Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018

Sløsing

Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!

Sløsing!
Det vil me ikkje ha noko av!
Seier ivrige idealistar, læresveinar av Jesus frå Nasaret.

Sløsing!? Nei, takk, det vil me ikkje ha noko av.
Me ser med arge auge på slikt!
Når nyrike breittar ut siste kjøp og poserer med rå pengebruk.
Når god mat havnar i søppelcontainarar eller vert destruert for å hindra at folk finn gratismat.

Me likar ikkje sløsing!
Idealistar og nøkterne folk med ein dose gudsfrykt og nestekjærleik likar det i alle fall ikkje.
Sløsing som går ut over dei fattige:
  Nei, takk!

For det svir hardt nok å vita at dei fleste av oss lever på ei velstandsboble og eit system som produserer sløsing på løpande bånd.  At dette rammar fattige meir enn det hjelper dei fram, er litt for sannsynleg.
Og syns me at me får gjort så altfor lite med systemsløsinga, så skal me i alle fall heva stemmen når det kjem til synlege og konkrete utslag.

Sløsing?  Nei, takk! Det er uansvarleg. Korttenkt.  Det rammar fattige og miljø og framtid.

Ei sløsesak i Betania
Læresveinar ser ei opplagt, aktuell sløsesak i Simon den spedalske sitt hus i Betania. 
Ei kvinne kjem inn i huset der Jesus ligg til bords til måltid. Ho opnar ei alabastkrukke med den dyraste og finaste salven du kan tenkja deg. Salven får renna ut over Jesus sitt hovud.  Den sterke parfymen fortrenger lukta av mat og kroppar. Snakk forstummer.  Tankar kverner.  Kva er dette? Kva betyr dette? Nokre forbind salving med døde kroppar som skal i grav.  Nokre med kongar som skal innviast og anerkjennast. Nokre med sløsing og svik mot dei fattige.

Ja, for dette var heftig.  Råflott.  Svindyrt.  Evangelieforteljarane Markus og Johannes antydar verdien på salven til mest eitt års slit for ein vanleg arbeidar.  Ikkje rart at gode idealistar med ein grådig Judas i blant dei, reagerte.
Sløsing!  Dette er ikkje bra! 
Og likevel skjer det, og Jesus tek imot og applauderer gjerninga! Og seier ho er god.

Sløsing er bra!
Så då kan sløsing vera bra også, då. 
Kva tid då?
Sløsing er bra når du ikkje måler det i pengar, men i omtanke.  Sløsing er bra når du viser at du elskar, at du deler liv og ikkje held igjen og strammar til.  Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med.  Det produserer ikkje taparar og fattige.  Det skal ikkje målast i kost og nytte.  De veit det, de som har døypt i dag.  Kjærleik til eit barn er ikkje noko du kan gje for mykje av.  Det vert aldri sløsing.  Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen.  Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!

Dei som vil sjå, ser det i Simon den spedalske sitt hus. Og  i gode, varme hus og leiligheter i Bryne og kor det bur menneske som bryr seg.  Kvinna med krydra salve over Jesus sitt hovud fortel:  Sløs for all del med det å halda av, vera glad i, ja elska og visa det med gode kjærteikn.  Kven ausar ut ein sånn ange og ein sånn kostbarhet viss det ikkje er kjærleiken som gjer det?
Er det ikkje den type sløsing me vil ha noko av? 

Palmesundag
I dag er det palmesundag. 
Ein bibeltekst og ei hending i eit hus der det eingong hadde lukta død og spedalsk deformering av livet, luktar nå av parfyme og sorgblanda kjærleik til han som er livet, men som nå skal missa det.

Meininga er at me skal gå inn i vår påskeveke og finna fram til det som gjer at me set Jesus høgt og har trang til å uttrykkja det. Kor kjem den kjærleiken frå?  Kva er det med Jesus som gjev lyst til å gje han det beste? Å utrykkja takk og kjærleik så det vert god lukt av det!  Sløsa med det. Me som elles er arge på sløsing.

Me får læra av ei navnlaus kvinne og desse forteljingane om at  Jesus vert salva.  Alle 4 evangelia har sterke skildringar av dette. Om salvinga skjer med ulike hovudrollepersonar  til ulik  tid og stad.  Men i sentrum:  Ei kvinne berører Jesus med kostbar salve.

Det må vel vera fordi Jesus hadde berørt henne.  At ho fann eit berøringsspråk tilbake mot han, eit som var både sjokkerande og akseptabelt på same tid.  Berørt i hjarta berørte ho tilbake med hender og salve.

Berøring
For: Menneskelivet på sitt mest intense handlar jo om berøring.

Når eit barn vert fødd, vert det lagt nake på mor sitt bryst.  Huda, munnen og fingrane si berøring er det emosjonelle språket som fortel om kjærleik, avhengighet, relasjon og nærhet, håp og framtid. Enormt sterke saker.

