Samliv
I dag går det i samliv. Bibeltekstane har med heimebanen å gjera. Om me er gifte eller har vore det. Om me kanskje skal bli det eller kanskje ikkje. Me ber på draumar eller minner, gleder og sår. Om det som var, om det som er, om det som kan bli. Det handlar om dei aller næraste relasjonane. Kjærleiken som gjorde at me i det heile er til. Samliv som me knyter djupe draumar og vonde skuffelsar til.
Perfekt i Eden?
Ein gong var det slik i Edens hage at alt bare stemte. Det hender det skjer nå også, at samliv vert så sterkt, ein gjenglans av det som skaparen ville – sjølv om dagane kan vera heseblesande og kranglete, og me kan lura fælt på kva det er med dei medmenneska Gud har gitt oss. For ikkje å nevna oss sjølv, då… Me kunne godt tenkt oss litt meir av Edens hage og stemning frå bryllupsdagar og bryllupsreiser.
Forresten: Edens hage, var ikkje alt perfekt der? Var ikkje det toppen av liv? Gud såg at alt han hadde gjort var svært godt, og skapningane merka det. Og så mangla det likevel noko? Til og med før slangen kom og laga krøll og lokka menneske til å prøva seg som Gud. Det mangla noko før syndefallet! Mennesket (det hebraiske ordet er Adam) rusla rundt og var gartnar og administrerande direktør for Gud og fekk boltra seg med å gje navn til alt som gjekk og kraup og fauk og sumde. Ingen forurensingar! Ingen økologiske katastrofar! Drømmejobben, rett under Gud sjølv med vide fullmakter og ansvar for fornuftig bruk av ressursane. Kva tid som helst kunne han snakka med Gud uten at det var vanskeleg. Kva seier me? Perfekt plass å bu! Perfekt jobb! Perfekt gudskontakt!
Det mangla noko
Tenk dykk dei 3 komponentane på plass i livet, så har du det. Så godt at Adam visst ikkje kom på det som Gud såg. At alt ikkje var godt likevel. Det mangla noko. ”Det er ikkje godt for mannen å vera åleine, eg vil gje han ei hjelp som svarer til han.”
Uten menneskelege relasjonar kan ikkje livet vera perfekt likevel! Gud sjølv seier det er ikkje godt! Gud seier at me treng meir enn Gud. Ja, Gud er sjølv fellesskap, Far og Son og Heilag Ande i relasjon og avhengighet og glede over kvarandre.
Me kallar denne sundagen for heimen sin sundag. Ein dag å takka for og tenkja på dei viktigaste relasjonane livet vårt har. Sjå dykk til sides og gje eit smil eller noko anna godt. Gjer det! Livet vårt kan aldri verta heilt utan andre. Me kan godt leva enslige, men ikkje ensomme. Me treng kvarandre minst like mykje i syndefallet si verd som dei trong kvarandre i Edens hage.
«Lykke»
heiter eit vakkert dikt om samlivsdraumen. Eg syns eg skal sitera det i dag med dåpsfamiliar i kyrkja og Jesusord som lyftar fram idealet. Einar Skjæråsen sitt dikt: ”Lykke”:
Åtte øyne i hverandre.
Fire munner rundt et bord.
Fire munner kring en lykke:
Vesla, Påsan, far og mor.
Åtte hender hektet sammen
til en ring om stort og smått.
Herregud – om hele vide verden
hadde det så godt.
Ideal og realisme
Ja, om det var slik overalt! Me gler oss når det skjer og smertast når det skjer seg. Når ideal og verkeleghet kolliderer. Når hender hektast frå kvarandre, ringen vert broten, auge ikkje orkar sjå kvarandre. Ideala er ein ting. Realismen ein annan.
Farisearane stiller Jesus eit spørsmål. På realismeplanet: ”Har ein mann lov å skilja seg?” Ein test. Ei felle. Kva svarar Jesus? Jau, det er både genialt og viktig. For Jesus maktar å vera både idealist og realist samtidig. Uten å slå ein strek over den beiske realismen og dei harde hjartene, så heiser han ideala. Lyftar opp likeverd og kvinna sin verdi der menn spør kva dei einsidig har rett til. Han vernar kvinna og den svake part med å visa kva som var Guds hensikt frå starten av tida. Kva Skaparen si meining med livet vårt framleis er. Kvinner og menn skapt i Guds bilde. Likeverdige. Og det skal speglast i samlivet dei to skal inngå. To skal verta eitt uten at nokon vert mindre. Det er ikkje Guds meining at mannen skal skilja seg frå kona si, men frå far og mor og anna som dreier hjarta vekk og sløkkjer ut den gode viljen når interessekonfliktar kjem.
Likeverd
Høyrer de dette likeverdige? Det er viktig å høyra det. For eg tippar at nokon også høyrde ting i bibeltekstane som kunne virka mindre likeverdig. Spor av den patriarkalske kulturen som bibelbøkene er skrivne i. Men Jesus-stemmen er likeverds-stemme. Og Paulus brukte stemmen sin til meir likeverd og gjensidig kjærleik i kristne forsamlingar enn det som var vanleg i kulturen rundt.
Eg trur me høyrer likeverdet. Og i alle fall ideala. Det er ingen tvil om at Jesus heiser ideala høgt. Set mål me skal strekkja oss mot. Det var hans måte å møta farisearar sin lite fruktbare måte å spørja på. For dei var – som me lett kan vera - på jakt etter det minimale og ikkje det optimale. Dei såg ikkje at det ofte er dei harde hjertene som dreg oss vekk frå det beste livet. Hardhjarta kan me fort spørja: Kor lite kan eg forplikta meg og likevel koma unna med det? Kor langt unna ideala kan eg halda meg uten å verta kritisert for det? Kor langt kan eg dyrka og realisera meg sjølv utan å missa den andre?
Det gror lite frukt og mykje villniss rundt oss når desse haldningane kjem langt fram i pannebrasken. Då vert ekteskapet fort ein dragkamp om kven som skal få realisera seg sjølv mest i plassen for ein arena for å byggja den andre opp. Og det vil ikkje svinga av frivillig glød i menighetane våre heller, viss me tenkjer meir på minimumsforpliktingar enn på visjonar og ideal for det som er Gud sin draum for kyrkja på jord.
Ideal og nåde
Ideal og realisme. Jesus går rett på. Som ingen annan eg veit om, løftar han ideala høgt. Som ingen annan er han raus med nåde og oppreisning når draumar går i knas og det berre er nåde og ikkje fordømming som tek livet vidare.
Jesus betyr nåde. Jesus kan reisa opp. Jesus kan gå med sida vår i det uendelege – også når målet er langt unna. Jesus kan tilgje når me såra og sveik, til og med dei næraste. Derfor kan kyrkja – om ho gjer det på ein god måte - heisa ideala høgare enn samfunnet kan. For me har eit nattverdbord å koma til. Eit ord om guddommeleg tilgjeving å leva i. Kraft til å elska ektefellen min, ta meg av barnet mitt, gjera det beste ut av den situasjonen livet har sett meg i. Gå ørsmå steg i rett retning, om vegen til stjernene er lang. Jesus viser veg. Jesus er full av nåde.
Oppsummert:
Sjølv i Edens hage var ikkje alt perfekt før mennesket fekk oppleva sin like, og dei fekk vera hjelparar for kvarandre. Så mykje treng me kvarandre. Så mykje treng me livet i denne kyrkja. Ho vil vera ein open famn for livet slik det faktisk er! For her er Jesus. Utan nedjusterte ideal og med ubegripeleg stor nåde!