Portalar til tru
Kristi forklaringsdag 2024 - Markus 9,2-13

Portalar til tru

I ein portal til tru?  Ei oppleving av natur eller kultur og musikk som dreg oss inn til den store skaparen.  Eller det aldeles ubegripeleg store å verta foreldre til eit lite gudsunder med mine gener og trekk.  Eller godhet og hjelpande hånd...

«Åj, her er det noko som er mykje større enn meg sjølv!» Slik kunne dei godt ha tenkt, dei 3 som vekk vera med Jesus opp på forklaringa sitt fjell.

Har de tenkt same tanken?  Ein eller fleire gonger eller rett som det er?  Å kjenna på noko større enn oss sjølv?  Noko hellig i livet?  Noko som overskrider kvardagen?  Berande, dirrande opplevelsar som opnar opp livet, ikkje bare for undring, men også for tru?

Portalar til tru
Me skal sjå ein filmsnutt om det.  Han fortel om eit godt opplegg som de kan søkja opp på Stavanger bispedømme si nettside.  De vil sjå av filmen kva det heiter og handlar om…

https://vimeo.com/744923203/1d68f57870

Desse tre disiplane av Jesus hadde sikkert sine portalar inn til tru. Kanskje dei fann si gudstru gjennom nokre av dei portalane me har sett nå?  Trua fekk i alle fall liv i seg då dei møtte Jesus, då dei vart kalla til å følgja han. 

Men det var ikkje på eit fjell.  Ikkje skjult for andre kva som føregjekk.  Det var i dagen. Kvardagen. Jesus gjekk i sandalar og kvardagskjortel.  Dei som såg han, såg noko heilt vanleg.  Ingen glorie. Ansiktet vart grimete trøtt som andre sitt, og svolt og mat og søvn var likt som andre sine grunnleggjande behov.

Men orda hans var ikkje som alle andre sine.  Dei opna opp, dei reiste opp, dei vart følgde av handlingar i omsorg og rett som det var eit under.  Han var ikkje heilt som andre. Men å sjå til var han det.  Utanom ein gong.

I himmelen sitt lys
På ein fjelltopp. Jesus inviterte dei 3 næraste vennene med seg på fjelltur, høgt opp.  Der vart Jesus forvandla for augene deira. Dei såg han på ein ny måte.  Ansiktet og kleda var forvandla. Lyset var blendande.  Det som føregjekk, var ekstraordinært.

Skal me kalla det ein portal til ei ny tru?  Eller ei utvida tru.  Dei såg Jesus som Gud.  Dei såg han i himmelen sitt lys. Kven han verkeleg var. Tid og rom oppheva eit øyeblikk.  Gud så nær at det mest ikkje går an å samanlikna det med noko. 

Me kallar det Kristi forklaring, men det betyr absolutt ikkje at det går an å forklara det.  Eller Jesus, fullt ut.  Eller himmelen og Gud.
Eigentleg har me ikkje forklaringsdag i dag, me har forundringsdag.  Ein dag å undra oss over noko som er så mykje større enn oss sjølv.  Noko me kan kjenna dirrar når me snuser på eller går inn i ein eller annan portal til tru.

Nokre har til og med vore på åndeleg topptur.  Ber på ei himmelsk stjernestund. Eit sterkt møte med Jesus. Lovsangsekstase? Eller ein engel. Noko livsavgjerande som sette livet i eit før og etter.

Hadde me teke ein delerunde om slike gyldne øyeblikk, så hadde det sikkert vore ganske oppmuntrande.  Men kunne eigentleg noko av det måla seg med det som skjer når Peter, Jakob og Johannes ser Jesus aldeles i forklara lys, i hop med dei store i historien, Moses og Elia, gudsmannen og profeten som nå har fått alt dei var og gjorde oppfylt og vidareført i Jesus.  Og så krydderet på den himmelske retten: Gud sin stemme frå himmelen om sonen han elskar, han som Gud gjer seg kjent gjennom. 

Stoppa tida
Det må ha vore fantastisk då.  Peter, blant anna, tek heilt av.  Veit mest ikkje kva han seier.  Han er på toppen av alle fjell. Alt opnar seg opp. Den store oversikten kjem. Han ser klart. Kven Jesus er. Kor Jesus kjem frå.  Kor Gud er å finna.  «Kan eg ikkje få halda på denne skatten?  Byggja så mange hytter du vil ha, Jesus!»  Stoppa tida.  Ta vare på øyeblikket. Vera nyfrelst nå og for alltid!

