Kloke økonomar
Semesterstart, Lukas 12,42-48, 13.sundag i treeiningstida 2015

Kloke økonomar

Er det noko barn og by treng, så er det unge som veks opp og kjenner den trua som gjev håp og menneskeverd og gjer at dei ønskjer å ta over bruket og ta det eit steg vidare.

Mange har vore på reise i sommar.  Det har eg også. I år vart det nasjonalt. Ei reise i natur og kultur opp Midt-Norge og til Helgelandskysten. Med 2 nasjonale spel i friluft. Om kristen tru si meining for landet gjennom spelet om Heilag Olav på Stiklestad.  Og Peer Gynt-spelet i fjellheimen, ein litterær klassiker, eit drama om mennesket sin identitet. Begge spela tek fatt i store spørsmål og avgjerande verdiar som liv og land og samliv mellom menneske kan byggjast på.  Å vera kristen og å vera menneske som er seg sjølv, ikkje seg sjølv nok. For ein trusarv og kulturarv me eig i dette landet!  For ein natur!  For ein innsats som er gjort for å laga levekår ut av bratte fjellsider og klora byar og fiskevær fast til havknausar der det er litt ly og trygg havn. 

Å reisa gjennom norske bygder er ei reise gjennom landbruket si betydning for busetting, kulturlandskap og kulturtradisjonar i kunst, mat og håndverk.  Det er umuleg å ikkje verta imponert av omstillingsevne og kreativ nysatsing. Det skal nok noko til å overgå Jærbonden når det gjeld å investera i framtid og satsa på bygging og aktivitet som har bærekraft inn i neste generasjon.  Men teikn på forvaltarvilje var der langs vegen heile tida. Spor av stolte eigarar og ydmyke forvaltarar. Gode beskjedar: «Forlat hytta i same stand som du fann ho».  Både bufaste og reisande er forvaltarar, hushaldarar.

Økonom
Det heiter altså økonom i teksten for i dag. Oikonomos.  Alle som investerer, må vera økonom.  Alle som ønskjer å ta vare på, må vera forvaltarar.  I botnen ligg draumen.  Ein stor nok tanke.  Ein visjon.  Om framtid for meg og mine.  Eit ønskje om å skapa og byggja, forma og utvikla.  Gode forvaltarar driv ikkje bare vedlikehold på etterslep, dei ser framover, dei er arbeidande og skapande for å nå draumar og mål.  Dei tenkjer stort nok!

Forvaltar
Sundagen i dag er forvaltarsundag.  Ein dag som fortel meg og deg kva me har fått.  Og det er svimlande mykje!  Sånn er det å vera skapt.  Alt er fått.  Alt er gitt.  Alt er gave. Eit foster som veks og utviklast fullkomment.  Det er som me kan grina av glede og ansvar for den gaven og det lånet eit barn er.  Me sit med barnet i fanget og livet i tankane og undrar oss over alt me har fått:  Evner og krefter. Sansar og følelsar.  Tankar og intellekt.  Kreativitet og oppfinnsomhet.  Natur og levevilkår.  Ein næringskjede i ufatteleg balanse.  Naturlover som ikkje lurer deg, sjølv om dei av og til kjem i konflikt.  Samvittighet og ansvar. Krefter til å gå vidare etter tap og kriser.  Bøkenes bok som teiknar Skaparen og frelsaren sitt ansikt.  Ei kyrkje som tross feilsteg er eit berande fundament i vårt samfunn, ei tru å leva på, eit håp å leva for, og kjærlighet til medmenneske som høgaste verdi. 

Ja, for me er ikkje overlatt til oss sjølv, me skapningar.  Bibelen fortel om att og om att at me er forvaltarar.  Me skal halda hus for han me har fått alt frå. Økonomar, altså.  Slike som tek vare på, passar på, set i omløp, tek ansvar.

