sjølv. Det er uansett bare eit hudlag inn til ei ensom liten sjel som lurer på om eg er noko særleg verdt. Som slit og strevar med å sprita sjølbildet like mykje som hender.  Sper på med litt aktivitetar her og masse jobb der.  Og fiffar opp både hus og hage og ansikt og kropp med siste skrik.  Så fort gjort det er å leita etter verdi i det ytre, i tinga si verd.  Mens løysinga er det som Gud valde i jula, å verta meir menneske.  Å ha verdien vår i det me er og ikkje i det me gjer og eig.  For Gud valde å vera det som me lett drøymer oss vekk frå.

Å spegla oss i Gud si gåve
Nokre gonger er me umenneskelege både med oss sjølv og med andre.  Gjer egoistiske valg som gjer at det osar lite med-menneske av oss.  I jula får me spegla oss i noko anna. Gud ga den beste gaven, og me kan kjenna den gode gleda i å gje og dela med andre. Jul er å verta meir menneske.  Så mykje menneske at eg er eit medmenneske.  Meir himmel og meir jord

Derfor seier eg ja, takk, begge deler til både Lukas og Johannes.  Og eg seier tusen takk til Matteus også, som ser dette frå Josef sin synsvinkel. Denne jula har det fått bu ekstra inni meg, og vart delt på den fjerde adventssundagen.

Også Matteus fortel
For Josef var eit medmenneske.  Sjølv om han fekk statistrollen, var han viktig.  Sjølv om han sikkert må ha strevd med å forstå alt som føregjekk mens magen til Maria vaks og gjetarar og vismenn ramla inn i stallen, så handla han godt om han ikkje heilt kunne forstå kva som føregjekk.

For oss mannfolk står Josef som eit godt forbilde.  Ikkje lot han sjalusi og engstelse for å vera lurt få festa seg.  Ikkje lot han folkesnakk ta frå han ho han var glad i og det han hadde lovt.  Ikkje lot han andre sin mistanke senda Maria ut i kulden for å berga sitt eige skinn.  Ikkje var han handlingslamma om framtida såg noko dyster ut.  Ein trufast mann. Ein som lytta til veiledning frå Gud.  Ein handlingens mann.  Eit medmenneske som seier mykje om julebudskapet.  Gud vert ein av oss for at me ikkje skal verta mindre menneske.

Den hellige Josef av jorden
Eit fint dikt av Inger Hagerup får dette sterkt fram:

Den unge Maria vandret

engang til Betlehem by

forteller den gamle legende

som alltid er like ny

Det var ikke rom i herberget.

Men stallen var lun og varm.

Så fødte hun der sin første sønn

støttet av Josefs arm.

Stjernesoler og vismenn.

Hyrder og englekor.

Hva tenkte den mørke Josef

som aldri mælte et ord?

Gjennomstrålet av himmelsk glans

lyste de hellige to.

Hva tenkte den mørke Josef

som bare var trofast og god?

Kan hende han svøpte sin kappe

litt bedre om barnet og moren.

Slik vernet han ordløs menneskets drøm,

den hellige Josef av jorden.

Den hellige Josef av jorden.  Ein som ikkje blei mindre menneske då Gud valde å verta menneske.  Ein som lot helsinga frå himmelen verta til trufast og forpliktande liv på jorda.  Jul er meir himmel og meir jord.

Kjærleik og grenser
Me som har streva og prøvd å vera foreldre, veit også noko om dette.  At det er to ting du skal gje store dosar av: Ubetinga kjærleik og gode grenser.  Ja, takk, begge deler.  Gjerne meir av begge deler.  Kunsten er ikkje å dempa ned grensesettinga for å oppjustera den ubetinga kjærleiken.  Eller halda igjen på kjærleik for at det ikkje skal vera tvil om grensene.  Nei, meir av begge deler.  Dess meir det er av begge to samtidig, dess betre vert det å veksa opp og finna gode veger og ha det godt med seg sjølv. 

Ja, kven treng ikkje dette når me er godt vaksne også?  Menneskenaturen er ikkje slik at me har full kontroll på våre eigne grenser og ubegrensa tillit til at me er elska.  Me kan slita grusomt med dette.  Vera destruktive mot oss sjølv og harde med andre. Då er det godt at nokre rundt oss set grenser for oss og hjelper oss å justera dei.  Og viser oss så mykje kjærleik at me vågar meir å elska sjølv. Ja, takk, begge deler!

Nåde og sanning
Ingen kan dette som Gud.   Det er jula sitt ufattelege budskap.  Då Jesus kom, var han full av nåde og sanning.  Begge deler. Den ubetinga kjærleiken som heiter nåde.  Dei viktige grensene som heiter sanning.

Eg får det best når eg lar Jesus sleppa til med sin flaum av både sanning og nåde.  For det vil han!  Det kom han for.  Å vera vår bror på jorda og vår frelsar i himmel og på jord.  Ingen kjenner meg som han.  Ingen elskar meg som han.  Høgare kan du ikkje vera elska enn å få nåde av han som veit korleis du er og likevel aldri går frå deg.

Han er full av nåde og sanning. Så mykje at du kan leva med mykje himmel og mykje jord i livet.  Lettare å vera menneske og rikare i den store retten til å vera Guds barn.  V.12…

Powered by Cornerstone