Grådig eller nådig?
7.sundag etter treeiningstida 2015 - Lukas 19,1-10

Grådig eller nådig?

Du hadde det sikkert fint ganske lenge, Sakkeus! Men sanninga er, det varte ikkje. Det kunne ikkje vara. Å leva bare for seg sjølv, er ganske enkelt ikkje berekraftig liv.

Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen.  Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.  Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst.  Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi.  Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»  Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.  Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»  Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»  Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.» Lukas 19,1-10

Du hadde det sikkert fint ganske lenge, Sakkeus!  Du hadde ein trygg økonomi.  Du kunne skaffa deg det du hadde lyst på.  Du kunne unna deg ein del goder som andre ikkje uten vidare hadde råd til.  Du fekk utfordringar i jobben og hadde folk å administrera og leda.  Eg trur du hadde det godt ganske lenge.  Om du fekk ein del nedsetjande blikk og mange forakta deg for yrket ditt og for at du var i teneste for romerske okkupantar, så kjøpte du deg fred i sjela med pengar, makt og karriere.

Men sanninga er, Sakkeus.  Det varte ikkje. Det kunne ikkje vara. Å leva bare for seg sjølv, er ganske enkelt ikkje berekraftig liv.  Materielle verdiar kan ikkje i lengda erstatta mangelen på åndelege og menneskelege verdiar.  Ensomheten rundt deg kraup inn på innsida og vart indre tomhet. Problemet var ikkje bare at vennene var få og pengane billige erstatningar.  Eg trur du begynte å ana sanninga om livet ditt:  Det hadde vorte for stor avstand mellom det som hjarta visste og det handlingane utførte.  Du prøvde heilt sikkert å forsvara deg:  Viss ikkje du hadde sete i byporten og stelt med tollen, så hadde andre gjort det.  Viss ikkje romarane fekk skatteinntekter på ordna vis, kunne dei ha okkupert landet med hardare metodar.  Og så vidare, og så vidare…  Forsvar var ikkje så vanskeleg å finna, og du kunne alltids ha kjøpt deg sjelefred med ennå meir erstatningar.

Men:  Då hadde du ikkje vore sann, ikkje ærleg, ikkje ekte.  For sanninga var at livet hadde vorte tomt.  Du lengta etter noko du mangla.  Du innsåg gapet mellom det du gjorde og det hjarta ditt følte var rett.  Du var komen til ei krise i livet.  Skulle du døyva uroen med meir erstatningar og eit stadig kaldare, tomare og falskare hjarta?  Eller skulle du gje sanninga ein sjanse og gje deg inn på ein ny og usikker veg, men med hjarta ditt intakt.  Du hadde høyrt at Jesus frå Nasaret hadde rørt med andre sine hjarte, særleg dei som andre hadde gitt opp. Kanskje tida var nå?

Vel, vel, det er ikkje så vanskeleg å sjå han føre seg, Sakkeus.  Det begynte gjerne på sundagsskulen, og så har det lagt seg nye fargar og ansiktstrekk på denne litle, griske, rike, upopulære håndtlangaren for ei forhatt okkupasjonsmakt, han som forviten og muligens lengtande krabbar opp i eit tre for å få auga på Jesus som skal koma forbi.

Mens me ser han føre oss, er det tid for å tenkja etter og la oss sjølv verta utfordra. 

Denne rikdommen
Kva om eg har havna i eit liv der eg lever for mykje for meg sjølv? Kva om avstanden mellom hjarta og handlingar vider seg ut til eit ubehageleg gap? Kva om eg er meir oppteken av å grava til meg enn å dela? Slik Sakkeus utnytta andre for å verta rikare sjølv.

Bibeltekstane denne sundagen har noko å sei oss alle om dette. Litt resignert visdom frå ordspråka om rikdom og fattigdom som dreg i retninga av enten å fornekta Gud eller forbanna han. Så konklusjonen er: «Gjer meg korkje fattig eller rik.» 

Me her i Norge har tida vore eit fattig folk i utkanten av verda.  Nå er me eit rikt folk i ein skjerma del av verda, statistikk seier at me fornektar Gud meir, og det ser ut som me dyrkar frihet og individet sin rett på uverdig vis mens flyktningestraumar er stua i hop i leirar og ghettoar som kyllingar før slakting i andre deler av verda. Kanskje byggjer vår overflod altfor mykje på andre si ulukke?

Paulus har ord til dei rike, om å ikkje setja håpet til usikker rikdom. Det verkelege livet er å vera rik på gode gjerningar, gje med raus hånd og villig dela med andre.

For oss som lever på verda si solside, er det rett og slett veldig vanskelig å snakka om rikdom og fattigdom på den måten som Jesus ubehageleg ofte gjer i evangelia.

