Å gå etter lyset
Kristi openberringsdag 2020 - Matteus 2,1-12

Å gå etter lyset

Det starta med desse vismennene som finn eit lys å gå etter. Og gudstenestegruppa delte tankar: Kva må til for at folk i dag legg ut på slike vandringar mot Jesus. Kva er det som sender oss i veg? Kva er det som hjelper oss å finna veg? Kva lys kan me følgja?

Å gå etter lyset…”
Det vart overskrifta etter ein lang og god samtale i gudstenestegruppa om denne bibelteksten. Kvifor vart overskrifta slik? Jau, for me var fascinerte av vismennene si underlege reise.  Og me syns det var noko i den som høyrde i hop med profetien i Jesaja 60, om folkeslaga som skal gå mot Gud sitt store lys i Jerusalem.  Og så var det nokre misjonskyndige i blant oss som visste at slik var Israelsfolket sin misjon i den gamle pakta. Å vera lyset som folkeslaga kunne gå mot i Jerusalem.  Og at kyrkja sin misjon i den nye pakta er å kryssa grenser ut frå Jerusalem, å vera sendt med lyset som har kome frå Gud, det sanne lyset som kom til verda i Jesus.

Så då er gjerne overskrifta:  Å gå etter lyset.  Å gå med lyset.

Men det startar med desse vismennene som finn eit lys å gå etter.  Og gruppa delte tankar: Kva må til for at folk i dag legg ut på slike vandringar mot Jesus.  Kva er det som sender oss i veg? Kva er det som hjelper oss å finna veg.  Kva lys ser me? Kva lys kan me følgja?

Vise menn
Då bør me absolutt først undra oss over
underlege vise menn frå Austerland.  Dei dukkar bare opp frå det ukjente og framande.  Ingen kjenner navna deira. Antageleg var dei vismenn frå Persia, godt kjende i den tids vitenskap, med himmelrom og stjerner som spesialitet. Ikkje bare astronomar som var opptatt av stjerner sine posisjonar, men astrologar som var opptatt av stjerneplasseringar sitt budskap. Det var religiøst alvor, dette her. 

I 12 korte vers fortel Matteus historien deira.  Dei ga seg på vandring, for dei meinte ei stjerne hadde  varsla ein stor konge sin fødsel.  Dei kjente jødane sine forventningar om Messias, kanskje gjennom jødiske minoritetar i austre del av Romerriket.  Dei oppsøkte palassa i Jerusalem og dei skritftlærde sin visdom, men havna i ein fattigsleg landsby litt sør for hovudstaden.

Besøk med kontrastar
Kontrastane er så store at me har vondt for å gripa dei.  I stallen eller grotta sitt halvmørke sit Maria og barnet.  Me kjenner lukt av fattigdom.
Og der kjem dei vise med fyrstelege gavar. Kleda luktar av hoff og harem og forgylte hallar, kanskje med ein stenk av støv frå bokrullar og bibliotek, blanda med lukta av kamel og ein lang reiseveg.  Det er mest som du kan høyra eksotisk musikk og larm frå persiske marked.  Dei lirkar fram det dei har med til audiensen, kostelege skattar: Gull, røykelse, myrra.  Maria må ha vorte heilt ør og fortumla.  Det er ein luksus som høyrer til heilt andre plassar – i palasset når undersåttar legg seg på kne og bukkar for fyrsten, og i templet når den aller høgaste vert hylla. Men dette gjer dei vise i stallen, for eit barn i ei krubbe! Eller om det har gått ei tid: Eit anna enkelt rom der fattige med eit spebarn held til.  Før ein draum varslar dei om kva kong Herodes har planar om, og dei tek ein annan veg heim, tilbake til det ukjente og vert aldri meir nevnt.

Bortsett frå i legendar og fabuleringar.  Dei vart til 3 og til kongar ut frå dei 3 fyrstelege gavane og profetien me har lese tidlegare i dag.  Dei fekk navn: Kaspar, Melchior og Balthasar.  Dei eldste bildene av dei finn me i katakomber frå det 2.århundret, i hop med dei eldste bildene av nattverden og av Jesus på Maria sitt fang.  I middelalderen vart dei helgenar og fekk ansiktstrekk frå nord og sør og aust.  Dei er folkeslaga som søkjer mot Kristus, går etter lyset.

Spørsmål for vegkryssa
Og der får me vera i dag – på misjonssundagen.  Me får vandra i hop med dei vise på vegen inn mot stallen og ut i verda, mot lyset og med lyset.  Me får leita med dei etter nøklar og vegar til å finna inn til Jesus og etterpå vera tru mot det me har sett og funne.  Me får prøva som dei å gjera gode valg der me vert sett på valg.  Eg formulerer det i 4 spørsmål – for vegkryssa i livet og misjonen:
Kva stjerne skal me fylgja?
Kva stemme skal me lytta etter?
Kva konge skal me bøya oss for?
Kva veg skal me nå ta?

Først:  Kva stjerne skal me fylgja
Kva er det som får oss til å bryta opp og sender oss på leit etter frelsaren? Spør me klassisk luthersk teologi om det, så er svaret: Syndenød, anfekta samvit.  Det svaret har ei forutsetning, som er ganske bleik for mange i dag: At me forstår livet i lyset frå ein hellig Gud.  Men det er ikkje vanleg å spørja etter ein nådig Gud. Heller om Gud fins og om tru på Gud gjer ein forskjell i livet. Fleire enn vise menn frå Aust må gå lang veg og omveg før dei søkjer så djupt som til Guds nåde.