Når eit menneske ligg for døden og språket stilnar av, er det fysiske berøringar som held fast dei siste bånda.  Håndflate mot kinn. Fingrar tvinna i kvarandre.  Siste puls i hånda.  Berøringsspråk som rommar i seg takken for tida me fekk i hop.

Når to menneske elskar, må dei få uttrykkja seg med berøring, hud mot hud, hjarta mot hjarta.  Alt er nå og oss og kjærteikn.

Menneskelivet på sitt mest intense handlar om berøring. 

Det gjer også evangelia på ein måte som sprenger alle grenser.
Kristen tru handlar om berøring frå himmelen til jorda.  Gud kom til oss som kropp.  Hud og hjarta mot hud og hjarte. Jesus kom som sann Gud og sant menneske i ei tid og ein kultur der berøring var tabu.  Du vart urein av berøring.  Berøring var forbunde med frykt. Du kunne verta smitta og sjuk.  Du vart urein og utestengt frå tempel og gudsmøte.  Berøring stengte vegen til andre menneske og til Gud.  Du vart kultisk urein av å ta på, av kjøp og salg på gater og torg, av matvarer, dyr og alt som hadde med blod og sekret å gjera. Du vart urein av død, pengar og av ureine folk som spedalske, besette og utstøtte, offentlege syndarar og framande som ikkje tilhøyrde folket.

Jesus rører ved
Kva gjorde Jesus? 
Han berørte!  Han rører ved ein spedalsk, er det rart at han vert salva i ein spedalsk sitt hus?  Han legg hånda på ei febersjuk kvinne og tek ein gut med krampar og døvstum ånd i hånda. Han berører blinde sine auge, stikk fingrar i øyre og rører tunger med spytt, så folk kan høyra og snakka og sjå.  Alle som hadde plagar, trengde seg fram for å røra ved han, står det.  Ei kvinne med blødningar berører seg til helbredande kraft. Mødre med småbarn vil at Jesus skal røra ved dei og får eit fang og ein velsignelse. Dei små berørte vert forbilder på tru.  At folk var i sjokk når tvilsomme kvinner berørte han med salve, var nettopp evangeliet sitt poeng:  Gud hadde rørt ved dei som lengta etter å verta berørt.  Nå ville dei gje tilbake med kjærteikn som hadde truffe sjela – og med det sterke ordlause språket å røra ved.

Heile tida benka og menga Jesus seg med dei som var rekna som ureine, utstøtte og utenfor.  Han åt med dei, kropp mot kropp, og dei gjekk vidare med ny verdighet, litt meir oppreiste.  Dei var ikkje lenger definert vekk frå Gud.  Når Jesus rekte ut hånda og tok imot såra kroppar og tørka sorgene sine tårer, då var det Guds eigen finger som ga liv.  Det var Gud som kjærteikna sine slitne skapningar.  Det var ein forsmak på det som skal skje på ny himmel og jord: «Han skal turka kvar tåre frå augo deira

Berørt av Jesus, berører kvinna tilbake med takk. Matteus si forteljing får fram den djupe meininga i dette, når salvinga skjer rett før påskemåltidet og nattverdinnstiftinga.  Jesus tolkar handlinga slik at kvinna salvar til gravferda, til salving det ikkje skal verta tid for når Jesus døyr rett før sabbaten.  I dette huset i Betania anerkjenner han den sløsande kjærleiken som anar at offeret Jesus nå skal gjera er den største kjærleiksgjerninga som er utført.  Han tek imot ein hengivenhet som er så ekte og stor at han umuleg kan stå i vegen for barmhjertighet mot fattige.  Eit sånt varmt hjarta er heller ei forutsetning for å handla i empati mot fattige.

Så sløs då!
Sløs med kjærleiken! 
La han vera ein takk til Gud som sløser nåde over deg. 

Forfattaren Thomas Sjødin skriv om kva det er som til sjuande sist betyr noko.  Han seier: «Et menneskes livsverk er summen av den kjærlighet vi øste over andre.»

Eg har aldri site i ein sørgesamtale og høyrt at temaet for livsverket var pengar og hus og årsverk.  Slikt er stort sett skrelt vekk til det viktigaste: Dei nære tinga.  Relasjonane.  Det som har sett spor.  Det gode det var sløst og gitt raust av. 

Så sløs i veg!
By raust på deg sjølv heime.  Og her i kyrkja.  Det trengs litt ekstra godduft begge plassar rett som det er. 

Sløsing

Sløs med det du vil koma til Jesus med.  Sløs med takken for livet sitt under.  Sløs med sorga over livet sine slag.  I hans kyrkje skal me ikkje øva oss i å halda igjen og å halda snusfornuften høgt.  Nå skal me heller undra oss stort denne påska over han som ikkje heldt noko igjen, men tømte det mest kostbare ut over sine elska skapningar.  Han ga sitt eige liv.  Han gjorde det for oss!

Powered by Cornerstone