Hud mot stål
Julaften 2022 - Lukas 2,1-20

Hud mot stål

Dei som har kryssa ei grense som krigsflyktning og dei som har kryssa ei fattigdomsgrense, skal vera like omslutta av varme hjarte. For det fins betre krefter enn stålet si makt.  Det fins finare verdiar enn å leggja andre under seg. 

Hard eller mjuk pakke til jul i år?
Eg startar med ein hard, før den mjuke.

Noko har gjort enormt inntrykk på oss dette året.  Ein krigsmaskin rulla inn mot eit land i Europa.  Kolossar av stål på hjul og belter feia inn over eit naboland. Kanonar og kuler.  Fly med bomber. Rakettar og droner.  Soldatar og gevær. Hjarte av stål i kommandosentralar og Kreml. Mennesket sin verdi er bytta ut med ledarar si makt og stormannsambisjonar. Ennå ein gong i verda skjer det at fred og menneskeverd ryk.

Stål som flerrar opp hud
Det er så nært på, og så grusomt, at me mest ikkje finn ord. Rakettar knuser forsyningar av straum og vatn. Bomber rammar byar. Dynamitt drep.  Stål flerrar opp hud.  Ikkje bare hos dei som kjempar, men hos barn, unge, vaksne og eldre i leilighetar, skular og sykehus. 

Verda og livet i 2022 er ikkje slik me håpa.  Dyrtid.  Matmangel. Mangel på oppvarming. Flyktningestraumar. Me kjenner ein ekstra uro i og rundt oss. Til og med i trygge, gode Norge merkar me det på prisar, på fleire som slit med lite å rutta med og skam over å be om hjelp.  Sjølv om det å be om hjelp er den største styrken eit menneske kan ha, same kva det er som er vanskeleg. 

Å be om hjelp er tillit
Å be om hjelp er fint. Ein tillit gitt til ein annan person. Og det å gje hjelp er jo ei glede! Det er å ha fått ein tillit.  Og dei som har kryssa ei grense som krigsflyktning og dei som har kryssa ei fattigdomsgrense, skal vera like omslutta av varme hjarte.
For det fins betre krefter enn stålet si makt.  Det fins finare verdiar enn å leggja andre under seg. 

Har de lagt merke til det også i 2022?

Å møta stål med hud
Fredelege demonstrantar veltar ut i gatene i Teheran og Iran. Dei møter stål med hud.  Dei vil ikkje la seg kua av moralpoliti, urimelege påbud og eit mannsdominert styresett som er autoritært og undertrykkjer kvinner og elementære menneskerettar.  Det går ikkje alltid godt.  Hud er sårbar når ho møter stål. Mange døyr i frihetskampen.  I Iran. Slik det har skjedd i mange demonstrasjonstog for ikkje så lenge sidan i verda vår.  Merkesteinar i historien. Afroamerikanarar i borgerrettskampen i USA i 1960-åra.  Hud mot stål.  Jernteppet i Europa som vart oppløyst i slutten av 1980-åra. Hud sto opp mot stål.  Og viste seg sterkare enn stål. 

Fredelege studentar prøvde å demonstrera på den himmelske freds plass i Beijing i 1990.  Det gjekk ikkje så godt som det gjorde i Sør-Afrika i åra etter.  Men det var hud mot stål.  Å vinna noko som stål ikkje fattar og maktar.  Eit håp om varig endring til noko mykje betre for alle, ikkje bare for dei som våga å demonstrera. Slik som skuleungdommar gjekk i streik for verda sin manglande evna til å ta fatt i klima- og naturkrisa. Den som gjer dei fattige fattigare og truar framtida for alle. 

Når det er uro i og rundt oss er det godt å gjera noko, å gjera det gode.  Det er vondt å vera sårbar, men det å våga å vera sårbar er vegen til noko betre. Me er mange som bed om at hud må vinna over stål i den tida me lever i. 

Kvifor seier eg alt dette på julegudstenesten?

