Kven skulle vi gå til?
6.sundag i openberringstida 2025 - Joh.6,63-69

Kven skulle vi gå til?

Kyrkja vår er ein open famn som ønskjer å invitera alle inn. Mange fyller ho gjennom veka.  Men kyrkja har også ei open bakdør, der folk fritt kan velja å gå. Me er ikkje ei sekt, men eit fritt, ope fellesskap.

Eit spørsmål og eit svar. Du kunne sikkert ha høyrt den berømte knappenåla falla. Eit lite klirr i bakken. Dørgande stilt.  Djupt alvor.  Eit vippepunkt.  Kva veg bikkar det nå?

«Vil de òg gå bort?»  Trekkjer de dykk nå?  Slik mange andre har gjort.  Det er Jesus som spør.  Han spør sine mest betrudde folk, dei tolv han hadde i opplæring, dei han hadde vist og gitt så mykje. «Vil de òg gå bort?» 

I tenkeboks
Kva skulle dei svara?  Kva skal me svara når spørsmålet kjem, direkte frå boka som er Guds Ord til alle tider?  «Vil de òg gå bort?»  Dagens utfordring.  Tek me ho på strak arm?  Er svaret klart, eller må me tenkja oss litt om…

Eg trur faktisk dei tolv disiplane måtte i tenkeboksen.  For dei var ikkje akkurat i begeistringsrus.  Det gjekk ikkje supergodt for tida.  Og det er ikkje lett å stå på valg når det går ringt.  Du veit ikkje om du skal stemma ja eller nei, ut eller inn.  Viss du begynnar å tvila på ledaren, eller det er kamp om kva veg det nå bør gå.  Det veit alle som følgjer med på politikken sine oppturar og nedturar.  Når gallupen viser feil tal, når oppslutninga minkar, når partiledarar seier ting som får pila til å bikka endå meir feil veg. Kven kan snu stemninga? Det er ikkje kvar dag du kan få ein tidlegare statsledar til finansminister, og snu alt. Det er ikkje lett å koma med dei forløysande svara når oppslutninga stuper.

Jesusbegeistring
Kva hadde hendt rundt Jesus?  Kva hadde fått pilene til å dala? For det hadde jo sett godt ut ganske lenge.  Jesus hadde talt stjerner i augene på folk. Varme og nye ord om Gud og hans rike. Han hadde møtt folk i behova deira, gjort sjuke friske, reist opp tilsidesette og ulukkelege, gjort teikn som opna augene for Guds rike.  Han hadde kort og godt begeistra! 

Johannesevangeliet er skrive slik at det fortel nokre få, utvalde, viktige glimt om dette. Nokre av dei får me på sundagane i kyrkja si openbaringstid. Poenget er å visa kven Jesus er. Jesus samlar disiplar rundt seg og inviterer dei til å koma og sjå kva han gjer.  Han gjer vatn til vin og bergar ein bryllupsfest. Han samtalar med ein søkjande Nikodemus om å bli fødd på ny. Han får ei kvinne frå Samaria til å lengta etter noko betre enn ho hadde kome på å leita etter på andre måtar. Han helbredar ein som hadde vore hjelpelaust sjuk i 38 år ved Betesdadammen. 

I dag er det kapittel 6, som startar med den store begeistringa. Folkevandring i landskapet rundt Genesaretsjøen!  Ryktene sender store folkemengder til Jesus.  Dei finn han, der han underviser disiplane sine.  Dei får mat i øydemarka.  Dei ser at dei er mange tusen, og ryktene går: Jesus hadde velsigna ein liten gut si niste, eit under med 5 brød og 2 fiskar. Mat til alle! Dei vil gjera Jesus til kongen sin. Men han trekkjer seg vekk og opp i fjellet.  Dagen etter leitar dei etter han, men finn han først på den andre sida av sjøen.  Dei hungrar etter undervisning og trur dei skal verta metta, slik dei vart av brød og fisk.

