Elska av Gud!
Me er mange forskjellige personar som kom til kyrkja i dag. Unike, ulike, åleine eller i hop med fleire. Her i kyrkja kjem me. Me er oss sjølv. Subjekt i eige liv. Med den bagasjen og dagen som er min. Meg sjølv i møte med kyrkjerommet, musikken, liturgien, bibelorda, Gud og dei andre i fellesskapet. Det er veldig fint at du kom og er her.
Denne sundagen kjem fleire og er i hop med oss. Dei er ikkje synlege, slik som me andre. Men dei er høgst til stede. I bibelorda me har høyrt. 4 personar å tenkja på, slik at me etter møtet med dei er minst like mykje oss sjølv og høyrer til i noko stort.
Markus evangelist
Den første personen heiter Markus. Han er forfattar og vert gjerne kalla evangelist. Han har dyppa fjørpennen sin og forma ord på papyrusark. Ei bok som startar slik: «Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.» Markus er opphavsmann til ein heilt ny type skrift. Han skriv forteljinga om Jesus sitt liv. Han er den første me har noko slikt frå. Når han er ferdig med evangeliet sitt, vert dette så godt likt at andre vil gjera noko liknande på plassen der dei bur. Matteus og Lukas og seinare Johannes.
Markus vil skriva så korrekt og forteljande han kan om det som Jesus har gjort og sagt og kva som hende med han. Men han vil også presentera dette som ein skikkeleg god nyhet. Han kallar det «evangelium» - godt nytt. Han vil visa at Jesus er Kristus, Messias, som profetar hadde fortalt om og folk lengta etter. Ja, han trur og formidlar at Jesus er Guds Son.
Etter tradisjonen hadde Markus god kontakt med apostelen Peter og fekk mykje stoff frå han, som var augevitne til det meste. Og Markus var med Paulus på misjonsreise og lærte mykje av Paulus sin måte å presentera evangeliet om Jesus, kanskje særleg mykje kva det inneber at Jesus døydde på korset og sto opp av grava, i tråd med dei gamle skriftene.
Når me møter Markus i kyrkja denne sundagen, er det interessant korleis han startar evangeliet sitt: Då Jesus frå Nasaret var vaksen og sette i gang gjerninga si. Markus hoppar galant over stall og krubbe og landar i ei stor sandgrop langt uti ørkenen langs Jordanelva. Der møter me dagens andre person, Johannes, som vert kalla døyparen.
Johannes døyparen
Han vekker oppsikt, mildt sagt! Ganske sært rett og slett! Mat er grashopper og villhonning, klede ei kappe av kamelhår. Men det er stemmen som gjer mest inntrykk. Sikkert kraftig. Heftig. Inntrengjande. Johannes har eit kall frå Gud. Han refsar. Peikar på synd og urett. Folk strøymer til. Dei begynnar å bekjenna syndene sine. Dei vil venda om. Begynna på nytt. Og Johannes dukkar dei under i Jordanelva til dåp, og reiser dei opp til å leva i Guds tilgjeving og på ein ny og betre måte. Me snakkar om ei stor religiøs vekking, ein lengt etter Gud og nytt liv.
Korleis ser Markus på dette? Jau, han tolkar det. Han ser det i tråden frå profetane som kom med ord frå Gud. Slike profetord har det vore fint lite av dei siste 400 åra. Men folk har ikkje slutta å tru på profetiane, om Gud har verka taus i årevis. Mange lengtar etter frelsaren som Gud skal senda. Og Markus ser noko nå. Ord frå profeten Jesaja om ein forløpar, ein budberar, ein vegryddar, ei ropande røst i ørkenen. Dette må vera Johannes døyparen! Slik skriv Markus prologen i første kapittel av evangelieboka si.
Ja, det kan virka som om døyparen sjølv forstår rolla si slik. Dess meir berømt – eller berykta – han vert, dess meir peikar Johannes på han som skulle koma etter han. Ein sterkare. Med større kraft i det han gjer. Ein dåp med djupare virkning, med Guds ånd i seg.
Det er som om han forstår at han bare er forløpar og vegryddar. Kanskje ser han begrensningane sine ganske klart også. Det mislukka og tragiske. Folk stig slett ikkje bare reinsa og fornya opp av elva. Som mange andre religiøse vekkingar går vegen lett tilbake til det gamle livet. Egoismen fortset, løgnene kjem trillande, truskap er vanskeleg når det knip, og makt og sex og pengar rår. Kortvarig er det skikkeleg sus av vekking og fornying. Langsiktig har ikkje Johannes sine ord forvandlande kraft, og dåpen hans har ikkje reinsande evne. Johannes si varige betydning er å peika på Jesus. For me menneske har det alltid slik. Me kan ikkje forvandla oss sjølv. Me treng tilgjeving og frelse, men kan ikkje skaffa oss det med noko me gjer og bestemmer oss for.
Og det er der Markus startar evangeliet sitt! Med den tredje personen som kjem til oss i kyrkja i dag. Jesus.
Jesus, elska Son
Av alle ting er det han som kjem til døyparen ved Jordanelva. Ikkje for å ta over stafettpinnen og sei: «Nå kan du kvila deg, Johannes, takk for innsatsen, eg tek over her.» Nei, Jesus går ikkje inn i plassen for døyparen, men i plassen for meg og deg og alle andre som treng ny start og betre liv og nåde og tilgjeving. Når Jesus stig ned i Jordanelva til Johannes sin dåp, har han ingenting å venda om ifrå, ikkje nokon synd han har gjort. Han ber ikkje på sitt. Han ber på alle andre sitt. Døyparen må visst bryta ut: «Sjå der er Guds lam som ber verdens synd!»
