Ærefrykt for jorda
På kulturkvelden her i kyrkja i mars i år fortalde eg om to situasjonar i livet der eg kneler. Å knela er fysisk. Ei handling. Ei handling med kjensler. Å knela er å bøya seg på kne i ærefrykt, for noko stort, eit mysterium, noko det går an å våga å kalla hellig.
Eg kneler her, i dette rommet. Mange ser at eg gjer det.
På kne mot jorda
Men eg kneler også der få ser meg. Då ligg ikkje handa falda på altarbordet, men ho er senka heilt ned i det basale, ned i jorda. Eg ligg på kne med rosesaks og med hender som vil luka og gjødsla. Eg må ned på kne for å få til eit resultat eg ønskjer. Men det er også eit mål i seg sjølv å knela. Då kjem lukta. Tørr jord eller fuktig. Organismar i arbeid. Spirer av grønt. Summing av insekt og kvitring av fuglar finn øyra. Jordlukt er ein fryd. I den er barndommen. Tynning av kålrabi. Luking i potetene. Lukt frå barndom gjenskapt i dag. Jorda er lukta av det som gjev mennesket noko å leva av – og for nokre også å leva for.
Jorda er barndom på gard, det er kjøkkenhagar og blomsterbed i 1 og 2 og 3 prestegardar og liv i hus og hytte. Eg kneler gjerne. Ikkje bare for noko som auga vil sjå, eller munnen etter kvart vil smaka, men også fordi jorda er verd å knela for. Ho ber med seg lukta av eit heilt liv. Ho er eit mysterium av liv, som ein mann godt kan gje gode vilkår.
Dette er min nære draum. Mi grøne jord.
Truga jord
Det har vorte viktigare etter kvart å knela slik. For jorda er truga. Matjordressursane i Norge er knappe. I den store verda tørkar jord opp til ørken, av sol og varme utan sidestykke, eller storflaumar skyflar ho til havs. Mat vert knapp ressurs. Natur går tapt, både den som bevarer artsmangfold og klima, og den som kan brukast til mat nok for alle.
Så kva gjer me? Personleg? Bønder. Litteraturelskarar. Kyrkjemedlemmar. Dei som lever av og med jorda, eller av og med orda. Ingen av oss ønskjer å vera ein vesentleg del av problema. Mykje heller av løysingane og framtida.
På kne i kyrkja
Så då kneler eg ned i endå djupare meining i kyrkja. Eg er jo ein av dei som er komen av jord og har fått livspust blese inn av Gud (1.Mos.2,7)! Eg kneler ikkje bare for jord og plantar, men for Gud. Ikkje bare i mold og på gras, men ved altarbordet. Kvar sundag til den bønna som heiter syndsvedkjenning, for livet og verda og jorda også. Eg kneler for meg sjølv, i hop med dei som er der den sundagen, og på vegne av alt som lever, med eller utan ei tru. I klageropet kyrie og i lovsangen gloria. Ærefrykt for jorda og livet, og det vanlege og det hellige, er uttrykt i same type handling. Eg kneler. Og i kyrkja på sundag deler me orda om dette i felles bønn og song.
Ikkje minst kneler eg til nattverd. For å ta imot elementa frå jorda som Gud har knytta sitt mest hellige til. Jesu kropp og blod, i brød og vin frå jorda. Ærefrykt for jorda er på ein heilt eigen måte jorda sine gavar, som Gud har knytta det helligaste mysteriet til.
Å knela med dei eldste og yngste
Etter kulturkvelden i mars har eg kome på eit par andre situasjonar der eg kneler. Når mor som sit i rullestol, skal få ha fotobøkene i fanget, slik at auga hennar kan sjå episodane i det lange livet i best perspektiv. Då er det best å knela ved sida av, peika, bla og lytta. Ærefrykt det også. For mor og eige opphav.
Eller når barnebarna spreier klossar, leiker, bilar og ballar utover golvet, då er det berre å knela. For leiken, for dei som veks til, dei som skal arva og ta over. Ærefrykt for generasjonen som kjem.
Generasjonane før og etter er verd å knela for, knela saman med.
Kva misser me viss me ikkje kneler?
Får livet rulla heilt i sin eigen tralt og tyngde? Sløvnar tankane så me sovnar på post? Får hjernevasken i tida fritt spelerom, så me er litt meir tilpassa kvar gong me trur me vaknar? Går og spring me i eit stress som ikkje har ro i seg? Misser me ærefrykta som kan halda grådighet i sjakk og pengemakta på avstand? Glir me over i eit instrumentelt syn på jorda?
