Stressa konfirmantar?
Konfirmasjonshelg april 2015 - Jes.43,16-19

Stressa konfirmantar?

Er eg god nok? Kva tenkjer andre om meg? Blir det nokon gong pause på dei to spørsmåla når mange konstant er online og på søk etter andre sin respons, ikkje bare i eit ansikt, men i «likes» frå ein skjerm? Opplegg til stress? Nådelaust press?

Nokre øyeblikk er akkurat slik som nå: Dei har i seg fortid, nåtid og framtid. Dei ber det som var før og det som skal koma, med seg inn i det som er akkurat nå.  Alt er der nå. Intenst, på same tida. Den me var eingong, den me er, kva i alle dagar me skal bli? Mens auga blunkar, er det som var og det som kjem, med i det som er. Akkurat nå.  Slikt vert det blanke auge av.

Merkedagane
Merkedagane i livet er slik.  Fødsel, dåp, konfirmasjon, bryllup, ei rund feiring.  Og me veit godt kva det er akkurat nå.  Fest når me putlar og går over frå barn til vaksen. Fest for fullført konfirmantår.

I kyrkjene denne helga vert det preika over ein gammal bibeltekst. Eit profetord fortel korleis Gud vil me skal ha fokus i dei øyeblikka der fortid, nåtid og framtid møter kvarandre.  Så dette passar jo perfekt til konfirmasjonsdagen!

Jes 43:18-19

De skal ikkje minnast dei første ting, 
Ikkje tenkja på det som hende før!
Sjå, eg gjer noko nytt.
No spirer det fram.
Merkar de det ikkje?

Tenk ikkje på det som hende før…  Merkelege ord!
Visst skal me tenkja på det som var.  Sjølvsagt skal me ha med oss historien vår.  I dag tenkjer me tilbake så auga vert både stort og vått.  Ikkje sant, mor!  Klump i halsen, for noko er forbi! Og me er ikkje uten det me var før!  Sangar hentar det fram.  Gamle bilder får det opp i lyset. Kanskje ein og annan tale rundt festbordet også?

Det som hende før
For konfirmantar:  De var noko før de var her.  Baby som eingong var kjælt med.  Pjokk og tulle som stabba dei fyrste stega.  Du vaks opp på brystmelk og flaske, grøt og kjærlighet.  Du utvikla deg på å våga initiativ og sjølvstendighet.  Du utvida stadig livsradiusen.  Tok verda rundt deg i bruk.  Av og til med knall og fall.  Men det meste vart til vekst, til ny innsikt, til nye ferdigheter.  Og det som er gildt å registrera for konfirmantpresten dykkar, er at de ikkje har vorte ein gjeng med kule egotripparar som ikkje ser lenger enn til eigen nase.  Nei, de viser og seier fort kor mykje andre betyr for dykk.  Fyrst og fremst venner og familie.  Men de stilte også opp med sosial samvittighet og hjarte for dei som lid nød, når de gjekk rundt og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp.

I dag må de stilla opp for fotografane, og de må tåla at gamle bilder dukkar opp.  I dag må de takla ein tale og alt den kjem til å mimra om. Idag kan de måtta finna dykk i ein sang om det som var.  Og noko av det som skjer i dag, skal inn i album, minnebøker, elektroniske skyer, minnebrikker og harddiskar til framtidig mimring. Alt skal jo ikkje vera ein kort «snap»!

Gud held på med nye ting
Å tenkja på det som hende før, hjelper oss til å sjå livet vårt i perspektiv. Historien vår gjer oss til det som er oss.  Derfor er det fint å mimra på konfirmasjonsdagen og tenkja på det som hende før.  Men ikkje gro fast i det!  Ikkje sitja og dagdrøyma om gamle gyldne stunder og sippa over tapte tider. Profeten Jesaja er krystallklar på det punktet.  Livet si retning er framover. Ikkje bakover.  Sånn er det å ha med Gud å gjera.  Gud held på med nye ting, ikkje gamle. Gud vil ha oss til å fokusera framover, på det han gjer og me kan merka, viss me vil.

Magasin med tilbakeblikk og framblikk

2 av dei siste Pluss-magasina til Stavanger Aftenblad ser bakover og framover for å gje perspektiv på det å leva nå.

Først ei 75-årsmarkering: 10.april 1940 stikk Anders Kras innom fødselsklinikken på Stavanger sjukehus for å helsa på kona og sin nyfødte son.  Så syklar han til Dirdal for å kriga og vera med i motstandskampen. Absurd situasjon! Sterk historie!  Det er mange av dei.  Skular og media gjev for tida mange gode innblikk i okkupasjon og krig for 75 år sidan og frigjeringa i mai for 70 år sidan.  Me skal tenkja på det som hende før! Me skal æra dei som har kjempa og ofra.  Me skal læra av historien for å hindra at urett og destruktive tankar og verdiar får gro fram i vår tid.

Det andre Pluss-magasinet fortel om nåtid og framtid. Om Ine som svever.  Ei av 14.973 ungdomsskuleelevar i Rogaland som fortel om ønskje, seire og nederlag.  Kva ser ungdommar når dei ser framover?  Den store Ung-dataundersøkelsen gjev ein del innblikk i ungdommar sine tankar og innstillingar. Mykje av det gjev grunn til optimisme og framtidstru, og noko fortalde eg om på konfirmantfesten.

