Fellesskap over alle grenser
Allehelgensdag 2019 Bryne kyrkje - Jesaja 60,18-22

Fellesskap over alle grenser

På allehelgensdag skal kyrkja sjølvsagt ikkje fjerna seg frå folket, frå sorga og dei sørgjande. Og folket vil ha bruk for trua sitt håp og kyrkja sin framtidsvisjon.

«Med smil i gråt det vandrer frem
mot himlens lyse hjem.»  (Norsk salmebok nr.270)
Pilgrimstoget med smil i gråt.  For nokre med mest smil. For andre med mykje gråt, til tider.

Slik me skal høyra det i preiketeksten for i dag.  Etterdønningar etter den store katastrofen i 587 f. Kr. Jerusalem vart beleira, invadert og okkupert.  Murane rivne, bygningar stukke i brann, skattar røva, templet lagt i grus. Folket deportert frå løftet sitt land og håpet sin by, til eksil i Babylon.  I 70 år.  Ein generasjon eller to. 

Katastrofe og ny start
Så kom skiftet. Oppmjukninga. Dei fekk lov å venda tilbake, gruppe for gruppe til det heilage landet, sitt løfteland, til Jerusalem og tempelhøgden.  Kva fann dei?  Ruinar.  Herja landskap. Lite som fløymer av mjølk og honning. Spor av murar som ikkje kunne beskytta.  Bare restar av gudshus. Var gudsnærværet også bare restar? Tru og håp fekk tronge kår i det som auga kunne sjå. 

Men det var ein ny tone i lufta!  Profetar som hadde forkynt dommen og advart mot øydelegging, kom nå med nye ord, andre ord, håpa sine ord.

Nå skal me høyra dei frå Jesaja 60.  Og me skal høyra kva som er sentrum i håpet.  Me har snakka om det i gudstenestegruppa og fant ut at desse orda her skulle seiast før teksten vert lesen. For håp er ikkje det som auge ser i herja landskap og vonde minner.  Håpet er Gud.  Håpet og lyset sin Gud.  Den heilage byen der Gud er nær med sitt lys som aldri før.  Det heilage landet der Gud er gartnar og folket får gro på nytt.  Med blikket på Gud er sørgedagane over. Framtidsutsiktene er lyse…

18 Ingen skal høyra meir om vald i ditt land,
          om herjing og øydelegging
          innanfor dine grenser.
          Du skal kalla murane dine Frelse
          og portane dine Lovsong.
          
   
19 Sola skal ikkje meir vera ditt lys om dagen,
          måneskinet skal ikkje lysa for deg,
          men Herren skal vera ditt lys for evig,
          din Gud skal vera din herlegdom.
          
   
20 Sola di skal ikkje meir gå ned,
          månen din skal aldri minka.
          For Herren skal vera ditt lys for evig.
          Sørgjedagane dine er til ende.
          
   
21 I ditt folk skal alle vera rettferdige,
          dei skal eiga landet til evig tid.
          Dei er eit skot i min hage,
          som hendene mine har laga til mi ære.
          
   
22 Den minste skal bli til tusen,
          den ringaste til eit mektig folkeslag.
          Eg er Herren,
          når tida er inne,
          lèt eg det skje i hast.

Allehelgen i folk og kyrkje
I bibeltekstane på Allehelgensdag er sløret mellom jord og himmel tynnare enn elles. Den kristne kyrkja får hjelp til å sjå inn i det som ennå ikkje fins, men som ho likevel eig i trua og håpet. Kyrkja ser si lyse framtid, det ho skal verta.

På same tida er Allehelgensdag ein av dei få kyrkjelege dagane i året som også har brei folkeleg appell.  Ein avart er mørk, for mange fjern, i Halloween-feiring.  Ein folkeleg utgave er nær og varm og sår, og gjer at folk strøymer til kyrkjegarden.  Stella grav før vinteren.  Halda liv i eit lys på allehelgensdagen.  Varma seg på kyrkjetorget, lytta til dikt og musikk.  I går var det slik på kyrkjegarden vår i Time, og på konsert her i går ettermiddag.  Mange sterke minner.  Ansikt som lyser.  Klump i halsen. Varme tankar.  Bønner. Savn. Håp.  

