Så nær som Gud er
Treeiningssundag 2019 - Apg.17,22-34

Så nær som Gud er

Det vert ingen god samtale utan respekt. Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held høgt, kan ingen vinna på.

Me har nettopp høyrt om ei overveldande oppleving i eit gudshus. Eit mektig syn av Gud.  Eit som sprenger alle rammar og gjer at ein mann vert rysta, reinsa, reist opp, sendt, villig til å gå, til å vera profet. Til å gå, for Gud. (Jesaja 6,1-8)

Og me har fått høyra at den oppstandne Jesus opna forstanden slik at dei første vitna kunna gå ut i heile verda, ikkje bare med sine eigne erfaringar, men med innsikt i korleis Gud har vist seg og viser seg. Bibelorda var opna opp for dei, for forstanden. (Lukas 24,45-48)

Me har sunge om det.  Om det store mysteriet i kristen tru, at Gud har gjort seg kjent for oss vanlege, som evig og hellig, skapar og far, som frelsande Son og hjelpande Ånd.  (NoS nr.281)

Oppdrag for vanlege folk
Og nå er det oss heilt vanlege dette gjeld.  Me som har høyrt og sunge mykje og er halvt bibelsprengde, og me som har fylt hovud og hender med mykje anna godt, og nå er her.  Me veit alle kva eit kall og eit oppdrag er.  Kva begrensningar me kjenner på og kva muligheter som ligg der i oppgavene våre. Me har fått eit barn og skal leda det godt inn i livet sitt. Eit fadderansvar. Ei familierolle, ei samfunnsoppgåve, eit medlemsansvar i kyrkja vår, ein teneste me har sagt ja til, med forventningar og ventande velsigningar – og av og til trøtte auge.

Me har alle noko me skal vera for andre, noko me trur er vår teneste. Og her i kyrkja nå får me bibelorda sitt kall inn i det me skal vera og utføra.  Det er sjølvsagt ikkje bare eit kall.  Det er eit ord om Gud, kven han er og har gjort.  For det er når me ser det, at me kan sei:  Her er eg, Gud.  Send meg. Bruk meg.

Preiketeksten i dag er ein av dei store, berømte talane i historien, eit sterkt eksempel på korleis me kan gå inn i gjerninga vår og møta inntrykk og folk ansikt til ansikt, med noko frå Gud som verkeleg utgjer ein forskjell.

Paulus i Aten
Då skal me sjå føre oss følgjande situasjon. Paulus var sendt. Han hadde vorte rysta ut av sitt gamle liv til eit nytt. Like radikalt som Jesaja vart profet, vart Paulus apostel.  Sendt ut i misjon for å kryssa grenser. I dagen sitt bibelord er han på si andre misjonsreise.  Han har ført evangeliet om Jesus ut av Midt-austen og Asia.  Han har kryssa grensa til Europa med evangeliet.  Han kjem til det kulturelle og filosofiske senteret i sjølvaste Aten. 

Førsteinntrykket er å verta rysta over det religiøse mangfoldet og alle gudebilda.  Han trur jo at Jesus er vegen, sanninga og livet og har ikkje tenkt å halda det for seg sjølv, sjølv i eit multikulturelt klima.  

Dialogen
Andreresponsen er å gå i samtale. Han snakkar med jødane, dei som trur på ein Gud, i synagogen. Han er i dialog med filosofane og dei som trur på fleire gudar, på torget. Me kan lett sjå det føre oss.  Det er ansikt til ansikt.  Ikkje ord frå manus.  Ikkje lange talar.  Ikkje monolog, einetale.  Ikkje før du vert spurd av dei som vil vita kva slags lære du kjem med.  Då kjem monologen, talen. Men han er dialogisk i innhald. Samtaleprega.  Han er ansikt til ansikt med realitetar, med tilhøyrarar, med Gud som me alle står til ansvar for, og som nå har vist sitt ansikt på ein ny måte.

Paulus vert teken i hånda av dei som har noko med det, med religionen og filosofien og nyhetene.  Med opp til den fysiske høgda Areopagos og til det som var institusjonen Areopagos, rådet av dommarar, vise og lærde som styrer utviklinga i Aten.  Han har gjort ansikt til ansikt-inntrykket først, det som gjer at dei nå er lyttande og opne for den talen som seinare har vorte rekna for eit mønster i kommunikasjon, i misjonstale, i dialog med andre om kristen tru.

Apostelgjerningane 17,22-34…

Ansikt til ansikt
Med dei vise som har invitert Paulus hit.  Med dei storslåtte tempelbygningane, med verdensarven på Akropolishøgda på kortaste avstand. 

Kva gjer Paulus? Korleis møter han dei som har invitert han? Kva fortel dette gudsordet frå Bibelen til oss i våre møter med andre som deler eller ikkje deler trua vår. Til oss som har noko som ungane i familien og i kyrkja si trusopplæring skal få del i. På Bryne i 2019.  Kva holdningar og kva budskap er bibelsk og eigna i våre ansikt-til-ansikt-møter?  

