Di kyrkje!
Konfirmasjonshelg april 2024 - Jes.43,18-19

Di kyrkje!

Gud si helsing inn i stressa liv:  «Sjå eg skaper noko nytt!».  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt.  Du treng ikkje streva og stressa med å finna deg sjølv i andre sine responsar og bilde.  Du er allerede skapt i Guds bilde.

Kjære konfirmant.
Dette er di kyrkje! Her vert du konfirmert.  Her er mange av dykk døypte.  Eg god del av meg også!  Du har kome og opna døra til di kyrkje mange gonger dette året, gjerne ein god del år før også.  Kanskje sykkelen sto parkert imens? Attmed ein av dei 2 veggene som vidar seg utover.  Du kjem til kyrkja og ser at ho seier «velkommen inn».  Ho står med ein open famn.  Ho kjem til å fortsetja med det.  Vera di kyrkje på ein spesiell måte.  Du høyrer til, ho er di, og du er alltid velkommen.

Ei kyrkje som opnar og sender
Dei to armane står på framsida også.  Vegger som vidar seg utover. Du ser det tydeleg når du ser den fine glaskunsten frå byen.  Det er som om kyrkja sender noko ut til byen og verda.  Ho sender veldig fin kunst.  Ho sender noko like fint. Deg!  For kyrkja di tenkjer ikkje at alt som betyr noko i livet skal føregå her inne.  Ho vil at du skal ta med deg ut i livet, det som du har fått mens du er her.  Og denne kyrkja di trur, at livet vert betre når du tek med deg ut det du har fått.  Betre for deg og betre for dei rundt deg.

De kjem heilt sikkert til å gløyma mykje av dette året.  Men ikkje at du har hatt eit år her i di kyrkje. Om du gløymer mykje, så veit du at i og før noko hender i livet, så kan du snakka med Jesus. Du veit kor du kan leita og lytta etter Gud sin stemme, slik at du kan gå gjennom livet med tru, med håp, med å elska andre.

Me skal lytta nå. Eit bibelord for dagen. Jes 43:18-19

De skal ikkje minnast dei første ting, 
Ikkje tenkja på det som hende før!
[19] Sjå, eg gjer noko nytt.
No spirer det fram.
Merkar de det ikkje?

Det som var før
Tenk ikkje på det som hende før
…  Merkeleg!  Kvifor det?

For i dag tenkjer me tilbake så auga vert stort og litt vått.  Ikkje sant, mor!  Klump i halsen, for noko er forbi!  Me er ikkje uten det me var før!  Gamle bilder og filmar får det opp i lyset. Me mimrar og nokre held ein tale rundt festbordet. Muligens ein sang? Noko skal inn i album, elektroniske skyer, minnebrikker og harddiskar til framtidig mimring. Alt i livet skal jo ikkje vera ein kort «snap»!

For konfirmantar:  De var noko før de var her.  Baby som eingong var kjælt med.  Pjokk og tulle som stabba dei fyrste stega.  Du vaks opp på brystmelk og flaske, grøt og kjærlighet.  Du utvikla deg på å våga initiativ og sjølvstendighet.  Du utvida stadig livsradiusen.  Tok verda rundt deg i bruk.  Knall og fall. Hyl av gleder og smerter. Men det meste var muleg å veksa på. Og det ser ganske godt ut nå!  Dette er ikkje ein gjeng med kule egotripparar som ikkje ser lenger enn til eigen nase.  Nei, de viser og seier fort kor mykje andre betyr for dykk.  Fyrst og fremst venner og familie.  Men de stilte også opp med sosial samvittighet og hjarta for dei som lid naud, når de gjekk rundt og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp.

Det som hende før, gjer oss til det som er oss.  Me vil jo mimra på konfirmasjonsdagen og tenkja på det som hende før.  Men ikkje gro fast i det

Profeten Jesaja er krystallklar på det punktet.  Livet si retning er framover. Ikkje bakover.  Sånn er det å ha med Gud å gjera.  Gud held på med nye ting, ikkje gamle. Gud vil ha oss til å fokusera framover, på det han gjer og me kan merka, viss me vil.

Å bli vaksen
Når me ser framover: Kva tid er me vaksne då?

Ein ungdom skreiv for nokre år sidan om det å verta vaksen:
Kva tid vert me vaksne?
Du er ikkje vaksen den dagen du er konfirmert.
Du er ikkje vaksen den dagen du er myndig.
Du er ikkje vaksen den dagen du er ferdig med utdannelsen din.
Du er ikkje vaksen den dagen du flytter i saman med eit anna menneske.
Du er vaksen den dagen du tilgir mor di og far din.