 

Eg trur faktisk det er mange gode bruer mellom den folkelege bruken av Allehelgen på kyrkjegarden og den kyrkjelege i gudshuset.  Det folkelege engasjementet er kanskje mest retta bakover, mot minnene og saknet etter dei som er borte.  Det kyrkjelege fokuset er meir mot framtida og håpet, mot dei som har gått føre, mot det som skal koma, mot han me skal sjå og møta i trua sitt mål, ihop med alle som har nådd målet. I dette skal kyrkja sjølvsagt ikkje fjerna seg frå sorga og dei sørgjande.  Og folket vil ha bruk for trua sitt håp og kyrkja sin framtidsvisjon.  At sørgedagane er enda. Ingen meir vald i landet.  Mørket si tid er slutt.

Identitet
Eg er opptatt av identitet.  Mange er det.  Kva gjer oss til dei me er, kva er vår djupaste identitet.  Eit lite øyeblikk kan me tenkja på det når, og korleis det pregar vår måte å feira allehelgensdag her i kyrkja denne dagen. Kva gjev meg identiteten min?  Akkurat nå…

Er det det me gjer?  Handlingane me utfører.  Me og denne timen er definert av det me utfører og gjer og er med på…

Eller er identitet det me er?  Ein del av eit fellesskap.  Identiteten vår er noko me får ta imot og vera ein del av…

Eller er det det me skal bli? Ord om det som skal koma. Me er definerte av bønn og håp om det me skal få og bli og går mot…

Kva er viktigast for oss? Identiteten vår?

Definerande handlingar
Det næraste er ofte det me gjer.  Me er på veg fram mot nattverden si hellige handling.  Du har sikkert tenkt å gå, knela, syngja, smaka, be og takka.  Me sluttar oss til eit fellesskap som går over alle grenser.  Me er ein del av Jesus sin kropp over heile jorda, med medmenneske av alle hudfargar, språk, erfaringar, gleder og kampar.  Me gjer ei handling som får oss til å kjenna oss eitt i Kristus. 

Kyrkja er verdensvid.  Me deler strev, kamp, utfordringar, smerter, håp og gleder.  Frykteleg ulike er me.  Ikkje alltid forstår me kvarandre.  Ikkje alltid er me enige. Ikkje alltid klarer me ta dei andre inn over oss.  Men Jesus er Herre og knyter oss i hop.  Han er hovudet for alle lemmene på kroppen.  Det er han som deler ut gavane sine.  Me får han sjølv inni oss.  Me får hans tilgivelse.  Han tek oss inn i fellesskapet over alle grenser. Ikkje bare i rom, men også i tid. Inn i mysteriet. Inn i Guds framtid for oss.

For når me kneler, er det rundt ein halv altarring.  Ein synleg halv ring som bind oss i hop med den usynlege.  Med dei som har levd før oss.  Med den seirande og triumferande kyrkja som feirar for Guds trune.

Det er ein veldig stor ting å vera ein del av eit fellesskap som går over alle grenser.  At me verkeleg kan kjenna oss som ein del av det i det me gjer.  I handlingar.  I ein gudsteneste som hjelper oss med handlingar, talekor, song, føter som går og hender som tek imot.  Då vert det nærare og levande, kva me er ein del av.  Gudstenesten sin gode pedagikk:  Me gjer, me handlar, me er underveis til møtet med Gud og våre kristne søsken til alle tider og alle stader.

Seier Jesus noko om dette i evangeliet for i dag (Lukas 6,20-23)?  Ikkje eit ord!  Ikkje eit ord om å gjera, men mange om å vera.  Ikkje fokus på disiplar sine handlingar, men kva disiplar er og skal bli og .