Onkel i Amerika
Nokre har hatt eller høyrt om rik onkel i Amerika.  Det kan vera fine greier.  Årlege pengestraumar kom og realiserte noko som elles ikkje var så lett i gamlelandet.  Den norske kyrkja har hatt ein slags rik onkel.  Stat og kommune har vore onkelen som har realisert eit unikt prosjekt:  Eit landsdekkjande kyrkjeliv, med kyrkjehus og presteteneste inn i kvar minste bygd, og ikkje så få nybyggjarfelt. Det bind i hop kyrkje og folk.  Det gjer kyrkja nær. Det har sikra ein kulturarv i byggeskikk. Det har gitt opplæring og truspraksisar til dei aller fleste.  Kyrkje med prest, kateket og diakon som høynar dei store, glade milepælane i livet og er støtte og hjelp og eit rom å vera i når sorga er tyngst.

Dei fleste kyrkjer i verda har ingen slik rik onkel.  Det er forresten ikkje så mange onklar med norske bånd i Amerika lenger heller.  Så det er ein gave at stat og kommune ennå vil finansiera eit visst nivå av det som skal til for at Dnk er folkekyrkje.  Eller for å seia det på ein annan måte, at alle me som er kyrkjemedlemmar får ha spleiselag på kyrkjedrifta gjennom det me betalar inn i skatt.

Men det er ingen ting som tyder på at dette rik-onkel-opplegget tek mål av seg til å skaffa inntekt til alt det som ei sunn kyrkje kan og vil og bør vera i eit lokalsamfunn.  Å satsa på barne- og ungdomsarbeid har alltid vore eit frivillig, lokalt engasjement og ansvar.  Dei siste åra har riktignok det offentlege starta å yta midler til trusopplæring. Staten har teke eit ansvar, ikkje bare for å ta kristendomsopplæring ut av skulen, men også for å kunna flytta den inn i kyrkjene. Men forståeleg nok, bare på eit visst nivå.

Trusopplæring
Kor stort er nivået? Kompetente folk som prosten seier det er rundt halvparten av det som trengs for ei trusopplæring som skal nå måla sine.  Bryne sokn får ca 600.000 i året.  Godt å ha når staben med kateket, kyrkjelydsutviklar, trusopplærar, barne- og ungdomsarbeidar før sommaren idemyldra og laga utkast til trusopplæringsplan som biskopen skal godkjenna i løpet av året.  Dei erfarte tydeleg at målet om 315 timar samanhengande og systematisk trusopplæring for alle døypte frå 0-18 år krev meir enn midla frå staten.  Kva skulle dei gjera?  Satsa visjonært på neste generasjon og tru at økonomi ordna seg?  Eller gå etter inntektsnivået og justera mål og planar deretter?  Kva type oikonomos og forvaltarar skal dei og Bryne kyrkjelyd vera?  Den type forvaltarskap som gjer at me held gang bare på det mest nødvendige og ser i augene at neste generasjon takkar nei til garden, for deler av han gror nok allereie igjen?  Eller forvaltarar som trur at nå er gylden tid.  Er det noko barn og unge og byen vår treng, så er det unge som veks opp og kjenner den trua som gjev håp og menneskeverd og ønskjer å ta over bruket og ta det eit steg vidare.

Heldigvis har trusopplæringsplanen satsa på det siste.  Det er god grunn for å tru at kampanje for større giverinnsats i eit overflodssamfunn er ei lettare sak enn å hanka nye generasjonar inn i kyrkja seinare når dei har vorte familiar, men ikkje kjenner den trua som har bygd Norge i 1000 år, ikkje har eigarskap til kyrkjehus og fellesskap, ikkje har fått identitet i noko større enn seg sjølv, og ikkje har fått dei etiske korrektiva mot å vera seg sjølv nok og helst gjera som Peer Gynt å fylgja Bøygen på vegen å gå utenom det som betyr noko.

Me trur at dette me nå vil gjera som kyrkje er å drøyma stort nok og tenkja langsiktig. Me takkar for litt som kjem flytande frå onkel og satsar på noko anna, på eigen felles giverglede.

