Troens øye ser det
Påskedag 2022 - Johannes 20, 1-10

Troens øye ser det

Nå ser eg - og trur. Nå ser eg på alle 3 måtane: Med auga, med tanken, med hjarta.  Dette er ikkje ei forvirrande tom grav. Ingen graver vil lenger vera dei same, ingen sorger lenger utan håp...

Smak på denne setningen:  «Han såg og trudde»!
Ei tom grav var observert og erfart: «Han såg»!
Den tome grava var erkjent og gjort til fundament i livet: «Han trudde

2 stadier på trua sin veg.  2 sider av same sak.  Observert fakta og overbevist tru.  
Tillit som byggjer på facts, på faktiske hendingar som ber og byggjer trua.  «Han såg og trudde

Eit vanleg ord for tru i Nytestamentet er faktisk ordet sjå!  «Han såg og trudde,» seier påskeevangeliet. Og me syng det snart. Sterkt. Jubel: «Troens øye ser det, han gir liv og fred»Liv og fred kjem eg tilbake til, men nå får me tenkja litt på trua sitt auga som ser…

Tårer som blindar
Mens det ennå var mørkt og Maria Magdalena kom til grava, var det ikkje lett å sjå.  Mørket begrensa synet.  Blanke auge og tårer blinda det ennå meir.  Dette veit alle som har opplevd sorg.  Det veit alle som har mista nokon me ikkje kunne missa. Alle som dette året er rysta av grusomt krigsangrep på Ukraina, alle som er på flukt og ber på traumer, sorg og framtidsuro.  Det er ikkje lett å sjå, når det er mørkt inni oss og tårene legg dogg på linsa. Me veit gjerne ikkje kva me skal tru heller.

Presens
Dette tek Johannes sitt påskeevangelium oss med inn i.  Gjort på ein elegant og sterk måte.  Den første rystande erfaringa med ei ny tid er fortalt i presens. Nåtid. Maria kjem til grava. Ho får sjå at steinen er teken bort frå grava.  Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen og seier...  Det er nåtid, for henne og for oss.  Det er øyenvitneskildring som ikkje bare er hennar då, men vår nå.  Fortalt som ein morgon du aldri gløymer.  Alle sanseinntrykka lever så lenge du lever. Dogg i gras og strå. Hanegal som varslar. Det nytta ikkje å sova denne natta. Det som møter synet denne morgonen, kan aldri gløymast. Det må delast og forteljast. Maria er der og me er der. Presens. Ferskvare. Sorg som skal pleiast og bearbeidast slik sorg alltid må, møter noko aldeles nytt. Kjærleik med blanke auge, vert til forvirra blikk.

Maria går til grava og ventar eit møte med fortida.  Med meisteren som døydde. Med døden som er endeleg. Med vondskap og urett som så altfor ofte vinn.  Med sorg som ikkje kan rettast opp, bare bearbeidast. Men så møter ho ikkje fortida der og slik! Det som var og ikkje kan endrast. Ho møter nåtid. Noko nytt som er nå!

Ho ser det bare ikkje først. Sansane er på, men blikket som ser og trur, er sløra. Ho er ikkje den første som ser med forvirra blikk og treng tid på trua og håpet sin veg. 

3 ord for å sjå
Johannes sitt påskeevangelium fortel om denne prosessen med å sjå og tru.  Noko er fortalt opp i dagen, noko ligg djupare og er meir skjult.  Det ligg i ord som lett går tapt når greske ord skal omsetjast.  På norsk brukar me nemleg ordet sjå om ganske mykje, om det meste.  På gresk er det fleire ord for å sjå.  Johannes brukar 3 av dei i dagens tekst, og det er neppe tilfeldig.

Kasta blikk på
Det første ordet er det vanlege, nøytrale ordet for blikket og synet vårt, for å observera og oppdaga fysisk med auga.  Festa auga på.  Det er ordet for å skildra det som kan vera flyktig og kortvarig, men høgst reellt. Kasta blikk på.

