Gje med glede!
21.sundag i treeiningstida 2023 - Matteus 22,15-22

Gje med glede!

Han går ikkje i fella, men finn den forunderlege vegen som ingen hadde tenkt kunne vera der.  Peikar på keisaren sitt bilde i mynten, og skapar ei undring om kva som ber Guds bilde og kva som er Guds og tilhøyrer han

Gje med glede!  Still deg til disposisjon med det beste du har!
Det kan vera det gildaste me kan tenkja oss, for oss sjølv og ei god sak. Og det kan vera grusomt vanskeleg, for ikkje å sei grådig vanskeleg.

Eksilfolk i Babel
For eksempel for ein israelitt i eksil. Bortført til framandt land. Dei  positive ønskja om å bidra og gje med glede var eintydig knytt til Jerusalem, til heim og heimland og tempel og ei tru som kunne utøvast fritt der ho høyrde til. Der alle gudserfaringane,  tradisjonane og røtene var.

Men i Babel?  Der sit me med elva og grin og drøymer oss vekk! Kva seier du, profet?  Skal me slå oss til her?  Byggja hus. Planta og venta frukt? Stifta heim? Slå rot?  Her?

Ja, ja, ein slags overlevingsstrategi, kanskje. Handling må jo etter kvart ta over for tårer.

Men du trør langt over grensa, profet!  Skal me fremja fred for denne framande byen, for dei herskande som voldtok vår eigen by og drog oss med seg hit?  Skal me be til Herren for han?  Er han deira Gud også, er han ikkje berre vår?  Kan det stemma at me aldri får fred utan at det vanskelege nærmiljøet vårt får fred, og at me sjølv bidreg aktivt og positivt til noko så vanvittig?  Kan me gje mykje med glede? (Jeremia 29,4-7)

Forfulgt folk i Rom
Eller ein pressa første generasjon av kristne i den store byen Rom, der keisaren befalar og keisartilbeding er påbudt.  Skal denne styresmakta sjås på som Guds tenar? I noko av slikt som øvrigheita er sett til å ta hand om, til beste for deg og for fellesskapet.

OK då, ein slags aksept då! Men berre strengt nødvendig lydighet og respekt. Det må finnast noko større å kunna engasjera seg heilt i.  Ja, gje med glede til. (Rom.13,1-7)

Ufritt folk under okkupasjon
Eller ein religiøs ledar og veiledar i eit ufritt folk av jødar med Abraham og Isak og Jakob sin Gud som sin.  Løftene sitt land hadde vore okkupert, ikkje i 5 år, men i 5-6 hundre år, nå etter at dei kom tilbake frå Babylon. Eit relativt ufritt folk under framandt styre.  Namnet på okkupasjonsmakta hadde skifta mange gonger.  Nå var det romarane som regjerte.  Nå var det keisaren i Rom, verda sin mektigaste, som bestemte skjebnen. Dei skulle gjerne ha kvitta seg med han. Lovene dei lever etter og myntane dei betalar med, er ikkje deira eigne.

Ingen huskar korleis det var å leva utan. Å ha sin eigen konge.  Å vera frie.  Men dei har høyrt om det. Historien fortalt i samtale og skrift er vedkubbar til håpsbålet som har brunne i dette folket heilt sidan Moses og Aron gjekk til farao og ropte: Set folket mitt fri!

Dei ventar ein utfriar.  Dei ventar profetane sin Messias.  I år 30 breier ein ny forventning seg.  Kan det vera at Jesus frå Nasaret er mannen?  Han som vandrar rundt og reiser folk opp og snakkar om Guds rike, ikkje keisaren sitt.  Og samlar folk som har håp i blikket og tru på framtida. 

Ei skattefelle
Det var ikkje godt for dei som sat med makta.  Nokre av dei var religiøse ledarar.  Dei følte seg truga av det han sa og gjorde.  Dei ville halda på si eiga makt og minska hans innflytelse.  Så kjem dei med eit sår som verkeleg gjorde vondt i den jødiske sjela.  Keisaren sin mynt. Skatten til okkupasjonsmakta.  Pålagt kvar borgar.  Skatten var forhatt av alle, men mest alle betalte.  Noko anna hadde vore opprør.

Er det rett å betala skatten som er pålagt?  Ei felle lagt ut.  Snedig. Spørsmål kamuflert i smisk og sukkersøte ord om Jesus sin integritet og innflytelse. Men seier han nei til skatt, vil han provosera okkupasjonsmakta.  Seier han ja, legg han seg ut med folket som han er ein del av.  Dei vil ikkje lenger knyta lengsel og håp til denne mannen frå Nasaret.

Kva seier Jesus?  Er det rett å svara skatt til keisaren?
Han går ikkje i fella og svarar ja eller nei.  Han finn den forunderleg vegen som ingen hadde tenkt kunne vera der.  Peikar på keisaren sitt bilde i mynten, og skapar ei undring om kva som ber Guds bilde og kva som er Guds og tilhøyrer han.

Mest 2000 år etterpå kan me framleis undra oss over det han sa.  Det er relevant og gyldig nå også.  Det var mykje Jesus ikkje sa, men likevel kolossalt mykje han fekk sagt.

Kall til samfunnsliv og gudsliv
Han spelte ikkje Gud og keisar ut mot kvarandre. Han svekka ikkje Guds storhet, makt eller vilje, for sine skapningar. Han oppmuntra ikkje til opprør, men til respekt for styresmaktene.  Han sa noko om at me kan følgja Gud og likevel leva under verda sine ordningar. Han kallar oss til begge deler. Det går ei ganske klar linje frå Jesus sine ord om å innretta seg etter keisaren sin ordningar til å engasjera seg for dei beste samfunnsordningane eit folkestyre kan byggja opp. 

