Utanfor eller elska
Bryne kyrkje 7.sundag i treeiningstida 2022 - Markus 5,25-34

Utanfor eller elska

Dei to skjebnane er forskjellige.  Ho gjer alt det ho kan for å verta frisk og få hjelp.  Han gjer alt det han kan for å fortrengja og skjula smertene og såra på innsida.

Ho hadde lidd mykje og vore hos mange legar.  Ein skjebne og ei forteljing frå evangelia som gjer sterkt inntrykk. For slik er det mange som har det. Har lidd mykje, prøvd mykje, gjerne betalt mykje til hjelparar og behandlingar.  Brukt alle ressursar.  Og så hjelper det ikkje.  Markusevangeliet er treffande for mange sin situasjon: «Det hadde heller vorte verre med henne» – og med andre som henne.

Parallellhistorie
I sommar har eg lese meg inn i denne evangelieforteljinga parallellt med ein annan sterk historie, ei bok som mange andre kjenner.  Om ein mann, ikkje ei kvinne.  Om ein me lett tenkjer på som sterk, mens ho med blødningar er skjelvande svak.  Men han også hadde ein medfødt sjukdom, eit liknande tabu, som gjorde at mange heldt seg unna.  Han også opplevde utenforskap, avvisning, skam og frykt. 

Dei to skjebnane er forskjellige.  Ho gjer alt det ho kan for å verta frisk og få hjelp.  Han gjer alt det han kan for å fortrengja og skjula smertene og såra på innsida.  Han er eit løvetannbarn som trassig trenger seg gjennom tjukk asfalt av mobbing, handicap og minoritetsbakgrunn.  Å lesa boka hans gjev blanke auge.  Både om det strenge og vonde og tronge han vart utsett for.  Men like mykje over den imponerande klassereisa han tek, og forbildet han vert, i det å leva med høgt engasjement, med 2 kulturar, som norsk og pakistansk godt integrert i seg.

Skam og skuld
Men boka til Abid Raja heiter altså «Min skyld – en historie om frigjøring».  Han kjem også til punktet som vaksen at han må ha hjelp med det vonde, det som er på innsida.  Å forstå at skam og frykt har hopa seg opp til ein øydeleggjande skyldfølelse og eit sinne som kan velta fram.  Fordi han aldri fekk ubetinga kjærleik heimefrå, og aldri fekk melding om at han var god nok som han var.  Ikkje eingong i det han gjorde og oppnådde. Etter kvart.

2 parallellhistoriar i dag altså, men eigentleg mange. Sikkert nokre her i kyrkja også, denne sundagen.  Me kan kjenna på det sjølv.  Eller me kan få eit lys frå Den hellige ånd som brått treff noko som ingen andre ser.  For Gud er ein Gud som ser. At det er slik, og noko med Abid Raja si bok, vil eg koma tilbake til.

Ei skjelvande berøring
Men det får vera i lyset frå denne kvinna som dristar seg til å nærma seg Jesus forsiktig bakanfrå.  Skjult av folkemengda. Ydmykt håp om hjelp.  Ei skjelvande hånd berører kappen hans.

Og så skjer det aldeles ufattelege.  Ei kraft stoppar den blodstraumen som går ut der han ikkje skal strøyma.  Ei kraft går ut frå Jesus.  Dei merkar det begge. Så sterkt at Jesus ikkje slår seg til ro med bortforklaringane frå dei næraste. Han snur seg ikkje bare og spør. Han ser seg om. Godt. Gud som ser. Hjarta som ser.

Og så ser han. Ho som vågar å møta blikket. Som skjelvande kastar seg ned og fortel han alt som det var.  Står det.

Å fortelja alt som det er
Kva fortalde ho, når ho fortel alt som det var?

Må ho ikkje ha fortalt om sjukdommen?  Om smertene og plagene.  Om det som alltid var der og stal oppmerksomhet og krefter og la ei tung sky over dagar og liv….

Må ho ikkje ha fortalt om alt ho hadde prøvd for å verta frisk?  Om kvilelaus jakt etter helbredelse.  Om behandlingar av legar som hadde gjort sitt beste, men utan resultat.  Om sjarlatanar som hadde skodd seg på hennar ulukke.  Om håp som slokna.

Må ho ikkje ha fortalt at det ikkje bare var kroppen som leid?  Uro og angst i sjela fulgde med.  Nå var ho lutfattig utan framtid.

Ultimat utanforskap
Må ho ikkje ha fortalt korleis andre såg på henne?  Eller kanskje trong ho ikkje det.  Både ho og Jesus visste.  Korleis kulturen var.  Ukontrollert blødning ga utenforskap på alle måtar.  Sosialt vart ho åleine og isolert.  Religiøst vart ho rekna som urein, og kunne ikkje nærma seg verken folk eller tempel eller Gud utan helbredelse og reinsing.  Og nå hadde ho i tillegg gjort noko som alle reknar som uhøyrt.  Ho har tatt på Jesus sine klede, smitta han med sin ureinhet, fornærma himmelen og ein mann som mange såg opp til.  Kva skal ho sei?  Anna enn å fortelja han alt, om det som var eit ultimat utenforskap på alle plan, og kva ho nå hadde drista seg til å gjera.

