Redningsaksjon
Gud har ein leiteaksjon gåande. Det har han hatt lenge! Aksjonen begynte den kvelden han vandra rundt i Edens hage og ropte: ”Adam, kor er du?” Seinare leitte han opp neste generasjon og prøvde å få Kain i tale. Nå galdt det ikkje bare han, men kor bror hans var. Men det var for seint til å avverga katastrofen. Adam hadde snudd ryggen til Gud og Kain både til sin bror og sin Gud. Porten til paradiset var lukka og vakta. Nå vart også vegen til medmenneske stengt, og Kain vart heimlaus og fredlaus på jorda.
Dei utvalde
Slik var det i begynnelsen. Slik gjekk det med dei fleste. Bare dei færraste, som Enok, vandra med Herren. Bare enkelte, som Noa, lytta til Guds stemme. Bare utvalde, som Abraham, følgde kallet og gav seg på veg mot det gode landet Gud ville visa.
Med Abraham vart likevel leiteaksjonen utvida. Blant alle slekter på jorda, hadde Gud funne ei å samarbeida med. Ei slekt som skulle føra til velsigning og ny kurs for alle som var kome i uføret med å mista sin Gud, sin bror og med det:det djupaste i seg sjølv.
Til å begynna med gjekk det smått. Bemanninga av framtida sitt leitekorps hang mange gonger i ein tynn tråd. I århundre virka det også som dei leitte på måfå. Dei flakka rundt som nomadar og ende til slutt i fangenskap og slaveri.
Men Gud hadde ein plan. Ein leiteaksjon på gang. Han leitte opp folket sitt i Egypt, reiste opp Moses frå ein parkert tapar til ein folkeførar av dimensjonar. Han førte dei på vegen mot løfteslandet og lærte dei undervegs å finna vegen tilbake til sin skapar. Til tider veik dei av igjen, lukka augene for bror sin, gløymde sin Gud, vende han ryggen og trekte seg vekk. Men aldri om han bles av aksjonen for dei som ikkje ville la seg finna. Heile dagen strekte han armane ut mot dei og ropte: ”Her er eg, her er eg! Og der er din bror!” Slik gjekk århundra. Den store leiteaksjonen veksla mellom framgang og tilbakeslag.
Dei ventande
Men så var tida inne for noko ganske avgjerande. Nivåhevinga på innsatsen var betydeleg. På nytt gjekk Gud sjølv omkring, i hagar og ørken, i byar og bygder, i heimar og der folk var stua vekk. Han leita sjølv – personleg - etter dei som var kome vekk frå han og frå sine medmenneske.
Han trong ikkje leita lenge. Over alt støtte han på sånne som bare hadde venta på dette, at nokon skulle sjå dei i sitt gråe liv, elska dei i sine kalde dagar, tilgje dei i si bør av skuld, helbreda dei i sin sjukdom og berga dei ut av uverdige og ulukkelege forhold – tilbake til det gode livet.
Fest og glede!
Då vart Gud glad! Det var dette han hadde drømt om. Det var dette han hadde forlatt alt sitt for å oppnå. Derfor samla han dei gjenfunne om seg, fekk mat og drikke på bordet, festa og gledde seg med dei villfarne som nå var funne. Dette måtte feirast! Ordentleg. Nå! Det kunne ikkje venta. Ikkje sparast på festoppdekninga. Ikkje spinkast på gleda. Ikkje sikra det som skjedde med så mange men og om og viss atte. Det var ikkje tid for analysar og kritiske vurderingar. Bare gje seg ende over. For aldri hadde leiteaksjonen slike resultat å visa til!
Og likevel var det nokre som ikkje heilt fekk med seg kva som eigentleg føregjekk. Dei forsto ikkje heilt at dei sjølv var på ville veier. Dei meinte dei ikkje trong nokon hjelp til å koma på sporet igjen. Dei hadde Skriftene og vel så det. Dei hadde moralen og vel så det. Dei blei irritert og overraska då dei såg kven som fekk sitja til bords. Men det dei ikkje såg, det var at festbordet bare var ein flik av det langbordet Gud allerede hadde dekka i himmelen. Derfor såg dei heller ikkje at englane var i ivrig aktivitet. Dei var innbudt til festen. Dei øvde på sangen. Gud hadde sendt bud til sine budbærarar: ”Gled dykk med meg”. Akkurat den same helsinga som eg og du får nå i kyrkja. Akkurat nå: ”Gled dykk..”
Dei attfunne
Det var ikkje få slike festar som vart feira dei åra Gud i sin eigen Son sjølv tok beina fatt i spissen for leiteaksjonen. Og då han trekte seg tilbake, var det for å trappa opp aksjonen og leda han frå si trune i himmelen. Etterpå har medarbeidarane hans bokstaveleg talt gått manngard gjennom verda. Fleire og fleire vert funne. Mange av dei sluttar seg med glede til dei som leitar.
Festen over dei som er funne, er alt i gang! Ingen ting tyder på at Gud har tenkt å blåsa leiteaksjonen av. Bibelen levner ingen tvil om at Gud er ein leitande og oppsøkjande Gud.
Finn han oss? Får han oss med på leiteaksjonen?
Om han finn oss, så skjer det helst slik me song i første salmen. Nåde underfull og stor. Forbløffande og overraskande. Nådens bakvendtland der du ikkje får fordi du fortener det, men fordi du er elska og får Guds nåde uventa og gratis.
Om det skal me ta eit raskt sveip gjennom bibeltekstane i dag og snart syngja ein salme til om nåde og den store leiteaksjonen.
