Jesus kjem heim
18.sundag i treeiningstida 2014 - Matteus 8,14-27

Jesus kjem heim

Oppreist i livet sitt! Ei feberfri husmor med hjartelag og gjestfrihet. Slike går jo ikkje av moten!

Matt 8,14-17: Peters svigermor og andre sjuke
Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber. Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han.
Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke. Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja:
           Han tok bort våre plager
           og bar våre sjukdomar.

Jesus kom heim til Peter. Korleis var det å ha Jesus med seg heim? Korleis vert det i heimen når Jesus kjem? Korleis ønskjer me det skal vera i vår heim?

Jesus tek visst til takke med alle slag heimeforhold.  Me har sunge at det begynte i et skur i Betlehem (Norsk Salmebok 104).  Det fortsette med ømme auge for dei som var utan håp og mat. Salmen og  bibeltekstane frå Jes 53 og Hebr.2 held fram det som ingen kunne tru og førestilla seg.  At Gud kom og vart ein av oss.  Frista som oss.  Lidd slik me kan oppleva.  Ja, ennå verre: Forakta, forlatt, knust, overlatt til å bera det me ikkje kan bera, til å sona det me ikkje kan bøta for, til å lækja sår me ikkje får til å gro, til å berga oss som ikkje kan frelsa oss sjølv.

Jesus steig heilt inn i det krevande menneskelivet,  han lid med oss og han lid for oss.  Ingenting er framandt eller umuleg for han.

Så det er godt når han kjem heim. Då treff han oss midt i livet og fort på djupet av det.  Kva står heimen vår for?

Heimen er liv og levekår.

Der får me mesteparten av søvn og maten og mykje av fritida vår. Me søv og et, pyntar og trener, elskar og grin, leiker og spelar, opnar døra for venner og familie, betalar rekningar og skriv handleliste, drøymer og fabulerar, kranglar og kursjusterer, oppdreg og vert slipt i kantane, sørgjer over tap og gled oss over seirar.  Heimen er liv og levekår.  Han er det på Bryne i 2014 også.  Pc, mobil og heimekontor flytter faktisk noko av leveveg og arbeidsfellesskap tilbake igjen til heimen.  Heimen er liv og levekår.

Skal tru om Peter var rekna som ein god svigerson i sin heim?  Det var i alle fall storfamilie med svigerson og svigermor i same heim.  Sikkert stor stas med Peter.  Fiskar i ein fiskarlandsby.  Eigen båt. Sosial type. Litt impulsiv og noko ustabil, men uredd og frampå. Ein ledertype. Ein det skjedde ting rundt. Velmeinande. 

Så svigermor såg kanskje mildt overberande på han, då det vart klart at han tenkte å vandra rundt med denne forunderlege mannen Jesus frå Nasaret.  På stranda kom kallet: «Følg meg».  Nå skulle det handla om folk og ikkje om fisk.

Men skulle det verta eit liv med heimen på nedprioritering?  Tap av fellesskap?  Usikkert levebrød for dei heime?  Det er ikkje sikkert at svigermor fekk svarte og redde auge av Peter sitt nye liv.  Mannen frå Nasaret hadde jo forsynt dei med tidenes fiskefangst.  Det virka som han hadde syn for alle deler av menneskelege behov.  Dei hadde salta og tørka fisk for lange tider – og litt kontantar etter fisket!  Og huset var jo, rett som det var, ein samlingsplass.  Forunderleg gode samtalar og hendingar fylte huset.

Så kanskje kom svigermor sine bekymringar først den dagen feberen kom.  Då kroppen veksla mellom kuldegysningar og varmetåker, hånda så slapp og tanken så sløv.  Feber var ikkje bare vondt.  Det var ikkje spøk i det heile.  Det kunne vera ein epidemi som tok liv.  Ho måtte bare venta og be om at kroppen ordna opp sjølv.  Men det var fortærande å ikkje kunna vera til nytte, å vera sett til side, å ikkje kunna stå støtt i det livet og levekåret som heimen skulle vera.  Med Peter på reiser, hadde dei ikkje råd til at ho var uvirksom og langt mindre om det skulle gå heilt galt.  Sjukdom var ei stor bør å bera, økonomisk, sosialt og mentalt.

Då «kom Jesus heim til Peter».  Og svigermor fekk oppleva at heimen vart meir enn alt som har med liv og levekår å gjera.

Heimen sto for oppreisning!

Jesus såg at svigermor låg til sengs med feber.  Han innsåg tankar og uro i henne og Peter og heile heimen.  Stilt går han bort og tek ho i hånda. Feberen slepp.  Ho står opp.  Ho er oppreist i livet.  Uro for livet slepp taket. Skam vik for verdighet.  Nå kan ho vera alt det familien treng henne til.  Jesus kom inn i heimen og gjorde han til ein plass der me kan reisast opp til å leva livet me er meint å stå i.

I evangelia er dette ei av mange forteljingar om at Jesus helbredar og reiser opp.  I to tusenår med kyrkjehistorie er dette eit av mangfoldige eksempel på at Jesus sitt inntog og nærvær i ein heim utgjer ein stor, stor forskjell. Bønn bed han inn i smerte og uro.  Salving og håndspåleggelse legg alt i Guds hånd i Jesu namn.  Stort og smått har ein større horisont rundt seg enn taket i stova.  Nokre har vitnesbyrd om helbredelse.  Nokre om nytt mot.  Nokre om ganske nødvendig styrke til å leva med kronisk sjukdom utan å missa humør, tru og håp.