I bibelforteljinga er det brukt om Maria som får sjå at steinen er teken bort frå grava, og om den andre læresveinen som står utanfor og såg linkleda utan å gå inn slik Peter gjer.  Dei registrerer med auga.  Dei kastar eit blikk.  Maria er forvirra.  Den andre raske til fots er handlingslamma.  Blikket er ikkje nok.  Det skaper ikkje forandring.  Maria trur at Jesus sin kropp er flytta og at døden og sorga ennå regjerer.  Den andre registrerer linkleda, men oppdagar ikkje underet, står tett på og likevel på utsida.

Dette er kanskje den vanlegaste måten å møta påsken på.  Å sjå kyrkja si påskefeiring med augene.  Kasta blikket på. TV-en flimrar med glimt av paven på Petersplassen, og gedigne prosesjonar i Spania. Augene ramlar over ei påskebetraktning i eit blad eller på nett. Grei nok. Den kristne kulturarven synleg.  Auga kastar blikk på kyrkja og trua sin plass i kulturen.  På at trua ser ut til å ha ein synleg eller heller usynleg plass i dei truande sitt liv.

Det er godt at auga har påske å kasta blikket på.  At ryktet og vitna om tom grav og oppstanden Herre er levande i tida.  Men det er ikkje nok å registrera.  Det er for lite å kasta blikk på så store ting.  Det er ikkje nok å sjå med auga.  Påske er å sjå og tru!

Sjå for å finna ut
Johannesevangeliet tek oss med på den vegen. I det andre ordet for å sjå.  Det er ikkje begrensa til fysisk syn.  Det er ikkje det flyktige blikket.  Ordet heiter theoreo, mest som i ordet teori. Det er ordet for å sjå med tanken, sjå nøye og undersøkja, sjå for å finna ut. Ordet er brukt om Simon Peter. Han som var tregast til fots, men kjappast til å undersøkja nøye, til å sjå med tanken.  Han buser rett inn i grava.  Han ser noko som er vel verd å reflektera over.  Grava er verkeleg tom.  Likkleda som den døde var sveipt i, ligg igjen.  Det var då ei merkeleg greie, viss nokon hadde flytta Jesus ein annan plass, slik Maria først tenkte.  Og så det underlege at duken som Jesus hadde hatt over hovudet, låg samanrulla for seg sjølv. 

Påskemorgonforteljinga gjev ikkje innsyn i kva Peter tenkjer, men at han gjer det, at han ser med tanken og undersøkjer nøye.  Det er ein god måte å møta påsken på.  Det inviterer kristen tru til.  Gå rett inn, sjå det slik det er, ta stilling og gjer deg opp ein teori. Såpass skylder me ei tømt grav og overveldande vitnesbyrd om det Jesus sa og gjorde før langfredagen kom.  Og så er jo dette nyhet utan like, og konsekvensane for tru og håp enorme!

Tru og håp bygd på fakta
Kristen tru er basert på fakta.  Me er ikkje i spekulasjonen, eventyra og ønskedraumane si verd.  Her skal det sjås med tanken.  Jesu grav var faktisk tom.  Vitnesbyrda om det er eintydige og godt dokumenterte.  Maria sin første tanke om at nokon har flytta Jesus, står svakt.  Kven skulle ha interesse av det?  I alle fall ikkje motstandarar som ville ha Jesus trygt bevart i grava, og trua på han parkert ein gong for alle.  Og viss me skulle tenkja tanken at det var disiplar som ville berga katastrofen dei hadde kome i, med å velta ein bevokta gravstein, smugla ut ein kropp, etterlata likkleda, fjerna kroppen sporlaust? Ja, så hadde det vore litt av eit falskneri.  Og at desse disiplane etterpå skulle via livet sitt og gå i martyrdøden og faktisk lukkast med å erobra historien og store deler av verda med trua på den korsfesta og oppstandne Jesus!  Dette kolliderer fullstendig med det psykologisk mulege og historisk sannsynlege.