Det er ikkje dumt å prøva kjenna oss igjen i Peter og vita at han fekk sjå og kjenna dette.  Det salige øyeblikket der alt ramla på plass. Alt bare kjennest så riktig at nå vil eg det skal vara evig.

Kven vil ikkje ha det slik?  Nyta julikvelden utan å tenkja på novemberettermiddagar. Sitja med ei barn på fanget i yr glede og ikkje vita så altfor godt at ein dag forlet ho eller han oss.  Eiga ei gudserfaring og ei fellesskapsoppleving som ikkje skal forstyrrast av travle og grå kvardagar.  Kven vil ikkje byggja hytter?  Forbli i øyeblikket?  Ta vare på minner og lengta dei fram igjen?

På fjellet og i dalen
Men Peter får ikkje lov å byggja hytter. Ikkje bli på fjellet. Øyeblikk forsvinn. Kvardagen skal koma.  Det skal ikkje finnast skjerma Edens hagar. Me skal ikkje tenkja at tru kan hermetiserast og puttast i boks til seinare bruk.  Tru er å følgja Jesus der han går. 

Og han som kan ta oss med opp på fjell til eit himmelglimt, tek oss fort ned til dalen der me bur og lever og skal vera noko for andre. Han som kom til verda slik ho er og som såg ut heilt som andre, han.  Han som gjekk til dei som var komne inn i den mørkaste dalen i livet. Der skal dei som vil følgja han, også vera. Utan å grina på nasen.  Men gjerne med eit forklara øyeblikk i minnet. «Eg kom heilt inn i ein av portalane til tru.  Eg veit kva eg har sett.  Eg veit kven eg trur på og skal følgja

Det går an å sjå Jesus forklara oppe på fjellet.  Men det går like godt an nede i dalen.  Markus antydar at det er då me for alvor ser Jesus åleine.  Og held oss til han åleine.

Tru for oss vanlege
Kvifor fekk bare 3 sjå på fjellet?  Ikkje veit eg.  Men eg veit at Jesus lar seg finna midt i livet, i dag, for ganske vanlege folk, for alle slags vanlege folk.  Tru er ikkje meir for dei som har anlegg for å sjå syner eller vera åndelege.  Ja, trua er ikkje bare noko som skjer i kyrkja søndag kl.11.  Slik disiplane møtte den vanlege Jesus i vanlege kvardagar, vil han møta oss i dag også. Kanskje i ein portal til tru?  Ei oppleving av natur eller kultur og musikk som dreg oss inn til den store skaparen.  Eller det aldeles ubegripeleg store å verta foreldre til eit lite gudsunder med mine gener og trekk.  Eller godhet og hjelpande hånd me får så trong til stilla opp med, og er så takknemlege for å oppleva.  Eller eit bibelord, ei bønn eller eit salmevers me kan krypa inn i og verta reist opp av.

Ingen av oss går rundt og tenkjer på Jesus og Gud heile dagen. Me har heile liv med alle slags relasjonar og oppgaver å vera i. Men plutseleg oppsøkjer me ein portal til tru. Eller portalen like plutseleg slår inn i livet vår.  Det er slik det skal vera!

For det som Gud gjer og vil, er knytta til min historie.  Til meg slik eg er. Til det som ligg i genene mine.  Til det eg er opplært i.  Til draumar og skuffelsar som har sett seg i sinnet.  Til erfaringar av godt og vondt.  Eg er meg og du er deg.  Ingen av oss har lik historie. Erfaringar, evner, behov, følelsar, intuisjon, draumar og lengslar er alt djupt personleg.  Derfor vert vegane til Gud så forskjellige og må verta det.  For det er der Gud gjev seg til kjenne, i vår eigen historie.  Det er der forklaringa skjer.  Det er der forundringa kjennest.  For tru er levande tillit til Jesus.  Tillit og fellesskap med han som faktisk har opna vegen til Gud.

Tillit og håp
Og så glimtar denne sundagen til og seier at tru er ennå meir.  Tru er håp.  Tru er å venta på noko som skal skje.  At Jesus skal forklarast for oss, og me skal forundrast, er djupast sett framtid. Det kjem til å koma nye portalar til tru. Når eg går inn gjennom den siste, skal eg sjå Jesus slik han er!  

Me syng ei fin bønn om det:  Deg å få skode er sæla å nå (Norsk Salmebok 482)

Powered by Cornerstone