Me har alle noko som tappar oss for krefter og sender oss fysisk eller mentalt til sengs og passivitet.  I dag får me evangeliet si helsing om at Jesus kjem til heimen.  Han ser korleis stoda er.  Og i botnen for alt han er og vil, ligg medfølelsen.  At han smertast av det som smertar oss.  At den kjærleiken som dreiv han mot korset, mot å tapa livet, mot det motsette av suksess, det er den same kjærleiken som ser det som held oss nede.  På eit eller anna nivå har han nok tenkt å reisa oss opp!  Det kan vera lurt å undrast og venta på kva det er…

Me reduserer evangelia sine helbredelsesforteljingar viss me bare tek dei som noko som hende på Jesu tid, eller bare som teikn på det fullkomne gudsriket som skal koma.  Dei var – og dei er – utrrykk for Jesus si omsorg, for medfølelse som reiser opp når livet ligg nede.  Oppreisning i heimen der Jesus kjem!

Og då skjer noko nytt i heimen:

Heimen er plassen for det djupaste fellesskapet.

Peter si svigermor sto opp og stelte for han.  Her skulle det mat til!  Her skulle det takk til!  Her skulle bordfellesskap samla i seg alt som er godt i heimen.  At det står til liv.  At levevei og levekår er i hakk.  At erfaringa av oppreisning vibrerer i hjarta og kropp. At me får høyra i hop i fellesskap.  Fest og fellesskap rundt bordet!

Svigermor til Peter hadde Jesus i heimen.  Og kanskje gjorde ho som Marta og Maria i Betania.  Stelte godt med han.  Tente og la til rette for glede og latter, slik som Marta.  Sette seg ned og lytta og såg, slik Maria ville.  For det var ikkje småtteri det som skjedde utover kvelden.  Ryktet om Jesus i heimen og ei frisk husmor, gjorde at mange kom med dei sjuke og plaga.  Og dei såg og var ein del av eit stadig veksande fellesskap.

Så det var bruk for ei feberfri husmor med hjartelag og gjestfrihet.
Og dei går jo ikkje av moten! 

Gode eksemplar er her i kyrkja også.  Gje dei ein takk og eit godt dunk i ryggen under kyrkjekaffien.  Me skal æra, rosa og takka for dei som gjer heimen til det gode fellesskapet, dei som kan dekka eit bord og setja seg og lytta som det var til Mesteren sjølv.  For heimane i Brynekyrkja er det godt at me lever i trua på at Jesus kjem og er i heimen vår.  Det pregar fellesskapet i heimen.  Det smittar på dei som kjem på besøk.  Kanskje er gjestfrihet ein av byen og kyrkja sine største ubrukte ressursar.

Ikkje alt i heim og fellesskap går på skinnar.  Ikkje alle heimar er i ein fase der me lett inviterer andre inn eller får kvila ut og finna full fred.  Nokre må ha andre arena i tillegg for fellesskap og Jesusfellesskap.  Og alle liv og heimar treng dette fellesskapet.  At me får knela der Jesus dekker bord for oss.  At me får kvila i den nåden og forsoninga han åleine kan skaffa oss.  Me skal syngja om det fram mot nattverden og ut i kvardagen. For kvardagen kjem. Han treng mykje nåde over seg – og han ber i seg store muligheter. For:

Heimen som Jesus kjem til, er basen for kyrkjevekst.

Sånn vart det i Kapernaum.  Det som skjedde i Peter sin svigerfamilie sitt hus, fekk ringvirkningar.  Det vart samlingsplass for sjuke og forventningsfulle same kvelden.  Det vart muligens den fastaste heimen Jesus hadde i Kapernaum.  Heimen opna for Jesus ga frukt og vekst.  I tidleg kristen tid fortsette dette huset med god sannsynleghet å vera fast samlingsplass for kristne.

Bildet i overskrifta tok eg på studietur til Israel og Galilea i fjor. Større deler av Kapernaum er utgravingsområde og viser bygningane frå 1.-4.århundre.   Det innerste romet på bildet skil seg ut frå andre bygningar. Det har meir forseggjort golv og dekorerte vegger med innskrifter som tyder på offentleg bruk.  Arkeologar har funne ut at rundt år 50 har dette rommet fått ei bruksendring.  Etter denne har inventaret kun bestått av større lagerkrukker og lampar.  Ein reknar med at dette er forsamlingslokalet til ein tidleg kristen husmenighet.  Bildet viser også korleis lokalet er utvida med nye vegger.  Det har vorte til kyrkje frå 500-talet, og i dag står ei flott stor, moderne kyrkja på søyler over. Glasgolvet i midten viser ned til det som tradisjonen reknar som Peter sitt hus.  Der Jesus tok ei feberheit hånd i si, reiste opp, og starta det som skapte vekst.  Heimen vart til samlingsplass, til husmenighet, til kyrkje, til oppreisning, til fellesskap og til vekst.

Det kan skje så mykje når Jesus kjem heim til oss!  Heimen vår vider seg ut.  Vert ein del av det som Gud gjer med å ausa sin kjærleik over stadig nye.  I Brynekyrkja ønskjer me å vera med på dette, å opna oss for dette.  Stab og sokneråd har hatt kursdagar med eit menighetsutviklingsverktøy som heiter FOKUS.  I stor grad handlar det om misjon i folkekyrkja, om korleis me som kyrkjefellesskap kan invitera nye inn i fellesskap  med Jesus.

Denne sundagen får me tenkja korleis heimane våre kan opna for dette. Ver med og be om vekst ut frå heimen.  Der Jesus kjem og rører ved det som pregar så stor del av livet vårt.  Eyvind Skeie og Sigvald Tveit har gitt oss ein god salme om dette i Norsk Salmebok 897 - "Å denne kilde, ren som paradiset".  Kjenn lengselen i han og tru at Jesus er så nær deg, i heimen din, i livet ditt, i æva!

Powered by Cornerstone