Gud i uro og sårbare liv
Jau, fordi uroen i oss og rundt oss er der, og han er midt i jula sitt gode evangelium.  Gud kjem til verda mens dei mektige befalar og dei små strevar i folkeforflytting og stengde dører. Uro i og rundt folk som Maria og Josef.  Gud sin veg er ikkje stålet sin veg.  Bed me: «Kjære Gud, du må gripa inn!»  Så er svaret ei krubbe i ein stall i Betlehem.  Barneskrik og sårbar hud mot tre eller keramikk, eller kanskje eit teppe, i dyra sitt matfat.

Eg kan ikkje tenkja meg noko sterkare bilde av Gud, enn desse fingrane som finn strå og halm.  Seinare i livet skal desse fingrane røra ved alle slags ulukkelege og urolege folk.  Hud mot hud er Gud sitt program i verda. Hans hjarta inn i vårt. Hans fred til ei uroleg verd.  Og til menneske som han har glede i.  Dei er elska.

Hud mot stål er gjerne nærare enn me trur.  Hjartelag. Sårbart, men sterkt.  Kyrkja har visst det sidan juledag og tradisjonen med å feira martyrane sin dag i jula.  Kyrkjefaderen Chrysostemos seier det slik: «Tyrannene var kledd i rustninger, men martyrene var nakne.  Likevel seiret martyrene

Ingen skal koma og sei at livet er lett.  Det var ikkje eingong husrom i Betlehem for fredsfyrsten som var lova til byen. 

Hud mot stål. Det går an å kjenna seg naken og ubeskytta når stålet står der kaldt, blankt og truande. Eller me bare kjenner at me er på stålet nå. Då er gjerne reaksjonen å søkja hud mot hud, å finna kvarandre.  Slik gjorde me i Norge etter Utøyamassakren. Det vart rosetog mot terrorismen.  Hud mot hud mot stålet.

Å finna husrom til flyktningar
Før jul fekk eg snakka med ordføraren i Time om dei utfordrande tidene me lever i.  Han fortalde at det kjem mange nye ukrainske flyktningar til Time i 2023.  Alt nå er det vanskeleg å finna gode leiligheter til flyktningane.  Så: Gå heim og snakk om de har eller veit om andre som har gode husrom som kan tas i bruk og leiast ut.  Og det skal ikkje vera ein stall, men ein trygg, god plass å bu.

Jul er å gje.  Slik Gud gjer. Å tenna lys.  Alle dei lysa me kan, og det beste lyset.

Først er det hud mot stål
For slik er det Gud si jul kjem til oss.  Lyset og gaven han kjem med er sårbar hud som vil møta vår hud.   Og når me ropar og skrik at han skulle ha rydda opp meir og betre i vondskapen sitt kalde stål, for det gjer me fort, eg også.  Så er jula sitt svar: Ikkje nå, ikkje slik.  Først er det hud mot stål.  Først er det barnet som smeltar harde hjarte.  Først er det å vinna oss, ikkje over oss.  Først er det krybbe til seng så me skal vita at Jesus er ein av oss.  Først er det ord og handlingar til den vaksne Jesus, som viser korleis hud skal møta stål.  Først er det kors, tornekrune og naglar mot Guds nakne hud.  Han vil gjera opp for oss. For det er altfor sant at det er altfor mykje stål i kvar mann og kvinne sitt hjarta.

Til dette livet er det at jula sitt teikn kjem: Barnet i krubba og ein sang om fred på jorda.  
Kan det lokka fram hud og hjarta i oss, ikkje knyttnevar og stål, så er me med på freden sin veg på jorda. 

Guds barn på freden sin veg
Kan det få oss til å søkja han som søkjer oss, ta imot han som kjem til sine eigne, då vert det frelse av det.  Då er me også Guds barn.  Hud mot hud i kyrkja sitt fellesskap. Hud mot hud med barnet i krybba og frelsaren på korset.

For han er vår bror, og me som han, er født som Guds barn når me tek imot han og følgjer han.
I Johannes sitt julevangelium står det slik: Joh.1,12…

12 Men alle som tok imot han,
          dei gav han rett til å bli Guds born,
          dei som trur på namnet hans.    

 

Powered by Cornerstone