Å knela er ei handling i ærefrykt. Det er å bøya seg, så eg sjølv ikkje vert for stor. Noko og nokon får vera større. Det vert rett og slett ikkje lov å ha eit reint instrumentelt syn på eige hagebruk. Eller på jordbruk og arealkampar i eit større perspektiv.
Å våga ordet ærefrykt
Dei siste åra har stiane i utmark, hei og fjell vorte fleire og breiare. Natur og friluft dreg det travle bymennesket ut i ope landskap. Det gjer så godt for kroppen og for sinnet. Er uformell læring og terapi: Mykje er større enn meg sjølv. Vågar me ordet ærefrykt?
Jorddøgn utforskar og utfordrar dette gjennom litteratursamtalar. Kyrkja på jorda har også ord og handlingar som anten skuffar eller byggjer opp. Men først av alt har kyrkja eit Gudsord å retta seg etter og dela med seg. Kva skal me trekkja ut av evangelieordet me har høyrt?
Gudsordet i dag i 6 punkt:
- Hendinga skjer ute i naturen, i friluft, i det som kyrkja kallar skaparverket, for å inkludera ærefrykta i måten me ser naturen på. Det er grønt gras å setja seg i. I landskapet der Jesus held Bergpreika og løftar fram idealet i det enkle og radikale livet. Gud kled liljene og graset, og menneska skal søkja han først og gjera mot andre det som me vil at dei skal gjera mot oss. Tena Gud og andre, ikkje Mammon. Enkelt, godt og radikalt liv forkynt ute i fri natur der støy og kav ikkje så lett får kvela visjonen av det.
- Jesus er ikkje berre oppteken av orda sine om det gode livet, om det åndelege, men av mat og kropp og alt livet treng. Svoltne magar og udekka fysiske behov er ikkje greitt. Aldri!
- Å ordna dagleg brød for alle, er ikkje kvikk-fix frå himmelen. Jesusorda er: «Gje de dei mat». Dette er menneskeleg ansvar, følgjarar sitt ansvar. Det er grunnleggjande vårt ansvar, slik me høyrde skapingsforteljinga sine poetiske ord om mennesket, som er jordstøv, får livspust av skaparen, og fluksens oppdraget om å dyrka og passa hagen og jorda. Altså alt!
«Gje de dei mat»! Me høyrer dette midt i matfatet på Jæren. Det er nødvendig for menneske og alle skapningar. For bønder gjev det noko stort å leva for, for alle oss andre det me treng å leva av. Det er stort i seg sjølv. Det store aukar når det også kan kjennast som eit Jesusord, som eit kall, noko me har fått å forvalta i ærefrykt for skaparen.
- Eit ord til er sagt: «Kor mange brød har de? Gå og sjå etter!»
Dei var visst 5000 der! Kunne det nytta? Å starta så nedpå med det første steget? Kan slikt nytta i dag? «Ka kan eg gjørr, eg er så liden!» Mot det store, dramatiske som skjer med jorda me bur på nå. FN sitt klimapanel og naturpanel teiknar alvorlege konsekvensar for liv og artar på jorda. Kode rød! Motkrefter mot nødvendige endringar er enormt sterke, også inni oss sjølv.
Skal me berre begynna med dei ressursane me har og finn? Ja, det skal me. Start i det som er der, ikkje i det som manglar. Så viktige er oppgava. Så tydelege er Jesusorda. Det vesle er stort. Frøet er ikkje berre eit frø. 5 brød er ærefrykt for jorda. 2 fisk er ærefrykt for havet, for skaparverket.
- 5 brød og 2 fisk i Jesus sine hender. Han ser opp mot himmelen og takkar. Ærefrykt for jord og hav og skapar. Ei takkebønn som velsignar. Ei takkebønn som trur og håpar. Ingen treng prøva å kopiera Jesus sitt under. Men alle handlingar forma av bønn og ærefrykt, kan utretta store ting i dag også.
- Brødet er det Jesus som velsignar og bryt, men det er folka hans som deler det ut. Ingen veit på forhånd om alle får. Det vil visa seg etterpå. Ein gong lenger fram. Ta det som ein visjon om noko som kan skje når me startar i det små, når me begynnar med noko me kan gjera noko med, når me er hender som deler eit gode, når me er varme hjarte og hovud som deler tankar, uro og håp.
Dette kan alle Guds skapningar. Dette er me alle kalla til av Jesus sjølv. For mange av oss gjer det ein stor forskjell å ta Jesus på ordet og la Gud si velsigning vera motivasjon og kraft.
Ærefrykt for jorda
I dag spør me: Er det muleg å få berekraftig retning utan ærefrykt for jorda? Utan å vera forvaltarar, som famnar det hellige med jorda, og ber håpet i hendene med like stor ærefrykt, i tru på velsignande kraft frå Gud?