Media som motstemme mot det usanne
Kveldsgudsteneste 4.sundag i openberringstida 2023 - Luk.18,35-43

Media som motstemme mot det usanne

Me og verda rundt oss treng meir av evne og lyst til å sjå.  Til å la vera å lukka augene for det ubehagelege, og verta frista til å pynta på verkelegheten. Eller ta eit strutsedykk ned i første sanddyne. 

Ingen likte denne ropinga.  Ikkje synet heller.  Ein blind mann i vegkanten.  Tiggerskåla retta fram.  Ropet påtrengande.  Ubehageleg.  Ikkje gjekk det an å lukka augene lenger.  Ikkje var det fred å få for tankane.  Den blinde sitt rop vart strengt påtalt, prøvd å dyssa ned. 

Å stansa ropet
Mange hadde lyst til å vera blinde for denne mannen, for denne skjebnen, for dette livet, for kallet til å bry seg, for ansvaret i å hjelpa eit medmenneske ut av det mest nedverdigande.

Det gjekk ikkje.  Å stansa ropet eller å lukka eigne auge. Dette ropet var for sterkt. Det kom innanfrå.  Frå ein smerte som måtte ut. Frå eit liv som trong å bli sett. Frå ein mann på botnen, leitande etter ei livline.

Ei evangelieforteljing.  Eitt liv, som er mange sitt liv, spreidd ut over kontinent og århundre.  Eitt rop, som stadig driv fram nye hysjarar, nye blinde, nye folk som vil sjå den delen av verda dei ønskjer å sjå, og lukka øyre og auge for resten. Sjølv når ropet er eit nake kyrie-rop til Gud.

Er det ikkje sterkt å kjenna på mekanismane?  Dei som gjer at ærleg sanningsjournalistikk og truverdig evangelieformidling driv same gode prosjekt.  Å sjå og høyra det lidande mennesket.  Å sjølv verta sjåande og lyttande, same kor ubehageleg det er.

Han som stansar og spør i respekt
For det er altså denne mannen frå Nasaret, som har vandra ned på jorda sitt lågaste punkt i Jeriko.  Han høyrer det ropet som andre vil dyssa ned.  Han stansar og ser han som er blind.  Så stiller han diakonien sitt store, evige spørsmål. «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»  Spørsmålet fullt av respekt.  Spørsmålet som gjer den andre til subjekt, ikkje objekt.  Spørsmålet som møter opp i den andre sitt liv og den andre sin vilje.  Så vedkomande sjølv får ta fram si livsforteljing og si bønn. 

Det gjorde han.  Og resultatet vart vidunderleg.  Han vart ikkje bare sett og høyrt. Han vart sjåande og oppreist og alt som gav nytt levegrunnlag og nye, gode relasjonar i alle retningar. 

Bønn om sjåande auge
I kveld ser me han som vert sjåande.  Eg trur me skal be, slik som han, om sjåande auge, me også.  Det ser ut som verda rundt oss treng meir av evne og lyst til å sjå.  Til å la vera å lukka augene for det ubehagelege og verta frista til å pynta på verkelegheten. Eller ta eit strutsedykk ned i første sanddyne.  At i alle fall dei som flokkar seg rundt Jesus, ikkje hysjar ned det ærlege, smertefulle ropet, men er med og heiar det fram. Det ærlege ropet i ope rom.

Stemme for å fremma det ærlege
Det krev mot å bry seg.  Det inneber å heia når media vågar å vera motstemme mot det usanne.  Det kan kreva å bruka eigen stemme for å fremma det ærlege i kyrkja og det sanne i samfunnet. Det kan kosta, men gevinsten er vidunderleg!

Jesus spør:  «Kva vil du eg skal gjera for deg»!  Det kan godt vera at eg har ein smerte eg vil snakka ærleg med han om.  Det kan også godt vera at eg vil svara: «Jesus, hjelp meg til å læra av deg, å møta andre slik at dei går oppreiste frå møtet – og eg er meir sjåande

Ylva Eggehorn har fanga dette perspektivopnande møtet med Jesus i poetiske ord.  Med auge som opnar seg for Jesus i våre tider og våre liv.  Kledd i Benny Andersson sin musikk syng me den svenske kyrkja sin milleniumssalme – på norsk. Norsk Salmebok 364: Så kom du da til sist.

Skjer snart
VÅR JUL - Julekonsert
Lørdag 9. desember, 2023 20:30
VÅR JULChristian Ingebrigtsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal, Gaute Ormåsen og Agnete Saba inviterer deg herved inn i sitt musikalske univers.Menyen er skreddersydd for deg som vil senke skuldrene og fylles av juleglede.Til lyden av klangfulle melodilinjer fra artistene, harmoni med ekte, nær og lun historiefortelling, serveres du de deiligste retter: Fra de nære, norske julesangene til vakre ballader ikledd mektige melodier. Hjertelig velkommen til Vår JulKapellmester Øystein Lund Olafsen. Med Joakim Bergsrønning på diverse treblåsinstrumenter og lokale kor.Billetter kan kjøpes på www.ticketmaster.no
Vi syng til jul
Tirsdag 12. desember, 2023 17:00
Vi syng til jul. Tysdag 12. desember kl. 17:00. Alle velkomne. Arr: Bryne diakoniutval
9:13
Torsdag 14. desember, 2023 17:30
Alle i 4.-7. klasse er velkomne!
JULEKONSERT Blandakoret Frøysang
Lørdag 16. desember, 2023 19:00
Julekonsert Blandakoret Frøysang med gjest Hege Kristin Kjærvoll.Orgel/piano: Per Olav Egeland - Dirigent: Geir Munthe-KaasBillettsal kr 200,- / kr 100,- selges i døren.
UF
Lørdag 16. desember, 2023 20:00
Velkommen til UF til alle frå 8. klasse og oppover!
Familiefokus
Søndag 17. desember, 2023 11:00
Familiefokus v/Jostein Tollaksen og Stein ØdegårdNattverd
Julekonsert Blandakoret Vivace
Søndag 17. desember, 2023 20:00
Søndag 17. desember kl. 20:00 ønsker vi velkommen til et av årets høydepunkter for koret, nemlig julekonsert i Bryne kyrkje.Koret gleder seg til å presentere et variert repertoar, som vi håper du også vil sette pris på.Bl.a. "Joy to the world", Stjerne, på sø og strand", "Nordnorsk Julesalme", og ikke minst våre kjære tradisjonelle julesanger.Solister er : Korister fra korets egne rekker.På orgel : Bodil FagerheimPå piano : Jon Are SkansenDirigent : Pål Espen NielsenVivace ønsker velkommen til konsert.
Innvandrartreff
Tirsdag 19. desember, 2023 19:30
Her kan du komme, få nye venner og oppleve et mangfold av kulturer. Samtidig med at du får øve deg på å snakke norsk.
Powered by Cornerstone