Definerande framtid
Han ser dei der dei er sårbare, pressa og plaga. Fattige, sørgjande, gråtande, utstøtte.  Orda er talt til Jesus sine etterfølgjarar, disiplane hans der og då. Samtidig har han løfta blikket. Det er som om han ikkje bare ser desse 12 enkle mennene og andre som skal følgja han på vegen til Golgata. Han ser tvers gjennom dei og vidare til alle millionar truande som skal følgja han gjennom alle århundre. Dei skal oppleva fattigdom og svolt, tårer og motstand. Men gjennom alt dette går dei mot ein ufatteleg seier: Stor er lønna dykkar i himmelen.  Ja, språket er paradoksalt: Hopp av fryd midt i det vonde!

Er det ikkje fordi den djupaste identiteten er dei lyse framtidsutsiktene?  Kva me skal bli.  Kva me allereie eig og får og er i han som frelser oss frå det vonde og har sett ei opna dør inn til byen og landet der Herren skal vera ditt lys for evig.

Det er dette håpet, denne identiteten me feirer på Allehelgensdag. Midt i slikt som auge ser altfor godt.  Midt i ny sorg og gammal sorg. Midt i press me lever under.  Me har eit håp. Me lever i tru. Me har del i fellesskapet over alle grenser! Me eig det som ein skatt også mens me sørgjer og vert plaga!

Disippel i dag
For det er vel ikkje alltid bare enkelt å vera disippel i Norge i dag heller.  Sjukdom og død kan ramma uforståeleg. Det er vanskeleg å leva åleine etter brudd og tap. Det er ikkje lett å leva enkelt og berekraftig på tvers av ei samfunnsretning. Det er ikkje enkelt i eit velstandssamfunn å vera så tett på omsorga for dei marginaliserte og plaga som Jesus er.  Og du skal ikkje leggja deg mykje ut med folkemeininga før du får tyn i media. Du kan ikkje rekna med bare forståing for å leva forplikta på ei tru og eit fellesskap når kulturen seier at du helst skal vera fristilt, og økonomi og fritidsmuligheter lokkar til å vera uavhengig. 

Så: Salige de som følgjer Jesus og har hans gode blikk på dykk! Salige er de som sjølv har det gode blikket på kristne søsken som er i akkurat same situasjon som evangeliet vart skrive i, og som dei deporterta fann då dei kom heim igjen.

Ingen identitet er djupare enn den som Jesus gjev oss.  Den ser lenger enn det me i øyeblikket er og opplever.  Den ser djupare enn alt det me gjer. For allehelgensdag og bibelorda oppmuntar oss til å gjera og vera i lyset frå det me skal bli!

Fellesskap over alle grenser
Me har fått gode ord om det.  Profetien frå Jesaja om landet utan vald, om byen som ikkje treng murar, om natta med sterkare lys enn månen og dagen med betre lys enn sola.  Sørgjedagane er over.  Herren er lyset ditt.  Del i eit fellesskap over alle grenser!

Og me har fått ordet frå Hebrearbrevet kap.11 (versa 11-16 og 39-40).  Om dei som har vandra før oss og vist vegen.  Om dei og me som helsar det som skal koma og lar det vera identiteten vår.  Det som definerer oss.  Me er ikkje det som me gjer.  Me er det som Jesus har gjort oss til i sin nåde og det som me skal bli i hans evige rike. 

Me trur på Guds nåde og trøstar oss til Guds løfter utan å sjå alle oppfylte ennå.  Me trur at Jesus skal koma med det fullkomne gudsriket, utan å vita tida for det.  Me trur at Jesus vil vera der når det tunge rammar oss.  Me trur at me er salige i håpet og midt i det som skjer.  Me trur at Jesus vil vera der når døden lukkar augene våre.  Me anar det på forhånd og helsar det.  Me er dei me skal bli. Me har del i eit fellesskap over alle grenser. Slik har Jesus sine disiplar det.  Slik har dei det, dei som er på vandring heimover. Herren skal vera ditt lys for evig!  

Fellesskap over alle grenser
Powered by Cornerstone