Entusiasme
Kveldsgudsteneste 2014 - Matt 6,24-34 - betraktning etter samtale med industrigründer Aarbakke

Entusiasme

Denne kvelden i kyrkja utvider Arne Garborg sitt gamle maleri av jærbuen, anten me lyttar til gründaren eller til gudsordet. Gud er den første og vedvarande entusiasten. Det er ingen grunn for at skapningane hans ikkje skulle følgja opp...

Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.  (Matteus 6,24-34)

Ordet entusiasme er meir kyrkjeleg enn mange veit.  Det kjem av «en theos» som betyr «i Gud».  Entusiasme betyr «det som har Gud i seg».  Entusiasme er noko himmelsk.  Entusiasme er guddommelege greier, noko som tek oss opp i noko høgare og inn i noko djupare, som løftar opp av sorpe og grus, skodd og myr.  «Det som har Gud i seg».

Så: Gud er den første entusiast.  «Bli lys», sa han inn i det tome og aude.  Og viss me trur at vitenskapen har klart å beskriva hovedtrekk i korleis alt vart til, så ser eg føre meg entusiasten Gud som evig frydar seg over universet som stadig utvider seg og sender nye stjerner og galaksar lenger og lenger ut i tid og rom etter den store første eksplosjonen for mange milliardar år sidan.

Og viss me trur at den vakre og poetiske bibelforteljinga om skapelsen er trua sitt blikk på det som mikroskop, forskning, kunnskap og erfaringar kan fortelja oss, om mylderet av liv, livsformer, fargar og følelsar som fyller denne vakre kloden som Gud visst er så glad i, så veit me at Gud ikkje bare er den første entusiast.  Han driv på, med liljer og fuglar under himmelen og folk. Han viser og gjev oss alt det som har Gud i seg. Vedvarande entusiasme!

Og viss me trur det overveldande at Gud sette oss menneske til herre over sitt verk, til å formeira oss, ta vare på jorda og livet, viss me trur at han overlot oppdraget om å utvikla, kultivera og nyskapa, så er det bare å trø litt lettare på jordskorpa.  Me er Guds medarbeidarar. Skapande, me som er skapt i hans bilde.  Entusiastar som han!  Me som har Gud i oss, Gud bak oss, og har fått alt det som har Gud i seg, til å ta vare på og utvikla, anten me er gründarar eller forvaltarar, driv med næring eller kultur.

Det kallar eg entusiasme.  Og då er me eit stykke frå skildringa av jærbuen i Arne Garborg sin roman «Fred». Folket i desse heimane på Jæren er eit «sterkt» folk, men ikkje nødvendigvis lenger eit «tungt folk som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, putlar med jorda og granskar Skrifta, piner korn av auren og von av sine draumar, trur på skillingen og trøstar seg til Gud.»  Denne kvelden i kyrkja utvider Arne Garborg sitt gamle maleri av jærbuen, anten me lyttar til gründaren eller til gudsordet.

Gud er den første og vedvarande entusiasten.  Det er ingen grunn for at skapningane hans ikkje skulle følgja opp, gle oss når me står i det skapande og kreative, fryda oss når me er medarbeidarar, kjenna at me er like viktige når me tek i bruk talentet vårt og finn plassen der me kan samspela om å løysa behov i kyrkje og samfunn.  For både talentet og samspelet «har Gud i seg», vert drive av entusiasme og skapar entusiasme.

Ingen har teikna det gode livet som har Gud i seg, slik som Jesus. Orda hans i kveld er av dei vakraste og mest utfordrande.  Med fargar fulle av varme og entusiasme malar dei det ubekymra livet i tru på Gud som sørgjer for oss. Med like sterke streker utfordrar dei oss saftig:  Ikkje leit etter noko anna enn Gud å søkja trygghet i.  Ikkje erstatt det som har Gud i seg, med jag etter det som me aldri finn ro i. Det vert feil Herre å tena.

Søk Guds rike og hans rettferd først! Då er løftet at alt det andre gode me treng, vert gavar gitt i tillegg.  Å snu om på rekkefølgen og søkja alt det andre først, kan fort vera å trekka ut bunnproppen i entusiasmen. For me finn ikkje den og det gode livet med å dra oss etter håret eller vera på evig sug etter ting me aldri får nok av.  Me får alt i gåve når me slepper Gud sin entusiasme inn i oss, når me takkar for det han har gjeve og søkjer det han vil bruka oss til. 

Så syng me ein håpstango om dette. (NoS 479 - Fordi han kom...) Om entusiasmen som Gud har vist oss i Jesus, den som gjev håp både i vonde og gode tider.  For Gud er hos oss. Det vert ikkje mindre entusiasme av å tru det!

Skjer snart
Gudsteneste
Søndag 30. mars, 2025 11:00
Gudsteneste v/ Stein Ødegård Nattverd Sundagsskule
Misjonssamling i kjellarstova Bryne kyrkje
Mandag 31. mars, 2025 19:00
Fersk informasjon om Madagaskar og misjonsprosjektet “Døve og blinde på Madagaskar” ved Hans Austnaberg og Helga Johannessen. God tid til samtale og spørsmål. Kaffi og noko å bita i. Arr: Misjonsutvalet
Tweens- og ungdomskor
Torsdag 3. april, 2025 19:00
Tacofredag
Fredag 4. april, 2025 17:00
Velkommen til tacomiddag for heile familien, samling og aktivitetar for barna og kaffipause og drøs for dei vaksne. Alle velkomne. NB: Hugs påmelding.
Kyrkjesafari - Jæren prosti
Lørdag 5. april, 2025 10:00
Laurdag 5. april arrangerer Jæren prosti Kirkesafari til utvalde kyrkjer i Hå, Time, Klepp og Gjesdal. Dette i samband med Stavanger Bispedømmes 900års jubileum. Lisabet Risa blir guide på turen. Avreise (kl 10:00) og innkomst: Bryne kyrkje Det blir servert graut i Ålgård kyrkje. Pris: kr 400,- (freist 30. mars) Påmelding: https://algard.kirken.no/kyrkjesafari eller på tlf: 47259486
UngFokus (UF) 8. kl og oppover
Lørdag 5. april, 2025 20:00
Jubileumsgudsteneste
Søndag 6. april, 2025 18:00
Jubileumsgudsteneste for heile prostiet v/ sokneprest, prost og biskop Anne Lise Ådnøy. Stavanger bispedømme 900 år Musikk ved Jærklang, Bjor Bohne og Per Olav Egeland Nattverd Kyrkjekaffi
Open-kyrkjekafe
Mandag 7. april, 2025 18:00
Kyrkjestova er open. Velkommen til ein triveleg møteplass der ein kan få seg ein kopp kaffi og noko enkelt å eta. Kasnkje treff du nokon ny folk? Velkommen.
Powered by Cornerstone