Porten inn til liv i overflod
3.sundag i påsketida 2024 - Joh.10,1-10

Porten inn til liv i overflod

Det er fint å vera vanlege folk i heilt vanlege liv som ønskjer å trø inn porten til liv i overflod. Rett og slett vera gjevarar, me som har fått så mykje.

«Liv og overflod!»  Det høyrest ut som ein draum!
I alle fall ein gammal draum.

For i vår del av verda har mange vakna frå draumen om overflod, og funne ut at den er grådig.  Draumen om materiell overflod er ikkje berekraftig.

Overflod av liv
Det er heller ikkje slikt som er Jesus si helsing og løfte i dag:
«Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»  Gløym å tenkja at dette kan vera overflod av materielle goder.  Det er overflod av liv.  Det er liv i beste meining av ordet.  Ein draum av eit liv.

Dei skjønte visst ikkje heilt kva han sa og meinte, den gongen, når Jesus fortalde om saueflokk og gjetaren, om porten og portvaktaren, om røvarar og tjuvar som klatrar over gjerdet.  Kanskje me også er ørlite forvirra? 

Den gode gjetaren og den avgjerande porten
Men noko av budskapet er ganske lett å forstå.  At Jesus er eineståande viktig. At han er både gjetar og port. At han er gjetar som vil leia og passa på flokken sin.  Han kjenner oss på namn, me døypte!  Han tek seg av sine og gjer oss trygge. Ja, Jesus samanliknar seg med ein port som kan lukkast slik at flokken er beskytta mot fiendar, ein plass der me trygt kan kvila og finna ro. Og porten kan opnast slik at den gode gjetaren sin flokk kan nyta all verda sin frihet, gå ut i livet til ein plass der me kan boltra oss fritt og få mat og grunnleggjande behov dekka. Jesus er den gode gjetaren. Han er den avgjerande porten.  Så store ting inneber det at han har stått opp av grava, lever i dag og er nær og hos dei som trur på han.  Gjennom han kan me vera frelste og frie!

«Eg er porten.  Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.»

Tjuvar og røvarar
Og dette er livsviktig.  Nødvendig. For livet er ingen idyll og fullt av rosa pastell.  Tjuvar og røvarar er på ferde. «Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja.  Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»

Skal tru kva som er våre fiendar?  Tjuvar og røvarar som klatrar over gjerdet og vil ta frå oss ro og kvile, eller utnytta oss der me boltrar oss i det frie landskapet og trudde me skulle finna mat som gav overflod av liv?

Kven er dei?
Nokre bryt seg inn og tek for seg.  Dei er ute for å lura oss, for å ta.  Dei vender og vrir og forvirrar om kva som er sant.  Dei kjem i ei lenke som vil ta over identiteten vår og bankkortet. Dei tilbyr oss stoff og varer som skal sløva oss og gjera dei rike. Dei viskar ut grensene våre, for å gjera overgrep mot kropp og sjel. Verda er full av røvarar og tjuvar. Ikkje skal me sleppa dei til, ikkje skal me verta som dei. Dei bryt seg inn og vil ta for seg.

Utanfrå og innanfrå
Nokre av tjuvane kjenner me altfor godt.  Dei bryt seg ikkje inn, dei kjem innanfrå og dei bur i tida me lever i.  Me veit om dei.  Tidstjuvane.  Dei gode tinga som vert for mykje av det gode. Sosiale media som kan ta overhand og gjera meg usosial for dei som faktisk er i same rom. Det fins ein grådighet i hjarta som har altfor stor lyst til å verta forført, av dei populære som ikkje er forbilder, av lyster som bind oss meir fast enn å setja oss fri.  Det er fullt opp av stemmar inni og der ute som lokkar med det me ønskjer, men ikkje det me treng.  Dei tok tida vår, sjølvrespekten, friheten og stal kanskje trua, håpet og kjærleiken – eller i alle fall sette stor demper på.