Altfor mykje
Dei får mykje mat for sjela. Men gradvis begynner det å demra at Jesus er radikal.  At brødunderet er peanuts mot det at Jesus presenterer seg sjølv som Guds brød frå himmelen.  At det å tru handlar om ein relasjon til Jesus.  At han er livets brød og du skal og kan koma til han som ein hungrande.  Faktisk eta kroppen hans.  Drikka blodet hans.  Han har evig liv å gje.

Det vert for voldsom kost for mange.  Dei trekkjer seg vekk. Dei har fått nok.  Dei går bort, ikkje fordi dei har fått for lite av Jesus, men det blei for mykje.  Meir enn dei kunne ta imot.  Først talte han så folk strøymde til.  Så talar han så folk stikk av.  Først virkar det som han vil vera noko for alle.  Så provoserer han, så berre dei få blir igjen.  Først er han inkluderande og raus og tilstede for alle.  Så er han overtydeleg, slik at dei fleste skygger banen.

Kommunikasjonsekspertar ville nok ha slakta slikt, viss målet var å få mange med seg. Kva er det med han? Kva er det med folk? 

Er det slikt som skjer i dag også?  Når folk dreg seg unna og ikkje synleg følgjer Jesus, slik dei gjerne gjorde før?  Er det fordi dei har fått for mykje Jesus eller for lite Jesus? For store dosar? Eller berre at det greier seg med forbildet Jesus. Det er vanskelegare å tru på han som verda sin frelsar og følgja han som min Herre.

Tru på retur?
Kva kjenner de på for tida? Korleis er oppslutninga om trua?  Merkar de begeistring for Jesus?  Rundt dykk? I dykk?  Er kyrkja og oppslutning om Jesus på retur eller på gang? 

Me snakka om dette sist veke, både i soknerådet og i gruppa som har planlagt denne gudstenesta.  Kyrkja vår er ein open famn som ønskjer å invitera alle inn, og mange fyller ho gjennom større deler av veka.  Men kyrkja har også ei open bakdør, der folk fritt kan velja å gå. Me er ikkje ei sekt, men eit fritt, ope fellesskap. Me er kjempeglade for alle som vil vera konfirmantar, og lurer på kva det er som gjer at mange ikkje legg større del av livet sitt her i kyrkja etterpå.  Me sjekkar jo statistikk, og ser nokre piler gå ned, og andre gå opp.  I fjor var det mange og store dåpsfølgje og mange som ville på skulegudsteneste og julaften. Me som møter folk i sorg og krise, veit kor mykje kyrkja og tru, håp og kjærleik kan bety når livet er sårt og skjørt.

Eg kunne ha sagt meir om slike ting, og de kunne latt tankane sviva om det går opp eller ned med kyrkja og kva Jesus betyr.
Men veit de kva?  Det er ikkje der me skal i dag.  Det har kome eit direkte spørsmål.  Godt muleg inn i dalande oppslutning i dag også, men eit utfordrande spørsmål er det:  «Vil de òg gå bort?»

Kven skal me gå til?
Dei tolv sto der og visste:  «Nå må me velja!  Nå er det oss det gjeld.»  Så Peter tok ordet, litt forsiktig først, ganske nøkternt og jordnært:  «Herre, kven skal vi gå til?  Kva er alternativet? Ja, me har alltids båtane og fiskegarna, venner i landsbyen, eit daglegliv som går ganske greitt å gå tilbake til.»

Ja, er det ikkje det me også har?  Heim å bu i, familie å støtta oss til, skule og arbeid, gode venner. Kven skal me gå til? Mor! «Me går til morer», slik Svein Tang Wa syng, og morsdagen får fart på. Mor kan me gå til med takk, eller spørsmål. Og kan me ikkje gå til mor med ganske alt, så kan me kan alltids gå til KI, til google, sosiale medier og fastlegen og coachen når me står litt fast.  Treng me plent Jesus for å få dagleglivet til å sviva?

