Ikkje gløym å takka
Hausttakkefest 2018. Lukas 17, 11-19

Ikkje gløym å takka

Eg veit ikkje om 9 av 10 gløymer å takka Gud for hausten si grøde og eit godt skaparverk.  Men eg trur me i kyrkja skal vera som den eine som går til Gud med takken.  Då får me meir enn takknemleghet...

Er det muleg?!? Å gløyma å takka…
Når livet som var pyton, har vorte det gode livet, alt er nytt.
10 alvorleg sjuke har vorte friske, fullstendig helbreda.
Er det muleg?!? Å gløyma å takka…

Spedalsk
Alle 10 hadde sett kvite flekkar festa seg på kroppen, at fingrar og tær smuldra opp, at ansiktet vart vansira og vondt å sjå på. Dei var smitta av noko av det verste, det kunne aldri verta godt, bare verre.  Dei var spedalske.  Dei bar på smitte som andre var livredde for.  Dei måtte sei ha det til mor og far og søsken og leva langt vekke frå dei friske.  Dei kunne ikkje gå heim, dei kunne ikkje gå til gudshus, dei kunne ikkje gå til venner.  Dei var isolerte, stengde ute, ensomme.  Dei hadde ikkje framtid og håp.

Eller kanskje dei hadde eit syltynt håp.  Eit rop om hjelp.  Eit rop til Jesus.  Eit rop me ikkje vil gløyma i kyrkjene.  For dei som har fått det pyton i livet, eller noko vondt, skal ha ein plass å ropa.  Kyrie eleison. «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

Frisk igjen
Kva gjorde Jesus?  Han såg dei som andre oversåg.  Han snakka med dei som andre ikkje snakka med. Han sa dei kunne gå og visa seg fram der dei ikkje hadde lov, slik som dei var. Til prestane.  Og så gjekk dei!  Dei hadde gjort det vesle dei kunne gjera.  Ropa i nød.  Gå i ei slags tru. Og så gjorde Jesus resten.  Dei vart reine!  Fingrar og tær var heile. Ansiktet var godt å sjå på.  Ikkje ein kvit flekk ga mistanke om noko smittsomt og sjukt.  Det er heilt fantastisk!  10 stykk med nytt liv.  10 familiar med enorm glede.  Mange venner gleda seg!

Og så gløymde 9 av dei å takka!  Dei tok seg i alle fall ikkje bryet med å gå til han som hadde gitt dei det heilt nye livet.
Er det muleg? Det er visst det.  Det går visst an å gløyma å takka.  Sjølv om det ikkje skulle ha vore muleg.

Morgontakk
Kor mange morgonar har me vakna til ny dag?
Eg 22.300 og nokre.  6-åringar godt 2000 morgonar. Konfirmantar snart 5000.  Om det var vekkeklokka eller mor og far eller fuglane eller lyset som fekk oss i gang, var sikkert forskjellig.  Kor mange av dei morgonane tenkte me:  Yes, ny dag, takk Gud!  Ja, for det var ikkje ei fjør i kroppen som trekkjer opp ein maskin kvar morgon. Eller at me var klar etter lading som ein annan mobiltelefon.  Me er levande liv. Ein skapning som er noko av det finaste Gud har skapt. Eit under som pustar og tenkjer og lever.  Men altså dessverre litt i koma eller forkava når morgonen kjem.  Me gløymer så fort det heilt opplagte.  Takk, Gud, for livet! 
Er det muleg å gløyma sånt?  Det er visst det.

Familietakk
Midt i det beste me har og opplever, gløymer me altfor lett å takka.  Viss me har søsken me er glad i, så kranglar me plutseleg så det smell, som om me heller ville vore åleine. Er det muleg?

Og har me vorte mor og far og bare frydar oss når babyen ligg der, eller kosar i fanget, eller spring rundt og oppdagar og syng i kor og alt det der, så tek mangel på søvn og ammetåke og sjau med jobben så hardt at me mest gløymer å takka for det finaste i livet.  Er det muleg!?

Kulturtakk
Og nettopp nå vart Norge endå ein gong kåra av FN til det beste landet i verda å bu i, og så klagar me og ropar kanskje at nok er nok for alt det me ikkje vil ha, og alle som ikkje bør bu her, og alt som ikkje bør skje, sånt som i stor grad handlar om å dela på godene og dela på børene.  Det kan virka som me gløymer å tenkja på andre, gløymer å takka, og har gløymt å takka noko anna enn oss sjølv.  Er det muleg?  Det er visst det. På altfor mange måtar er det visst fullt muleg å gløyma å takka.

Hausttakkefest
Derfor treng me veldig godt å feira hausttakkefest.  Me treng å sjå med augene våre kva me får og har fått.  Bonden sår eit lite korn, og så vert det grøde, frukt og grønt.  Bare sjå alt det flotte som koret er pynta med.  Nokre har sådd og gjødsla og arbeidd og til slutt har hausta noko heilt fantastisk av eit frø.  Gud har gitt oss eit skaparverk der han sørgjer for vekst.  Me skal bera det me lever av, til altaret, til Gud. Me skal ikkje gløyma å takka.

«Kjære Gud, eg har det godt…»

Me skal ikkje gløyma å takka. For mykje er skjørt. Det kan verta for mykje regn slik det var i fjor sommar og altfor tørt og fint slik det var lenge i sommar.  Stormar kan auka og koma til løgne tider, og noko kan gå tapt fordi me tek ting som sjølvsagt, og gløymer at me skal ta vare på alt Gud har skapt.  Eg veit ikkje om 9 av 10 gløymer å takka Gud for hausten si grøde og eit godt skaparverk.  Men eg trur me i kyrkja skal vera som den eine som går til Gud med takken.  Då får me meir enn takknemleghet i livet, då har me tilhørighet.  Me høyrer til hos Gud.  For det er faktisk muleg, det!

Dåpstakk
De som kjem med den vesle til Gud i dåpen, kjem til Gud med takken, med det aller finaste.  Og så får de Guds løfter mens de takkar.  Den vesle høyrer Jesus til.  Me gjer det når me kjem.  For Jesus har teke imot oss i dåpen!  Og ser oss alltid etterpå, både når me ropar og takkar.  Når livet er pyton, og når det er gåve!

Ikkje gløym å takka!
Dessverre er det fullt muleg å gløyma heile tida. Er det gløymesjuke? Eller kronisk huske-blackout? Uansett: Merkverdig!
Derfor er det så viktig og fint når me er slik som han eine som kjem til Jesus og takkar.  Å feira hausttakkefest er å gjera det.  Å be takkebønnene våre er å gjera det.  Å takka for dåpen er å gjera det. Og å syngja lovsang er å gjera det. Det er å koma og gje Gud æra og takk, slik den framande samaritanen gjorde.  De veit kva han fekk?  Han fekk heilt nytt liv. Ikkje bare helse, han fekk frelse. Han var ikkje bare rein frå sjukdom, men rein for synd, rein for Gud.  Han takka. Han ga Gud æra. Og då vert det faktisk ikkje like muleg å gå rundt og gløyma å takka!  Og gløyma å dela.

Powered by Cornerstone