Først 4 raske punkt om Paulus: Korleis møter han dei som nå vil lytta til det han vil sei:
Paulus møter dei med:

  1. Respekt for det dei er stolte av.
    Bygningane som kneisar umåteleg vakre mot himmelen og tanke- bygningane som formar seg til idear, tilbedelse og litteratur.  Det er verdensarv alt og Paulus anerkjente respektfullt at det var atenarane sin stolthet og arv.

  2. Ein genial observasjon som er eigna til å nå inn med.
    Han fant tilknytningspunktet som vekte interessen deira, dette alteret for ein ukjent gud, denne opninga for at det var noko meir å søkja enn alt det som atenarar hadde skapt og funne, fram til nå.

  3. Eit (nokså) felles vi?
    Trua på at alle er skapt av same Gud og ber i seg ein viss gudskunnskap og ein nødvendig gudslengsel. Paulus etablerer eit felles vi i trua på skaparen.  Han formidlar eit gudsbilde som løftar Gud høgt over dei imponerande templa og mykje nærare enn det som alle altera og den regulerte religiøse praksisen legg opp til.  Så nær at det bare er å kjenna etter og reflektera over at det er i Gud me alle lever og rører oss og er til.  Han er fortsatt skapar, i menneskelivet og i historien.  Paulus koplar rett og slett kristen skapartru til deira eigne observasjonar og diktarar.  Det er gjenkjenning og felles vi og hjelp til å utvikla djupare og betre kunnskap om Gud.

  4. Trua på at menneske sin lengsel etter Gud og Guds veg til oss alle har eit møtepunkt. Dette møtepunktet er eit ansikt, ein person, ei hending i historien og ved historien sin slutt, som kallar til å venda om.
    Og slik forkynner han regnskapet og dommen, Kristus og oppstandelsen.  Frimodig og klart.  Og tilsynelatande avslappa i forhold til mottakinga.  Han trur på Den heilage ande, ikkje på supermisjonæren, som helst vil ha kontroll på korleis dette går.

Oss då?
Me som får dette som eit ord til oss nå.  Fulle av mange møter ansikt til ansikt, med den andre og det andre, det veldig nære i livet og det som dukkar opp på vegen?

Det vert ingen god samtale utan respekt.  Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held høgt, kan ingen vinna på.  Eg har lyst å læra heile livet av Paulus sin oppriktige interesse for andre sitt liv og andre sin kultur.  For den er kobla med bønna om at  DHÅ skal visa veg.  Så me oppdagar altaret for ein ukjent Gud eller ein diktar eller andre ting som ledar til eit godt spørsmål, ein veg inn til tankar som strekkjer seg på ny og hjarta som opnar ei ny dør.

Ein dag er det ungane våre som har laga eit fint lite altar i form av ei teikning eller ein leik eller fabelaktige tankar om ein Gud som kanskje kan virka noko ukjent og spennande.  Då tek me dei i hånda med fascinasjon og går ein veg i hop med dei, ein veg som tek dei med til vår gode Far i himmelen, til Jesus, venn og frelsar, oppstått og levande.  Slik Paulus gjorde.

For kristne trur på den treeinige Gud
At Guds Ånd ledar.  At Gud har skapt alle menneske med like store verdi.  At Gud har gitt fornuft og kulturoppdrag som gjer at den andre eg møter, har sett og funne noko eg har godt av å få del i. Den andre ber uansett på ein viss gudskunnskap, ein viss felles etikk og deler av eit menneskesyn det går an å byggja nye og gode bruer på.

Og aller mest ber kristne med seg Kristus.  Ansiktet rett overfor meg er ein aktuell eller potensiell bror i Kristus.  Som kristne, som menighet og kyrkje, har me også i dag eit kall til å forkynna. Det krev at me må vera heilt til stede i den kulturen og dei samanhengane som me skal forkynna og vitna inn i. Folk skal verta sett og møtt.  Lengsler og spørsmål og lyst på samtale skal anerkjennast. Kyrkja og kristne kan ikkje stilla seg utanfor menneske sitt liv, verken med å fordømma, moralisera eller med å vera redd for å verta utfordra og smitta og berørt.

Paulus var ikkje skvetten og feig.  Og sjølv om resultatet av den store talen, vart heller skralt der og då, så har han vore og er til stor inspirasjon.  Me seier det same i dag. Gud er ein realitet. Nærare enn du trur. Jesus lever. Dette livet tek slutt. Vend om. Det evige livet kjem. Ja, det er alt her. 

Og nå kan me syngja det, i ein takk, og til eit godt vitnesbyrd.  For det er bare det me først har fått, som me kan gå vidare og ut med.
NoS 325 - Som når et barn kommer hjem.

Powered by Cornerstone