Glade gjevarar
Me får nemleg gavar.  Her er ein på 44.000!  Ja, det er fantastisk!  Ein person set av 375 kr i mnd kvar til fast gjevarteneste.  Ei ørlita drivstoffylling.  4400 i året.  På 10 år har Brynekyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid fått 44.000.  Dei siste 10 åra har me fått større enkeltgavar enn dette.   Tenk kva det har investert i kristen opplæring og berga frå nedbrytande miljø og vonde valg.

Mange gjevarar kan fortelja at det er ei rein glede å gje.  Ikkje noko offer.  Det er ein takk for alt me har fått av Gud.  Det er trua som minner om at alt er gåve.  Det er eit vern mot å ramla ned i den grådige og vonde materialismen si grav og stressande jag.

Normalt og nødvendig å gje
Som Brynekyrkje har me lyst til å seia at det er ei glede å gje, det er normalt å gje og det er nødvendig å gje for å vera gode forvaltarar. Nokre her har snakka med Gud og medmenneske og funne fram til noko riktig stort og viktig dei vil gje til.  Kanskje noko større enn livet i Brynekyrkja. Fortset med det, men ikkje gløym det nære og normale at alle me som går i Brynekyrkja er fast gjevar på eit eller anna nivå som me drøftar med oss sjølv og Gud.  Det er slik me er stolte eigarar og ydmyke forvaltarar for det som Gud gjer der me bur. Staten har til og med  tilrettelagt med skattefritak for slik gjevarglede.

I teksten for i dag snakkar Jesus om å vera tru og klok i den forvaltargjerninga me har fått:  ”Kven er den trugne og kloke hushaldaren….?  Han seier rett ut at det er den som han finn i arbeid slik at alle i huset får det dei treng.  I det nære og daglege.

Eg oppsummerer i 4 punkt med litt stoff frå dagens bibeltekstar:

Å vera tru og klok forvaltar:

1. Det er å satsa og drøyma stort nok.
Me vil vera ei visjonær kyrkje, ikkje ei sløvt vedlikehaldande.  Me vil fylgja og vera sendt med Jesu oppdrag om å gjera alle til disiplar, døypa og læra dei å halda det han har befalt.  Som fellesskap av truande og som folkekyrkje i Norge har me fått eit høgt kall og ber på ein stor draum.  Me har gode planar og minst like gode medarbeidarar som er si lønn og si lønnsutvikling verd.  Me skal «vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.» (Ef.4.15)  Han som ga seg sjølv fullstendig og satsa så stort at han vant alt for oss.  Det er han som er visjonen av det å gje.

2. Det er å elska høgt nok.
«Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik», seier Paulus.  Fordi «heile kroppen blir sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva kvar einskild lem har fått tilmålt.» (Ef.4,16)  Me tener i fellesskap med nådegavar, evner, tid og pengar.  Me elskar høgt nok, med det me har og det me gjev.

3. Det er å tenkja og be klokt nok og handla deretter.
Salomo ba om visdom og vit før alt anna.  Han fekk det.  Det skulle virka like godt i dag å be om å få vera kloke forvaltarar. Slike som ikkje bare tenkjer, men praktiserer. Kloke og trufaste som Herren finn i arbeid med det ein forvaltar skal vera og gjera.

Mange av oss i Brynekyrkja tenkjer å vera forvaltarar som brenn for misjon.  Me vil vera sendt av Gud slik at nye ser evangeliet, lokalt og globalt.  For tida har me ei stor misjonsteneste lokalt gjennom den plattformen som trusopplæring i Dnk er.  Det er misjonsstrategisk klokt å gje og tena trufast i dette!

4. Det er å takka for den store nåden og leva i den djupe gleda.
For slik har gjevarar det.  Dei reknar ikkje ut ved året og livet sin slutt kva dei har gitt, men kva dei har fått.  Det er ei gleda å vera raus og glad gjevar. For slike som veit kor høgt den største gjevaren elskar oss.  Det største er nåden. 

Powered by Cornerstone