Hagar og dei utsette
Det er ei kvinne som heiter Hagar (1.Mos,16). Ei mor med sonen Ismael i magen. Til fots i brennheit ørken. Vegen bakover ser stengt ut. Konflikten ho kom oppi vart så hard. Dåtida sin variant av ufritt surrogati. Slaveri då også. Ei vanvittig behandling frå Sara og av Abraham som får det han vil og etterpå lukkar auge og ser vekk. Hagar såg seg nødt for å rømma. Dra frå trygt liv og ein viss status i velståande nomadar sitt telt til å leva frå hånd til munn i ørkenlandskap. Vegen framover er høgst usikker. Er ho på veg tilbake til Egypt der ho i si tid kom frå? Kva liv får ein rømt slave der? Viss ho nokon gong kjem fram. Ho har funne ei vasskjelde og ein midlertidig stopp på vandringa. Vegene ser stengde ut, det står om livet. For barnet ho ber, og for henne. Ho er ei av mange utsette i historien. På flukt og vandring. Frå konflikt til spørsmåls-teikn. Hagar ser me i mødre og barn på flukt frå krig i Ukraina, og i desperate afrikanske blikk i overfylte middelhavsbåtar dag etter dag. I vanlege og sårbare offer for voldsspiralar i dagens Kanaan.
Men Hagar er ikkje bare ei av mange utsette. Ho er også på utsida. Ikkje rekna med. 1.Mosebok sin Gud har tenkt å vera Abraham og Isak sin Gud, ikkje på same måten Abraham og Ismael sin. Guds pakt og løfte og særlege nærvær går til andre enn Hagar, til eit anna folk enn Ismael sitt. Ho har ikkje noko å venta av Abrahams Gud, om ho aldri så mykje fostrar Abraham sin son.
2 sårbare og utsette, fødd og ufødd liv, på utsida av det som betyr noko, utan håp og framtid i ein brennheit ørken som fort tek liv.
Ein Gud som ser meg
Så skjer det: Herrens engel finn henne. Ho er kjent på namn, sett og forstått i situasjonen: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå og kvar skal du av?» Konsist spørsmål i knapp form. Og Hagar er rett på med eit ærleg svar. «Eg rømmer!» Ho får råd om å venda heim til teltet og får Guds løfte for Ismael på kjøpet, han som har fått navnet som betyr «Gud høyrer». Så Gud både ser og høyrer, slik at framtida opnar seg for ei utsett. Ho oppdagar at Gud også bryr seg om henne som står på utsida av paktsløftene og frelseshistorien som skal følgja Israelsfolket sin veg vidare.
Og så undrar ho seg, akkurat slik me skal undra oss nå: «Har eg verkeleg sett han som ser meg?» Og så vert ho den første personen i bibelen som gjev Gud eit namn, eit særdeles presist eit: «Du er ein Gud som ser meg.»
Overraskande nåde, midt i ei djup naud, ein konflikt med ulik maktbalanse, misunning, nedvurdert menneskeverdi, eitt og fleire overgrep mot ei sårbar. Ho er ikkje den siste som er funnen slik.
Kom heim!
Ein annan måte å verta funnen på, er når det er Guds godhet som driv til omvending. Me skal snart syngja ein salme av Edvard Hoem om det. Om det vakre i livet som dreg fram den store lengselen i oss. Så sterk lengsel at han kan ta oss for langt, på avveg, og der - i synd og feilsteg - får me høyra og kan me oppdaga stemmen som kallar: «Kom heim». Guds stemme.
Visst er det me som skal leita og koma, men det store underet er at Gud er den som finn oss, at han er den som har elska først!
Lenge før me begynte å lengta etter Gud, lengta han etter oss. Gud kom først og var før alle ting. Han skapte oss i lengsel etter nokre å ausa sin kjærlighet ut over. Han skapte for å ha fellesskap og gje oss ein plass å høyra til. Frå første stund møter me i Bibelen ein Gud som leitar etter dei han har skapt og mista. Han er alltid ute og søkjer kontakt med oss. Han la ut på tid og rom si største reise og vart eit menneske som oss, for å kunna leita oss opp og finna oss der me er. Han fant oss og møtte oss der me var mest på villspor, med å sona for skulda vår på korset og opna veg til evig liv då han sto opp av grava.
Han som leitar og finn
Det er sant og det hender stadig det som Jesus fortel i dei to likningane i dag. Gud er som gjetaren med eit vanvittig redningsprosjekt for 1 av 100. Når nokon manglar, er han like utrøsteleg og uroleg som ei kvinne som har fått øydelagt det kjæraste smykket ho har. Kvar for seg var kanskje ikkje sølvmyntane verd alt oppstyret ho laga då ein mangla. Men han var ein del av brudesmykket ho kvar dag bandt stolt rundt panna. Nå var ein av medaljongane vekke, og gleda over å bruka det med den. Kanskje kunne ho kamuflert det. Kanskje kunne ho latt som ho ikkje visste og håpa at ingen ville sjå. Men gleda ville mangla – for alltid.
Gud har ikkje ein einaste ein å missa. Ikkje deg! Ikkje ein einaste. Ikkje ein av dei som ser på deg for å finna ut om trua er noko å satsa på. For i dag høyrer du kva som skjer når nokon vert funnen. Når tollarar og syndarar held seg nær til Jesus. Når moderne søkjarar lar seg finna av han som leitar mykje betre enn dei. For større enn å finna er det å verta funnen.
Då er gleda overveldande! Kontakten er gjenoppretta! Gud har funne ein av sine. Ein villfaren har funne Gud. Begge er glade. Og i himmelen jublast det.
Norsk Salmebok 333: No kallar sol og sommarvind.