Bibeltekstane i dag seier at det er vår Gud sin vilje at alle samfunn skal ha fred og gode levekår.  Gud er skapar. I Gud er det lidenskap for at alle skapningar og alt det skapte skal få utfolda seg best muleg til det dei er skapte til. 

Så: Be i eksil. Betal skatt. Respektèr og form styre og stell. Ver med i skapar- og kulturoppdraget Gud har gitt oss menneske.
Til og med i eksil og pressa forhold skal du be og arbeida for neste generasjon sitt ve og vel.  I frihet og fred skal det i alle fall vera slik. Då bed og gjev du ikkje av nødvendighet, men i glede.

Å gje Gud med glede!
«Gje keisaren det som høyrer keisaren til,» sa Jesus. Og la til: «Gje Gud det som høyrer Gud til.»  Er ikkje det det meste?  Er ikkje det livet eg har fått i gåve?  Og dei eg har fått det i hop med. 

Tenk ein generasjon fram. Og sjå at generasjonen er her nå!  Dei som har sundagsskule i kjellaren nå og fyller kyrkja på tysdag, onsdag, torsdag og lørdagar. Dei er i gang! Dei neste til å sitja her til lovsang, refleksjon, forbønn og oppbretta armar til kvardag i kyrkje og samfunn. Dei er Jesus sine ståande eksempel på å ta imot Guds rike.  Rett som det er strålar dei og gjev med glede!

Gje med glede!  Eg vil vera med og gje Gud det som tilhøyrer han og alle treng. Eg vil gje kristen tru og etikk vidare.  Eg vil forvalta natur og miljø fordi det er Guds skaparverk som skal vera leveleg heim for alle.  Eg vil unna alle nasjonar og folk på jorda ei reise mot trygge levekår med menneskerettar, frihet og eit leveleg klima.  Kvar tid har sine kampar og kvart menneske har sitt spørsmål:  Korleis kan eg gje Gud det som tilhøyrer Gud, slik at medmenneske får det som tilhøyrer dei?  Eg trur svaret må starta med tru og bønn og fortsetja med håp og handling!  Til alle tider!

Gjevarteneste
Me får ei konkret utfordring i dag. Å gje økonomi med glede. Det veit mange mykje om allereie. Den gode, reine glede å gje.  Ikkje noko offer.  Berre ein takk for alt me har fått av Gud.  Trua som minner om at alt er gåve.  Å gje slik er eit vern mot å ramla ned i den grådige og vonde materialismen si grav og stressande jag.

Som Brynekyrkje har me lyst til å seia at det er ei glede å gje, det er normalt å gje og det er nødvendig å gje for å gje Gud det som høyrer Gud til. 

For kva er det som ber Guds bilde, slik som mynten har konge og keisar i namn og bilde? Det er me som ber bildet av han som har skapt oss.  Det er me som er elska og kjøpt fri til å høyra Gud til.  Det er me som er teikna med krossmerket, så høgt elska av Jesus som aldri vil gå frå oss.  Det er me som har havna i denne ufortente situasjonen at me har fått meir sosial og økonomisk trygghet enn dei fleste før oss og rundt oss kan våga å drøyma om.  Me er rike, og me er såpass drilla teologar at me veit at alt er gåve, alt er fått, intet er vårt, alt er ditt, ja, alt er vårt i deg. «Gje Gud det som høyrer Gud til,» er Jesusordet i dag.

Det er mange i Brynekyrkja som gjev mykje og gjer det med glede. Eg og soknerådet oppmuntrar til eit normalt felles ansvar: Me som går i Brynekyrkja er fast gjevar på eit eller anna nivå som me drøftar med oss sjølv og Gud. Skrifta seier gode ting både om å gje med glede og gje etter evne. Og det fremste eksemplet frå Meisteren er den fattige enka som ga ørene sine, men først og fremst heile livet sitt.  Me har til og med historien sin beste øvrighet, som gjev skattefritak. Og omtrent seier som så: Viss de gjev Gud det som høyrer Gud til, skjærer me godt ned på det som høyrer keisaren til. Ikkje verst. Ekstragrunn for å gje med glede!

Til slutt om satsing og takk.  2 spissa punkt om å gje med glede.

Å gje med glede er å satsa og drøyma stort nok.
Me vil vera ei visjonær kyrkje, ikkje ei sløvt vedlikehaldande.  Me vil fylgja og vera sendt med Jesu oppdrag om å gjera alle til disiplar, døypa og læra dei å halda det han har befalt.  Som fellesskap av truande og som folkekyrkje i Norge har me fått eit høgt kall og ber på ein stor draum.  Me har gode planar og minst like gode medarbeidarar som er si lønn og si lønnsutvikling verd.  Grøda er stor gjennom den plattformen som trusopplæring i Dnk er.  Det er misjonsstrategisk klokt å gje og tena trufast i dette!

Å gje med glede er å takka for den store nåden og leva i den djupe gleda.
Han som baud oss gje Gud det som Guds er, ga budet i same veka som han sjølv ga alt, for Gud sin frelsesplan, for oss som er så høgt elska. Glade gjevarar veit dette og lever i det. Dei reknar ikkje ut ved året og livet sin slutt kva dei har gitt, men kva dei har fått.  Det er ei gleda å vera raus og glad gjevar. For slike som veit kor høgt den største gjevaren elskar oss.  Det største er nåden. Og den skal nå til alle.

Powered by Cornerstone