Kva stjerne skal me fylgja?  Me må fylgja den stjerna som viser seg for akkurat oss, den som sender eit lys og ein lengsel inn i livet når me treng det.  Den som vinkar og blinkar oss fra jorden opp til Gud når me er nybakte foreldre og hjarta svulmar av takk og bønner for framtida.  Når godhet overveldar oss.  Eller motsett når ensomhet tærer, sorga sitt tomrom vert for stort, når helse sviktar, urett er begått, når livet skrik etter meining og samanheng og når takknemleghet vil ha adressat! Det siste sa Ernst Baasland noko viktig om på julemessa på Undheim. At det første steget mot ateismen er å slutta å takka, å ikkje ha nokon å takka.

Dei vise frå aust var så vise at dei hadde ope sinn for det som ligg utenfor matematikken og naturvitenskapen.  Dei var opne for at Gud var større enn det som låg i deira eigen tradisjon og den religiøse hovedvegen.  Og Gud var så stor at han leda dei om dei ikkje hadde gått på sundagsskule og trusopplæring, og hadde andre religiøse skrifter enn Bibelen.  Gud møtte dei i det opne sinnet, på den vegen som var deira, så langt dei var komne på ein søkjande veg.  Fins det eigentleg andre muligheter?

Det kjem stadig til å dukka opp stjerner.  Det beste er sjølvsagt å ha Guds Ord til ledestjerne, men mange kjem ikkje på av seg sjølv at dei skal starta der, dei vil gå ei lengre reise etter stjerner dei finn langs sin veg.  Me får be, håpa og arbeida for at dei finn gode medvandrarar, ei menneskestjerne som følgjer og viser veg.
Kva stjerne skal me fylgja?

Og: Kva stemme skal me lytta etter? 
Når stjerna og teikna har ført til palassa eller templet i Jerusalem. Når vårt eige folk har havna i rikdommen si høyborg i verda og lurer på kva meir det er i livet, for nå har me snart shoppa verda sjuk og oss sjølv ganske mette. Kva stemme skal me høyra på?

Ikkje på dei mektige som smiskar og reklamerer og gjer kva som helst for å behalda makta si over oss.  Ikkje på skriftlærde som har god greie på teorien om Messias, men ikkje går vegen sjølv. 

Den eine stemmen me skal lytta til, er Ordet frå Gud. Å gå der Gud viser, anten me veit kor det burde vera eller me er blanke. Vise menn finn ut av villsporet i Jerusalem og går vegen til Betlehem med å fylgja Guds Ord.  Dei finn Gud der Gud viser seg klarast. Når dei er lydige mot Guds stemme, får dei ny kontakt med den stjerna og lengselen som sende dei på vandring fram mot målet. Takk og pris at me er lokal kyrkja med mykje bibelglede.  Det skal me fortsetja med! Både for å gå mot lyset sjølv og gå med det til andre.  Folk skal ha dei beste stemmane å lytta til når dei søkjer det som ei eller anna stjerne varslar om, og får forma ein gudslengsel.  Bibelglede gjev misjon!

For det tredje:  Kva konge skal me bøya oss for?
Teksten for i dag stiller spørsmålet, med skarpe kontrastar…
Kva konge skal me bøya oss for?

Den eine var mektig og frykta. Herodes med tilnavnet ”den store”.  Det kunne like godt vore den smålege. Ein herskar som higa etter makt, som hadde makta si på romarane sin nåde. Herodes myrda alle som fantasien fortalde var rivalar, inkludert si eiga kone, nokre av ungane og mange spebarn i Betlehem.  Då han til slutt forlot denne verda, var det til pomp og prakt, men få felte tårer.

Den andre kongen åtte ikkje mykje, men var ein person som elska, helbreda og sette fri dei han kom i kontakt med.  Han vart fødd i fattigdom og døde i vanære.  Men sorga då han døde, var ekte, og han har vorte elska like høgt etter sin død som han blei elska mens han vandra rundt på jorda.

Det var desse to kongane vismenn frå aust måtte velja mellom.  Dei måtte velja mellom makta i hovudstaden og avmakta i utkanten. Mellom slottet si prakt og fattigfolk si stove.  Mellom frykt som posisjonerte seg og kjærlighet som ga seg hen.  Dei valde rett.  Dei lytta rett.  For dei var vise.  Dei kunne mykje meir enn å tyda stjernekonstellasjonar, kjæla med rikdommen sin og sno seg i makta sine korridorar.  Den vise veit å velja den gode kongen, og gjev seg ikkje før han og ho får knela og tilbe og vita at her er Gud, her er frelsa mi.  Her er fredsfyrsten!

Til slutt:  Kva veg skal me nå gå?

Jau, det må vera ein annan veg heim.  Det må vera ein veg som er eit svar på det eg har sett.  Det må vera å gå med lyset eg først har fått gå imot. Vegen frå knelande tilbeding rundt nattverdbordet til nokre som treng han som eg har møtt og knelt hos. Det må vera eit ønskje om å vera Guds medarbeidar, ikkje gje støtte til Guds motstandarar.  Ein annan veg heim gjekk dei vise, varsla av Gud og lydige mot det dei hadde sett og funne.

Gud gjer stor ting i vår tid også.  Han lar seg finna langs mange vegar.  Mulighetane er rett ved døra vår når me og folk spør:
Kva stjerne skal eg fylgja?
Kva stemme skal eg lytta til?
Kva konge skal eg bøya meg for? 
Kva veg vil Gud eg skal gå nå?

For hans store misjon og vår misjon er å visa veg til Jesus, til han som er lyset for verda.  Så me er så vise at me går etter det beste lyset.  Så me er så lydige at me går med lyset.  Me kan ikkje anna når me har knelt i det.

Powered by Cornerstone