Verkeleg fri
11.sundag i treeiningstida 2022 - Joh.8,31-36

Verkeleg fri

Me treng ikkje kava med å halda ut.  Me kan tru.  Sanninga som set fri.  At Gud som har skapt oss, elskar oss ut av all skam.  At Jesus som har frelst oss, elskar oss ut av all skuld.

Oppfatta de grunntonen i Jesusorda frå Johannesevangeliet? 
At han vil det beste for oss.  For dei som har kome til tru på han, eller kan koma til å gjera det.  Jødar i hans samtid, og sundagsfeirande folk her i kyrkja.  Akkurat nå.  For evangeliet er alltid ferskvare, slik livet er ferskvare.

Merka det grunntonen?  Han vil oss det beste.  Han har eit ord for det også.  Å vera fri.  Liv av beste sort.  Han kallar det å vera verkeleg fri.  Ikkje slave av slikt som bind oss, fangar oss, bryt oss ned, dreg oss inn i vonde vanar, inn i destruktiv avhengighet som gjer oss til fangar og slavar, ikkje frie.

Det er ikkje feil å gje seg litt tid med å kjenna etter.  Om Jesus sin grunntone har ein gjenklang i livet mitt.  Noko eg ønskjer meir av. Slik at eg kan sei at eg lengtar etter det.  Meir fri, mindre bunden.  Verkeleg fri.

Har me oppfatta grunntonen hans?  Likar det me høyrer?  Då er neste steg å spørja:  Kva kan setja meg fri?  Kva veg fører inn i frihet? Kva veg vil binda og gjera ufri?

Fri eller ufri
Jesus skildrar slike vegar i dag. Han teiknar opp ein vond sirkel.  Og ein god sirkel og spiral. Slike som fører frå A til B til C til D. Her er den ringe sirkelen:  ”Den som gjer synd, vert slave under synda, og ein slave er ufri og utan arverett i huset.” 

Her er den gode:  ”Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 

Me veit alle mykje om slike sirklar i livet.  Den gode spiralen: Ut på tur, aldri sur! Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad.  Viss du trener kvar dag, får du kondis, og får du kondis, føler du deg meir opplagd og får betre helse. 

Eller ein negativ kjedereaksjon med dårlegare prognosar: Mykje søtt, fort tung og trøtt!  Viss du et mykje søtt kvar dag, vert du rundare på midten, og vert du for rund på midten føler du deg mindre fornøgd og helsa er sett litt meir i spel.

Så og hausta
Det er ikkje så vanskeleg å finna mange sirklar me kan ha vikla oss inn i.  Nokre av dei er daglege, gjerne nokså harmlause. Og så står me nå på! Og fell og kjempar og skapar og mestrar livet i dei viktige og formande sirklane. Me sår ein tanke, me haustar ei gjerning. På godt og på vondt.  Me sår ei ny gjerning og haustar ein vane. På godt og på vondt. Og me lar vanen fortsetja å så og haustar ein karakter.  Som me og andre likar godt eller mindre godt.

God sirkel
Dette skjer ikkje bare for den enkelte av oss.  Me prøver å byggja gode sirklar i familien. Kyrkja ønskjer å stå for god diakoni som har Jesus til forbilde. Lokalsamfunnet gjer mykje for å leggja til rette for dei gode sirklane.  Å skapa rusfrie og godt førebyggjande ungdomsmiljø.  Å jobba imot mobbekultur og hets og nedbrytande omtale av andre.  Å stilla ordentleg opp for folk som verkeleg møter den store stormen, eller har lite ressursar til å møta sjølv rolegare vindkast. Å setja omsorg i system og i ryggmargen.  Med Jesus sine ord:  Folk som er verkeleg frie.  Dei har blikk meir på andre enn seg sjølv.

Denne sundagen kan me høyra at Jesus teiknar opp den gode sirkelen å leva i.  Og den er sterkt knytta til det som han får vera for oss og i oss.  Den gode sirkelelen er ein god relasjon til han. Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 

Sanninga set fri!
Jesus er klinkande klar på kva det er som kan gjera oss fri.  Det er sanninga.  At me har og får ei sann og sunn tolkning av livet.  Gjennom eit sant bilde av Gud som har skapt oss.  Ei sann skildring av Jesus og hans frelse. Ei sann forståing av meg sjølv, kven eg er og kva eg treng for å vera verkeleg fri. 

Eg vert aldri fri av å lukka augene for det som er sant.  Det går ikkje.  Der sanninga vert skjult eller fortrengt eller kalla for fake, der gror det verken tillit eller tru eller fred.

Slikt kan me sjå mykje av i polarisert politikk eller i propaganda knytta til krig.  Men det kan også vera ganske nært og personleg.  Mykje krefter kan gå med til å lukka seg inne bak masker og fasadar.  Me lever usant. Og veit det. Eller i alle fall anar det.  Og vert ufrie.

