Gave frå Gud - og til Gud
Kristi openberringsdag 2023 - Matteus 2,1-12

Gave frå Gud - og til Gud

Leitar me etter Gud og den gode vegen han viser oss, så har me alle sjansar for å finna, når me leitar i det som sant, det som er vakkert, det som er rett, det som er godt og det som er hellig.  Ei kongestjerne som har kome opp!

Brynekyrkja fekk ein gave onsdag før jul.  Godt over 200 ukrainske flyktningar fylte kyrkja til norsk juletrefest.  Ein sterk, rørande kveld.  Ein ukrainsk kunstnar hadde designa kunst til kvelden.  Eg og kyrkja fekk overrakt eit flott bilde!  Det gav assosiasjonar om ein veg, ei lang reise, i ukrainske fargar mot ei stjerne i nord.  Ørlite inspirert av bibelforteljinga om stjerna som sende vismenn frå aust ut på si lange reise for å søkja ei ny frelse.

Ein gave full av takk
Det er fint å få slike gavar fulle av takk!  Om det er ukrainarar som finn asyl og trygghet, eller det er vise stjernetydarar frå aust med fanget fullt av gavar til ein frelsar.

Me ser dei føre oss nå. Framme på ei lang reise mot det ukjente. På kne med gavane sine.  I hyllest til ein konge.  Sikkert undrande over det enkle føderommet, over barnet lagt i ei krybbe. Uansett: Dei kjem med gavane sine og gjev dei frå seg. 

Eg har lyst til å seia noko om gavane.  Gavar dei gjev. Og gavar dei opplever undervegs mot det å gje.  For denne merkelege bibelforteljinga er også ei forteljing om slike gavar som vert gitt oss, før me kjem fram og får gje frå oss våre.

Første gave: Lengsel
Det må ha vore noko som drog hardt i vise menn som granska stjerner og pakka og tok ut på ei lang reise mot eit ukjent mål.  Dette er meir enn nysgjerrighet. Meir enn å kryssa av ein opplevelse på ei "bucket list". Lengsel.  Pilegrimar på veg mot eit mål.  Mot ei frelse som kan gjera livet betre og håpet større.

Denne lengselen er tidlaus.  Det er ikkje sikkert at han er høgt i topplokket hos alle.  Ikkje alle opplever sjølv at dei ber på ein religiøs lengsel.  Men eg trur det er mykje jag i livet og drag djupt inni oss som skapar lengt etter ein plass å knela, å finna meining hos han som er vår skapar.  Det hellige kan bare ikkje tas ifrå oss.

5 vegvisarar for livet
Ei veldig god bok med vegviserskilt for lengsel i våre tider er  Martin Lønnebok si bok: ”Van Goghs rom”.  Til tider er ho litt vel djup for mitt vit og skarpare og meir radikal enn eg klarer å handla etter og praktisera.  Men ho er krystallklar på dei 5 avgjerande spørsmåla og vegvisarane for livet:  Kva er sant?  Kva er vakkert?  Kva er rett?  Kva er godt? Kva er hellig?

Det går gode vegar gjennom livet på dei vegvisarspørsmåla.  Eg trur dei er ein gave Skaparen har gitt oss og dermed ein gave me skal bera med tilbake til han.  Leitar me etter Gud og den gode vegen han viser oss, så har me alle sjansar for å finna, når me leitar i det som sant, det som er vakkert, det som er rett, det som er godt og det som er hellig.  Ei kongestjerne som har kome opp!

Andre gave: Inntrykksopen for det som Gud viser.
Ta teikn på alvor!  Det piplar fram mange or teksten for i dag.  Det boblar fram liknande erfaringar i dagleglivet.  ”Deilig er den himmel blå…”  Du har lege i blomsterenga og latt draumar og undring ta deg.  På Jæren er himmelen så vid at mykje kan vinka oss frå jorda opp til Gud.  Det er lite nødvendig å tusla rundt og tru du er ein tilfeldighet i eit blindt univers.  Den som vil sjå skaparen i skapningen, treng bare å la vera å lukka augene. Opne auge ser gudsunder på gudsunder.  Eit av dei største og mest openbare ligg på fang.  Eit lite nyfødt under, eit menneske skapt i Guds bilde.

Gud overalt
Bibelorda for i dag viser oss Gud overalt.  Gud styrer, han har gitt profetiar, han gjer seg til eitt med sin skapning i ei krybbe.  Gud er den som lar seg tilbe, som ikkje slår seg til ro før menneske finn fram til plassen der dei kan bøya sine kne.  Gud har vilt med vegar og kan mange språk.  Han set heile skaparverket i sving for å setja urolege hjarte på sporet av kvile hos han som har skapt oss. Gud lar seg ikkje stoppa av motstand, av blinde og teoretiske skriftlærde og maktsjuke herskarar.  Stjerner og draumar og vise menn med samvittighet, alt kan Gud ta i bruk.  Ingenting skal få stoppa det frelsesverket Gud starta med barnet i Betlehem. Ingen skal hindra at alle folk får del i det. 

