Den som trur og han som dreg
1000 år etter korsreisinga på Krosshaug feirar me pinse. Me takkar! Korset står ennå. Her på haugen. I pinsesus. Levande liv. I kulturen vår. Korset har forma personar og samfunn meir enn noko i norsk historie. Korset sto reist før det vart kongar sitt merke og sentrum i nasjonen sitt flagg. Korset sto då bispesetet, domkyrkja og byen lenger nord vart oppretta. Det skal me nok markera ekstra sterkt her på Krosshaug neste år, i bispedømmet sitt 900-årsjubileum.
Merket står. Me bed og me er samla om at det skal vera eit reelt merke for kristen tru i vår tid. Kors med levande pinseliv!
På andre pinsedag er det nettopp trua som er tema...
Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg. Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv.
Høyrde de at trua er ein gave, med eit stort innhald? ”Den som trur, har evig liv.” Trua sin store gave.
Høyrde de at trua også har sin veg, ein måte ho kjem på? Det er mest som det går an å kveppa litt og undra oss over trua sin veg: «Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han…» Er det verkeleg slik trua oppstår? Må eg dras? Korleis skjer det?
Først litt om trua sin gave:
DEN SOM TRUR, HAR EVIG LIV.
Johannesevangeliet elskar å ta dette fram og gjera det til Jesus sitt hovudbudskap. Sterkast i den lille bibel, Joh.3,16 sist sundag, men i mange andre variantar: Den som trur, har evig liv.
Den som trur…
Ikkje: Den som forstår, som fattar, som får til, som er flink, som lever eit flott liv, den som fiksar livet og gjer masse godt…. Nei, den som trur, har evig liv! ”Den som kjem til meg, vil eg så visst ikkje støyta bort”, seier Jesus rett før dagens tekst, og fortset med: ”den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv.”
Kven held mål?
I låglandet nedanfor Krosshaug finn me fort ut at det er mykje i oss som ikkje held dei standardane som hjarta og bibel set. Å elska Gud og nesten som oss sjølv, og med heile oss. Det er eit strålande ideal, men uhyre krevjande å gjera til realitet. Me manglar vilje eller kraft, eller helst litt av begge deler. Men Jesus manglar ingenting. Jesus held mål. Er topp standard. Både med livet sitt, og med den ufattelege viljen til å sjølv verta den aller viktigaste krossreisinga, då Golgatahøgda vart krosshaug nr 1.
Den som trur på han har evig liv!. Den som trur og held seg til Jesus, stolar på at han held mål. At han held ord. Så han frikjenner syndarar og frelser oss forgjengelege.
Korsmerket
«Den som trur, har evig liv»! Den store gaven. Korset i dåpsgave til smykke om halsen. Korset på kiste og grav til slutt. Korset på og inni kyrkjer. Korset teikna til velsigning, i dei store stundene i livet, i dei krevjande dagane. Kristen tru har gjort døden sitt merke til teikn på liv. Noko som gjev kraft til å leva.
Å vera kristen, å vera kyrkje, å ha krosshaug i hjarta handlar om liv. Om å leva. Om å ta imot og bruka alt det som skaparen vår har gitt oss i raushet og skaparglede.
Den som trur, ser med friske og takknemlege auge på det daglege livet. Det er jo ein gave og eit ansvar frå Gud sjølv. Den som trur, har Jesus å gå til med det som gjekk galt, og med det som skaper uro. Og kjernen i det evige livet er fellesskap. Å høyra til han som har skapt og frelst deg. Å vera i Guds hender same kva som skjer. Å ha han å be til. Å aldri vera åleine.
Og dette livet, seier Jesus, er evig. Det har ikkje døden makt over. For den som trur, har evig liv, og det er fantastisk å leva med ein så open himmel over livet.
Trua sin gave er stor!
OG TRUA SIN VEG ER UNDERLEG!
«Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han»
Det er ikkje berre det evige livet som er Guds gave. Også trua er ein gave frå Gud, eit resultat av noko Gud gjer. Å tru er ikkje bare noko me finn på, noko som berre har menneskelege årsakar.
Tenk på di eiga tru – eller tvil. Der du er i forhold til Gud. Kva er det som har ført deg der du er? Din trushistorie. Din veg med tru og tvil.