Det kan verta så ille at eg fortel meg sjølv at eg er feil.  Det er meg det er så mykje feil med at eg kjenner meg som feilvare.  Så lite verdifull at eg stikk meg vekk og kjenner meg liten. Eller gjer kva som helst for å få oppmerksomhet og likes for å piffa opp sjølbildet.

Men: Det er sanninga som set fri! Og det er ikkje sant at eg er feil.  Skamfølelsen er ikkje sann.  Verken om meg eller det livet Gud har gitt meg. 

Sanninga i evangeliet seier det som avsluttar alle gudstenestar.  At Guds velsigning vert lyst over alle utan forskjell.  At Gud løftar blikket og ser på oss.  Han kjenner sine skapningar.  Han elska oss før me var til, og gjer det ikkje mindre gjennom livet, han som ga livet på korset, fordi han er Gud som elskar.  Den sanninga set fri frå all slags skam over å vera noko anna enn me ønskte å vera.

Skam og skuld
Eg er ikkje feil.  Men eg gjer feil.  Det er heilt sant.  Men det er også vondt.  Dårleg samvittighet av god grunn er like vond å bera på som skam utan grunn.  Jesus seier noko om den vonde sirkelen som er å gjera synd og verta slave under synda.  For synd øydelegg. Synda drep dei gode relasjonane oss i mellom, skaper splid og angst.  Det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.  Og det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, seier Paulus.

Det hjelper ikkje å lura meg sjølv med at andre er verre.  Det er bare sanninga som set fri.  Å erkjenna at eg gjer slikt som er synd mot andre, mot Gud og mot meg sjølv.  Og bekjenna det, slik me gjer i starten av gudstenesta.

For sanninga som set fri, er ikkje bare sanninga om meg.  Det er sanninga om Jesus.  Han som er full av forbløffande nåde.  Full av det som er kristen tru sin største skatt. Tilgjeving.  Fullkommen, guddommeleg tilgjeving som langt overgår evnen vår til å halda ut med oss sjølv.

Me treng ikkje halda ut.  Me kan tru.  Sanninga som set fri.  At Gud som har skapt oss, elskar oss ut av all skam.  At Jesus som har frelst oss, elskar oss ut av all skuld.

Den beste, gode sirkelen
Korleis kan dette gripa godt tak i livet mitt?  Korleis kan det berøra meg slik at eg stadig vert sett fri? 
Ja, korleis var nå den gode sirkelen?  Kva er det som får meg til å kjenna den sanninga som gjer fri?

Jau det var å vera ein disippel av Jesus.  Vera ein som ønskjer å læra av Jesus, ein som har Jesus til Herre og Mester, spør han til råds og følgjer han.  Å vera verkeleg fri, er å våga å opna opp for det som er sant.  Slikt er ekstra godt muleg når du er i Jesus sitt følgje.  Då er ikkje sanninga farleg.  Bare god og befriande.  For Jesus er full av kjærleik til sine disiplar.

Repetisjon til slutt:  Den beste, gode sirkelen: ”Blir de verande i mitt ord (A),er de verkeleg mine læresveinar(B). Då skal de få kjenna sanninga(C), og sanninga skal gjera dykk frie(D).” 

Startpunktet
Korleis var det det heile begynte?  Kva var det som sette alt dette i gang? Kva er det som ber friheten i seg, på same måte som treninga skaper kondis og betre fysisk og psykisk helse?

Jau, hemmeligheten, første punkt:  "Blir de verande i mitt ord!..."

Gode kyrkjefolk:  Ikkje gløym det.  Ikkje nedprioriter å leva i det.  Å bli i Ordet er meir enn å bla i Ordet av og til når det passar.  Det er noko vedvarande, noko dagleg. Ordet les deg når du les Ordet. Disippelen vert forma. Sanninga vert tydeleg.  Vennskap veks. Frihet er resultatet.  Så mykje godt vil Jesus deg.  Den gode sirkelen. Du kan alltid ta gode, eigne steg.  Han vil gjera resten.

Kyrkja - eit stort vi
Denne hausten i kyrkja har me lyst til å la dette prega fellesskapet her.  Mange gonger vil me sei at kyrkja er eit stort vi!  Ein plass å finna og dela fellesskap. Ein plass å høyra til eit radikalt inkluderande fellesskap.  For slik er det å vera Guds barn, i hop med alle andre Guds barn.  Her – og i den verdensvide kyrkja.  Ein plass å tena andre på ein fri og villig måte.  For det er ei stor glede å tena og høyra til.  Det skaper glede og meining for andre. Det held meg i den gode sirkelen, og kan hjelpa andre ut av vonde sirklar. Ja, det opnar opp for Jesus og den gode sanninga som gjer oss alle verkeleg frie.

Powered by Cornerstone