Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste 2020 - Johannes 11,45-53

Ein for alle - alle for ein

I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid og undra oss stort over trua sitt mysterium: Ein for oss alle, frivillig guddommeleg kjærleik!

«Nå begynner eg å verta svolten på Jesus!»
Han hadde oppdaga presten på tur langs stranda sist sundag, og orda fòr gjennom godverslufta over 2 meters avstand.  Eg forsto at han – slik som eg – sakna sundag i kyrkja. Å missa fellesskapet fysisk, skapte ein lengsel: «Nå begynner eg å verta svolten på Jesus!»

Det gjorde absolutt ikkje den religiøse eliten i Jerusalem. Det høge rådet for religiøse og visse indrepolitiske saker. Øvstepresten Kaifas var absolutt ikkje svolten på meir Jesus. Han hadde fått nok av denne vandrepredikanten og følgjarane hans. Ny tru breidde seg som ein epidemi. Særleg etter ryktet om at den døde Lasarus var ropt ut av grava si, og levde.

Nå var det krise! Kva skulle ansvarlege religiøse styresmakter gjera?  Dei hadde ansvar for ei tru, ein tradisjon og eit folk. Dei måtte forhalda seg ansvarleg til realitetar som tok ein veg dei ikkje likte.  Kaifas og rådet veg hensyn opp mot kvarandre.  Kva handlingsrom dei hadde i eit okkupert land?  Ansvaret for folket og hensynet til den enkelte. Kva veg tyngst av kollektivet og individet?  Kva vil virka best for dei fleste, og kva er mest rett mot den eine?

Kaifas og rådet hans landar på den kyniske sida.  Set realpolitikk over moral.  Set kollektivet over individet.  Set redsel for å mista makt og innflytelse både religiøst og politisk opp over det som er anstendig og rett både i tru og samfunn.  Kaifas seier:  «Det er betre at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Ein må ofrast her. Nå må det gjelda: «Ein for alle».

Det seier ikkje helseministeren og regjeringa og rådgjevarane i si krisehåndtering for tida.  Helseministeren seier: «Alle for ein».  Her må me alle gjera store kollektive grep for å berga den eine sårbare og utsette, ja, flest muleg av den eine.  Og folket gjev respons. Me er med på dugnad for dette. Sjølv om det svir og kostar dyrt.  Alle for den eine.

Det er eit menneskesyn og eit verdivalg som gjer meg glad.  Det er kollektive avgjerder gjort på ein måte som gjer at godhet står over det kyniske.  Det er ikkje valg gjort av makthensyn, men av menneskehensyn.  Det kan faktisk nytta å stilla opp alle for ein, i alle deler av eit komplisert samfunn.  Så stor er tilliten og ansvaret mellom dei som har fått styringsmakt og alle me som i praksis har ansvaret for korleis det går.  Også som kyrkje. Me skal vera mange som er med og bed om at det lukkast.

Og så må me visst undra oss veldig over ei stor gåte.  At Gud kan bruka Kaifas sine kyniske planar inn i sine. For den eine kjem til å døy for alle.  Ikkje fordi Kaifas og andre skuvar han føre seg og ofrar han for ei sak.  Men Gud sjølv tek ansvar og gjer eit planlagt justismord til ei villig kjærleiksgjerning.  Jesus gjev livet frivillig. Den eine for alle.  All synd skal sonast av han.  Gud vil forsoning og tilgjeving for alle oss som trør på feil side av streken mellom egoisme og nestekjærleik.  Ein einaste for alle.  Han for oss alle.

I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem.
Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. 
Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid og undra oss stort over trua sitt mysterium: Ein for oss alle, frivillig guddommeleg kjærleik!

Og me kan ana av denne sundagen si helsing: Gud har ei hånd på rattet – også når det kriser seg skikkeleg til.

Powered by Cornerstone