Kva treng me?  Me treng å kjenna igjen stemmen på den gode gjetaren!  Me treng å gå inn gjennom porten til frelse og til ein frihet som ikkje berre bind oss meir fast!  Me treng Jesus!  Det er ein stor forskjell med han og utan han.

Å vera ein gjevar
I gudstenestegruppa snakka me om dette, om porten inn til overflod av liv.  Kva er dette?  Me var enig om at eit slikt liv handla om å gje, å vera gjevarar.  Noko som er muleg i trua på Jesus, han som gav, han som også sette fri og alltid vil fortsetja med det, den gode gjetaren, den livsviktige porten til overflod av liv.

Eg deler ein historie frå gruppa. 
Jens Bjelland var prest i Time i mi ungdomstid.  Då han fòr vidare til sokneprest i Fjære, skjedde det noko sterkt.  I ei gravferd står Jens og forrettar utanfor kyrkja og ser tjuvar.  Ein bil med hengar har stoppa ved vedstabelen hans og forsyner seg grovt.
Etterpå sa Jens noko sånt som:  «Kunne dei ikkje bare kome og spurt, så skulle dei fått!»  Han hadde tida delt ut og gitt til trengjande. Trua på Jesus var vand med å gje.  Men det som gjorde mest inntrykk på Jens: «Og så hadde dei med seg ungane, bådnå, på dette.»  Jens Bjelland kjende så godt ein annan port til overflod av liv, enn det å vera tjuv og ta for seg. Jesus var gjetar og port.

Modig stemme
Eit eksempel til.  Ein ung prest sto opp imot mørke skyer i tida. Ennå mørkare enn dei som mange av oss er urolege for nå for tida. Presten sto i motstand og med lys. Mens Adolf Hitler og nazistane forførte ein nasjon, herja med eit heilt kontinent og utrydda det meste av Europa sine jødar, var Dietrich Bonhoeffer ein modig stemme for å følgja Jesus, den gode gjetaren, radikalt og med glede.  Han gjorde det i alle fasar av denne store kulturkollapsen. Også når han vart ført inn porten til Flossenburg konsentrasjonsleir mot slutten av krigen, og hengt i dei siste dagane av han.  Ein martyr, med sterke og viktige tekstar etter seg, også dei som vart smugla ut frå fangenskap.  Ein setning har fulgt meg mange gonger:  «Gud oppfyller ikkje alle våre ønskjer, men alle sine løfter oppfyller han

Å gje i kjærleik
Eit av dei store løftene får me i dag: Å følgja Jesus er å gå inn porten til overflod av liv. Same kva som skjer med oss, vil han berga oss og setja oss fri.  Både til fred med Gud, kjøpt og betalt av Jesus.  Og til freden me kan gje vidare med å vera ein gjevar, slik som han. Porten til overflod av liv.

Ein historie til slutt om dette.  Den vevre, spinkle nonna som valde å gå ut porten til dei fattigaste og svakaste i slummen i Calcutta, og gje dei Guds kjærleik inn i livet si fornedring, elendighet og ofte siste fase.  Å sjå og høyra at du er elska av Gud, før du døyr. Mor Teresa.

Stillhetens veg
Ein i gudstenestegruppa delte mor Teresa sine ord om stillhetens veg.  Nå kan dei vera ord til oss, som ikkje er helgenar, ikkje er Jens Bjelland heller, og i alle fall ikkje Jesus.  Men det er fint å vera vanlege folk i heilt vanlege liv som ønskjer å trø inn porten til liv i overflod, rett og slett vera gjevarar, me som har fått så mykje.

La desse orda frå mor Teresa gjerne vera ei bønn, nå til avslutning.  Det startar fort i stillheten, det gode alternativet til alle stemmane som vil oss noko som ender i ugreitt liv.

Frukten av stillhet er bønn
Frukten av bønn er tro
Frukten av tro er kjærlighet
Frukten av kjærlighet er tjeneste
Frukten av tjeneste er fred.

Powered by Cornerstone