Såg de den koma?!   Er det å verta vaksen?  Å tilgje mor og far?  Treng me det i våre dagar?  Er ikkje det ut?  På konfirmantfesten delte eg undersøkelsar som seier at ungdommar er ganske fornøgde med foreldra sine.  Ungdomsopprør er ikkje slik som då foreldra dykkar var ungdommar. Bare spør dei! Mange foreldre gjer mest alt for ungane sine, svir av pengar på klede og leker og duppedittar, kjører på trening, heiar på sidelinja, dei driv stort i support og heiagjeng og transport og trøst, og mange er rett og slett gode å snakka med og lette å gå til, og det kan gå an å tru at døra heim uansett står open. 

Forsont og fri
Kvifor skal det å vera vaksen vera å tilgje mor og far? Svaret på det?  Det er viktig å vera forsont med det som ligg bak oss.  Elles klarer me ikkje å leva framover og vera frie.

Å leva godt med oss sjølv, dei andre og Gud er å vera forsont med det som ligg bak.  Då kan me takka for det gode og leva greitt nok med det vanskelege. Foreldre er tilgitt, om det var mykje eller lite å tilgje dei for.  Poenget er at eg er fri.  Så vaksen at eg kan leva med blikket framover og merka og vera i det som spirer fram. Det som Gud gjer og eg merkar.

Dette er ikkje alltid like lett, anten ein er femten eller førti. Me heng fast i noko som var eller bekymrar oss for noko som kan koma.  Og me slit så med å leva i nået og gripa dagen og merka det som held på å spira fram.

God nok?
1 av 3 ungdommar oppfattar seg visst som kronisk stressa. 1 av 5 har vore borti sjølvskading.  To spørsmål står der og pirkar på innsida:
Er eg god nok? Kva tenkjer andre om meg, og får eg vera med?

Og når mange er mykje på nett og veldig klar for andre sin respons, ikkje bare i eit ansikt, men i «likes og smiley» og alt du kan lesa av ein skjermaktivitet, så vert det ingen pause på dei to spørsmåla. Er eg god nok? Kva tenkjer andre om meg?

Krava kjem trillande, til å prestera godt nok. Få ting til. Lukkast. Det er visst ikkje nok lenger at me skal vera brukbart gode i litt, Me skal helst vera veldig gode i mykje.  Trur me lett.

Konfirmasjonsgave frå kyrkja di
Så då tenkte eg at de skulle få ein skikkeleg og annleis konfirmasjonsgave frå kyrkja di inn i dette.  Det er Gud si helsing:  «Sjå eg skaper noko nytt!».  Heilt nytt. Annleis.
Ei helsing inn i stressa liv.  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt.  Du treng ikkje streva og stressa med å finna deg sjølv i andre sine responsar og bilde.  Du er allerede skapt i Guds bilde.  Ikkje til eit perfeksjonistisk monster som skal leva livet overlykkeleg, sjå ut som drømmeprinsesse og drømmeprins, gjera den karrieren og verta evig huska på jorda. 

Det er nok å vera deg.  Det er nok å vera vanleg. Med raus tabbekvote. Her i di kyrkja likar me å heia på det ekte, ikkje det perfekte. Det er nok å vera den som Gud har skapt deg til.  Heilt unik så du ikkje treng kopiera noko eller nokon.  Heilt vanleg. Ein av alle hans skapningar som er akkurat like mykje elska alle i hop!  For Jesus er god nok! Nåden hans er stor nok. Mykje større enn stresset med å vera god i alt sjølv.

Å byggja livet på nåde
Det er ei ganske nådelaus greie å tru at me må skapa livet vårt sjølv og få verdien vår frå andre sin bekreftelse. Sånt er å byggja huset på sandgrunn. Det står ikkje i stormen.

Å byggja det på Jesus og hans ubetinga nåde og kjærleik er fjellgrunn. Den gode vegen som ikkje er å konkurrera ut andre eller fortena andre si beundring.  Bare vera heilt grunnleggande elska. Bare vera i det glitrande livsprosjektet å setja andre før seg sjølv.  Så du har mykje å gje andre og lite å stressa over sjølv.

Og kanskje kan du høyra Gud sin stemme frå konfirmasjonsdagen kviskra inni deg, mens du lever det gode vaksne livet ditt, fritt frå stress og nådelause krav:
Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram.

Merkar de det ikkje?

Veldig mykje lukka til med dagen og livet!

Powered by Cornerstone