I vår tid og i våre liv skal me fortsetja å sjå med tanken.  Om kulturen ei stund helst vil ha lightversjonar eller spennande konspirasjonar og luftig alternativ religiøsitet, så er det fakta som vinn til sist.  Trua på Jesu oppstandelse står seg.  Ho er trua sitt kjernepunkt som kritisk blikk gjerne må sjå på.  Oppstandelsen inneber så mykje for tru og liv at det er for lett å bare kasta eit blikk i påsken sin retning.  Her må det sjås med tanken, sjå nøye, finna ut, byggja seg ei tru, halda seg med eit håp basert på fakta. Eg tenkjer at Simon Peter sin undersøkjande nysgjerrighet skal fylgja oss så lenge me lever.  Det har i alle fall eg lyst til.

Å sjå med hjarta
Så håpar og trur eg at resultatet vert det tredje ordet for å sjå. «Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først til grava.  Han såg og trudde.»  Nå er det ordet for å innsjå. For å erkjenna.  For å sjå med hjarta.  For det synet som inneber at noko er forandra, tatt inn.  Ordet for overbevisning og tru: «Han såg og trudde» - to sider av same sak.  Å sjå med eige auga, å ha lært av vennen som viste veg til å sjå med tanken, førte til å sjå med hjarta!  Nå har eg erkjent.  Nå trur eg. Nå ser eg på alle 3 måtane: Med auga, med tanken, med hjarta.  Dette er ikkje ei forvirrande tom grav. Ingen graver vil lenger vera dei same, ingen sorger lenger utan håp, ingen svik og synder utilgivelege, ingen siste seier for vondskap og Satan, ingen dag utan tilgang til forsoning og fred med Gud. 

For Jesus er ikkje lenger i grava.  Han er oppstått. Korset var ikkje tragedie, men det største mysteriet i trua. Gud er ein forsona Gud.  Jesus lever. Likkleda ligg att i grava og ansiktsduken lagt saman.  Tomme klede, mest som ein sommerfuglpuppe som ligg igjen, eit tomt hylster etter at sommerfuglen er ute og flyg i sitt nye liv.

«Troens øye ser det, han gir liv og fred.»
Johannes såg og trudde.  Maria Magdalena vart verande ved grava, brukte si tid, var ferdig med å kasta det første blikket.  Ho ser ein ho trur er gartnaren - ordet for å sjå er det same som er brukt om Peter i grava.  Teori-ordet.  Dette må eg finna ut av.  Så vert ho funnen.  Så får ho det første møtet når den oppstandne ser henne og kallar henne ved navn.   Å sjå med hjarta er djupast sett å verta sett av Jesus og møta den levande og oppstandne frelsaren.

Å bli sett av Jesus
Tenk om det skjer i dag!  At det er nåtid, like uforgløymeleg ferskt som påskemorgon er skildra. Om du ikkje får sjå Jesus med auga, om det varierer koss du ser han med tanken og med hjarta, så ser han deg.  Han lever.  Han ser.  Det er meir enn ditt blikk på han som gjev liv og fred, det er hans blikk på deg!  Det er ikkje eit flyktig blikk. Det er ikkje eit granskande blikk. Det er hjarteblikk.  Blikket som erkjenner kven du er og kven han er.  Blikket som seier: Det du veit om deg sjølv er ikkje heile sanninga.  Det er sant at du slik som Peter vik unna å stå opp for trua og meisteren.  Det er sant at du slik som Tomas kan slitast mellom tru og tvil.  Det er sant at auge kan vera forblinda av sorg og skuffelse, slik det var med Maria.  Men det er ikkje heile sanninga, det definerer ikkje livet ditt.  Det er mitt blikk som definerer livet ditt.  Du er den som eg ser at du er og skal bli.  Du er den som er tilgitt med ein tilgivelse som ikkje bare gløymer, men som nyskaper.  Du er den som elskar meg og trur på meg, djupare og sannare enn du veit sjølv.  Du er den eg ser med hjarta.  Elska. Tilgitt. Kom og nyt frukta av min død og oppstandelse i dag.  I nattverden ser eg deg med hjarta og du meg med ditt hjarta.

«Troens øye ser det, han gir liv og fred…»

Powered by Cornerstone