Nå skjer det!
16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, 17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn.
Me startar eit nytt kyrkjeår med desse orda. Slik vert dei programord for kyrkja sitt neste år. Om Jesus og det han gjer - i si tid og midt i våre dagar. Gudstenestar i kyrkjeåret er skriftordet oppfylt her og nå. Jesus kjem nær. Nåde og frigjering skjer. Evangeliet sine forteljingar i framhald. Det nå det skjer!
Gode vanar
Nokre av oss er veldig glad i gode vanar og vert mest rusa av adventslys og julekrybber, av lukt av pepperkaker og pinnekjøt, og av juletonar! Andre tykkjer det er minst like kjekt når det skjer noko nytt og overraskande som sprenger vanane.
Nokre vil helst maxa gjenkjenning i gudstenesten også. Kjente salmar, liturgi å falla rett inn i, ein puls å pusta mi bønn inn i. Andre kan ikkje få nok av nye uttrykk, ei overraskande vending, noko me aldri har sunge eller tenkt eller bedd før. Ganske mange av oss vil ha «Ja, takk, begge deler!»
Mix av kjent og nytt
Kristen gudsteneste har alltid vore ei forunderleg blanding av gammalt kjent og nytt uhøyrt. Noko av det gamle kjente går heilt tilbake til synagogegudstenesten. Jesus gjekk på den av vane, og dei første kristne brukte den til samling før dei utforma sin eigen gudsteneste. Noko av det nye spennande hentar inspirasjon frå det som skal koma, gudstenesten i himmelen som Johannes openbaring gjev glimt av. Me går frå det kjente til det ukjente. Fører vidare slitesterk tradisjon og trur på det som skal koma. Både i det som var, er og kjem vil me høyra i hop med Guds folk til alle tider og i alle verdensdeler. Det er gudstenesten sitt vide perspektiv!
Mange av dykk kjem til Brynekyrkja i noko de kjenner. Noko de er trygge på. 1.s. advent. God tradisjon. De veit de får be. De får ein eigen stillhet og fellesskapet sin styrke i eit rom som er innvia til å søkja Gud og møta han. De veit de får syngja og lytta til Ordet. Mykje er kjent og trygt. Det går an å kvila i liturgien. Men han kan aldri vera rein repetisjon og reprise. Det skjer noko nytt og spennande heile tida. Nye ansikt, nye erfaringar, nye vitnesbyrd, nye bønner, nye drama, ny musikk, nye nådegavar i bruk. Nye finn vegen til nattverden. Det vil alltid skje noko nytt og uhøyrt fordi den levande Frelsaren er her, og fordi Ordet hans vert oppfylt på nytt og på nytt.
I Nasaret avviste dei etterkvart det nye og ville bare ha det gamle. Dei stilte seg utenfor det som Gud gjorde i deira tid. Det er ikkje slik Ordet skal verta oppfylt. Tenk heller noko sånn som dette:
Gudsteneste i 5 akter
Når gudstenesten opnar med samling for Guds ansikt, så er det for at eg og du skal få opna heile det levde livet vårt opp for Gud, så ærleg liv får eit møte med han som kjem med nåde og fred.
Når gudstenesten fortset med Ordet, så er det fordi bibel og preike skal få ropa oss ut frå det som bind og blindar oss til dagleg, og setja oss fri av han som kan setja fri.
Når forbønna vert løfta til Gud så er denne kyrkja med og bidreg til Jesus sitt verk i verda. Ordet vert oppfylt gjennom bønn til Jesus, slik at hans medarbeidarar overalt i verda går med godt bodskap til fattige, lindrar nød og set undertrykte fri.
Når nattverdfeiringa føregår, så vert Ordet oppfylt på ein måte som bare er eit stort mysterium og under. Då er Jesus her og vert ein del av livet. Kristi kropp gjeven for deg. Då er nåden din, gitt deg gratis. Kristi blod gitt for deg. Det er nå det skjer! Ordet er oppfylt. Slepp han til!
Og du vert sendt, velsigna av Gud, til å fortsetja gudstenesten i kvardagen. Tena Gud med å tena medmenneske med den kjærligheten du sjølv er møtt med. Ta kairos med ut i chronos.
Eg trur at Jesus sine programord ikkje bare er hans program, ikkje bare er eit kyrkjeårsprogram, men eit program som også forpliktar oss i liv og praksis som kyrkje og kristne i verda og kvardagen.
Nådeår
For me ser og veit at nauda er stor. Krig rystar. Fred er lengsel. Ensomhet stel dei gamle si livsglede. Flyktningar sørgjer seg inn i ny tilværelse. Framtidsangst stel unge sitt håp. Mangel på tillit undergrev gode styresett. Me kan laga ei lang liste. Men me kan – først og fremst - tenna gode lys for dei me kan vera noko for, i plassen for å forbanna mørket. Gjer det så godt du kan. Så oppfinnsomt som Guds ånd kan vera. Be med hjarta til Gud. Snakk med forstand til folk rundt deg og på nett. Handla med vilje for dei som treng det mest, der du er. Me treng nådeår nå framover. Kairostid.
Advent betyr: Kongen vår kjem. Og nå ber me: Kom til oss nå, Jesus. Kom med di tid i våre tider. Kom med lys i mørke. Hjelp oss å spreia lyset her i byen og utover på jorda.
For nokre år sidan kom salmeord ei natt. Dei kom til nytt kyrkjeår. For meg var det eit gyllent øyeblikk. Om Jesus sine auge som ser oss. Om kyrkja sitt festhalvår. Om undring og takk for det som skjer når Gud grip inn med det beste me kan få. Som er Jesus!
Ein dag desse auge
Ein dag desse ferske auge
festar seg i blikk frå mor.
Fattig fødd, for små og svake,
hjartet som er Guds på jord.
/: Tenk om alle kunne undrast?
Takk til deg, min Gud og bror. :/
Ein dag desse varme auge
ser den eine, den som frys,
trassar dei som sit og murrar,
reiser opp til liv på ny.
/: Tenk om alle kunne følgja!
Takk til deg, du store lys. :/
Ein dag desse sløra auge
brest i smerte på ein kross.
Mitt er sviket, ditt er motet.
Kjærleik er du, meg til tross.
/: Tenk om alle kunne gripast!
Takk for nåden gitt til oss. :/
Ein dag desse nye auge
blir eit evig blikk på jord.
Døden tapte, liv har vunne.
Påskeunder! Håpet gror.
/: Tenk om alle kunne jubla!
Takk til deg, min Gud så stor. :/
Kvar dag desse vakne auge
ser og følgjer kor eg går.
Du går med og opnar dører,
er til trøyst når sorga rår.
/: Tenk om alle kunne kjenna:
Takk for nærvær, dag og år. :/
Tekst:
Stein Ødegård, advent 2015.
Musikk:
Mons Leidvin Takle 2016