Ei anna Markusforteljing
Ho får eit svar av Jesus.  Men før eg seier meir om det, har eg lyst til å dra inn ein historie til.  Me har lese og høyrt han i dåpen. Markusforteljing det også.  Der også er disiplane uforståande og hjelpelause i slikt som betyr noko.  Dei vil hindra berøring.  At Jesus skal røra ved dei små.  Eller at ein ukjent har rørt ved Jesus si kappe i ein trengsel, kva så?  Kanskje lærte dei seinare?  Kanskje er det me som plutseleg lærer og forstår…

For det kristne evangeliet er overraskande og grensesprengande. Du vert rørt ved av Jesus.  Eller du får lov til røra ved han, fortelja han alt, og få del i ei kraft som endrar og gjer deg heil.

Kanskje koronapandemien har gitt oss sjans til å forstå, i våre tider, kor problematisk berøring, smitte og særleg blod var i kulturen Jesus vart fødd i.
Berøring var tabu. Berøring smitta. Stengte vegen til andre menneske og til Gud. Ga frykt. Du vart urein av all slags berøring, av kjøp og sal på gater og torg, av matvarer, dyr, og særleg alt som hadde med blod og sekret å gjera. Du vart urein av død, pengar og av ureine folk som spedalske, besette og utstøtte, offentlege syndarar og framande som ikkje tilhøyrde folket.

Evangeliet å verta rørt ved
Kva gjorde Jesus?  Han berørte! Han lot seg berøra og røra ved. Han rører ved ein spedalsk, er det rart at han vert berørt og smurt med salve i ein spedalsk sitt hus?  Han legg hånda på ei febersjuk kvinne og tek ein gut med krampar og døvstum ånd i hånda. Han berører blinde sine auge, stikk fingrar i øyre og rører tunger med spytt, så folk kan høyra og snakka og sjå.  Alle som hadde plagar, trengde seg fram for å røra ved han, står det.  Ei kvinne med blødningar berører seg altså til helbredande kraft.

Foreldre kjem med barna sine og vil at Jesus skal røra ved dei.  Dei kjem med undring og takk for livet.  Å få vera mor.  Å få ha eit barn til låns ei tid, elska og forma, glad i og halvredd for.  Dei kjem til Jesus med den finaste gaven og den største gleda i livet.  Kan du røra ved dei Jesus? La dei vera berørt av deg?

Og så skjer det!  Dei som ønskjer å verta rørt ved, får gode hender lagt på seg.  Og ennå meir:  Dei vert velsigna!  Dei får alt det beste Gud kan og vil gje.  For Jesus set barn på fang.  Lukkar oss inn i si omsorg og kjærlighet.  Auser over oss si velsigning med ord som varmar og fingrar som stryk gjennom håret.  Og barnet veit at dette treng eg ikkje gjera noko for å fortena. Ikkje kan eg heller.

Slik er det å vera eit elska barn.  Og dette er evangeliet.  Dette er den store nåden.  Dette vert me lukka inn i i dåpshandlinga, og me kan høyra til i det heile livet! 

Ubetinga kjærleik
Ubetinga kjærleik frå Gud.  I eit format som gjer at me kan sleppa å føra ein eigen lang frigjeringskamp a la Abid Raja, for å få løfta av oss den vonde følelsen av at ingenting er godt nok, eg er ikkje god nok, det er mi skuld at det er som det er.

Eg trur me er mange som ønskjer å vera så frigjorte at me kan gje våre, og mange andre rundt oss, ubetinga kjærleik. Slik at me titt og ofte kan sei og visa at dei er gode nok slik dei er. 

Og då!  Då er det at det er me som kan sleppa ned skuldrene og ta inn i kroppen og sjå med augene kva Jesus gjer med kvinna i dagens forteljing.

Gud som ser og deler krafta si
Han er Gud som ser.  Han er Gud som lyttar til den som fortel han alt som det er.  Han er Gud som ikkje kan trøs for nær.  Som ikkje lar seg smitta av oss.  Som ikkje held oss fast i utenforskap.  I tankar om at me ikkje er gode nok.  Han vil dela krafta si med oss ganske vanlege.  Han reiser opp. Ingen av oss er kvalifisert og perfekte i oss sjølv.  Ingen av oss er utan synd og nederlag.  Ingen av oss er skuldfrie, om me gjerne skulle ha vore meir frie frå skam og falsk skyldfølelse.

Evangeliet er at me er elska nok.  Av Jesus som ga livet for oss på korset.  At det er trua på Jesus sine ord og Jesus sin kjærleik som tek imot denne store nåden.

Nei til å vera utanfor, ja til å vera liten
Til slutt – med eit skråblikk til dei to andre opplesne bibeltekstane:  Det er nei til utenforskap som gjeld i kyrkja i dag.  Men ikkje nei til å vera liten og ydmyk i møte med skaparverket sin storhet.  Heller ikkje nei til å vera stor og ydmyk, slik Gud sine forvaltarar skal vera, dei som er sette til å ta godt vare på jorda og bringa Jesus si kraft og Jesus sin kjærleik til andre.

Slike kan godt vera små og stå lågt i verda.  For dei treng ikkje stola på seg sjølv, men på Guds verk, på krafta som er der for alle som vågar å berøra og verta berørt av han som ser oss og elskar oss.  Dette er me døypte til.  Dette kan me ta imot i nattverden si herlege og hellige stund. Varmt velkomne!

Powered by Cornerstone