Peter må ha sett og funne noko anna og meir.  I vandringa med Jesus hadde han sett noko og fått noko som ingen andre kan gje.  Noko som fylte dei djupaste behova, som svarte til lengt og draumar ut over det daglege, noko som la eit varmt lys og ei veldig meining over kvardagen. Himmel over livet. Han måtte sei kva det var.  Bekjenna det:  «Du har det evige livs ord.  Og vi trur og veit at du er Guds heilage».

Undring over livet
Me har alle lurt på kvifor me er til.  Me har undra oss over det mysteriet og underet livet er. Me kan grina av glede over eit nytt liv i magen og i fanget. Me kan veksa inni oss når me vert ungdommar, eller foreldre, og er oss sjølv på ein ny måte. Me kan få så lyst til å ta vare på hjarta vårt framfor alt me tek vare på, for me anar med Ordspråka at livet går ut frå det, og det vert liv av å følgja god veiledning. 

Og rett rundt neste sving må me kjempa med dei dårlege sidene i oss.  Kvifor gjer me ikkje meir av det gode me eigentleg vil?  Kvifor er eg svak i fristelsar?  Kor kjem kjærligheten frå? Kvifor døyr celler, og kroppen aldrast og døyr?  Kor kjem me frå og kor går me? Kor har me fått alt dette nydelege og vanskelege, og korleis skal me leva med det?

Peter hadde sett kven han kunne gå til og få lys og meining og tilgjeving og håp. Der fekk han sin djupe identitet.  Han var ingen ubetydeleg tilfeldighet i verda. Han var skapt av Gud og elska av han som ville gje livet for han. Han var ikkje bare kropp, men ånd som hadde fått Guds pust i seg.

Det evige livs ord
«Du har det evige livs ord!»  Du har det som ingen andre kan gje, Jesus.  Eg skal ikkje råtna i ei grav som det siste som skjer.  Eg skal ikkje måtta plagast av skuld og vond samvittighet.  Eg skal ikkje mangla deg som høyrer bønner. Når eg er verkeleg tørst, skal eg koma til deg som inviterer alle til å få livets vatn i gåve.  Eg fekk det i gåve i dåpen, til eit liv med framtid og meining. Aldri åleine. Aldri utan deg.  Eg veit kor eg kjem frå, kven eg er og kor eg går.  Og svaret er deg, Jesus.  Du har det evige livs ord. Dette fantastiske livet skal overgås av noko endå større etter døden.  For du er Guds heilage.  Du har det evige livs ord.

Nå blei det visst min bekjennelse også i hop med Peter sin.  Kjenner du at det er din også?
Viss du kjenner det, så er det to veldig gode ting som skjer her.  Dei har eg lyst til å avslutta med.

Det eine er at du bekjenner deg til eit liv i hop med Jesus.  Du gjev han det svaret som gjer at du har evig liv, frelse, framtid og håp.  Det evige livs ord er ditt.

Trua si framtid
Det andre er at det er dette som er trua si framtid:  Å sjå og bekjenna kven Jesus er. Om kyrkja veks og trua pregar lokal-miljøet og når til jorda sine endra, handlar ikkje mest om kva veg pilene ser ut til å gå. Det handlar om å bekjenna kven Jesus er, og følgja han!

Den kristne kyrkja lever og veks på bekjennelsen av Jesus. Å sei til han kven eg trur på. Å ta kristen tru og tradisjon vidare i min heim og mi slekt. Å sei til Jesus kven han er for meg, er nøkkelen. Kven som helst kan gje den gode bekjennelsen vidare, og mange vil lika å høyra han og dela han:  «Herre, kven skulle vi gå til?  Du har det evige livs ord.  Og vi trur og veit at du er Guds heilage».

Powered by Cornerstone