Stress som kjenneteikn på samfunnet

Ein ting er ei stor bekymringsmelding. Når ungdommar vert spurd om kva som mest kjenneteiknar samfunnet dei lever i, så svarer 51,3%:  STRESS.   Og dette er stress dei ikkje bare ser rundt seg, men kjenner på kroppen.  1 av 3 ungdommar oppfattar seg som kronisk stressa.  1 av 5 har vore borti sjølvskading.  Dei to spørsmåla som står der og pirkar og pirkar på innsida er:
Er eg god nok?
Kva tenkjer andre om meg?

Og når mange alltid er online og er på søk etter andre sin respons, ikkje bare i eit ansikt, men i «likes» frå ein skjerm, så vert det ingen pause på dei to spørsmåla.

Er eg god nok? Kva tenkjer andre om meg?

Gode i alt?
Og skulle me klara å frigjera oss frå meldingar frå skjermen og suget etter andre sin oppmerksomhet, så kjem fort krava trillande likevel, til å prestera godt nok. Ytre forventningar aukar når me vert vaksne.  Indre draumar og krav vert lett meir og meir grådige.  Det er visst ikkje nok lenger at me skal vera gode i litt, eller litt gode i meir. Me skal helst vera veldig gode i alt.  Trur me lett.  Vil me lett.  Slikt vert det stress av!

Konfirmasjonsgave frå kyrkja.
Så då tenkte eg at de skulle få ein skikkeleg og annleis konfirmasjonsgave frå kyrkja inn i dette.  Det er Gud si helsing:  «Sjå eg skaper noko nytt!».  Heilt nytt. Annleis. Ei helsing inn i stressa liv.  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt.  Du treng ikkje streva konstant med å finna deg sjølv i andre sine responsar og bilde.  Du er allerede skapt i Guds bilde.  Ikkje til eit perfeksjonistisk monster som skal leva livet overlykkeleg, sjå ut som drømmeprins og drømmeprinsesse, gjera den karrieren og verta evig huska på jorda. 

Det er nok å vera vanleg
Det er nok å vera deg.  Det er nok å vera vanleg. Med raus tabbe-kvote. Det er nok å vera den som Gud har skapt deg til.  Heilt unik så du ikkje treng kopiera noko eller nokon.  Heilt vanleg, som ein av alle hans skapningar som er akkurat like mykje elska alle i hop!

Har du fått med deg den kristne trua på Gud som vår gode skapar og Far, så har du fått ein plass å finna kvile frå perfeksjonistisk stress og slitsomt jag etter å skapa deg sjølv.

Det er nok å vera elska
Og har du fått med deg den kristne trua på Jesus som frelsar og venn, så trur du at Gud elska oss så høgt, at han ga Jesus for oss.  Du treng ikkje jaga etter å vera god nok, for du er elska nok.  Jesus fortel med korset sitt at du er elska også heilt inn i alt det du ikkje lukkast med.  Inn i det som går skeis og galt og sender skuffelse inn i både dine og andre sine auge. Det er ikkje for ingenting at me kvar sundag i kyrkja seier fram ord om slikt som er galt og vondt i livet.  Slik er faktisk livet. Og korset fortel at me alltid kan leggja bak oss vanskeleg fortid. Korset seier: Jesus er god nok! Du får leva i hans seier og ausa av hans tilgivelse.  Nåden er stor nok. Mykje større enn stresset med å vera god i alt sjølv.

Stresset med å skapa oss sjølv
Det er ei ganske nådelaus greie å tru at me må skapa livet vårt sjølv og få verdien vår frå andre sin bekreftelse. For til forskjell frå skaparen vår, kan me menneske ikkje skapa av ingenting.  Me må ta frå andre.  Tæra på dei, eta oss inn på deira område, verta meir ved at dei vert mindre, stemma dei ut i konkurransar, få til å skina og glinsa på deira bekostning.  Sånt vert det nådelaust stress av og mange taparar.  Det er deg eller ein annan.

Guds stemme frå konfirmasjonsdagen
Høyrde de kva Jesus sa i evangeliet i dag.  Den gode vegen som ikkje handlar om å konkurrera ut andre eller fortena andre si beundring.  Bare vera heilt grunnleggande elska.  Bare få det glitrande livsprosjektet å setja andre før seg sjølv.  «De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.»

«Eit nytt bud», kallar Jesus det.  «Sjå, eg gjer noko nytt», seier profeten sin Gud, «No spirer det fram.  Merkar de det ikkje

Kan hende merkar de det når me bed for livet og framtida dykkar.  At trua og Jesus får fylgja deg gjennom livet.  Bera deg når livet smertar.  Vera engasjement i kyrkja di og eit lys i samfunnet. Så du har mykje å gje og lite å stressa over.

Og kanskje kan du høyra Guds stemme frå konfirmasjonsdagen kviskra inni deg mens du lever det gode livet ditt, fri frå stress og nådelause krav: Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram.

Merkar de det ikkje?

Lykke til med livet og framtida!

Powered by Cornerstone