Trushistorie
Sjølv tenkjer eg fort på heimen min. Foreldre som ga trygg omsorg og oppdrog gutten sin til retning i livet. Mor som bad. Og hadde forstand til å påverka med mildhet. Ein tålmodig sundagsskulelærar som tålte maur i baken. Ein lærar som bandt ihop skulelærdom og ungdomsarbeid til ei tru som var truverdig og fekk livet til å henga ihop. Venner på leir å få og gle seg til. Gode vaksenpersonar som brukte tid og krefter på barne- og ungdomsarbeid.
Eg fekk veksa opp på den nest høgaste haugen på Jæren, med fri utsikt og forhåpentlegvis vidsyn til det meste, med kort veg til kyrkja på Time og bedehuset på Fotland. Kyrkja og bedehuset ga vekt både på det objektive i trua, på Guds løfter i dåpen og nattverden. Men også vekt på det subjektive, å ta stilling. Eit blomstrande ungdomsarbeid. Summen av det var kristen oppdragelse og tydeleg utfordring både til å tru på Jesus og til å følgja Jesus og få oppgåver og utfordringar å veksa på.
Det står mange gode personar langs min trusveg. Så mange at det er freistande å tenkja at trua har menneskelege årsaker. Men då lærer teksten for i dag oss noko anna. Menneske er ikkje årsaker, dei er berre medarbeidarar eller motarbeidarar for det som er Guds verk. Dei har ikkje æra, men skal ha stor takk!
I botnen for mi tru, viss ho er ekte, står Gud sjølv og dreg meg inn til sitt evige liv!
Personar langs vegen
Tenk på din trushistorie. Det står heilt sikkert personar langs den vegen. Nokre som lærde deg å be og nokre som sto for alternativet med å banna eller bare bekymra deg. Nokre som lærde deg om Jesus og nokre som var likegyldige. Nokre som ga deg omsorg, kjærleik og vennskap og utvikla tillit hos deg. Nokre som skuffa, såra og sveik tillit og gjorde deg utrygg. Når du vaks til – eller vart vaksen, hadde du eit sjølbilde, eit fars- og morsbilde, eit gudsbilde som var prega av den du er, dei erfaringane du har gjort deg, det som livet har møtt deg med.
Det er mi tru at Gud ikkje går utenom dette når han dreg og kallar på oss. «Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han…»
Den trua som gjev evig liv, kan ingen av oss koma fram til for eigen maskin. Ho er ein gave frå Gud som dreg.
Kan henda må han ta oss med på omvegar for at me skal finna trua. Det er ikkje alltid at barnetrua er det mest naturlege i verda for resten av livet, det er ikkje alltid det er sjølvinnlysande at Gud vaktar skapningen sin eller at Jesus er nær.
Det som dreg og han som dreg
Det hender Gud må gjera oss rotlause og heimlause, la glansen av alt det herlege i verda bleikna, la kjøpekraft verta ei tom kraft, la velstand verta til tomhet og travelhet til eit ork. Så han finn vegen inn til oss gjennom ein djup lengsel, etter det som ber når tidene skiftar, etter det som held når eg og andre ikkje held mål. Så eg vert dregen av eit rop etter tilgivelse. Eit rop etter håp. Eit behov for stillhet og bøn. Eit haldepunkt som går sterkare og djupare enn alt det andre som er godt og fint i livet.
Han er eksperten. På ditt liv. På det som er dine lengsler, behov, draumar, sår og erfaringar. Der dreg han. Og fordi det er han som dreg, vert vegen vår til Gud ofte så forskjellig. Ingen fasit. Heilt personleg. Du trur. Du kallar deg kristen, slik me har høyrt (Apg.11) at dei først gjorde i Antiokia. Dregen av Guds heilage Ande. Undervist og forma med varme av gode leiarar som Barnabas og Paulus. Ei tru som ga eit stort tidsskifte i kulturen, slik det blei då krossen her vart reist. Slik kan det skje i dag når kulturen vår meir enn nokon gong treng å formast på nytt. Me teiknar oss med korset, som eit merke på Gud som elskar oss så høgt. Me teiknar korset over Jæren, for Guds kjærleik til alle menneske.
For han som kan dra oss med det glade budskapet.: ”Den som trur, har evig liv!” For det har Jesus ordna!
Krosshaug i våre hjarte!