Gud har ufatteleg mange vegar inn i sansar og hjarte på oss han har skapt og elskar. Ver inntrykksopen, så ser du det. Ver open for vegen Gud viser, det er ein gave gitt til livet ditt!

Tredje gave: Bibelen som viser veg heilt fram.
Sjølv vise menn som lengta og var opne for Gud sine vegar, ende med å stå fast.  Dei kom ikkje heilt fram. Bare nesten fram. I Jerusalem møtte dei veggen.  Kongen var ikkje i slottet.  Han var ikkje der makta rådde.  Han var ikkje der templet og prestar og skriftlærde la alt til rette for å finna Gud. 

Vise menn kom bare eit stykke på veg med å fylgja sine eigne skikkar og tankar om kor Gud nå greip inn med noko heilt nytt.  Dei fann ikkje fram.  Dei kom i tvil.  Dei møtte veggen.  Då er som kjent det beste å spørja om hjelp, å spørja om vegen.

Kva var det som viste veg?  Det var bibelordet.  Nokre opna profetskriftene for dei.  Slik kom dei på sporet.  Frå Jerusalem til Betlehem.  Frå det prangande til det enkle. Frå slott til stall.  Frå tempel til eit barn som Gud hadde tatt bustad i.

Me er ei kyrkje som ønskjer å halda Bibelen høgt.  Det skal me fortsetja med. Men me skal ikkje plent tru at det er Bibelen som skaper lengsel.  Gud har mange andre slags vegar til hjarta vårt.  Gud kan søkjast i stjerner og stillhet, i fellesskap og i naturen, i musikk og skjønnhet.  Men i alle desse vegane står bibelorda i vegkanten og peikar inn til Jesus, der me møter Gud mest og best, der me kan få knela ned og vita at her er det heilage i livet.

Vismenn frå aust er ein gave til oss i Bryne 8.januar 2023.  Dei vitnar om å finna Gud kor som helst – og dei lar seg leia til Jesus av Bibelen.

Og då er det tid for gavar å gje, ikkje bare å få.

Fjerde gave: Vismennene sine
Gull, røykelse og myrra. 
Var det gavar som ei anerkjenning? 

Gull, for å anerkjenna ein konge.
Røykelse, for å anerkjenna at her er ein som skal gjera presteteneste og bera noko fram for Gud. 

Myrra, ein gave for å kunna lindra sår og salva ein som skal døy.

Ja, du kan forstå gavane som eit uttrykk for at Jesus er konge. Jesus skal opna vegen til Gud med å gje livet sitt slik at dei som trur, har liv i han.

Eller er gavane eit uttrykk for gleda? Å gje noko verdifullt?  Kanskje Josef, Maria og barnet berga livet på gull, røykelse og myrra då dei kom som fattige flyktningar til Egypt?

Vismenn gjev sitt svar på noko dei har fått frå Gud. Korleis kan me gjera det i dag? Kva er våre svar når Gud kjem til oss i Jesus?

Våre svar og gavar
Kanskje er det gull? Gje det mest verdifulle me har. Økonomiske midler og evner og nådegavar som byggjer eit kyrkjefellesskap til å verkeleg vera ein open famn for alle.  Tenk at du er skapt og utrusta med godt gull i fanget.  For alle har gavar frå Gud og ressursar som fellesskapet treng!  Alle er det bruk for. Kvifor skulle ikkje Gud og kyrkje og misjon og samfunn få det mest verdifulle, gullet?

Eller kanskje det er myrra?  Å gje noko som lindrar og helbreder?  Då kan det handla om tida vår, empatien vår, vera tilstede for nokre som treng eit varmt medmenneske, for at sår skal gro, skuffelsar ikkje verta til bitterhet og livet kan reisa seg. 

Eller kanskje det er røykelse?  Røykelse er symbol for bønnGod duft som stig opp.  Me ønskjer det skal vera mykje bønn i kyrkjelyden vår, og at alle veit at dei har nokon som bed for dei. 

Gave frå Jesus til oss
Det fine med gavar til Jesus, er at dei opnar oss opp for dei gavane bare Jesus kan gje oss.  Når vismennene kjem til Jesus, så kjem dei med lengselen, inntrykksopne for teikna dei får undervegs, med tillit til Bibelen som vegvisar, med gull, røykelse og myrra.  Men først av alt kjem dei med seg sjølv. Dei endar med å knela.  Med den sterke opplevelsen av å nå målet, å vera lukka inne i det store underet med sine eigne liv.

Kjære alle i kyrkja:  Me stoppar ikkje før me er der.  Den beste gaven Jesus får, er å koma til han med akkurat det livet me har fått. Då kjem han til oss.  Det er me som får fanget fullt av gavar, av det som sant, det som er vakkert, det som er rett, det som er godt og det som er hellig.

Powered by Cornerstone