Byggja fellesskap
Kveldsgudstenesteserien Korsvei i krisetider 2024 - 1.Kor.4,3-11

Byggja fellesskap

Viss du er litt deppa fordi du trudde at du og kyrkja di skulle ha vore sterkare lys i kulturen og varmare stove i byen, så høyr at det er berre Gud som gjev vekst.

Rett til det viktigaste først!
For oss som vil byggja fellesskap. 
Samla i plassen for å splitta.
Bera på det lysande håpet i urolege tider.
Eiga eit mot som ikkje vert tappa ut av slikt som hender.

Det viktigaste først:
Det er Gud som gjev vekst.  Berre Gud.
Det er Jesus Kristus som er grunnvollen i eit byggverk som står. Berre Jesus. Slik er apostelorda om det viktigaste.

Paulus er overtydeleg, anten han er i metaforar frå åkerlandet eller frå byggebransjen.  Berre Gud gjev vekst, når me tenkjer på organisk åndeleg vekst og frukt. Gud i sentrum.
Berre Jesus Kristus kan vera grunnvollen når me tenkjer å byggja Guds kyrkje. Jesus i sentrum.

Det er fint at Paulus seier dette så sterkt i ein by og ein kyrkjelyd der nokon ikkje snakkar godt i hop, der det vert splittingar og fraksjonar, der kulturen er polarisert. Der han både må skjenna, undervisa og oppmuntra. Der han ender med å sei kva som vert ståande til sist: Tru, håp og kjærleik.

Kvilerom og boltrerom
Viss du er litt deppa fordi du trudde at du og kyrkja di skulle vore sterkare lys i kulturen og varmare stove i byen, så høyr at det er berre Gud som gjev vekst. Det er ikkje noko menneske si ære om noko går godt.  Det er ikkje plent nokon sin feil når veksten ikkje er så synleg.  Dette er trua og tenesta sitt kvilerom: Det er Gud som gjev vekst.

Alt er ikkje kvilerom.  Det finst boltrerom også.  Noko som er viktig, men ikkje viktigast.  Nokre sår, nokre plantar, nokre vatnar, nokre byggjer, mange bed, nokre opnar heim og hjarte, nokre er lyttande øyre, nokre ser når andre slit og stiller opp, nokre gjev jernet for barn og unge, nokre deler eit gudsord, nokre er å stola på blant arbeidskollegar, mange har fellesskapet sitt midt oppi ein teneste det er bruk for. Ja, nokre ….

Paulus kallar slike for tenarar som hjelpar andre til tru.  Og til mot og håp.  Slike som byggjer fellesskap.  Om det viktigaste.  Jesus i sentrum.  Med det viktige.  Varmt auge for andre.

Det er eineståande fint å vera ein del av eit slikt fellesskap. I den opne famns kyrkje. Akkurat nå, akkurat her. Takk og takk!  Ei kyrkje som er så i hop om det viktige.  Og kviler i det viktigaste.

Vegvisarar
I haust skal me følgja nokre vegmerker for å følgja han som står i sentrum og for veksten.  De får god stille tid rundt bønneborda med dei 4 vegvisarane til Korsveifellesskapet seinare i kveld.  Bruk tida godt, og ber dette med deg vidare i haust.  Det er lov å ta eit bilde av bønneborda til personleg bruk også.

Me er også inne i ei tid med fokus på kva kyrkja har bygd og Gud har fylt kulturen med.  900 årsjubileum for bispedømmet til våren. Eit land bygd med kristenrett og landslov, med menneskeverd, med nestekjærleik, med omsorgsarbeid.  Varige spor.

Det hellige i menneskers hender
I mange år har eit ord av Sigrid Undset fulgt meg.  Det passar til jubileet og til bibelteksten i dag:  «Kirkens historie er historien om det hellige i menneskers hender.»  Den er djup!  Eit hellig under i meir eller mindre tenande, og tenlege, menneskehender.

For meg personleg er trua eit under.  Noko eg får ta imot i ganske tomme hender.  Og plutseleg stå der med hendene så uendeleg fylt av overraskande nåde.  Og like gjerne folda hendene og be om under og vekst som ennå ikkje er å sjå.

Salme
Eg har skrive ein fersk salme om det, i samarbeid med ein av domorganistane.  Me skal syngja han nå.  Versa ønskjer å ha den treeinige Gud i sentrum og munnar ut i ei bønn om å vera kyrkje som ikkje er oss sjølv nok. 

Den midtre delen prøver å seia noko om kva kyrkja har vore og kan vera i kulturen vår. Med litt opne adjektiv og verb om kva den treeinige Gud og følgjarane hans held på med.  Ord om det hellige i menneske sine hender. 

Må Gud gje vekst, og me vera med og byggja! Og be!

Som under i tomme hender
driv bølgjer av lys mot vår jord.
Ein undrande takk vi kjenner
for skaparens skattar her nord:

Songen som aldri kan stilna,
omsorg som alltid kan mildna,
varige spor i kulturen,
bevande steg i naturen.

Å, Gud, gje oss kraft til å vera,
saman som kyrkje på ferda,
ditt skapande under i verda.

Som under i fylte hender
kjem nåde og fred i ditt ord.
Du løftar oss opp til venner.
Takk, Jesus, vår frelsar og bror.

Sjå, slik at lengtande sansar.
Følgja, så vaklande dansar.
Elska fram freden på jorda.
Pusta ut nåde i orda.

Å, Jesus, gje lys til å bera,
saman som kyrkje på ferda,
din bergande kjærleik til verda.

Som under i folda hender
smyg håpet om framtid seg inn.
Guds Ande gjev mot og tenner
eit lys som driv mørke or sinn.

Forma dei gripande orda,
dekka dei gjestfrie borda,
verja den sukkande jorda,
velja dei varige spora.

Å, Ande, gje mot til å vera,
saman som kyrkje på ferda,
ditt varmande håp til all verda.

Powered by Cornerstone