Å leva for noko større
Konfirmasjon 2019 - Joh.20,24-31

Å leva for noko større

Det er ikkje lett å posera med ein 100% i fasaden, men kjenna på ein heilt annan prosent inni skalet og djupt i sjela.

Kjære konfirmantar:
«Kva du enn gjer framover i livet, ver deg sjølv!
Kva som enn skjer, ver deg sjølv 100%.
Bare ver den beste utgava av deg sjølv.  Det held»

Er det noko i den duren du får høyra i dag?  Ei helsing på eit kort, ein tale rundt bordet, ei oppfordring frå presten: «Kva som enn skjer, ver deg sjølv 100%»

Kanskje har du høyrt det før?  Eller får det frå rektor når du går ut av 10. og vidaregåande, eller frå foreldre når du flyttar ut, eller ei helsing frå ein god venn når du skiftar miljø og skal studera eller over i nytt arbeid.  «Kva som enn skjer, ver deg sjølv 100%».

Grei helsing, det!  Nikkar me i stolrekkene? Ja, då, ver deg sjølv 100%.  Ikkje prøv å vera ein annan enn deg.    

Yes!  Absolutt!  Men er det alt?
Kva om nokon kom og sa: «Ikkje bry deg så mykje om å vera deg sjølv 100%.  Både du og verda fortener noko betre enn det!»

Kven skal passa på?
For kven skal passa på at du er deg sjølv 100%?  Det er vel deg!  Sant å sei har vel du ganske mykje å passa på. Du skal ommøblera deg sjølv frå liten til stor, frå barn til vaksen. Du skal prøva deg på ein haug med læringsmål i skulen, ein haug med treningstimar i det du vil verta god på, ein haug med sosiale medier å vera oppdatert på og pålogga, ein haug med…

Mange av dykk er gode på mykje av dette. Generasjon flinkis og prestasjon. Nok av ting å strekkja seg etter og forstrekka seg på.  Viss de i tillegg skal overvåka dykk sjølv på om de er 100% dykk sjølv i beste utgave, så skal de grava ganske djupt og mykje innover i dykk sjølv.  Lett å få nasen i sky viss det lukkast, eller verta ganske deppa viss du ikkje vert verdensmester eller ommøbleringa dreg ut, og det er ganske kaotisk å bu inni deg sjølv. For det er ikkje lett å posera med ein 100% i fasaden, men kjenna på ein heilt annan prosent inni skalet og djupt i sjela.

Det er både viktig og vanskeleg å vera seg sjølv, i alle fall om det skal vera heilt 100%. Og det får me faktisk ei bibelforteljing om nå.  Der høyrer me om ein som vil vera seg sjølv, og korleis det går…

Tomas - den ærlege
Du treng ikkje lura på kva Tomas tenkjer og meinar.  Det er krystallklart:  «Det trur eg ikkje før eg får sjå.»  Og då skal det vera «real facts».  Kom ikkje her med «fake news».  Naglemerke i hendene og sår i sida må opp og fram her, viss eg skal tru på noko så vilt som oppstandelse, på siger over døden, på ein levande Jesus.  Dette må eg sjå.  Her gjeld bare bevis.  Slikt som auge kan sjå og hender kan ta på.

Viss Tomas er seg sjølv 100% i dette, kva er han då?  Sabla skeptisk? Tvilar? Grublar? Outsider som held seg for seg sjølv? Somlefant og seint ute? Ein som bare var realist og ikkje naivt lettruande.  «Gje meg det synleg i hånda, så er alt greitt.»

Uansett kva det var med Tomas, så kan me forstå ein ting: at han var ærleg.  At Tomas var seg sjølv.  Så høgt og tydeleg at det liknar 100%.    Og når det står i bibelen, så betyr det at det er bra å vera ærleg, same om me er slik eller sånn. 

Tomas var ærleg på ein måte me kan kjenna oss igjen i: Det trur eg ikkje før eg får sjå.  Tomas var ærleg på ein forbilledleg måte:  Han sa det som det var.  Han sa det ikkje for å sleppa å tru, eller for å finna ein måte å melda seg ut av fellesskapet på.  Han sa det for å koma vidare i trua si.  For å venta på at noko kunne skje som var til hjelp for akkurat han. 

Kanskje var det vondt å tvila slik. Kanskje var det sårt å ikkje få til å tru.  Kanskje var det forferdeleg rart at andre hadde fått oppleva noko han ikkje hadde sett og opplevd. I alle fall deprimerande vondt at Jesus som hadde snudd om på livet hans, vennen han hadde fått vandra i hop med i 3 år, nå var offer for eit justismord, død og gravlagt. Og så skulle Tomas bare glatt godta at det umulege var muleg, at det gjekk an å stå opp frå dei døde, og at han bare skulle tru det utrulege fordi dei andre sa det.

Tomas er ærleg seg sjølv.  Men Tomas trong også noko meir, noko større. Så han heldt seg i eit fellesskap.  Han var med i noko som var større enn hans eigen tvil.  Og der – og då – kom Jesus.  Han kom med det som Tomas trong og spurde etter.  Av Jesus fekk Tomas noko større å tru på og leva for enn å vera seg sjølv 100%. 