Visst er det fattigdom og økonomiske bekymringar i vårt land også, men me ville ikkje ha bytta med situasjonen i Hellas/Syria.  Dei fleste kyrkjegjengarar i vårt land har mykje. Hus, bil eller bilar, hytte eller hytter, mulighet til å kjøpa, reisa, leva det gode livet på solsida, mens store deler av verdens befolkning lever i fattigdom, med dårlig helsetilbud, dårlig bolig, i sosial usikkerhet og nød.

Skal me vera sanne om det mennesket som Jesus møter i evangeliet for i dag, kjem me ikkje unna å setja søkelys mot oss sjølv og vår egen praksis, vår eigen omgang med pengar og materielle verdiar.

Det er vanskeleg å snakka om dette. For meg også. Eg kjenner også på gleda ved å kunne kjøpa, ved å eiga noko, ved å ha den tryggheten som pengar og eigedom representerer, for meg og familien. Dette er ikkje galt. Men det representerer ein fare.

Så eg seier det slik, til meg sjølv og dykk:
Som truande og etterfølgjarar av Jesus, må me bare tenkja over korleis me opptrer som eigarar og forvaltarar av så mykje rikdom som dei fleste av oss har. Vegen til det tome hjarta og andre sine tømte hender er bare så altfor kort.

Å vilja sjå Jesus.
Sakkeus finn den kortaste og beste vegen vekk frå det som har vorte tomt og galt. Ein sleiping me muligens slit med å identifisera oss med, slik folk i Jeriko også sleit.  Men kanskje me likevel kan finna noko felles med han i lengselen etter å bryta opp frå noko som ikkje er berekraftig i lengda?

Sakkeus tek beina fatt. Sanninga hadde begynt å gå opp for han.  Så sterkt at andre sitt blikk og andre sine ryggar og ein sundriven kjortel på veg opp i utsiktstreet ikkje var nokon hindring.  Litt sunn galskap, litt open nysgjerrighet utan å sikra seg og la seg styra av kva andre meinte.  Ein usikker, lengtande veg mot ei ny orientering av livet.  Det er ingen lett veg for nokon.  Det er nok av ryggar å stanga mot, blikk å krympa for og gammalt trygt liv å dilta tilbake til.  Men Sakkeusforteljinga seier at det er ein saltande god veg å vilja sjå Jesus!  

Å bli sett av Jesus
For når Jesus kjem, endrar spelet seg.
Sakkeus er ikkje lenger bare ein person som søkjer og ser.
Han blir til ein person som er sett og funnen.
Det er vendepunktet i denne forteljinga.  Det er nåden sitt under!
Å tru på Jesus, er ikkje bare å sjå Jesus.
Å tru på Jesus, det er å vera sett av Jesus.

Så det seier eg i dag, i dette morbærtreet som ei kyrkje er.
Du er sett av Jesus.
Med dine uklare draumar, dine håp, dine svik og feil og synder:
Du er sett.
Av han som inviterer seg inn og heim og vil berga alle bortkomne tilbake til trua, til håpet, til kjærleiken, til alt det som fyller dei tome romma i livet og lar oss vita at me er elska av Gud, me er gjenstand for hans store nåde.

Jesus såg Sakkeus på en djupare måte enn andre ser.
Jesus såg hjarta til denne overtollaren.
Han såg eit menneske i vendepunktet.
Han såg ei sjel som vende heim og møtte han med ordet om frelse. Sett fri frå å leva bare for seg sjølv.

Det fekk store følgjer og gav nytt livsperspektiv! For gjenoppretta gudsforhold har moralske og sosiale konsekvenser. Det er ikkje mulig frå ein prekestol å sei  kva konsekvensar eit gjenoppretta gudsforholdet vil ha for den enkelte av oss. Men fattige – alle dei me har gjort urett på ein eller annan måte – må alltid vera ein del av perspektivet. Elles gjer me nåden altfor billig og styrer unna Jesus sine ord.

Grådig eller nådig
Når du er oppsøkt og sett av han som kjem med den store nåden, då ser du ikkje bare Gud og deg sjølv på ein ny måte, du ser også dine medmenneske.
Dei fattige står framføre deg.
Dei du har gjort urett mot, står framføre deg.
Dei som søkjer rettferd og fred, står framføre deg.
Og du kan gje dei noko av det dei spør om.
Du kan vera med på å bekrefta for eit medmenneske at livet er større og betre enn det som er vondt og vanskeleg.  

For Sakkeus handla det om å gjera godt igjen noko av det han hadde brote sundt og øydelagt.
Kva det kan bety i livet ditt, veit du bare sjølv.
Men vend deg ikkje vekk, og trekk deg ikkje unna.
Møt Jesus sitt blikk. Ta imot den oppsøkjande nåden og ver sjølv eit menneske som gjev rettferd og håp til andre!

Powered by Cornerstone