Å leva med open hand
Kveldsgudsteneste 21. sundag i treeiningstida 2021 - 5.Mos.15,7-11

Å leva med open hand

”Opna hendene for bror din,” seier Gudsordet, på kvelden som utfordrar til å sjå samanhengen mellom lovsangen til Gud og kamp og omsorg for andre skapningar og alt liv.

Opna hjarta og handa for bror din! Ikkje lukk ho!
Der er himmelvid forskjell på ei open og ei lukka hand. 

Lukka hand
Ei lukka hand kan ikkje ta imot.  Ei lukka hand kan ikkje arbeida.  Ei lukka hand kan ikkje kjærteikna.  Ei lukka hand kan ikkje ta nabo og venn i hånda. Ei lukka hand kan ikkje gje.  Ei lukka hånd er ei ulukke. 

Hadde eg gjort eit eksperiment og prøvd å leva ein heil dag med hendene konsekvent lukka, så hadde eg fått eit kjempeproblem.  Eg hadde vel helst tusla halvnaken rundt heime, svolten og hjelpelaus.  Uten humør og ikkje til å koma i nærheten av.  Vert det for mykje lukka hender, får både eg og andre li.

Open hand
er noko ganske anna.  Ei open hand kan ta imot.  Ei open hand kan gje.  Ho kan arbeida.  Ho kan kjærteikna. Ho kan ta nabo og venn i handa. Ho kan kommunisera med andre med å tasta. Bare prøv!  Ho kan gje.  Ho er Bibelen sitt bilde på det gode livet.  Ei open hand som tek imot livet frå Gud si opne hand.  Ei open hand som deler med andre det ho sjølv har fått.  Ei hand som veit kva takk er.  Ei hand som veit kva fellesskap betyr.  Ei hand som veit kva solidaritet er.  Ei hand som kan lyftast og la takk verta til lovsang med adresse.  Ei hand som kan engasjera seg i kamp for alt anna som lever.

Å akseptera forskjellen
Det er ikkje alltid like lett å akseptera forskjellen på ei opna og ei lukka hand.  Apekattar slit med det og derfor har dei utvikla ein ganske spesiell fangstmetode i India.

Når dei fangar apekattar, skjer det ved å bora hol i ei kokosnøtt, skrapa ut innhaldet og fylla nøtta med eit par nevar med ris. Så festar dei nøtta til foten av eit tre og gøymer seg. Visstnok skjer det same kvar gong. Apekatten luktar seg fram og stikk neven i holet, får tak i litt ris, knyter hånda - og kjem ikkje ut igjen. Holet er for lite for ein knytta neve. Apekatten prøver kva som helst for å få neven ut, men slepper aldri risen. Jegerane kan bare gå roleg fram og ta han. Han skrik og piper, men slepper ikkje.

Me forstår at det helst ikkje skulle vera historien om oss.  At hendene lukkar seg så fast om det me har lyst på at dei ikkje kan opnast. At lukka hender gjer oss til fangar for eige grep.  Grådig lyst på meir styrer oss, og tek livet av oss. Det vil sei:  Det går ut over dei fattige på jorda først. Og anna liv enn menneskelivet. Både klimaendringar og skeivfordeling av goder gjer det.   

Ei lukka hånd er ein katastrofe.  Ho har ingenting å gje og dela med seg.  Ikkje sjelden vert ho ein knyttneve når ho fyrst er lukka.  Ein knyttneve som klagar og krev meir. Til og med i det landet som stadig vert kåra til det beste å bu i. 

Lovsang og kamp for skaparverket
Opna hendene for bror din,” seier Gudsordet på kvelden der me vert utfordra til å sjå samanhengen mellom lovsangen til Gud og kamp og omsorg for andre skapningar og alt liv.  Det er budskap frå Gud.  Frå han som opna si skaperhånd og delte med seg: ein livskraftig planet, full av mangfoldig liv og finstemte samanhengar.  Gud opna si hånd og gav oss livet og held det oppe.  Me har fått det fritt – og godt. 

Me har fått det med helsing om at Jesus er komen som frelsar og bror.  Han som viste kva det er å leva med opne hender.  Han som like mykje opnar hendene i dag og tek imot den som strevar og reiser opp den som fell. Open hand som lyftar oss i fang, stryk og kjærteikner, fyller livet med meining og sorger med håp.  Guds hånd er open.  Vår hand får vera open for å ta imot i nattverden og verta fylt av noko godt i bønnevandringa.  Open hånd for å ta imot. Nåde me kan få som ein gave, og gje raust vidare.

Så opna handa for bror din.  Kan hende er han fattig og treng at me deler godene og tek vårt ansvar for leveleg klima på jorda.  Kan hende er bror vår ein plante, eit dyr, eit insekt, ein art i eit økosystem der alt heng i hop med alt.  Det livet som lovsyng skaparen og treng vår kamp med opne hender.  Eg trur at dei som ofte lovsyng skaparen og frelsaren, dei bryr seg om alt det skapte, dei har omsorg der andre slit.

Den opne hands løfte
Ei open hand kan ta imot, ho kan gje, og ho kan be.  Opna handa mot bror din og fold ho i takk til Gud.  Då har bibelordet eit løfte som kviler både over samfunnet og dei som lever:  ”Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.”

Powered by Cornerstone