Noko større å leva for
«Min Herre og min Gud», sa Tomas og ga resten av livet for trua på den oppstandne. Han fekk bety veldig mykje for mange. Den av apostlane som reiste lengst med evangeliet, det fortel kristne i India. Sikkert fordi han var ærleg og truverdig og sa ting slik som dei var. Men mest fordi han var mykje meir enn 100% seg sjølv. Han vart meir seg sjølv med å vera med andre. Han hadde ein flokk å vera med. Han hadde ein Gud. I sentrum av livet var ikkje han sjølv. Der var Jesus og inspirasjonen frå han til å leva for andre. Tomas vende seg ikkje innover mot seg sjølv for å sjekka om han var 100%.  Han vende seg utover mot andre, open for nye erfaringar.  Og han vende seg oppover mot Gud, mot noko større å tru på og leva for.

Liten og stor
Det er 15 år sidan nå. Du var spebarn. Stolte og glade folk rundt deg tenkte på framtida di. Dei hadde sikkert trua!  Dei var sikkert lett bekymra også. Men ingen tenkte og sa at nå får du vera deg sjølv 100%? Heldigvis ikkje!  Ingen seier slikt til eit spebarn.  Babyen stryk fort med viss det einaste han skal vera, er å vera seg sjølv 100%.  Spebarnet treng dei andre. Omsorg. Oppmerksomhet.  Nokon å læra av og spegla seg i.  Det er slik me vert til, gjennom andre som viser veg og gjev omsorg. 

Når du er bitteliten, er det heilt nødvendig.  Og når du vert stor, skal det ikkje ta slutt.  Du skal ikkje bare vera deg sjølv 100% og la resten seila sin eigen sjø då heller.  Når du er 15 og framover, vil gode folk vera rundt deg fremdeles, og du vil trengja dei.  Du skal vera deg sjølv, men ikkje deg sjølv nok. Du er meir deg sjølv i hop med andre. Den der 100prosenten er eit stress du ikkje treng, men som du lett får med på lasset viss du sluttar å ha dei andre til gode støtter og begynnar å gjera dei til vonde målestokkar, til slike du skal samanlikna deg med og konkurrera ut eller kopiera.

Høyr på Tomas i dag.  Han høyrde til i eit fellesskap på like fot, der han kunne vera ærleg med det han streva med.  Og få ein ny veg som gav ei større meining.

Livet med ubehag
For alle konfirmerte og vaksne kjem til å streva med ting.  Livet kjem med ubehag.  Du møter motstand og motgang.  Du må faktisk øva deg på å tåla ubehag.  Frysa litt på ein topptur, utan å få sjokolade kvar 100 meter.  Tåla å tapa ein kamp, venta på din tur, kunna mista ein venn og gjera det slutt med ein kjærast det ikkje gjekk så godt med. Og det er lettare å tåla det vanskelege når du ikkje har deg sjølv i sentrum, men veit at nokon nå treng at det er du som har eit øyre som vågar høyra noko vanskeleg, og kan trøsta ein som slit på skulen eller sosialt eller ein dag misser jobben. 

Viss du går rundt og drøymer om å vera ein 100%-ar, vert livet ein kronisk skuffelse. Du har lite å gje andre, og du er ring å få gitt støtte og hjelp til, frå alle dei som kjem til å bry seg om at du har det godt i livet.

Slutt eller start?
Tomas trudde at noko var slutt.  Livet med Jesus og fellesskapet med dei som hadde hatt han i sentrum.  Men det var ikkje slutt!  Det er ikkje slutt for dykk som vert konfirmerte i dag. Lev i det fellesskapet de er døypte og konfirmerte til.  Forteljingane om Jesus er like levande i dag som dei har vore i 2000 år.  Plutseleg skjer det uventa som heiter nåde.  At me bare veit at me er 100% elska av Gud og slepp å streva med å vera 100% sjølv.  Den einaste 100%-aren er Jesus.  Og han elska oss inn i døden sin og til liv i hans namn, for alle oss som trur.

Perfekt?
På konfirmantfesten spelte eg av skuespelaren Chris Pratt sin niande leveregel i ein takketale etter ein pris.  Han seier:

«Ingen er perfekt. Folk kjem til å fortelja deg at du er perfekt akkurat som du er.  Det er du ikkje.  Du er uperfekt.  Det kjem du alltid til å vera.  Men det er ei sterk kraft som skapte deg slik du er, og om du er villig til å akseptera det, har du nåde.  Og nåde er ein gave.  På same måte som friheten me har i dette landet, er nåden kjøpt med andre sitt blod.  Ikkje gløym det.  Ikkje ta det for gitt.»

Tomas tok det ikkje for gitt, og gløymde det aldri då han fekk sjå Jesus levande med naglemerke frå korset.  Slik kan alltid noko verta levande for oss på nytt.  Ikkje med å sjå med augene slik som Tomas, men med å tru som han, at Jesus lever, og det er herleg å kunna sei:  «Min Herre og min Gud!»

Noko større å leva for!  Velkommen til vera med og prega framtida!  For kyrkja di, og for alle dei som set så pris på at du har blikket ditt meir oppover til Gud og utover til andre enn innover i deg sjølv. Både du og verda fortener såpass!

Powered by Cornerstone