Denne dagen startar Jesus på gjerninga si. På vegen som skal gå til korset. Til den store gjerninga å sona for alle si synd. Det skal kosta han mykje. Og gevinsten for oss alle er enorm.
Det ser ut som Jesus får ein sterk bekreftelse på dåpsdagen. Himmelen deler seg. Han ser inn i noko som er opna. Guds ånd kjem ned og blir over han. Og så er det denne stemmen. Nå er ikkje Gud taus! Ei himmelrøyst tek over for ørkenrøysta. Nåden for lova. Oppfylling for profetløfte. Ein bekreftelse til Jesus, på vegen han startar på. Eit ord i glede. Eit ord om å vera elska.
Jesus får det. Det er han som har himmelen si glede over seg. Det er han som er Guds elska son.
Og me får det nå, godt nytt, gjennom Markus sitt evangelium. På grunn av Jesus er himmelen sine auge fulle av glede. Endeleg eit rettferdig menneske på jorda! Endeleg ein som er så villig til å bera alle sine bører og gje seg sjølv heilt, inn i døden, for alle andre og i plassen for alle andre. Gleda over Sonen som er elska, spreier seg vidare til alle som vert døypt med ein dåp som verkeleg virkar, ein dåp til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Dåpen som Jesus starta etter at verket var fullført, etter sin død og oppstandelse.
Evangeliet å vera elska
Det er kristen tru sitt eineståande evangelium at Gud ser oss gjennom Jesus. Når Gud ser meg, ser Gud ikkje bare meg. Gud ser meg gjennom Sonen. Gud ser trua i meg, Gud ser Kristus i meg, Gud ser meg, tilgitt og elska, slik Gud ser Jesus. Å vera kristen er å sjå seg sjølv som elska av Gud, på grunn av Jesus.
Me har sunge om rosa som aldri sluttar å bløma. Å vera elska av Gud. Eg tykkjer sjølv det er gildt å ha ei slik blømande rose utanfor husdøra til advent, jul og nyttår. Ho står der ennå. Julerosa med lys på seg. Mens me går frå Betlehem sin vinter til Nasaret sin vår og Golgata sine blødande sår. Der alt vert nytt.
Denne sundagen får me altså møta kvarandre og sjå oss sjølv i kyrkja og himmelen sitt lys. 3 usynlege personar har kome til oss for å hjelpa oss med det. Alle kjem med noko aldeles nytt. Markus med ei ny evangeliebok. Johannes, den siste profeten, som ryddar veg for ei heilt ny tid. Jesus som er den nye tida, den fullkomne frelsa, den nye pakta med Gud.
Moses og kvinnene
Her i kyrkja er me unike og forskjellige, menn og kvinner, guttar og jenter. Og skulle me tenkja at det vart mykje mannfolk som kom usynleg til oss i dag, så kan me ta med ein fjerde også.
Ein liten gutt vart berga gjennom ei korg på Nilen, slik me vert berga gjennom den kristne dåpen. Moses vart den store frigjeraren i den gamle pakta. Men bak han sto kvinnene og det elskande blikket, slik det var for dei andre 3 også. Mor hans elska synet av han og ville ikkje mista han, søstera var super oppfinnsom for å skjula og berga han, kongsdottera elska og fostra han. Elisabeth fekk Johannes på sin gamle dagar og kviskra gode ord i øyra på slektningen Maria som hadde fått nåde frå Gud og Gud sin unike gave i magen. Bak alt det gode står kjærleiken, å vera elska.
Me er elska av Gud, alle me som er i kyrkja i dag!
Å spegla Guds kjærleik
Ingen av oss er frigjeringsheltar som Moses, men det kan godt vera at me har berga livet på andre rundt oss, gjennom yrket vårt eller auge og hender og måten me speglar Guds kjærleik på.
Ingen av oss er profetar og vegryddarar som Johannes, men det kan vera at me har latt oss kalla og leda av Gud til å sei og vera noko som opna veg til nytt liv for andre.
Ingen av oss skriv hellig skrift og revolusjonerer genre som fortel om det heilt nye som Gud har på gang, slik som Markus gjer. Men me har gjerne delt noko viktig me har sett og opplevd, og latt det koma til syne og på trykk slik at det vart godt nytt frå Gud.
Særleg viss me kjenner oss elska av Gud, kan slikt skje. Å vera elska av Gud, er den mest forvandlande krafta! Den starta Jesus i!
I årevis har eg gått på mange sørgebesøk. Mange for tida. Nokre av avskjedane er ekstra tunge, for far eller mor hadde ikkje klart å visa ungane sine at dei var elska. Og om foreldre gjorde mykje som kunne tyda på at ungane var elska, var det av ein merkeleg grunn for vanskeleg å få sagt det klart. Å, som søner og døtre skulle ha ønska å vera meir tydeleg elska! Og at det vart sagt!
I dag tenkjer me på at Jesus fekk stemmen som fortalde at han var Guds elska Son. Og me som er døypte i hans navn, er like tydeleg Guds elska barn. Lev i det. Lev på det. Sprei det. Ver litt evangelist med godt nytt og set andre rundt deg fri til å leva