Å knela for det heilage
Kulturkveld med historielaget 5.mars 2024

Å knela for det heilage

Eg kneler i kyrkja.  Eg kneler ikkje bare for jord og plantar, men for Gud.  Ikkje bare i mold og på gras, men ved altarbordet.  Ærefrykt for jorda og livet og det vanlege og det heilage er uttrykt i same type handling.  Eg kneler.

Eg har to situasjonar i livet der eg kneler.
Å knela er å bøya seg for noko stort, eit mysterium, noko det går an å våga å kalla hellig.

Den eine knelinga ser mange meg i, her i kyrkja.  Men før eg seier meir om den, så vil eg fortelja om den andre.

Eg kneler for å leggja hånda mi ned i jorda.  Eg ligg på kne med rosesaks og med hender som vil luka og gjødsla. Eg må ned på kne for å få til eit resultat eg ønskjer.  Men det er også eit mål i seg sjølv å knela.  Då kjem lukta.  Tørr jord, fuktig jord, organismar i arbeid, spirer av grønt. Summing av insekt og kvitring av fuglar finn øyra. Jordlukt er ein fryd.  I den er barndommen. Tynning av kålrabi.  Luking i potetene, med forsterka lukt.  Rett nok også minner om såre kne med småsteinar under knebeskyttarane.  Men jorda er lukta av det som gjev mennesket noko å leva av – og for nokre også å leva for

Jorda er barndom på gard, det er kjøkkenhagar og blomsterbed i 1 og 2 og 3 prestegardar og liv i hus og hytte.  Eg kneler gjerne.  Ikkje bare for noko som auga vil sjå, eller munnen etter kvart vil smaka, men også fordi jorda er verd å knela for. Ho ber med seg lukta av eit heilt liv. Ho er eit mysterium av liv, som ein mann godt kan gje gode vilkår.

Dette er min nære draum. Mi grøne jord.

Det har vorte viktigare etter kvart å knela slik.  For jorda er trua.  Dei knappe matjordressursane i Norge.   I den store verda tørkar jord opp til ørken, av sol og varme utan sidestykke, eller storflaumar skyller ho til havs.  Mat vert knapp ressurs. Natur går tapt, både den som bevarer artsmangfold og bevarer klima, og den som kan brukast til mat nok for alle.

Det var ikkje slik då eg var ung. Eg er ikkje oppflaska med alt det som i dag vert lært på skulen om miljø og klima, om berekraft og grøn omstilling som må til for å berga kloden og framtida.

Kva skal eg og me gjera med det?  Ja, me må ta igjen det tapte, fylla kunnskapshol og fylgja med i tida og verda sine heilt eksistensielle utfordringar.  For min del vart det viktig å ta ei vidareutdanning i hop med prestane på Jæren, om teologi for ei truga jord.  Det vart eit viktig pandemiprosjekt.

Studiet viste at kyrkjene på jorda dei siste 50 åra har hatt ein sterk stemme for å snu ei utvikling som ikkje er berekraftig, som utbyttar og herjar med Guds skaparverk, gjer dei fattige fattigare og truar eksistensgrunnlaget for mange slags liv på jorda. Kyrkja, trua og teologien må ikkje vera ein del av problema, men av løysingane og framtida.

Så kva gjer me?

Det eine eg gjer, gjer eg heile tida.  Det har sin eigen grunn, men alt heng jo også i hop med alt.

Eg kneler i kyrkja.  Eg kneler ikkje bare for jord og plantar, men for Gud.  Ikkje bare i mold og på gras, men ved altarbordet.  Kvar sundag til den bønna som heiter syndsvedkjenning, for livet og verda og jorda også. Eg kneler for meg sjølv, i hop med dei som er der den sundagen, og på vegne av alt som lever, med eller utan ei tru.  Ærefrykt for jorda og livet og det vanlege og det hellige er uttrykt i same type handling.  Eg kneler.

Ikkje minst kneler eg til nattverd.  Til å ta imot elementa frå jorda som Gud har knytta sitt mest hellige til.  Jesu kropp og blod, i brød og vin frå jorda….

Eg deler ei lita lesefrukt frå studiet. 

Ein artikkel om klimaendring og liturgisk praksis.  Forfattaren peikar på at liturgi gjennom historien har vore det sentrale uttrykket for kristen tru og for å forma identitet og sosiale bånd i kristne fellesskap.  Gjennom repetisjon og stadig gjentatt liturgi vert vanar og praksisar forma over tid.  Gjennom liturgi og riter kan sinn, hjarte og emosjonar verta prega og gje djupare forplikting, handlingar og livsstil.

Ja, slik er det, tenkte eg.
Omtrent slik som korsangen og allsangen er med og løftar denne kvelden og opnar rom i oss for å ta imot eit budskap og festa det i sinnet og forma ein vilje til noko me vil vera og gjera.

Ord og tonar som treff kvarandre, finn inn til følelsane. Dei som kan forsterka tru og motivera til handling.  Poesi opnar andre kanalar enn prosaen gjer.  Felles sang gjer at det viktige vert samstemmig.

Slik får eg forsterka trangen til å knela.  Både her og der. Inn i ei framtid me kan tru på, håpa på og gjera vårt beste for. 

Powered by Cornerstone