Jesus forenklar, fordoblar og forsonar
8.sundag i treeiningstida 2022 - Markus 12,28-34

Jesus forenklar, fordoblar og forsonar

​​​​​​​Kan ganske vanlege truande bety noko som kan leia andre sin kjærleikslengsel fram til Gud og til tru? Eg trur me kan! Meir med kjærleik enn ord

"Kva for eit bod er det første av alle?"  Kva er det som er meir viktig enn noko anna?  Viss du skal laga ei liste over det som er viktigast i livet, viktigaste å gjera.  Kva skal stå på toppen?  Når du tenkjer på at Gud har gitt deg livet og nok har ei meining med det. Når du tenkjer på kva livet på jorda treng mest. Før og meir enn noko anna?

Han spør kjempeviktig, den skriftlærde. Midt i blinken. Han må ha fått tillit til Jesus. God forventning. Dette liknar ikkje ei vanleg felle frå den kanten: "Kva for eit bod er det første av alle?"

Eit svar som skin
Jesus sitt svar skin.  Krystallklart. Rett på sak.  Du skal elska Gud av heile deg.  Og nesten din. Som deg sjølv.

Den skriftlærde får 2 ord frå Skrifta tilbake.  Bud som Gud har gitt for lenge sidan. Dei gjeld alltid. Det eine seier jødar fram kvar morgon.  Trusbekjennelsen frå 5.Mos.6.  «Schema jisrael – høyr Israel». Det andre ordet er konklusjonen på den store Hellighetslova i 3.Mos.19.  Jesus koblar dei ihop og let det vera svaret.  Det første budet av alle.  Det viktigaste å leva etter.

Nå skal me tenkja på kva dette betyr for oss. Først betyr det dette:

JESUS FORENKLAR!
Han kjem ikkje trekkjande med den lange lista, bud og regel opp og i mente: "Det skal du gjera og det må du for alt i verda ikkje finna på."  Han kjem ikkje med ei lang liste med bud som gjer at me vanlege folk bare kan setja i gang å sukka over eit villniss av levereglar me ikkje ser syn på å finna ut av. Eller kanskje like fristande:  Å leita etter smutthull som lovar og reglar ikkje heilt klarer å fanga opp.

Nei, Jesus forenklar!  Dei skriftlærde hadde visst laga seg eit system med 365 forbod: Du skal ikkje! Og 248 påbud:  Du skal! Men Jesus skjer sylskarpt inn til kjernen.  Dette er menneskelivet til for. Det kan seiast med eitt ord. Kjærleik. "Du skal elska..."

Dette er Jesus sin etikk. Jesus si lære om det rette og det beste livet.  Han forenklar og viser oss kjernen. Kjærleiksbudet. Men han stryk ikkje ut andre gode bud og formaningar i Skrifta.  Dei er konkretiseringar!  Dei viser veg til kjærleik i praksis. Alle val må alltid målast på:  Set dette kjærleik til Gud og nesten min først?
I ein sunn kjærleik til meg sjølv slik at eg kan 
møta, takla, forstå og hjelpa andre utan å vera fastlåst av mine eigne indre konflikter.

Når det gjeld det første av alle bud, kva eg og verda mest av alt treng, så fortel Guds Ord i dag at Jesus forenklar!  Han skjer inn til det heilt sentrale.

OG SÅ FORDOBLAR JESUS!

Han kan ikkje stoppa med det første budet utan å ta med det andre. Kjærleik til Gud og til nesten kan ikkje skiljast og tenkjast utan kvarandre. 
Diktarpresten Eyvind Skeie seier det nydeleg og treffande:

"Spør du meg hva tro er, skal du få et kortfattet svar:  Det er å elske Gud så høyt at du ikke kan annet enn å elske jorden og dine medmennesker.
Det er å elske jorden og dine medmennesker så høyt at du gjennom dem møter din Gud.
Din vei til ditt medmenneske blir din vei til Gud. Din vei til Gud blir veien til ditt medmenneske."

Jesus forenklar og fordoblar. Og det er så fint!  Det er noko inni meg som ønskjer og lengtar etter dette. Å, om eg kunne få elska Gud av eit heilt hjarta!  Så rett!  Så godt!  Eg og mange kan kjenna at dette er livet eg ønskjer å leva. Dette er trua som gjer ein stor forskjell, både i livet og i verda.

Den skriftlærde som tenner på Jesus sine ord får til og med høyra at han i dette ikkje er langt vekke frå Guds rike.  Ei oppmuntring til ein som har begynt og vil prioritera kjærleiken sin veg.

Slik kan me i dag også vera ivrige med å oppmuntra folk som spør etter meininga med livet langs kjærleiken sin veg. Folk som ikkje kan tenkja seg noko betre for ungane sine enn å fòra dei med kjærleik, folk som gjev omsorg, er hjelpsomme, som har hender som praktiserer kjærleik, om dei likevel har vanskeleg for å kneppa dei til bønn.  Ikkje langt borte frå Guds rike. Men heller ikkje uten vidare framme hos Gud. Kanskje nokre syng "Kjærlighet fra Gud" og ser praktisert kjærleik med tårer i augene, men likevel ikkje heilt vågar eit tillitsfullt forhold til Gud som har gitt oss kjærleiken.

Kan me som undrande ser eit glimt av trua sitt mysterium, vera og gjera noko som kan leia andre sin kjærleikslengsel fram til Gud og til tru. Eg trur me kan! Kanskje meir med liv i kjærleik enn med ord? Eg trur me kan hjelpa vanlege folk til å spørja: "Kor kjem kjærleiken frå?  Kor har me fått noko så uendeleg stort ifrå?  Kven skal me takka?  Lukk kun opp din favn, kom i Jesu navn, himlen bringer den jo med."

Eit dikt uttrykkjer dette så sterkt:
"Jeg søkte min sjel, men min sjel var ikke å se
Jeg søkte min Gud, men min Gud var for langt avsted
Jeg søkte min bror, da fant jeg dem alle tre."

Ikkje langt borte frå Guds rike, på kjærleikens veg.  Ikkje langt borte frå Guds rike, for livet fortel fort det som Bibelteksten i dag ikkje seier noko om.  Men Eyvind Skeie har ord om det også: "Det er vår ulykke som mennesker at vårt livs format er altfor lite til en slik kjærleik."

Det er nokså nærliggjande å seia som Peer Gynt: "Tenke det, ønske det, ville det med, men gjøre det, nei...."

Mitt livs format er for lite for ein så grenselaus kjærleik.  Om eg ønskjer det aller beste, så vil eg ikkje alltid og så kan eg ennå sjeldnare.  Mitt liv sitt format er for lite. Men min Gud sitt format er meir enn stort nok.  Det eg ikkje kan, det gjorde Jesus.  Han ikkje bare forenklar og fordoblar

JESUS FORSONAR
Det som manglar i min kjærleik til Gud og medmenneske, det er fullkomment hos Jesus.  Han elska Gud med heile seg og nesten sin høgare enn seg sjølv. Slik at vegen frå berømmelse i Galilea gjekk til arrestasjon og kamp i Getsemane til korset på Golgata.

Ja, dette seier mykje om min manglande kjærleik til Gud!   Men mest fortel det om nåde! Du er elska av Gud på tross av eige format og evne!  Eg og du er elska ufortent.  Jesus har gitt oss adgang til Guds rike og til evig liv på den einaste måten me kan få det.  Som ein ufortent gave.  Nåde.  Frelsaren sin kjærleik som gjev oss det som er skaparen sitt krav til oss.

Då er eg ikkje bare i nærheten av Guds rike.  Eg er midt i.  Eg høyrer til.  Eg er elska.  Ingenting kan skilja meg frå Guds kjærleik.

Dette er kristentrua si store sak. Nokre syns det er opprørande, andre at det er amazing grace.  Kristen tru seier ja til kjærleiken sine gode gjerningar.  Men det siste steget, eller bånnplanken for kvart steg handlar bare om nåde.  Dei som tenkjer dei går rakrygga gjennom livet, skallar lett hovudet i porten inn i Guds rike. Mens dei som snublar ned på kne og bare rekk fram tome hender, vert helsa velkommen inn. 

Du ser det i dåpen, den vilkårslause gaven det er å få del i Guds rike.  Du høyrer det nå i Ordet om Guds nåde i Jesus Kristus. Du får det ved nattverdbordet: Jesus gitt for deg, kjærleiken som er sterkare enn døden. Med apostelen Johannes sine ord:  ”Vi elskar fordi han har elska oss først”.  Bare slik kan me koma lenger enn til Peer Gynts tenke det, ønske det, ville det.

Søk inn til Guds nåde.  Så fører Jesus deg nye og spennande steg på den beste vegen:  Å elska Gud høgare enn noko og nesten din som deg sjølv.

Powered by Cornerstone